TV-serier, sesong II

For deg som har noe annet på hjertet

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Gløymte ein serie i den lista mi sist: Hijack, med Idris Elba, som er ein sanntid-thriller om ei flykapring, med eit tempo og ein stil som minner om ting som 24 og Night Agent. Ganske solid, skjønt eg tykte sisteepisoden var litt for føreseieleg og enkel samanlikna med oppbygginga.

Tykte Ahsoka byrja bra denne veka, om enn litt i overkant full av lange, tause scenar (sannsynlegvis for å forsøke gjenskape kjensla av dei opphavlege filmane -- som eg applauderer, eg tykte berre det var dratt nokre hakk for langt ein del gonger). Overraska over at det til dei grader framstår som ein direkteoppfølgjar til Star Wars: Rebels -- eg vil faktisk gå så langt som å kalle dette for ein femtesesong, berre i live action og for eit vaksnare publikum. Historia følgjer direkte frå der Rebels gav seg (rett nok med Ahsokas episode i Book of Boba Fett innimellom, men den blir oppsummert i opningsteksten), det kryr av små og store referansar, og hovudpersonane er, i stor grad, dei same. Men det fungerer overraskande bra. Og tittelkarakteren sjølv får vere stoisk og kul, får berre håpe ho får briljere meir utover, tykkjer ho kjem litt i skuggen av ekslærlingen sin og skurkane så langt.
Loki wrote: Mon Aug 21, 2023 7:54 * Me er byrja hente oss inn på Kleo, som gir positive Killing Eve-assosiasjonar i fleng (spesifikt frå sesong 1, då serien framleis var noko spesielt), men her med ein austtysk kald krig-vri. Er halvveges i sesongen, og er godt nøgd så langt.
No ferdig med Kleo-sesongen, og trass i både utallege teite tilfeldigheiter der eine hovudpersonen veltar seg i flaks og logiske bristar ein kunne køyrt eit halvdusin traktorar gjennom side om side, så er dette god underhaldning! Tonemessig klarer dei veldig godt å balansere seriøs kald krig spionthriller med tøysete actionkomedie, som i utgangspunktet ikkje er den lettaste balansegangen. Kjem absolutt til å fortsette med sesong 2 når den tid kjem.
Asphyxiate wrote: Mon Aug 21, 2023 9:22 Må bare få uttrykke min store glede over at dere har brukt tid på å se på Snipp og Snapp: Redningspatruljen. Der snakker man barndomsminner!
Alle 65! Såg siste episode no på laurdag. Me snubla over den på ein Walmart, av alle ting, og til ein heil (og obskur, utgivingsmessig) serie på regionfri blu-ray var prisen rimeleg, så då kunne eg ikkje motstå. Pluss at eg føler eg må gjere mitt for å støtte at dei framleis sel fysisk video i det heile (skjønt det smerter å samtidig gi peng til Walmart, det gjer jo det).

Asphyxiate wrote: Mon Aug 21, 2023 9:22 Glemte å nevne at jeg jo også har alltid en helgemorgen-tegneserie-serie gående, og akkurat nå er det X-Men: Evolution som ligger på Disney. Ikke i nærheten av like ikonisk som den animerte 90tallsserien og vel ikke like direkte fra tegneseriene, men fungerer brillefint til en kopp kaffe en lørdags og en søndagsmorgen.
Det er så mange år sidan eg såg X-Men-teiknefilmar at dei går i surr for meg, men eg trur Evolution er ein av dei eg ikkje har sett, diverre. Me planlegg forresten halvt å sjå omatt 90-tallsserien du nemner i relativt føreståande framtid for å benke oss for den gjenoppliva versjonen som skal komme på Disney+ -- men det blir ikkje med det heilt fyrste, sidan Batman-i-DCAU-gjennomsjåinga vår framleis har att Batman Beyond. I tillegg må me som sagt hente oss inn på Solar Opposites, Dragon Prince og Harley Quinn fyrst. Me bruker denne typen seriar (og sitcoms) til siste-ting-før-sengetid-ritual pluss helgefrukost, så med ni episodar i veka går det relativt seigt framover no som me igjen kjem inn i ein periode der nye ting kjem ut att.
Last edited by Loki on Tue Aug 29, 2023 20:56, edited 1 time in total.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1027
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Synes også Ahsoka begynte fint, men også veldig overrasket at de så til de grader legger seg på en fortsettelse av Rebels. Har snakket med noen som ikke har sett Rebels, og de slet med å forstå en del i de to åpningsepisodene. Å kalle det for s5 er nok ganske riktig, men vi får se om det fortsetter.

