Ulike angrealar

Angrealar

Angrealar er gjenstandar som gjer Aes Sedaiar og andre som kan lede Krafta i stand til å lede mykje meir enn kva dei kan utan denne hjelpa. Dei har og den eigenskapen at dei verkar som ein buffer, slik at ein ikkje risikerer å trekkje til seg so mykje av Krafta at ein vert utbrent. Det finst angrealar i mange ulike styrkegrader, som gjev ulik auke i mengda av Krafta ein kan lede.

Grunna forskjellane mellom saidar og saidin, fungerer angrealane anten for menn, eller for kvinner. Ein mann kan ikkje bruke ein angreal laga for kvinner, og vice versa. Angrealar kan forekome i alle formar, men dei fleste ein kjenner til er små, so ein kan bere dei med seg. Eit døme er angrealen Moiraine hadde, som var ein liten elfenbeinsfarga statuett av ei kvinne.

Kunsten å lage angrealar er i dag ukjend, so alle dei me veit om er etterlevingar etter Legendenes Alder, noko som gjer at angrealar er svært sjeldne, og at det Kvite Tårnet tek godt vare på alle dei har.

Sa’angrealar

Sa’angrealar fungerer på same måte som angrealar – dei forsterkar evna til å lede Krafta – men gjev ein mykje større auking i styrke. Det vert sagt at ein sa’angreal gjev ein like stor kraftauke i høve til ved bruk av ein angreal, som ein angreal gjev i høve til å lede Krafta utan angrealar i det heile. På same måte som angrealar, finst det sa’angrealar av ulik styrke, og er retta anten mot menn eller kvinner.

Det er svært få sa’angrealar som har overlevd sidan Legendenes Alder, og dei er endå meir sjeldne enn angrealar. Det Kvite Tårnet har nokre få, deriblant ein forma som ei kvit stong. To sa’angrealar retta mot menn er kjend, det er dei to kraftigaste som er laga nokon gong. Den kraftigaste av desse, som har eit kvinneleg motstykke, krevjer spesielle ter’angrealar for å kunne brukast trygt. Den andre – Callandor, Sverdet som ikkje er eit sverd – har nokre manglar, med det at det manglar den sperra andre angrealar har, som hindrer ein å lede for mykje av Krafta, samtidig som det verkar som den forsterkar verknadane av smitten på saidin.

Ter’angrealar

Ter’angrealar er, i motsetnad til angrealar og sa’angrealar, ikkje laga for å forsterke Krafta, men for å utføre spesielle oppgåver. Dei finst i alle mogelege storleikar og fasongar, og til alle mogelege føremål. Nokre verkar berre med saidar, andre berre med saidin, og nokre kan trekke t.d. saidin sjølv om berre ei som leder saidar bruker den.

Ein annan ting som er spesielt for ter’angrealar er at dei ikkje nødvendigvis treng krafta for å virke. Nokon kan berre verte aktivert av at ein leder Krafta gjennom den på ein spesiell måte, andre treng kanskje ikkje meir enn ei berøring, og kan brukast av alle, uansett om dei kan lede Krafta eller ikkje.

Sjølv om ter’angrealar er sjeldne, er dei likevel langt meir talrike enn sa’angrealar og angrealar. Kunsten å lage ter’angrealar vart nyleg gjenoppdaga av Elayne Trakand, men har endå ikkje vorte perfeksjonert.

Samlingar av *angrealar

Sjølv om angrealar av ulike slag er sjeldne, er det nokre få stader ein kan finne mange samla på same stad. Dei me kjenner til er Det Kvite Tårnet, Rift, Rhuidean og Ebou Dar.

Det Kvite Tårnet har den største samlinga. Aes Sedaiar har teke med seg alt dei har funne i tida sidan Tårnet vart bygd hit, då dei ser på alle slike gjenstandar laga av eller med Krafta som Tårnet sin eigedom.

Til tross for, eller kanskje på grunn av, at Rift har ei veldig fiendtleg haldning til Aes Sedaiar, og er skeptiske til alt som har med Krafta å gjere, har Rift ei stor samling av *angrealar. Denne er kjend som den Store Beholdningen, og ligg i dei nedre nivåa i Steinen i Rift. Her har Riftbuarane i hundrevis av år samla alle gjenstandar som dei har hatt den minste mistanke om at hadde noko med Krafta å gjere, noko som gjer at det er svært mykje skrot blandt dei meir verdifulle tinga.

Rhuidean i Ødelandet Aiel var fram til nyleg ein skjult by, som berre aielane visste om. Etter at Paaren Disen vart øydelagd under Krigen med Krafta, flykta da’shain aielane med tusenvis av vogner som inneheldt angrealar, sa’angrealar, ter’angrealar og andre verdifulle gjenstandar. På den lange vandringa som til slutt førte dei til Rhuidean forsvann størsteparten av dette til Aes Sedaiar og røvarar, men det var likevel mykje som enda opp i byen. Mesteparten er her framleis, men nokre vogner vart med til Cairhien, der dei framleis står.

Ebou Dar er heimen til Slekten, ei gruppe kvinner som kan lede Krafta. Mesteparten av dei har vorte sendt bort frå det Kvite Tårnet av ein eller annan grunn. Dei har i lang tid samla gjenstandar knytta til Krafta saman med ein del skrot i eit hus i Rahad. Elayne tok med seg ein del av desse til Caemlyn, men fyrst etter at Sammael hadde fått tak i noko.

Tusen takk til Incanus, som har skrevet denne flotte artikkelen!
Sitat:
Name the Dark One, and his evil comes down on you.
Rand

Dark Prophecy,
Den Store Jakten