Tel’aran’rhiod og relaterte emne

Tel’aran’rhiod og relaterte emne

Tidshjulet vever mange ulike verder. I tillegg til den me kjenner er det ei uendeleg rekkje parallellverder som viser dei ulike retningane historien kunne tatt om folk hadde tatt andre val tidlegare.

Det finst og ei anna verd, som ligg rundt, eller kanskje inni, alle dei andre. Denne verda kjenner me som tel’aran’rhiod – Den Usynlege Verda eller Draumeverda. Draumeverda er spesiell slik at den reflekterer det som skjer i den verkelege verda, verda me kjenner. Det einaste som ikkje har ein refleksjon her er tamme dyr og menneske.

Speglinga verkar berre ein veg. Det som skjer i den verkelege verda skjer òg i tel’aran’rhiod, men det motsette gjeld ikkje. Om ein knuser ein vegg i tel’aran’rhiod vil denne ganske raskt vere heil igjen, ettersom den er ein refleksjon av korleis veggen ser ut i røynda. Kor konstant speglinga er, avheng av kor statisk objektet er i den verkelege verda. Ein bygning vil t.d. vere fast, men ei dør kan blinke mellom å vere open og lukka, då den vil endre stilling ofte utanfor tel’aran’rhiod. Om ein les eit brev frå ein bunke kan ein oppleve at eit brev plutseleg forsvinn, eller vert til eit anna brev.

Det som skjer med ein sjølv eller andre menneskje i Draumeverda derimot, vert ikkje reparert av seg sjølv. Skadar ein får i tel’aran’rhiod vil vere der når ein vakner, og om ein døyr vakner ein ikkje i det heile.

Tida oppfører seg underleg i Draumeverda. Ein kan vere her i ein time, og finne at ein dag er gått når ein kjem ut att, eller vere her ein dag og finne at ein time er gått i den verkelege verda.

Draumevandrarar og Draumarar

Sjølv om vanlege menneskje av og til streifer innom tel’aran’rhiod medan dei draumer, kan dei ikkje medvite gå inn der. Draumevandrarar, derimot, kan dette, og nytte seg av dei spesielle eigenskapane til Draumeverda.

Dei med dette Talentet har av og til sanne draumar. Dette er draumar som viser hendingar som vil skje i framtida, som oftast på ein symbolsk måte. Av og til veit dei kva draumen tyder, men som oftast ikkje.

Draumarar er forskjellige frå Draumevandrarar på den måten at dei ikkje kan gå inn i tel’aran’rhiod, dei kan berre ha sanne draumar, og tolke meininga med dei.

Bruk av tel’aran’rhiod

Det er eit par ulike måtar å gå inn i tel’aran’rhiod på. Den vanlegaste er å konsentrere seg på ein spesiell måte, og sjå for seg ein stad når ein skal til å sove. Den staden ein visualiserer seg er den staden ein havner, når ein kjem inn i Draumeverda etter å ha sovna. Når ein gjer dette, er det berre ein liten del av ein, ein del av sjela, som forlet den verkelege verda.

Dei som ikkje har Talentet har likevel mogelegheit for å kome inn i tel’aran’rhiod. Det kan dei oppnå med ein ter’angreal. Nokre ter’angrealar som gjev adgang til Draumeverda krevjer at ein leder ein straum av Ånd – den einaste av dei fem Kreftene ein kan lede i søvne – inn i ter’angrealen. Andre krevjer ikkje noko påverknad av den Eine Krafta, berre at den er i kontakt med huda i det ein sovner.

Ein annan måte er å gå inn fysisk. Det gjer ein ved å lage ein Port, omlag på same måte som når ein Farer. Det vert sagt at ein mister ein liten del av sjela si kvar gong ein gjer dette, noko som er grunnen til at dei Vise ikkje gjer dette.