Good Omens sesong 2 var, ikke overraskende, utrolig fornøyelig.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Ja. Eg pausa ein del for ektefellen for å forklare karakterar og referansar etter kvart som dei dukka opp (i den grad eg hugsa det -- er byrja bli nokre år sidan, og Rebels var aldri ein serie eg såg på med fullt fokus i utgangspunktet), usikker på kor mykje ho ville fått ut av dei om ikkje. Skal bli spanande å sjå vidare.
Forresten veldig bittersøtt å sjå Ray Stevenson i nok ei spanande rolle. Tykkjer han har karismaen til å gjere Disney-Star Wars' fyrste 'grey Jedi'-karakter minneverdig frå fyrste augneblikk av.

Good Omens trur eg var sommarens høgdepunkt for oss. Kryssar det eg har av fingrar og tær for ein tredjesesong sporenstreks.

Elles har me byrja sjå Happy Valley, og vart ferdige med sesong 1 i kveld. Ganske bra saker! Finn ikkje hjulet opp på nytt, men tek val og retningar som ikkje er så telegraferte, og alt er levert både jordnært og med godt tempo (vel, kanskje ikkje pilotepisoden, den var litt småtreig, men frå episode 2 av i alle fall). Håpar sesong 2 og 3 lever opp til byrjinga -- er alltid litt vrient for seriar som har eit såpass personleg premiss for fyrstesesongen å finne nye historietrådar som vil fenge på same måte utan å kjennast som blåkopi eller uinspirert.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1027
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Episode 3 var hakket opp, men igjen velger de å ha litt for korte episoder i disse SW-seriene. Her kunne de trengt noe mer tid synes jeg, spesielt når det (igjen) ikke er så mange episoder.

David Tennant som droide er også utrolig artig. De er flinke på å skape gode droider!
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Ja! Eg hadde heilt gløymt heile karakteren, men han dukka visst opphavleg opp i Clone Wars (eg har eit vagt minne om det no som eg las det), og var gitt røyst av Tennant då òg.

Og heilt einig på speletida. Er eit Disney+-syndrom, verkar det nesten som, er jo omtrent same klagen eg hadde på Secret Invasion. (I mindre grad her, då. Førebels, i alle fall.)
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1027
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Har vel gått igjen i mange av SW-seriene i hvert fall. Synes det "ødela" litt for episode 3, som ellers var en artig episode.

Sett e1-2 av One Piece på Netflix. Nå er jeg ganske glad i mangaen, som jeg fortsatt kjøper tankubon-utgavene til (over 100 pr nå!), men de har jo ikke fått til live action-versjonene av verken Death Note (film for så vidt) eller Cowboy Bebop i det hele tatt, så det er klart skepsisen er stor når de skal til en av de største, mest kjente og mest populære mangaene (og anime) i verden, som har pågått i 25 år, og som innebærer superkrefter av ganske sære typer og typiske mangagreier (karakterdesign m.m.m.). Men pokker heller, her har de (etter to episode vel og merke) fått det til! Her treffer de på en del kjerneverdier og de har truffet på flere av karakterene. Håper resten av sesongen fortsetter i samme spor.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Eg har aldri verken sett eller lese One Piece, men eg var meint å prøve live action-versjonen, lell, og du får det jo til å høyrest freistande ut. Men både eg og kona er kjetterske nok til å ha likt Cowboy Bebop i live action fleire hakk betre enn animen, så smaken min er nok litt ute av gjenge med folk flest på akkurat dette. (Death Note har eg, som med One Piece, ikkje sett nokon av versjonane av enno, inklusive live action-forsøket.) Får krysse fingrane!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1027
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Ahsoka leverte en god førstesesong, selv om siste episode ikke var den kulminasjonen eller avslutningen jeg hadde håpet på. Her er det helt klart tenkt mer senere, enten i form av flere sesonger og/eller i filmen Filoni skal lage. Det ender opp bittelitt likegyldig nesten, mest fordi det er så mange løse tråder og at cliffhangeren ikke er så stor/farlig egentlig. Føler egentlig ikke at så mye står på spill til syvende og sist. Det setter opp mye spennende som kan skje framover, men hadde håpet serien skulle være en serie som stod mer på egne ben - nå ble det for mye basert på Clone Wars og Rebels + at den skal legge opp til senere utvikling. Absolutt severdig og mye bra her, særlig etter de siste 4 episodene gjorde mye bra. Plasserer seg under Andor og The Mandalorian s1-2, men over det andre som jo er bra det.

