Aginor

Titler:

Aginor, Ishar Morrad Chuain (ekte namn).

Utseende:

Han vert beskrive som like høg og sterk som Rand, hardare enn Lan, og med ansiktet til ein sterk mann i sin beste alder.

Historie:

Etter Ishamael var Aginor den av dei Fortapte som var sterkast i Krafta. Som Ishar Morrad Chuain var han ein av dei fremste vitskapsmennene i Legendenes Alder, med biologi som sitt spesialfelt. Han hadde visstnok fått reprimandar på grunn av tvilsame forsøk med dyr, og hans grunn for å gå over til Skuggen låg truleg og her: Berre på skuggesida ville han få lov til å gjere dei forsøka han ville.

Aginor hadde aldri nokon feltkommando, og var heller aldri guvernør over område Skuggen hadde erobra. Dette var fordi han bruke all si tid på å lage skyggeyngel. Allereie lenge før Krigen med Krafta byrja skapte han trollokane, som formerte seg raskt, og utgjorde mesteparten av Skuggen sin hær. Andre skapningar han var ansvarleg for er draghkarar, gholamar og jumara. Myrdraalane er han berre indirekte ansvarleg for, då desse er avkom av trollokar, som har vorte meir menneskelege enn trollokane.

Om Aginor ikkje styrte nokon område, kunne han likevel ta so mange menneske han ville frå andre sine område, til eksperimenta sine. Ein reknar med at over ti tusen menneske vart tekne kvar dag gjennom heile Krigen (som varte i ti år), og kanskje dobbelt so mange dei siste fem åra av Krigen.

Fra bøkene: – Vis/skjul teksten

Aginor var fanga nær overflata av Boreholet, noko som gjorde at Tidshjulet tæra på kroppen hans, og gjort han til svært gammal. Då han og Balthamel kom fri, følte dei vondskapen i dolken frå Shadar Logoth, som Matrim bar, og reiste til Verdsauget. Etter ein kort kamp flykter Rand. Aginor føl etter, medan han dreg saidin frå Verdsauget. Då Rand og byrjar å bruke saidin derifrå, trekk Aginor til seg for mykje, og døyr som følgje av det.

Men Gravkammerets Fyrste er meir enn eit kallenamn for den Mørkaste, og Aginor vart gjeven nytt liv. I ein ny kropp og under nytt namn – Osan’gar – infiltrerer han det Svarte Tårnet som Corlan Dashiva. Han leia angrepet på Rand i Cairhien, men vart drepen på ny ved Shadar Logoth, medan Rand reinsa saidin. Ironisk nok av den svarte Aes Sedaien Elza Penfell, og med saidin.

Tusen takk til Incanus, som har skrevet denne flotte artikkelen!
Sitat:
A fool puts a burr under the saddle before she rides.
Ordtak fra Lini

Memories,
Himmelens Flammer