Hva leser du for tiden? II

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Eg kan styre meg for Crooked Little Vein, viste det seg diverre. Kanskje eg berre hadde for høge forventningar, sidan boka har eit godt rykte, både her på forumet og elles i verda? Og Ellis skriv veldig vittig, boka er strålande så lenge han held seg til humoristisk noirdetektiv-pastisj, men diverre er sjølve plottet berre ei rekkje nesten urelaterte episodar der ein ukomfortabel hovudperson mot sin vilje må omgås med stadig meir ekstreme seksuelle avvikarar. Det er ikkje eit problem for meg i seg sjølv, men altfor ofte verkar det som om underhaldningsverdien er tenkt å vere i sjokkfaktor (som ein blir herda for etter ganske få sider uansett) heller enn i vittige eller interessante resultat av dei vulgære og/eller skumle utviklingane. Det heile blir rodd greitt nok i land av ei forteljarstemme med god driv (som er imponerande, med tanke på at plottet har omtrent null driv i seg sjølv), vittig dialog og tørre observasjonar -- boka er både lett- og fortlest -- men det einaste her eg vil hugse særleg av om eit par år er eit knakande godt fyrstekapittel. Veldig synd at det ikkje leia inn i ei betre historie enn det gjorde. Totalinntrykket mitt ender opp som heilt midt på treet, ein småsvak firer på terningen. Eg har lese og likt ein god del av Ellis' teikneserieromanar før, men aldri storverket hans Transmetropolitan, og har alltid vore meint til å bøte på det, men no blir det neppe prioritert med det fyrste.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Då har eg lese ei forkorta utgåve av The Phantom Ship (Den flygende hollender) som eg snubla over hjå min far med ei innskrift som seier at eg fekk den til jul då eg var ni år gamal. Sidan eg aldri har lese den tykte eg det var på sin plass at eg brukte eit par kveldar, og det var grei skuring! Tragisk grøssereventyr om ein nederlandsk tenåring på 1600-talet som, då mora dør, får vite at hans daude far eigentleg er fanga som spøkelseskapteinen på Den flygende hollender, og som så viar livet sitt til å fri han. Boka er frå 1800-talet, men relativt moderne (det er til dømes ein tungt implisert fordømming av religiøs fanatisme, og ei positiv framstilling av ei svært handlekraftig jente med eigne meiningar), og kjentest for meg mykje av vegen som eit fantastisk actioneventyr á la Skatten på sjørøverøya og den slags. Men den hugsar den er ei spøkelseshistorie mot slutten, då ting endar opp ganske dystert før det er eit snev av lukkeleg slutt på dei heilt siste sidene.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1027
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Spennende. Den flygende hollender-sagnet er jo et sagn man har vært borti flere ganger (feks i Pirates of the Caribbean-filmene og noen Donald-historier), men har vel aldri lest noen av de faktiske bøkene eller annet som mer utforsker den.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Ditto. Når eg søkjer i heimebiblioteket vårt etter merkelappen no er det nettopp PoC-filmane og ei faktabok frå ungdomsåra mine om diverse legender og mysterier som dukka opp ( https://www.librarycat.org/lib/Lucky-Lo ... g+Dutchman ) -- og om eg ikkje berre hadde lagt inn ein tiendedel av donaldsamlinga i systemet, ville det sikkert vore nokre av det òg. No er ikkje boka den definitive eller opphavlege versjonen, då, det eksisterte eit veletablert sagn lenge før den var skreve, men eg trur det er sett på som den litterære 'klassikaren' innafor emnet.

Det sagt så er det ikkje som om boka (i denne utgåva, i alle fall) gir særleg djupn til sjølve forbanninga. I botn og grunn er det berre ein kaptein som absolutt vil segle vidare når mannskapet tryglar han om å late vere, og sverjer at han skal fortsette mot målet i all æve same kva. Og så tek noko (Gud eller djevelen, sannsynlegvis, men det er med vilje uklart kven av dei) han på ordet. Boka tek denne typen plutselege erklæringar veldig alvorleg, det er fleire andre, om enn mindre avsindige, i løpet av historia òg, og alle blir følgde som ei naturlov etterpå.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1027
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Leser fortsatt Elvekonger, men raska med meg The Farseer Trilogy til 5 euro samt tegneserien Kinderland: A childhood in East Berlin av Mawli når jeg var i Berlin forrige uke. Har aldri lest Hobbs bøker, så det er vel på tide. Tegneserien kjøpte jeg på en uavhengig tegneseriebutikk jeg kom over. Fyren i kassa har hatt en norsk kjæreste før, så vi endte opp med å snakke tegneserier og Tronsmo en stund. Koselig!
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Så triveleg! Teikneserien har eg ikkje høyrt om, men Farseer Trilogy las eg i ... hm, 2009 trur eg det var. (Du verda, så gamal eg er blitt.) Det gav meirsmak nok til at eg har plukka opp andre Hobb-bøker på brukthandlar seinare, men ikkje nok til at eg faktisk har prioritert å lese desse andre Hobb-bøkene, som står i år etter år og trykkjer i lesehylla mi.