The Bear sesong 2: Så endelig ferdig. En mye roligere sesong enn første, noe som gir mer tid og rom til karakterutvikling. Det tjener serien på, selv om jeg rart nok savna intensiteten fra første sesong. Men fy pokker så bra spesielt episode 6 og 7 var. Særlig episode 6 var en time med fyrverkeri. Egentlig ikke noe spesielt, men samtidig noe helt spesielt samtidig.

One Piece ble til slutt en fin live action-adapsjon. Her klarte de å treffe mye på karakterene og hovedelementene i historien, noe som også forsterket deler av denne delen av mangaen. Ikke alt er like bra, men gleder meg allerede til sesong 2.

Castlevania: Nocturne. To episoder igjen av sesong 1. Som med den opprinnelige tv-serien er dette god animasjon for voksne. Håper de lander sesongen og at det blir nok sesonger til at vi blir like godt kjent med, og glad i, hovedkarakterene (både gode og onde, og de i mellom), som i moderserien.

X-Men: Evolution. Jeg husker tydeligvis bare sesong 1 av denne (kanskje bare den som ble sendt i Norge en gang i tiden), for den beveger seg stadig mer vekk fra X-Men: High school og over til ting som passer bedre med opphavet. Nesten litt synd at de ikke fikk lage flere sesonger, for avslutningen viser at de hadde store planer for å adaptere flere kjente historier.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Har som venta knapt sett fjernsyn i oktober, men me fullførte Only Murders in the Building-sesongen -- som fortset å vere superkoseleg og gøyal, programmet har verkeleg knekt ein eller annan sjarmkode som er unna dei færraste seriar -- og har sett omatt Sherlock samt sesong 1 og 2 av No Activitys amerikanske versjon. Denne serien (eller sesong 1 til 3 av den, i alle fall, den animerte sistesesongen er eit par hakk svakare) er så herleg god at eg har bestemt meg for å sjå den australske moderversjonen før altfor lang tid har gått. I tillegg har me fullført eit backburner-prosjekt som sikkert har teke oss åtte år eller så, klassiske Moonlighting med Cybill Shepherd og Bruce Willis som fjerde vegg-brytande vil-dei-vil-dei-ikkje-privatdetektivar. Ikkje alltid heilt på høgde etter 2023-standard, men for ein nesten femti år gamal serie, du verda til glimt i augo, vågale formateksperiment og sprudlande joie de vivre.

Er no som smått byrja hente oss inn på alt som er komme ut medan me ikkje har sett fjernsyn, med fyrsteprioritet på å fullføre sesongane me var godt i gong med i september -- Invasion, Ahsoka, Billions og så klart Wheel of Time. Vil tru at me innan helga er ferdige med mykje av det og byrja på i alle fall eit par-tre av seriane som enten har byrja (Castlevania: Nocturne, Gen V, The Continental, Wes Andersons Roald Dahl-kortfilmadapsjonar, One Piece, Skull Island og sikkert mykje anna) eller starta ny sesong (Rick & Morty, Archer, Upload, Loki, The Morning Show, Our Flag Means Death, Lupin ...) Vil tru me er byrja nærme oss à jour rett før jul, så me kan få ein ny backlog i høgtida å pløye gjennom i januar.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1027
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Only Murders var fint i sesong 3 og ja. Absolutt koselig og god stemning, så det er en serie man kan sette på nesten når som helst.

Castlevania: Nocturne nådde aldri høydene til førsteserien, men fortsatt en god animert serie. Karakterene sitter ikke like godt som i moderserien og noe av dialogen skurrer, men absolutt severdig. Gleder meg allerede til sesong 2.