Når ein er i Draumeverda må ein vere svært nøye med kva ein tenkjer. Ein kan endre på seg sjølv, klede eller kropp, ved å forestille seg ein endring. Vil ein skifte klede er det berre å konsentrere seg om dei kleda ein vil ha. Vil ein skifte utsjånad kan ein gjere det på same måte, men det krevjer hardare konsentrasjon.

På same måte som ein kan endre seg sjølv, kan ein endre omgivelsane, og sjølv andre menneskje. Til større lekamar ein vil endre, eller skape, til vanskelegare er det, då ein må sjå for seg eit nøyaktig bilete av det ein vil skape eller endre. Om ein t.d. vil ha ein liten pinne, vil ikkje det vere vanskeleg, men om ein prøver å få fram ein skog, vil den truleg flimre og vere ustabil, for o å forsvinne med ein gong konsentrasjonen glipp. Andre menneske er og vanskelege å endre, men kor vanskeleg det er, avheng av kor god kontroll den aktuelle personen har over seg sjølv i tel’aran’rhiod.

Når vanlege menneskje streifer innom tel’aran’rhiod i draumane sine, hender det at dei tek med seg eit mareritt. Dette vil då fortsetje å vere ein del av Draumeverda fram til det vert øydelagd av ein Draumevandrar. Måten å gjere det på er å forestille seg at marerittet ikkje er der.

Ekte Draumevandrarar har og den eigenskapen at dei kan gå til ein stad som ligg mellom tel’aran’rhiod og den våkne verda. Her er dei berre representert ved eit «medvit», ikkje nokon kropp, men dei kan likvel bevege seg. Det dei beveger seg i, er eit uendeleg stjernefelt der kvar stjerne representerer draumane til ein person. Alle som søv på jorda har ei stjerne, og når Draumevandraren har lært seg å kjenne att stjerna til ein person, vil ho alltid kunne kjenne den att i vrimmelen av andre, trass i at dei på avstand ser like ut. Ved å berøre ein draum, kan ein snakke til personen, gå inn i draumen eller dra personen ut av draumen og inn i tel’aran’rhiod. Dette siste er det berre dei Fortapte som kan gjere, eller vil gjere.

Om ein besøker draumen til ein annan må ein vere forsiktig. Der er det den som eig draumen som er i styringa, og for å kunne oppretthalde ein viss kontroll må ein vere svært sterk. I enkelte tilfelle, om kjenslene mellom Draumevandraren og ein annan er svært sterke, hat eller kjærleik, kan Draumevandraren verte dratt inn i draumen til den personen mot sin vilje.

Om ein prøver å sjå på draumane til ein person som har skjerma dei, slik Aes Sedaiar og Rand plar gjere, vil ein møte på ein vegg som ein ikkje kjem gjennom. Det skal vere mogeleg å bryte gjennom slike skjold, men akkurat korleis ein gjer dette veit berre nokre av dei Fortapte.

Blant det Draumeverda gjer ein i stand til, er å finne ting ein treng. Om ein har eit sterkt behov for noko, kan ein ved å konsentrere seg sterkt om dette behovet i tel’aran’rhiod verte flytta, eller tel’aran’rhiod flytter seg rundt ein, til staden der løysninga på behovet ditt er. Ein treng ikkje nødvendigvis vite akkurat kva det er, det er nok å vite kva ein treng det til. Når ein bruker behov, må ein gjere kvart «steg» i blinde, og kvart steg vil føre deg nærare gjenstanden eller staden du leiter etter, fram til handa di ligg på det du leiter etter. Metoden er begrensa, på den måten at ein berre kan bruke det same behovet ein gong, då behovet er oppfylt etter den fyrste gongen.

Fysiske lover kan ein omgå i tel’aran’rhiod. Til dømes kan ein tilbakeleggje store avstandar på kort tid, ved å ta steg som er fleire kilometer lange. Ved tankens kraft kan ein og gjere seg sjølv i stand til å fly, slik Egwene gjorde når ho besøkte Tanchico.

