Bel’al

Titler:

Be’lal, Duram Laddel Cham (ekte namn), Nettvevaren.

Utseende:

Be’lal var høg, med kortklipt, kvitt hår.

Historie:

Me veit ikkje mykje om Be’lal, men ein ting er at han var ein advokat i Legendenes Alder, og dyktig, noko hans tredje namn viser til. Han var truleg ein viktig person i kampen mot Skuggen før han skifta side, kanskje på grunn av at han misunna og seinare hata Lews Therin, i tillegg var løftet om udødelegheit truleg ein faktor.

Han var kjend for å vere ein mester til å manipulere, og for å vere både tålmodig og listig i planlegging, men samtidig ikkje redd for å gå til angrep. Hans periodar som guvernør over erobra område var kjenneteikna av ekstrem vald og grusomheit, i likskap med dei fleste andre Fortapte. Nokre kjelder viser at han kanskje var blant dei som øydela Tenarhallen, nokre få dagar før Lews Therin forsegla Boreholet, og sperra han inne.

Fra bøkene: – Vis/skjul teksten

Som Høgfyrste Samon skaffa Be’lal seg kontroll over Rift kort tid etter at han vart fri. Han hadde planar om å vente til Rand tok Callandor, for so å drepe Rand og ta den kraftige sa’angrealen sjølv. Denne planen gjekk ganske dårleg, då han, etter ein sverdkamp mot Rand, vart drepen av Moiraine med bannbluss. Frå ein død via bannbluss kan ikkje ein gong den Mørkaste redde ein.

Tusen takk til Incanus, som har skrevet denne flotte artikkelen!
Sitat:
It was easier to be brave, he discovered, when someone needed your protection.
Rand

Who follows in Shadow,
Verdens Øye