Andor

Andor

  • Hovudstad: Caemlyn
  • Herskar: Elayne Trakand
  • Banner: Steilande kvit løve på raud bakgrunn.
  • Posisjon: Ligg ganske sentralt i Andor, avgrensa av Tåkefjella i vest, elva Erinin i aust, Murandy og Manetherendrelle i sør og Braemskogen, Caralains Grasgangar og Arinelle i nord.

Diverse

Nokre av dei områda som ligg lengst borte frå Caemlyn, og som knapt nok er klar over at dei er ein del av Andor, er dei som gjev mest inntekter. Frå Tåkefjella får dei verdifulle metall som jern, kopar, sølv og gull, medan ull og tobakk frå Tvillingelvene er kjend over heile Randland. Alt dette er viktige eksportvarer, og nyleg vart det oppdaga ei rik førekomst av alum, eit verdifullt mineral brukt mykje i t.d. veving og farging av klede, som vil kunne ha mykje å seie for økonomien.

Ei sterk hærstyrke, med Dronningens Garde i fremste rekkje, har vore viktig for Andor sin sterke posisjon. Den posisjonen er reflektert i vekta av myntane deira. Andoranske gullmark er tyngre enn dei frå andre land, eit teikn på landet si rikdom.

Andor er den største av nasjonane i Randland, og har eit variert landskap. Nord for Caemlyn ligg Braemskogen, eit stort og gamalt skogområde. Sør for Caemlynvegen, mellom Aringill og Kvitebru er det ein del fjellområde, deriblant Kintarafjella like sør for Caemlyn. Vest for Aringill er det stort sett ubebudde område sett bort frå Tvillingelvene og Baerlon. Tåkefjella dominerer den vestlege horisonten i Andor.

Dagens situasjon – Vis/skjul teksten

Som so mange andre land har Andor til dels vorte kasta inn i kaos den siste tida. Det byrja under Gaebril sitt styre, då blant anna store deler av hæren, spesielt Dronningens Garde, vart bytta ut med meir suspekte typar, og forholda mellom fyrstehusa vart verre gjennom hans handlingar. Då Morgase forsvann, og Rand tok over Caemlyn, vart det ikkje store endringar ettersom mange trudde han hadde drepe dronninga, og dei fyrstehusa som hadde rømt, kom ikkje attende. Sidan Elayne kom til byen har den vore prega av store mengder kriminalitet, spesielt brannstifting, og relativt store deler av hæren hennar har vore gjort opp av leigesoldatar, ettersom store deler av dei trufaste soldatane har reist eller vorte sendt bort.

Ettersom Gaebril gjorde sitt for å fiendtleggjere dei husa som opprinneleg støtta Trakand, har Elayne vorte tvungen til å gå gjennom ein Arvefølgjekrig. Av dei nitten store fyrstehusa som har noko å seie, hadde ho til å byrje med berre støtte av huset Taravin. Etter ei tid gav husa Gilyard, Haevin, Mantear og Northan ho si støtte òg. På den andre sida var den usannsynlege kandidaten Arymilla av huset Marne, saman med husa Arawn, Anshar, Baryn, Caeren, og Sarand. Ikkje alle av desse var frivillig på lag med Arymilla. Resten av dei store husa heldt seg nøytrale fram til krigen var avgjort.

Etter ei langvarig belering av Caemlyn, der styrkene til Arymilla og kravet hennar på truna til slutt vart knust, erklærte tre av dei store husa som tidlegare hadde vore for Arymilla – Caeren (det største av alle husa), Baryn og Anshar – i tillegg til fem som hadde vore nøytrale – Pendar, Carand, Norwelyn, Renshar og Coelan – si støtte for Elayne. Dei fem siste ville helst hatt Dyelin Taravin som dronning, men då ho gav si støtte til Elayne, gjorde desse det same, om enn litt motvillig. Ei av dei som ikkje støtta Elayne, var Ellorien Traemane, som hadde vorte piska av Morgase under Gaebril, og ikkje på noko vilkår ville gje si støtte. Elayne har likvel den støtta ho treng for verte dronning, med 14 av 19 hus på si side, sjølv om deler av den støtta er litt usikker.

Shaidokrigen i Cairhien dreiv mange flyktningar over Erinin til Andor. Mange av desse, i tillegg til mange leigesoldatar har funne vegen til Caemlyn, og vorte sperra inne i byen av Arymilla si beleiring. Trass i at Andor er eit av dei rikaste landa i Randland, har krigen med Arymilla vore ei påkjenning for pengebehaldningen.

