Page 1 of 1

Høgdepunkt og lågpunkt i bøkene

Posted: Thu Nov 24, 2022 17:19
by WoTle
Når serien er så lang som den er, er det nesten nøydt til å vera flust av både høgdepunkt og lågpunkt.

Nokre klare høgdeunkt for min del:
  • Dragonmount, prologen i første bok
  • Rand i Rhuidean
  • Aviendha i Rhuidean
  • Egwene sitt opprør i tårnet
  • Nynaeve kjempar mot Moghedien
  • Nynaeve bryt gjennom Blokken sin
  • Faile i Malden
  • Mat, Thom og Noal i Ghenjei-tårnet
  • Slaget om Tvillingelvene
  • "Will he ride alone?"
  • Rand på Dragonmount i bok 12
  • Rand versus Den Mørkaste
  • Galad versus Valda
  • Cadsuane gir Semirhage ris på rumpa
  • Egwene versus Mesaana
  • Når Morgase flyktar frå Rahvin (synd at resten av den historien ikkje levde opp til starten)
  • Aes Sedai-testen til Nynaeve
  • Verin vitjar Egwene i Tårnet, og gir ho lista over Svart Ajah
  • Sikkert veldig mange fleire ting som eg har gløymt i forbifarta
Nokre av dei personlege lågpunkta for min del:
  • Døden til Padan Fain (dårleg utnytta skurk)
  • Dei første Mat-kapitla til Sanderson
  • Karakterutviklinga til Elayne dei siste bøkene
  • Mat og Tylin
  • Plottet til Sjøfolket (interessant kultur, dårleg utnytta i serien)

Kva er dine høgdepunkt og lågpunkt frå serien? Diskuter gjerne meir i djupna enn det eg har gjort ovanfor.

Re: Høgdepunkt og lågpunkt i bøkene

Posted: Thu Nov 24, 2022 19:34
by Asphyxiate
Egwenes "slutt", der hun blir "the flame of Tar Valon", var ganske episk. Hun var en litt opp-og-ned-karakter for min del, men hun fikk kanskje en av de beste, om ikke den beste, avslutningen av dem alle.

Da Mat "eier" flere av vokteraspirantene, selv om han ikke har blitt helet helt, i Tar Valon.

Re: Høgdepunkt og lågpunkt i bøkene

Posted: Thu Nov 24, 2022 21:42
by WoTle
Ja, Egwene fekk kanskje den beste (og mest hjarteskjerande) avslutninga! For min del er ho blant dei beste karakterane, sjølv om ho har sine negative sider òg.

Og den scenen med Mat, Galad og Gawyn er fantastisk! Den er endå betre når ein les den på nytt etter å ha fått mange grunnar til å mislika Gawyn, hahah.