Endelig begynt på Our Flag Means Death, og sett 3-4 episoder av sesong 1. Litt som med Only Murders: Dette er ganske fint og lavterskel tv-titting. Det liker jeg. Kan bli fin kose-tv framover.

Også i gang med sesong 4 av Babylon Berlin (siste sesong så vidt jeg har forstått), som ble sluppet på NRK uten stor fanfare for litt siden. Noen episoder inn og det er fortsatt en god serie med masse snadder for historieinteresserte.

Når vi snakker om NRK. Hva skjedde med Solveig var en ganske artig true crime-parodi, men den når aldri høydene til den smått fantastiske American Vandal som virkelig tok dette på kornet. Men massevis av artige karakterer, men noen fungerer mye bedre enn andre

Har også likt det som har kommet av Gen V til nå. Den fungerer fint både som forlengelse av The Boys OG som en serie på egne bein (sånn halvveis, vet ikke om det går an å se den og ha like mye utbytte av den uten å ha sett The Boys).

Loki har jeg ikke fått begynt på enda, ei heller Lupin. Og noen andre sikkert.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Fullførte ein del ting denne veka, så ei lita oppdatering:
* Sesong 2 av AppleTVs Invasion var litt langdryg til tider, og mykje av mystikken frå sesong 1 kjentest diverre langt meir generisk her, men det er elles framleis eit finfint science fiction-drama med ein del bra skodespel og relativt ulike historietrådar å følgje.
* Wes Andersons fire Roald Dahl-baserte kortfilmar på Netflix var svært minneverdig gjennomført. Sjølv om eg generelt sett er tilhengar av Dahl, må eg sei at stilen med ein plutseleg og vanlegvis lite oppsummerande slutt i kvar av historiane ikkje er heilt mi greie -- men her er skodespel, forteljarstil og visuelle grep i slik ein vanvittig særeigen og likevel velfungerande heilskap at eg likevel koste meg med alle fire.
* Sjuende og siste sesong av Showtimes Billions var stort sett veldig bra, men kanskje til tider mindre oppfinnsam og overraskande enn tidlegare år. Særleg seriefinalen tenderte for meg litt for mykje mot enkle sløyfer på toppen for å ferdigstille alt med lukkelege sluttar, så det gav ein litt mellomnøgd bismak då det heile var over. Likevel ein gjennomsolid serie frå byrjing til slutt, og i sju år ein strålande jobb med å skrive karakterar som faktisk verkar (nesten) like smarte som historieforteljinga skal ha det til, noko dei færraste seriar klarar med ein einaste karakter, langt mindre halve castet.
* Fyrstesesongen av Ahsoka var ganske grei. Ingenting spesielt, diverre, men definitivt nok eit prov på at fjernsynsproduksjonen av Star Wars under Disney-eigarskapet er langt meir kompetent enn dei har klart i filmane. Eg kunne tenkt meg at Thrawn var nokre hakk meir genial (sjå skrytet av Billions over), men han var smart nok til at det ikkje kjentest falskt. Kunne òg tenkt meg at Ahsokas eigne handlingar var litt meir sentrale for plottutviklinga, med tanke på at ho er tittelkarakteren, heller enn å gjere heile greia til ein bonussesong av Rebels, men etter hustrua mi å døme gjekk det i det minste fint å følgje og bry seg litt om handlinga utan å ha sett animasjonsserien. Visuelt sett er eg kjempenøgd, dette både ser ut og følest som Star Wars.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Nokre ting til er sett:
* Miniserien All the Light We Cannot See var ganske god, om enn med ein relativt føreseieleg slutt. Om du skal sjå berre ein 2. verdskrig-okkupasjonssett miniserie med 'Light' i tittelen i år bør du prioritere A Small Light, men denne var absolutt sjåverdig den òg.
* Animasjonsserien Skull Island, sett nokre tiår etter Kong: Skull Island-filmen, men lenge før resten av filmane i MonsterVerse-serien, er temmeleg solid. Artig, pen å sjå på, og overraskande valdeleg med tanke på estetikken og tonen elles. Har ein episode att, så mogeleg dei fomlar med landinga, men dette var betre enn eg ville venta! Spørst om live action-serien i same kontinuitet som byrja denne veka blir like ålreit, når eg får tid til å prøve den. Filmane (utom Kong, som eg likte) har vore så-som-så.
