Mesaana

Titler:

Mesaana, Saine Tarasind (ekte namn).

Utseende:

Av gjennomsnittleg høgd og utsjånad, med store blå auge.

Personlighet:

Ho var kaldt bereknande, praktisk, intelligent, og sagt å vere meir opptatt av verkeleg makt, enn utsjånaden av makt. Utsjånad generelt var ikkje viktig for ho.

Historie:

Saine Tarasind sitt største ynskje var å verte ein suksessrik forskar, og ho arbeidde mot dette målet gjennom barndomen. Det var difor eit hardt slag for ho, då ho ikkje fekk lov til å verte forskar ved Collam Daan-instituttet. Ho vart i staden ansatt som lærar, men det å undervise om oppdagingar gjort av andre, var ikkje det same som å gjere nye oppdagingar sjølv. For å hemne seg gjekk ho over til Skuggen.

Mesaana viste seg fleire gonger under Krigen med Krafta å vere ein middels god general, men det var som guvernør hennar eigenskapar kom til si fulle rett. Hennar område vart organiserte på ei grei og effektiv måte, og i tillegg til den vanlege vondskapen folk opplevde, tilførde Mesaana sin eigen vri. Denne kom ironisk nok i form av å lære bort noko. Born og ungdom vart lærde opp i den Mørkaste si storheit, og vart oppfordra til øydeleggje alt dei meinte minska den Mørkastes ære. Dette gjekk spesielt ut over museum, bibliotek og forskingsinstitusjonar.

Det gjekk og ut over foreldra til mange av desse, som vart svike av borna sine. Desse skulane øydela store deler av ein generasjon, og fekk følgjer i byrjinga av Øydelegginga, då gjengar av røvarar plyndra, drap og øydela alt dei kom over, medan mannlege Aes Sedaiar øydela resten av verda rundt dei. Desse gjengane var kjende som «Mesaana sine Born».

Fra bøkene: – Vis/skjul teksten

Den Fortapte tidlegare kjend som Saine Tarasind valte etter frigjeringa ein tilhaldsstad ulikt alle andre. Ho slo seg ned i sjølve det Kvite Tårnet. Vandrande blant Aes Sedaiar tok ho over styringa over den Svarte Ajah, og har truleg medverka sterkt til katastrofane som har ramma Tårnet i seinare tid.

Då ho vart innkalla til å hjelpe med å hindre reinsinga av saidin ved Shadar Logoth, valte ho å vise sitt sjølvstend ved å ikkje møte opp. Straffa for dette var hard, og ho lyder no Moridin som Nae’blis.

Tusen takk til Incanus, som har skrevet denne flotte artikkelen!
Sitat:
Never kiss a girl whose brothers have knife scars
Ordtak

Before the Arrow,
Himmelens Flammer