Ulike grupper i Draumeverda

Aes Sedaiar

Aes Sedaiane reknar feilaktig med at Drauming er eit Talent knytta til Krafta. Det er eit Talent ein sjeldan har sett blant Aes Sedaiar i det Kvite Tårnet. Før Egwene hadde det gått nesten 500 år sidan den siste Draumaren, Corianin Nedeal, og ho var ikkje spesielt dyktig på området. Som eit resultat av dette veit Aes Sedaiane svært lite om Draumeverda.

Etter at dei har fått tilgang til fleire ter’angrealar som gjer ein i stand til å gå inn i tel’aran’rhiod, har ein del Aes Sedaiar frå Salidar-fraksjonen vore innom Draumeverda, men dei er svært dårlege til å kontrollere seg sjølv og omgivnadane sine, grunna lite trening.

Dei Vise

Blant Aielane har Draumen, som dei kallar tel’aran’rhiod, vore kjend i lang tid. Det har alltid vore nokon blant dei Vise med Talentet, både blant dei som kan lede Krafta og dei som ikkje kan lede Krafta. Gjennom århundrer med utforsking, har dei Vise vorte svært dyktige i bruken av Draumeverda. Det dei ikkje kan, ligg ofte i område dei ikkje har ville utforske på grunn av moralske tersklar andre ikkje har, og overleveringar frå gamle tider.

Ein av dei livsviktige oppgåvene til dei Vise er knytta til tel’aran’rhiod. Når det vert meir folk i ein bastion enn vasskjelda der kan støtte, må ein finne ein eigna stad i nærleiken der ein kan danne ein ny bastion. Dette gjer ein gjerne ved å tilkalle ein Vis som kan draumevandre, som so bruker behov til å finne ein eigna stad med god vanntilførsle i nærleiken av den gamle bastionen.

Dei Fortapte

I Legendenes Alder var tel’aran’rhiod godt kjend, og ein lærde opp folk utan Talentet til å ferdas her. Det gjorde ein med ter’angrealar som gjorde alle i stand til å tre inn i Draumeverda. Dette, saman med at alle var kjend med korleis ein går fysisk inn i Draumeverda, gjer at alle dei Fortapte har iallfall ein viss kjennskap til den. Lanfear var ein av dei beste, og gjekk so langt som å utrope tel’aran’rhiod til «sitt» område, trass i at Moghedien faktisk var dyktigare enn ho. Dei Fortapte bruker ofte tel’aran’rhiod som møtestad.

Ulver og Ulvebrør

Ulvar er på eit vis sterkt tilknytta tel’aran’rhiod. Dei lever samtidig i begge verdenene, og når dei døyr i den verkelege verda, lev dei vidare i draumeverda. Ulvebrør, menneskje som har eigenskapen at dei kan snakke med ulvar, kan på same måte som draumevandrarar gå inn i tel’aran’rhiod, som dei kallar ulvedraumen, men det kan virke som om dei har ei litt anna tilknytning enn Draumevandrarar. Ulvebrør, iallfall Perrin, får av og til sjå «vindauge» der framtida vert vist, gjerne på ein liknande måte som dei sanne draumane til Draumarar og Draumevandrarar. Det dei får sjå er ikkje ei direkte visning av framtidige hendingar, men symbolske bilete knytte til dei.

Måten ulvar snakkar med kvarandre og ulvebrør, er knytta til draumeverda. Det at ulvane lever begge stader samtidig kan vere grunnen til at dei er i stand til å kommunisere slik.

Heltane av Hornet

Noko svært få kjenner til, er at dei som er knytta til Valeres Horn lever i tel’aran’rhiod mellom kvar gong dei vert spunnen ut av Tidshjulet. Dei har til ei kvar tid den utsjånaden dei hadde i det siste livet dei levde.

Tusen takk til Incanus, som har skrevet denne flotte artikkelen!
Sitat:
One pretty woman means fun at the dance. Two pretty women mean trouble in the house. Three pretty women mean run for the hills.
Ordtak fra Two Rivers

A Way Out,
Den Gjenfødte Dragen