Sjølv les eg no Tigana (som eg meiner hugse du har lese ifølgje ein tråd Terje laga for ørten år sidan om den her på forumet), og er cirka halvveges. Storkoser meg! Eg var allereie tilhengar av Guy Gavriel Kay frå dei andre bøkene eg har lese av han, men dette verkar endå eit hakk betre enn resten av det eg har forsøkt. Dersom han drar denne i land like bra som fyrste halvpart har vore, trur eg den kan klatre opp på (den reint hypotetiske) topp ti-lista mi.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1027
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Har lest Tigana, ja, men det er en stund siden. Mener å huske at jeg var noe skuffet og ble aldri så glad i den, eller i karakterene. Historien og premisset likte jeg om jeg husker korrekt. Eneste Guy Gavriel Kay-boka jeg har lest, så kanskje jeg ble overraska eller noe sånt når jeg leste den, hadde jo hørt mye positivt.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Han har ein ganske særeigen skrivestil, og sjølv om eg som sagt berre har lese eit fåtal av bøkene hans (dette er berre den sekste eg les av femten romanar Wikipedia lister i hans forfattarskap) tykkjer eg altså så langt at dette kan vere den beste av dei. Så viss den ikkje fall i smak, gjer du sikkert rett i å styre unna resten, diverre. Eg såg forresten over posten din i Tigana-tråden no, og jau, du verka noko skuffa.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1027
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Ferdig med Elvekonger. For de som er interessert i vikingtid, arkeologi og slikt, så er det absolutt en bok å anbefale. Vet ikke om det er noe annerledes for meg som kjenner til en del om vikingtiden fra før av, men en helt "ny" vikinghistorie oppfatter jeg det ikke som. Noe hun selv innrømmer i Drivkraft-episoden hun var med på.

Gått over på Smash!: Green Day, the Offspring, Rancid, Nofx, and the '90s Punk Explosion av Ian Winwood. Kommet over halvveis. Lettlest, men for mye hyllest av band og personer Winwood fokuserer på. Lite kritikk av dem det er fokus på, bare alle andre som det henvises til indirekte (bransjefolk stort sett). Lesverdig - for de som har litt interesse for denne typen musikk.

Waid og Ross - Kingdom Come. Har ikke lest denne DC-"klassikeren" før nå. Kult med "annerledes" tegnestil. Interessant historie, men gikk ting litt for greit til slutt allikevel?
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Eg har -- som nemnt annanstads på forumet -- lese The Drawing of the Dark av Tim Powers, og er no godt i gang med bok 4 av The Expanse. Eit interessant skift i serien, dette, med eit ganske drastisk (om enn organisk) byte av bakteppe og fokus frå dei fyrste tre. Framleis glitrande bra, i alle fall.

Har i tillegg komme gjennom nokre teikneseriar -- las endeleg Brian K. Vaughans Y: The Last Man, til dømes. Eg er elles ein stor fan av Vaughan, men volum 1 av dette fyrste opuset hans fall aldri 100 % i smak for meg av litt udefinerbare grunnar, så det har blitt utsett i halvanna tiår. Det viser seg at den sakte, men sikkert blir litt og litt betre, så innan slutten var det meir i retning av det eg elles ventar meg av forfattaren. Men men. Alt er vel ikkje for alle. Gler meg til å fortsetje på Saga av han i staden, der eg berre har lese fyrste tre binda men er hovudstups for serien.
Så kom det eit nytt Thorgal-bind i posten nyleg -- bind 18! -- og det var som alltid bra saker. Kvir meg til Egmont snart innhenter dei franskspråklege originalane og (går eg ut ifrå) kansellerer serien. Fransk Wikipedia indikerer i alle fall at dei har tre eller fire norske bind igjen før dei er à jour, sidan dei vanlegvis tek føre seg tre album per norsk bok.
Neste teikneserieprosjekt blir The Woods av James Tynion IV, som eg plukka opp heile serien av på Outland nedprisa med 70 % på Free Comic Book Day i fjor og framleis ikkje har fått somla meg til. Ser ut til å vere ein amerikansk high school som brått blir flytta til ein mystisk planet eller dimensjon der alskens uhyggeleg muffens føregår. Har vore begeistra for Tynions arbeid på Batman-historiar i fleire år, så skal bli spanande å prøve noko han sjølv har dikta opp frå botnen av.

