Rahvin

Titler:

Rahvin, Ared Mosinel (ekte namn).

Utseende:

Høgare enn Rand og meir breiskuldra. Mørk, vakker og ungdommeleg bortsett frå kvite striper i håret.

Historie:

Me veit ingenting om kva han gjorde før han viste seg blant toppleiarane blant Skuggen sine styrker. Truleg ynskja han å få makt, og gjekk over til Skuggen for å oppnå dette.

Han viste seg som ein brukande general, men hans store styrke låg i politiske og diplomati. Han føretrakk og metodar som diplomati og manipulasjon framfor open konflikt, noko som gjorde at han fekk fleire område til å overgje seg utan invasjon. Som guvernør var han effektiv, men med manglande sans for detaljar.

Rahvin hadde to store svakheitar: Smiger og kvinner. Dette var to ting han var svært glad i, og mange steig raskt i gradene gjennom smiger. Men dei kunne ramle ned at raskt, om dei ikkje klarde oppgåva.

Fra bøkene: – Vis/skjul teksten

Då Rahvin vart fri, reiste han til Andor. Her tok han del i opprøra, og medverka til at dei vart slått ned, med til dels harde metodar. Ved hjelp av Krafta gav han seg sjølv ein stilling som «rådgivar» til dronning Morgase, og i hennar namn styrte han landet under namnet Gaebril.

Då Morgase frigjorde seg sjølv frå Tvangen, gjennom ei sterk vilje, og rømde frå landet, byrja rykta å gå om at ho hadde døydd, medan Rahvin haldt fram med å styre landet. Rand hadde vorte fortalt at det var Rahvin som styrte Andor, gjennom Lanfear, og då rykta om Morgases død nådde Cairhien og Rand, vart han svært sint.

Han Glei til Caemlyn saman med Asmodean, Mat, Aviendha og nokre hundre aielar. Då dei kom fram, vart dei møtt av lyn framkalla av den Eine Krafta, og trollokar. Då nokre av desse lyna drap Mat, Asmodean og Aviendha, vart vreda so stor at Rand «hugsa» det å Fare. Han drog rett til tronhallen, der Rahvin var, og den Fortapte flykta inn i tel’aran’rhiod. Etter å ha jaga Rahvin gjennom det Kongelege Palasset i tel’aran’rhiod, vart Rahvin drepen med bannbluss som brann tråden hans ut av mønsteret so langt tilbake at lyna han sendte mot Rand aldri hadde vorte laga, og Mat, Aviendha og Asmodean vart «gjenoppliva».

Tusen takk til Incanus, som har skrevet denne flotte artikkelen!
Sitat:
Every man wants to be great. You could be the greatest man in all the Ages.
Selene til Rand

In the Mirror of Darkness,
Den Store Jakten
Wheel of Time

Les den første boka fra serien nå!