Lanfear

Titler:

Lanfear, Mierin Eronaile (ekte namn), Nattens Datter.

Utseende:

Høg og slank, med lys, nesten kvit hud, langt svart hår og mørke auge. Kanskje blant dei vakraste kvinnene nokon sinne. Alltid kledd i kvitt, med eitt belte av sølv rundt livet.

Historie:

Mierin Eronaile var ein respektert forskar ved Collam Daan-instituttet før ho gjekk over til Skuggen på grunn av kjærleik, hat og eit ynskje om makt. Ho hadde vore elskaren til Lews Therin, men sjølv om han gjekk frå ho, og seinare gifta Ilyena Moerelle Dalisar, slutta ho ikkje å prøve å vinne han tilbake, uansett metode: Under nærast alle planane for å fange eller snu Lews Therin var ho ein leiande figur.

I motsetnad til alle dei andre Fortapte, valt Lanfear det nye namnet sitt sjølv, og som Nattens Datter spreidde ho kaos og frykt gjennom draumar og Tel’aran’rhiod. Lanfear utropte Draumeverda som sitt herredøme, og brukte denne til å drive folk galne, eller til å drepe. På den måten gjorde ho nytte for seg utan å kommandere i strid. I tillegg til hennar styrke i Tel’aran’rhiod, var ho den sterkaste av dei kvinnelege Fortapte i Krafta, sagt å vere nesten like sterk som Ishamael.

Fra bøkene: – Vis/skjul teksten

Lanfear hadde elska Lews Therin i Legendenes Alder, eller ho elska makta han representerte. Då ho vakna opp att, overførte ho kjærleiken til den gjenfødde Lews Therin, Rand al’Thor. Som Selene tok ho kontakt med han, for å finne ut om han hugsa noko av sitt førre liv, og om han kunne kom til å elske ho. Ho prøvde fleire gonger til å presse han til å bruke Krafta til hans fulle potensial, og å freiste han med makt.

Som Keille Shaogi fylgde ho etter Rand inn i Ødelandet Aiel, saman med Asmodean. Etter hendingane i Rhuidean batt ho eit svakt skjold rundt Asmodean, slik at han kunne lære opp Rand. Sjølv om det kan verke som å vere kun til hjelp for Rand, hadde ho truleg håp om å vende Rand til Mørkret, so dei to kunne herske side ved side.

Lanfear var alltid eigenrådig, og gjorde som ho sjølv ville. Ho konspirerte saman med Sammael, Graendal og Rahvin for å fange Rand, men samtidig var det ho som fortalte Rand at Rahvin herska i Andor. Det førte til at Rand angreip og drap Rahvin, då rykta om at Morgase var død nådde Cairhien.

Sjalu var Lanfear òg. Då Hadnan Kadere fortalde ho at Aviendha sov i same rom som Rand kvar natt, vart ho so sint at ho nesten drap både Rand, Aviendha og Egwene, framfor vogntoget med gjenstandane frå Rhuidean. På grunn av Rand sine vanskar med å skade kvinner, vart ho ikkje stoppa før Moiraine dytta ho gjennom dørkarm-ter’angrealen, som leia til landet til Aelfinnane. Begge to forsvann gjennom, og ter’angrealen smelta.

Dei døydde ikkje då dei fall gjennom, men begge to vart halde fanga av Eelfinnane. Det kan vere Lanfear døydde ei tid etterpå, ho har iallfall kome attende til verda, men i ein ny kropp, og svakare i Krafta enn ho var. Som Cyndane er ho no under direkte kommando av Moridin, og sjela hennar har vorte fanga i ei cour’souvra, sjelefelle.

Tusen takk til Incanus, som har skrevet denne flotte artikkelen!
Sitat:
When the honey's out of the comb, there's no putting it back.
Ordtak fra Lini

Memories,
Himmelens Flammer