* The Continental var betre enn eg rekna med, men ikkje fullt så god som eg inst inne hadde håpa. Med tanke på den beskjedne speletida (tre halvannatimes episodar) fekk dei eit ganske innfløkt plott til, og dei hadde både mytologien og estetikken til John Wick på plass. Og dei fekk til ein ganske god balansegang mellom veldig imponerande Wick-aktige actionsekvensar og meir vanleg valdsbruk (for elles ville jo ikkje Wick vore så særeigen, om alle såg slik ut når dei sloss). Alt det sagt så føler eg dei gjekk i prequeltabben om at absolutt alt må ha ei opphavsforteljing (dette kunne fint vore kun om Winston, og ikkje stappa med påskeegg om andre ting og folk i serien). Og eg skjønnar ikkje kvifor mannen som skal bli Ian McShane har amerikansk aksent.
* Gen V var ein fullverdig The Boys-sesong, berre med andre karakterar. Like hårreisande kynisk. Om deler av den var litt føreseieleg til tider, så var det nokre spanande grep her og der som friska opp, og gode skodespelarar sjølv for ungdommane hjelp med å gjere det spanande og gøy uansett.
* Side om side fullførte sin siste sesong, og som i tidlegare år er oppfatninga mi den same: Den veksler mellom kleint klisjéaktig humor, spinnville overdrevne påfunn som av og til lander og av og til ikkje, og genuint vittige situasjonar. Men det har vore nok av det positive til at eg har halde ut med den heile vegen gjennom (og aldri snudde meg 180 grader rundt).
* Upload er ein snål serie. Den kjennest stort sett ut som ein vanleg, lettfattleg romantisk sitcom i science fiction-klede, men den er full av kyniske skråblikk på kvar samfunnet er på veg og har som hovudplott ein blodseriøs konspirasjonsthriller der liv og etterliv konstant står på spel. Men tredjesesongen leverte godt, eg liker særleg korleis dei har gjort ein av dei mest ulikandes personane frå sesong 1 til nokon ein heiar litt på etter kvart. Håpar den får ein fjerdesesong og at det fortset i same lei!
* Loki var kjempebra i sesong 2, sjølv om den aldri fekk til den eine tingen eg har sakna sårt sidan piloten: Hovudpersonen får jo aldri vere upåliteleg, uføreseieleg, oppfinnsam eller rappkjefta. Om det ikkje var for Hiddlestons skodespelarevner, kunne dette reint manusmessig ha vore om ein kven som helst-person med mørk fortid dei gradvis innser dei vil gjere opp for. Det er lite til ingenting som er distinkt Loki-aktig ved karakteren, og det er eit sørgjeleg tap, særleg når dei kunne gjort nøyaktig same plottliner og karakterarc sjølv om dei skulle ha skreve karakteren meir som ein trickstergud. Men likevel: Ein av Marvels betre prestasjonar i seinare år, og ein nydeleg slutt.
* The Morning Show er i mine augo ein kvalitetsdramaserie. Kanskje ein av dei beste reine dramaseriane i seinare tid. Den har aspekt av journalist- og samfunnskommentering à la The Newsroom, maktintriger mellom veldig smarte (og nokre mindre smarte) menneske à la Billions og såpedrama om korleis det er å vere i søkjelyset og kor mykje av livet som er ekte à la UnReal. Håpar AppleTV let denne leve lenge.
* Archer er (nesten) ferdig! Dei fyrste tre episodane eller så i denne korte siste sesongen (minus ein avsluttande miniserie som kjem til jul) var relativt OK plankekøyring av typen serien ofte har gjort dei siste åtte sesongane eller så, men så byrja dei fyre på alle sylindrar og den siste handfulla storkoste eg meg med. Gler meg til finalen, og håpar den leverer like godt! Trass i enkelete svakare sesongar opp gjennom åra, er dette etter mi meining ein av dei mest konsekvent artige seriane nokon gong.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1027
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Skull Island var overraskende fin ja. Likte også Gen V godt og er med på å bygge ut The Boys-universet. Like voldelig, kynisk og sarkastisk som hovedserien. Gode karakterer også som jeg gleder meg til å fortsette å se.