Asphyxiate: Kingdom Come har eg berre lese på norsk, då den kom ut i Egmonts Gigant-album på tidleg 2000-tal, men slik eg minnest den er den skreve med mykje kraft og lite substans. Mange kule, minneverdige augneblinkar, men ikkje så veldig spenstig historie alt i alt, når ein fyrst kjem forbi det ganske spanande premisset. Det sagt så er eg ekstremt glad i Ross' vanvittig særeigne teiknestil, og den løftar i seg sjølv serien veldig mykje. Har på bakgrunn av det lese to av dei andre praktseriane han har illustrert frå ende til ende (DCs Justice, som diverre slett ikkje er å tilråde i mine augo trass i nydelege illustrasjonar og, igjen, ein del kule augneblinkar, og Marvels, vel, Marvels, som er ein slags historie over Marvel-universet sett frå gateplan av ein journalist, og som er svært vellaga og ganske bra for spesielt interesserte, men neppe superminneverdig for den jamne lesar) -- og Kingdom Come er framleis favoritten min av dei tre.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1027
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Det er klart at tegnestilen hever serien flere hakk. Både kult og "vakkert" og storslått samtidig. Men enig i at det som skjer utover i historien er ganske standard og egentlig ikke så spennende. Kult premiss, dessverre ikke så bra gjennomføring (rent historiemessig).
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Høyrest ut som om di oppleving av det er heilt på line med mine vage minner om den!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1027
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Dette var jo noe interessant, men spennende å se hva folk anbefaler. https://www.nrk.no/bokbrevet/bokbrev-_1 ... 1.16330472
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Hehehe, nei, huff, eit kommentarfelt på nesten 500 innlegg frå framande der min reaksjon nesten per definisjon vil vere ein av seks:
A. Jau, så klart. Koseleg at nokon andre tilrår denne òg.
B. Njaa, kjenn ditt publikum, denne er kanskje meir for spesielt interesserte.
C. Altså, for all del, men der er då betre ting å tilråde.
D. Hm. Dette høyrest spanande ut. Kanskje eg burde leggje den til på idélista mi så eg får lese dette innan eg blir sytti.
E. Sukk, lovord om denne igjen, og eg har framleis ikkje lese den. Livet renn bort mellom fingrane mine og denne er framleis ulesen etter ørten år!
F. Den? Seriøst?
ad infinitum. Eg blingsa nedover den ein femten-tjue kommentarar og så klarte eg ikkje meir. :lol:
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Deschain
Soldat
Soldat
Posts: 31
Joined: Thu Apr 25, 2019 18:10

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Deschain »

Er for tiden halvveis i "Gravity's Rainbow" av Thomas Pynchon. Veldig underholdende, men skal ikke skryte på meg at jeg forstår alt som foregår! Driver også på med "Slouching towards Betlehem" - en essaysamling av Joan Didion. Noen essays fenger mer enn andre, men kvaliteten er det ikke noe å utsette på noen av dem! :)

Kjenner meg igjen i det du skriver over her, Loki haha; spesielt alternativ D.

Har ikke lest noe fantasy som har fenget meg siden Dark Tower-serien til King, men har vurdert å gå igang med Ursula Guin og Octavia Butler (Er vel egentlig SciFi, men, men). For øvrig så fant jeg en norsk fantasy-trilogi i kjelleren hjemme hos min mor; "De fire og han som gjør galt verre" av Hans Frederik Follestad. Husker den fenget veldig i fjortenårsalderen, og lurer på om jeg skal ta de med meg når jeg nå drar tilbake til byen igjen. Skikkelig nedtur om de viser seg å være noe reinspikka møkk, sett på med nye øyner :')
Post Reply