Mordew av Alex Pheby

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Post Reply
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Mordew av Alex Pheby

Post by Loki »

Denne er litt esoterisk og vrien å sei litt om utan å gå i veldig detalj eller risikere vere svært misvisande, men eg skal prøve.
Image

Boka følgjer heile vegen same hovudperson i tredjeperson med innsyn (utom éin sjarmerande annleis mellomspel på ein femti-ish sider litt over halvveges i boka, der me følgjer nokon annan), og denne karakteren er Nathan Treeves, ein tretten år gamal gut i slummen av byen boka er oppkalla etter. Far hans er døyande og mora prostituerer seg for å få endene til å møtast, og det er generelt ei slags gotisk Dickens-kjensle ved settinga. Utover at den openbart er fantasy, heilt frå byrjinga av, for i slummen i Mordew traskar ein gjennom levande gjørme der all verdas misfoster får liv og døyr igjen frå sekund til sekund -- og av og til, ein sjeldan gong, slumpar til å vere levedyktig, og blandar seg inn med den menneskelege populasjonen. Nathan har ei ibuande kraft til å vekkje denne typen liv, men når far hans mellom hosteåtak klarer sei noko som helst, er det alltid ei innstendig oppfordring om aldri, aldri å bruke den krafta.

Det er spenstige, sjarmerande grep i denne boka, som ei tresiders liste over ting ein vil støte på i løpet av romanen før romanen byrjar, ei lang filosofisk avhandling om gudenaturen i dette universet bakerst i boka, og ei svært utførleg ordliste ein kan slå opp i dersom ein føler seg tapt. I fyrste par kapitla trengte eg denne mykje, men etterpå trengte eg den omtrent aldri. (Det er eit kort forord av forfattaren der han åtvarar om at det kan vere spoilerar i denne ordlista.) Eit fåtall av ordliste-artiklane er nesten som små humoristiske noveller i seg sjølv, så eg las gjennom heile frå byrjing til slutt når eg berre hadde eit par kapittel igjen av boka. Den filosofiske avhandlinga vart for tørr for meg, men ordlista var verdt titten. Sikkert halvparten av tinga som festa seg ved meg eller fekk meg til å flire i Mordew var i ordlista heller enn i sjølve romanen.

Og det er kanskje delvis fordi romanen uansett er mindre snål enn dette får det til å høyrest ut som. Fyrste tredjedelen likte eg svært godt, men straks Nathan (uunngåeleg) byrjar utforske dei meir overnaturlege aspekta ved kven han er og verda rundt han vart framdrifta nesten fullstendig borte, og det var lite eg klarte investere meg kjenslemessig i. Slutten er av typen der eg hevar eit augebryn og tenkjer 'var det alt?', men den var for så vidt velgjort nok, og dei fleste historietråande blir uansett ikkje ferdigstilte, men heng og dinglar for å (går eg ut ifrå) fortsetje i bok 2, som allereie er i handelen. Eg vil nok ikkje prioritere den med det fyrste, men verda var interessant nok til at eg gjerne les den (og den annonserte tredje og siste boka) ein vakker dag.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Post Reply