Norske Makta har fått mye skryt, og etter 5 av 6 episoder er jeg enig. Mye godt skuespill, men det er alle metagrepene, all humoren og tull og tøyset som virkelig får det til å fungere. Her har de tatt en rekke grep som gjør at den skiller seg ut. En serie om AP rundt 1980 tror jeg hadde fungert i seg selv, men her har de virkelig hevet nivået på hva man får til.

Likte også Loki i sesong to. Enig i at Loki kunne vært enda mer Loki, det blir kanskje for mye "redemption"-story, men jeg liker det allikevel. Viser at Marvel KAN lage gode serier, mtp Secret Invasion.

Welcome to Wrexham er tilbake med ny sesong, og den fortsetter å fungere merkelig godt som en kombinert sportsdokumentarserie, med gode dypdykk i lokalsamfunnet, og at to kjente skuespillere som er der hele veien - men som ikke nødvendigvis tar alt fokuset.

Sesong 7 av Rick and Morty: Merker ikke så mye til nye stemmer, og serien er fortsatt morsom, men synes den har mista en del av edgen, galskapen og oppfinnsomheten og det som gjorde den virkelig god i tidligere sesonger.

Det har for øvrig kommet flere animasjonsserier (nye som gamle) på Netflix i det siste. Noen anime-serier (Pluto, Blue Eye Samurai, Onimusha) og noen animeinspirerte serier (Captain Lazerhawk: A blood origin remix, Godd Night world) og andre animerte serier (Scott Pilgrim Takes off og ny sesong av Big Mouth. Og Justice League-seriene og i morgen kommer også Batman: The Animated series på Netflix, så da vil jeg for første gang få sett den serien, noe jeg har hatt lyst til leeeeenge.

Ellers usikker på hva jeg skal begi meg ut på nå. Lupin har en ny sesong jeg tenker på. Murder at the end of the world virker interessant. Og Fargo er tilbake!
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Er halvveges i nye Lupin-sesongen, føler mykje det same som før -- dette er ein overfladisk glansbileteserie der spanande vriar og artige grep skal bere historia, men der det er enorme plotthol i kvar einaste episode som underminerer. Men når eg klarer å skru av eitkvart snev av kritisk tenking er det absolutt mykje gøy i serien, så eg held no på den.

Sett veldig få av dei animasjonsseriane du lister der, kan nokon av dei tilrådast? Den einaste eg ser er Blue Eye Samurai (halvveges der òg), og den er fantastisk. Har priortiert den p.g.a. manusforfattaren Michael Green, som laga kjempegode Kings for NBC ein gong i tida. Er òg meint å prøve Scott Pilgrim, kanskje så tidleg som i kveld. Men resten har eg ikkje høyrt om ein gong. Slo nokre av dei opp no, fleire av dei du nemner ser spanande ut!

Så gøy at du skal sjå Batman! Viss dei enkeltståande episodane blir for ujamne for deg og du vurderar gi opp, gi lyd, eg kan fint sende ei liste av mine favorittepisodar du eventuelt kan hoppe til (det er omtrent null samanhengande kontinuitet, diverre, så rekkefølgje er nesten heilt irrelevant).

For så vidt einig i at dei nye stemmene fungerer ganske bra på Rick & Morty. Usikker på om eg er einig i at gløden er vekk -- den er absolutt ikkje som i dei fyrste sesongane, men det var den heller ikkje i dei siste par åra før denne. Så det sagt tykkjer ikkje den har tapt seg ytterlegare no.

Såg ferdig Our Flag Means Death i går, dette er kjempegøy fjernsyn, med ein veldig spesiell balansegang mellom absurd overdreven humor, ektefølt og superkoseleg karakterdrama og grufullt mørke undertonar. Kan verke som om dei er tenkt å gi seg her, og om så er, så var det ein fin slutt. Men eg ser gjerne meir!

Gler meg til Fargo! Trur det blir utsett til ein gong i neste veke tidlegast, vil forsøke hente meg inn på ting me er byrja på før eg slenger ein ny ting inn i kalenderen.
Last edited by Loki on Thu Nov 23, 2023 11:27, edited 1 time in total.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1027
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Har ikke fått sett noen av de animerte seriene, var mer en kommentar at det "plutselig" kom veldig mange interessante animerte serier på kort tid. Skal få sett de fleste av dem før jul tenker jeg.
Manbearpig
Post Reply