Legendenes Alder

Den førre Alderen, kjend som Legendenes Alder var svært forskjellig frå den Tredje Alder. Det var eit høgteknologisk samfunn, der mykje av forsking var bygd på den Eine Krafta, og stort sett alt vart brukt for å gjere livet til menneska betre. Dette gjorde at ingen leid nokon naud, og dette i sin tur gjorde at mange av grunnane til kriminalitet ikkje eksisterte. Kriminalitet i seg sjølv var dermed, om ikkje ukjend, so iallfall sjeldan. Det var ei tid med fred, harmoni og velstand for alle.

Det var mange store byar. Nokre av dei viktigaste blant desse var Paaren Disen og V’saine. Paaren Disen var staden der Aes Sedaiane hadde sitt hovudkvarter, Tenarhallen, medan V’Saine var heimen til Collam Daan, ein forskingsinstitusjon som forska på den Eine Krafta, og nye bruksområde for denne.

Kollapsen

Det vart gjort mykje med den Eine Krafta, men den hadde likevel ein del begrensingar, på grunn av forskjellane mellom saidin og saidar. So då ei gruppe Aes Sedaiar fann det dei trudde var ei ny Kraftkjelde, som både menn og kvinner kunne ta frå, var forventingane høge.

Men då dei bora gjennom Mønsteret for å kome til denne Kraftkjelda, fann dei noko dei ikkje venta. Det dei hadde funne, og bora eit hol inn til, var fengselet til den Mørkaste. Den Mørkaste stod for alt samfunnet i Legendenes Alder ikkje stod for: Kaos, vondskap, vald, smerte og død.

Påverknaden frå den Mørkaste førte til perioden som er kjend som Kollapsen. Dette var ein fullstendig kollaps av samfunnet, og nesten av menneskeheita, i Legendenes Alder. Den var prega av auka kaos, kriminalitet og ei generell nedgang i levestandard.

Krigen mot Skuggen / Krigen med Krafta

Etter at Kollapsen hadde vart i 100–110 år, gjekk Skuggen til krig, i eit forsøk på å frigjere den Mørkaste. Denne svært blodige krigen vart kalla Krigen mot Skuggen, eller Krigen med Krafta, då begge sider brukte den Eine Krafta med svært dødelege resultat. Til dømes vart bannbluss brukt fritt av begge partar i eit heilt år, fram til dei oppdaga konsekvensane: Aldersveven haldt på å gå i oppløysning.

Krigen varte i ti år, og enda med at Lews Therin Telamon og hans Hundre Våpenbrødre forsegla Boreholet. Den Mørkaste var igjen skjerma frå verda, men mottrekket hans, i det fengselet hans vart forsegla, smitta saidin med katastrofale følgjer. Lews Therin og dei overlevande av dei Hundre Våpenbrødrane vart umiddelbart gale, og den same skjebna venta alle andre menn som kunne leie Krafta. Dette enda Legendenes Alder, og innleia perioden som er kjend som Øydelegginga av Verda.

Øydelegginga av Verda.

Verda vart her bokstaveleg talt øydelagd av hundrevis av mannlege Aes Sedaiar, galne av smitta på saidin. Det var ein periode der fjell vart jamna med jorda, og nye fjell danna. Der det tidlegare hadde vore hav, kunne det verte land, der det tidlegare hadde vore land kunne det verte hav. Menneska vart drive på flukt, og levde i konstant frykt.

Tusen takk til Incanus, som har skrevet denne flotte artikkelen!
Sitat:
Some men choose to seek greatness, while others are forced to it. It is always better to choose than to be forced. A man who's forced is never completely his own master. He must dance on the strings of those who forced him.
Selene til Rand

In the Mirror of Darkness,
Den Store Jakten