Moghedien

Titler:

Moghedien, Lillen Moiral (ekte namn), Edderkoppen

Utseende:

Pen, på ein robust måte, med mørkt, skulderlangt hår og mørke auge og glatte kinn.

Personlegheit:

Kjend for å unngå gambling, risikoar eller konfrontasjonar av noko slag, gjerne kalla feig. Ho føretrakk å lure i skuggane, for ikkje å gjere sitt trekk før ho var sikker på siger. Dette var grunnen til at ho fekk namnet Moghedien, som var ein type edderkopp.

Historie:

I Legendenes Alder var Moghedien ein finansiell rådgivar, som gjerne gjekk litt på grensa av loven. Ho fekk fleire advarslar, og vart til og med straffa ein gong, for å bryte både dei etiske og juridiske lovane for yrket.

Ho gjekk over til Skuggen lenge før Krigen med Krafta, men som den edderkoppen ho var, gjorde ho det ikkje kjend før fleire år ut i Krigen. Innan då hadde ho klart å få ein middels høg stilling i kommandostrukturen til Lews Therin, og fungerte sjølvsagt som spion for Skuggen. Fleire store katastrofar i dei tidlege åra av Krigen var eit resultat av det, og hennar største bidrag kom gjennom eit godt organisert og effektivt sabotasjenettverk. Om ho ikkje var blant dei sterkaste i Krafta, vann ho att ein del på si styrke i Tel’aran’rhiod. Her var ho til og med sterkare enn Lanfear, sjølv om Lanfear ikkje lata til å tru det.

På grunn av hennar feige natur, vart ho sett ned på av fleire andre Fortapte, medan ho sjølv hånte og hata dei som tok for store risikoar. Hatet kom som eit resultat av ho misunna dei resultat dei oppnådde, og mistenkte dei for å føle avsky for ho, fordi ho var so passiv. Men det skal og seiast at mange som undervurderte ho for mykje, ikkje levde lenge nok til å angre på det. Det vert og sagt at ho aldri gløymde nokon som øydela for ho.

Fra bøkene: – Vis/skjul teksten

Då Moghedien vart fri, haldt ho fram med den same framgangsmåten som hadde gitt ho namnet hennar. Ho arbeida i det skjulte med å finne nyttig informasjon frå Legendenes Alder, og då ho fann ut at ein a’dam for menn var i Tanchico, reiste ho hit, og forkledde seg som ein tenar for Aes Sedaiar av den Svarte Ajah, på jakt etter den a’damen.

Då ho følte Elayne lede Krafta på gata i Tanchico, fylgja ho dei, og spurde dei ut ved hjelp av Tvang. Seinare, i tel’aran’rhiod, møttes Nynaeve og Moghedien igjen, og Nynaeve braut Tvangen, og fann ut kven Moghedien verkeleg var. Den tredje gongen dei møttes, var i Panarkens Palass, då Nynaeve henta den mannlege a’damen. I kampen med Krafta som fylgja, vann Nynaeve og skjerma Moghedien. Den Fortapte kom seg likevel fri, medan Nynaeve vart distrahert av Jeaine Caide, som sendte bannbluss mot ho. Dette nederlaget var ikkje noko Moghedien gløymde lett, og ho har sidan hatt ei personleg gjeld å betale Nynaeve.

Etter at Nynaeve og Elayne møtte Bergithe i tel’aran’rhiod, gjekk ho med på å spionere på dei Fortapte for dei. Då Nynaeve ei tid seinare, medan dei reiste med Valan Luca sitt menasjeri, møtte Bergithe i Draumeverda, fekk ho sjå og høyre eit møte mellom Lanfear, Graendal, Rahvin og Sammael. Dei fire Fortapte vart i tillegg spionert på av Moghedien, og då Nynaeve og Bergithe trakk seg attende til menasjeriet der dei møttes, fylgde ho etter.

Moghedien kasta Bergithe bort, før ho via merksemda si til Nynaeve. Ute av stand til å leie Krafta, vart ho overmanna utan å gjere motstand. Men, medan Moghedien var oppteke med å håne Nynaeve, klara Bergithe å stavre seg på beina og skyte ei pil i ho. Den Fortapte flykta ut av tel’aran’rhiod, men fyrst etter at ho hadde rive Bergithe ut av Draumeverda.

Etter dette vart Moghedien Lega av Chesmal Emry, før ho reiste til Ghealdan for å finne menasjeriet. Då Nynaeve, Elayne og Birgitte, saman med Uno og 15 shienararar, reiste frå Samara, tok dei med seg ei gruppe fattige kvinner og born. Blant desse var Moghedien, forkledd som Marigan. Ei tid seinare etter at dei var kome til Salidar, då Nynaeve var i tel’aran’rhiod, møttes dei igjen. Den Fortapte vart overlista og avslørt av Nynaeve, og etter det vart ho helde fange ved hjelp av ein a’dam laga av Elayne.

Elayne og Nynaeve, og seinare Egwene, lærte mykje av Moghedien. Desse «oppdagingane» presenterte dei som sine eigne, for å avsløre kven «Marigan» eigentleg var, overfor Aes Sedaiane i Salidar, det torde dei ikkje.

Fangenskapet til Moghedien varte fram til ei stund ut i Egwene sitt felttog mot Tar Valon. Då vart ho oppsøkt og frigjord av Aran’gar. Aran’gar gav ho og ei innkalling til Shayol Ghul. Der fekk ho ikkje den mottakinga ho ynskja. Stalaktittane i tunnelen ned mot Undergangens Avgrunn spidda ho nesten før ho kom gjennom, og etter å ha prøvd å orsake seg overfor Shai’tan, vart sjela hennar fanga i ei Sjelefelle. Den cour’souvraen heng no rundt halsen til Moridin ved sida av Cyndane sin.

Men hatet mot Nynaeve slokna ikkje, trass i frykta for Moridin. Då ho såg Nynaeve i Ebou Dar, på veg ut til eit Sjøfolkskip, greip ho sjansen, fann vegen til taket på eit vertshus, og sendte bannbluss mot båten til Nynaeve. Heldigvis vart ho skremd av ein fugleflokk som letta, og trefte ikkje skikkeleg, noko som gjorde at Nynaeve overlevde.

Tusen takk til Incanus, som har skrevet denne flotte artikkelen!
Sitat:
Better to spit in a wolf's eye than to cross an Aes Sedai.
Gammelt ordtak

Across the Taren,
Verdens Øye