De Fortapte

Generelt:

Det er anbefalt å lese artikkelen om Legendenes Alder fyrst, då det vert lettare å forstå nokon av referansane frå den tida.

Dei Fortapte var nokre av Aes Sedaiane på Skuggen si side under Krigen med Krafta. Kor mange dei var opprinneleg veit me ikkje, men det er sikkert at då Lews Therin forsegla Boreholet, vart berre 13 av dei fanga her, men dei var og dei mektigaste. Sjølv kallar dei seg Dei Utvalte, då dei er utvalt til å styre verda for den Mørkaste om han vinn. Dei var 8 menn: Aginor, Asmodean, Balthamel, Be’lal, Demandred, Ishamael, Rahvin og Sammael, og 5 kvinner: Graendal, Lanfear, Mesaana, Moghedien og Semirhage.

Desse brukte like mykje tid på intriger mellom seg, då alle freista å verte nae’blis: Den Mørkaste sin nestkommanderande, som står over alle dei andre Fortapte. Gjennom desse intrigane vart fleire av Aes Sedaiane som gjekk over Skuggen drepen.

Under Krigen hadde dei ulike oppgåver, som stod til eigenskapane deira. Nokre var generalar, andre dreiv med undergrunnsarbeid, medan andre hadde andre oppgåver. Dei fleste var og guvernørar for område som fell for Skuggen i løpet av Krigen.

Dei fleste av dei Fortapte hadde hatt høge stillingar før dei, av ulike grunnar, gjekk over til Skuggen, og fleire av dei hadde vore viktige i kampen mot Skuggen før dei skifta side. Det var difor store tap for Lyset å miste dei. Alle saman fekk nye namn på det gamle tungemålet: Gitt i avsky, teke i mot med ærekjensle.

Tusen takk til Incanus, som har skrevet denne flotte artikkelen!
Sitat:
Name the Dark One, and his evil comes down on you.
Rand

Dark Prophecy,
Den Store Jakten