Demandred

Titler:

Demandred, Barid Bel Medar (ekte namn).

Utseende:

Nesten like høg som Rand, kjekk, med «haukenase». Han smiler aldri.

Historie:

Barid Bel Medar var den høgast æra og mest innflytelsesrike personen i Legendenes Alder. Med eitt unnatak: Lews Therin Telamon. På ein måte kan mykje av livet hans seiast å vere nesten like bra som Lews Therin sitt: Han vart fødd ein dag etter, var nesten like sterk i Krafta, nesten like høg, nesten like flott som Lews Therin, han hadde nesten like høge stillingar som Lews Therin, og skreiv bøker som var nesten like populære.

Då Krigen med Krafta byrja, utmerka Barid Bel seg som ein utmerka general. Sjølv meinte han at han var mykje meir intelligent enn Lews Therin, og at Lews var ein overforsiktig militær tosk, medan han sjølv var ein gamblar som var villig til å ta sjansar.

På same måte som Sammael, men kanskje i endå større grad, vart Demandred rasande då Lews Therin fekk øvste kommando. Følinga av hat og sjalusi vart berre større når Lews Therin æra han. Tre år ut i Krigen skifta han side, etter (visstnok) å ha funne ut at med Lews Therin som leiar ville Skuggen vinne. Under Shai’tan søkte han hemn mot Lews Therin, og som Sammael var han mest mogleg i felten, for å freiste å få hemn, og brukte lite tid som guvernør.

Han var svært stolt, og ville att alle som vanæra han skulle straffast. Det mest ekstreme dømet på dette, er at han under krigen gav kvar einaste innbyggjar i to heile byar, utan unnatak, som mat til trollokane. Dette fordi han meinte dei hadde sett ned på han medan han framleis bar namnet Barid Bel Medar.

Fra bøkene: – Vis/skjul teksten

Me veit svært lite om kva Demandred har gjort etter han vart fri. Han har ganske lenge hatt ein allianse med Semirhage og Mesaana, men kor mykje samarbeid det har vore mellom dei veit me ikkje. Han var det som mottok ordren frå Shai’tan om å la Kaosets Herre rå, men akkurat kva denne ordren bestod av, det veit me ikkje.

Tusen takk til Incanus, som har skrevet denne flotte artikkelen!
Sitat:
Only by surrendering to the Pattern can you begin to have some control over the course of your own life. If you fight, the Pattern will still force you, and you will find only misery where you might have found contentment instead.
Bair til Aviendha

Among the Wise Ones,
Himmelens Flammer