Semirhage

Titler:

Semirhage, Nemene Damendar Boann (ekte namn), The Lady of Pain

Utseende:

Slank og svært høg, men vakker. Mørke auge, mørk hud og kort bølgjete hår. Alltid kledd i svart.

Historie:

I Legendenes Alder kunne nesten alt av skadar og sjukdomar verte helbreda med den Eine Krafta, og den dyktigaste av alle til dette, var Nemene Damendar Boann. Ho vart ofte kalla inn i dei vanskelegaste sakane, då ingenting anna nytta. Særleg flink var ho i samband med hjerneskadar.

Men ho var og ein sadist, som fekk glede av å gje folk litt ekstra fysisk og psykisk smerte, for so å kurere dei etterpå. I hennar syn, var den ekstra smerta ein liten pris å betale når dei fekk leve vidare. Og i si takksemd var det ingen som fortalte om det dei hadde gått gjennom. Dessverre var det ein del som aldri hadde nokon grunn til å føle takksemd. Dei personane ho meinte samfunnet kunne klare seg utan, mista livet. Anten som følgje av torturen, eller dei vart drepne i etterkant. Semirhage likte svært godt å gi dei det ho meinte dei fortjente.

Då hennar mørke lyster vart oppdaga, ikkje lenge etter at Boreholet vart laga, fekk ho valet mellom å verte avskoren frå den Sanne Kjelda, eller å verte bunden mot å gjere slikt igjen. Ho valde ingen av delane, men sverga i staden sjela si til den Mørkaste, og vart då ein av dei fyrste til å gjere det.

Fra bøkene: – Vis/skjul teksten

Semirhage var lenge lite sett i Randland, då ho slo seg ned i Seanchan. Bortsett frå møte med andre Fortapte, var ho her berre ein gong som me veit om. Då torturerte ho Cabriana Mecandes for å få informasjon til dekkhistoria til Aran’gar, etter ordre frå Shaidar Haran, den Mørkaste si Hand.

I Seanchan inntok ho plassen som dei Ni Måners Datter soe’feia, Sannhetssiger, og som Anath Dorje kom ho til Ebou Dar saman med Tuon Athaem Kore Paendrag.

Tusen takk til Incanus, som har skrevet denne flotte artikkelen!
Sitat:
You all want explanations, but if I explained my every action to you, I would have no time for anything else.
Moiraine

Across the Taren,
Verdens Øye