Historie

Under Hundreårskrigen etter Artur Haukevinges død var det mange som prøvde å ta kontroll over mest mogleg av landet mellom Verdsryggen og Arythhavet, og lage sitt eige rike. Feilen dei fleste gjorde var å hevde styre over for store bitar, noko som gjorde at dei ikkje hadde mogelegheit til å kontrollere alt dei hadde teke.

Denne feilen gjorde ikkje Ishara, som var dotter av Joal Ramedar, den siste kongen av Aldeshar, og Endara Casalain som var Høgkongen sin guvernør for provinsen Andor, og vart den fyrste dronninga av Andor. Ishara gjorde nokre kloke, taktiske avgjerdingar etter at mor hennar abdiserte og gav ho trona. For det fyrste gifta ho seg med Haukevinge sin fremste general, Souran Maravaile, og fekk han til å avbryte beleiringa av Tar Valon som hadde vart i 20 år etter at Haukevinge sjølv var død. For det andre begrensa ho seg i byrjinga til styre berre Caemlyn, og litt av området rundt. Det siste ho gjorde, var å lage fred med det Kvite Tårnet, ved å love å sende dotterarvingen dit for opplæring, ein tradisjon som har vart sidan. Medan Datterarvingen vart sendt til Tårnet, sendte Tårnet ein Aes Sedai til Caemlyn for å vere rådgivar for Ishara. Ho vart med det den fyrste herskaren med ein Aes Sedai som rådgivar.

I løpet si tid på trona utvida Ishara sitt herredøme, sakte men sikkert utover frå Caemlyn (det tok fem år før ho nådde Erinin), noko hennar etterfølgjarar fortsette med. Dette gjorde, at sjølv om Andor var eit lite land til å byrje med, so var det eit stabilt land, og dronninga kunne med rette seie at det var hennar land.

Då ingen av sonene til dei fyrste dronningane overlevde Hundreårskrigen, hadde Andor ingen kongar, og denne tradisjonen vart seinare fastsett i ei lov. Sidan den tid har Andor alltid hatt ei dronning, og Datterarvingen har alltid vorte sendt til det Kvite Tårnet for opplæring, gjerne saman med brødrane sine, som vert trena av Voktarane i kamp og stridskunne.

Andor har sidan vore ein stabil og rik nasjon, men har ikkje hatt so veldig gode naboforhold. Cairhien og Andor har vore gjennom mange krigar seg mellom, og grensa mot Murandy, som har flytta seg fleire gonger, har vore gjenstand for mange streifer.

Arvefølgja

Om ei dronning døyr utan å etterlate seg ein arving, vert det ein kamp mellom slektningane om kven som skal overta. Ein reknar slik at den som har flest slektlinjer som går attende til Ishara har det beste kravet, men om andre ikkje føler at den personen er den som er best skikka til trona, vert det kamp. Ei slik Arvefølgje går ut på at kandidatane må samle eit fleirtal av dei store Fyrstehusa i Andor til å støtte sitt krav på trona. Truslar og kidnapping, eller i verste fall væpna kamp, har ikkje vore uvanlege verkemiddel i slike tilfelle.

Viktige personar

  • Gareth Bryne: Tidlegare Kaptein for Dronningens Garde og ein av dei beste hærleiarane i Randland.
  • Basel Gill: Vertshushaldar. Eig Dronningens Velsignelse i Caemlyn.
  • Martyn Tallanvor: Gardeløytnant i Dronningens Garde.
  • Mili Skane: Mørkefrende, går ofte under namnet Fru Shiaine.
  • Rand al’Thor, Matrim Cauthon, Perrin Aybara, Egwene al’Vere, Nynaeve al’Meara og Elmindreda Farshaw.

Kjende stader

  • Tvillingelvene: Området mellom Taren, Kviteflod og Sandhøgdene rett nedanfor.
  • Tåkefjella. Har fire landsbyar: Devens Ritt, Emondsmark, Vakthøgden og Taren Ferjeleie.
  • Baerlon: By nord for Tvillingelvene.
  • Kvitebru: By ved Arinelle, kjend for brua ved same namn, ei etterleving frå tidlegare tider, kanskje Legendenes Alder. Den einaste staden ein kan krysse Arinelle sør for Saldaea, og er ein viktig handelsstad.
  • Aringill: By ved Erinin. Viktig handelsstad grunna plasseringa ved elva.
Tusen takk til Incanus, som har skrevet denne flotte artikkelen!
Sitat:
One pretty woman means fun at the dance. Two pretty women mean trouble in the house. Three pretty women mean run for the hills.
Ordtak fra Two Rivers

A Way Out,
Den Gjenfødte Dragen