A’dam, damane og sul’dam

Artikkel om Seanchan

Damane og marath’damane.

Kvinner som lede Krafta er høgt ansett i militære samanhengar, men ikkje som menneske. Seanchanarane ser på dei – damane – som ikkje anna enn farlege dyr som må leggjast i band. Damane tyder «dei som er bandlagte», eller berre «dei bandlagte». Dei som kan lede Krafta, men som ikkje har vorte fanga er kjende som «marath damane» – dei som må leggjast i band.

A’dam

Damanane vert helde fanga ved hjelp av ein spesiell ter’angreal, ein a’dam, som består av eit halsband festa til eit armband med ei lekkje. A’damen fungerer på den måten at den lager ein sirkel mellom dei to den er festa til, der den som ber armbandet har all kontroll. Den med halsbandet kan ikkje lede Krafta utan tillatelse frå den som ber armbandet.

A’damen har og andre eigenskapar, som alle kan brukast til å kue den som er fanga av den. Om det til dømes ikkje er nokon som har på seg armbandet, vil ikkje damanen vere i stand til å bevege seg meir eit par skritt før ho vert ramma av store smerter og kvalme. Den som ber armbandet kan og få damanen til å føle smerte gjennom a’damen. Det vil ikkje verte noko merke, men smerta er like verkeleg.

Til å bere armbanda bruker seanchanarane sul’dam – bandhaldarane.

Sul’dam

Det har vore kjend sidan dei fyrste damane vart bandlagt at ikkje alle kan verte sul’dam. Samtidig med testinga for damane er det mogeleg for dei jentene som ynskjer det å teste om dei kan verte sul’dam. Det vert gjort ved at dei tek på seg armbandet til ein a’dam, og om dei er i stand til å kjenne følelsane til damanen, kan dei verte sul’dam.

Det seanchanarar flest ikkje er klar over, er at for å kunne bruke armbandet til ein a’dam, må ein kunne bruke Krafta, og at sul’damer er slike kvinner som ikkje har gneisten medfødd, men er i stand til å lære. Det er nokre få seanchanarar som har fått vite dette etter at dei kom til Randland, men det er på ingen måte almennt kjend, og det er fleire som helst vil ha det slik.

For om denne kunnskapen hadde vorte allment kjend blant seanchanarane, kunne det ha vorte store konsekvensar. Damane er som sagt knapt nok sett på som menneskje, men sul’damane er høgt respekterte. Hadde det vorte kjend at alle sul’damane eigentleg er marath’damane, ville ein av dei viktigaste grunnpilarane i det seanchanske militæret, og samfunnet elles, vorte rysta kraftig.

Tusen takk til Incanus, som har skrevet denne flotte artikkelen!
Sitat:
A woman's flaming rights are whatever she flaming says they are.
Ordtak fra Shienar

To Boannda,
Himmelens Flammer