Aridhol

Kjente karakterer fra Aridhol:

Mordeth

Mest kjent som:

Shadar Logoth

Generelt:

Aridhol er ein gammal by, som ligg litt nord for vegen mellom Baerlon og Kvitebru, kanskje omlag rett aust for Baerlon. Byen er stor, med spektakulære og vakre bygningar, store kuplar og høge tårn. I tida mellom Øydelegginga av Verda og Trollokkrigane, var den hovudstaden i riket med same namn.

Historie

Under Trollokkrigane var Aridhol ein del av dei Ti Stammers Pakt, og nært alliert med Manetheren. På ei tid då presset frå trollokane var på sitt verste, kom ein mann med namn Mordeth til byen. Gjennom listig snakk og overtaling fekk han ein plass som rådgivar for kong Balwen Mayel, og byen vart endra for alltid.

Mordeth preika nemleg at for å slå Skuggen, måtte ein vere hardare og meir omsynslause enn Skuggen sjølv. Hans vonde innverknad gjennomsyra alle byens innbyggjarar, og snart var menn frå Aridhol dei verste gjestane ein kunne få. Dei preika for Lyset, men hadde fjerna seg frå Lyset og vorte like mørke som Skuggen, om enn på ein annan måte.

Menneska og byen døydde etter kvart ut, drepen av sin eigen vondskap i staden for den frå Shayol Ghul, som dei hadde kjempa mot. Men vondskapen som hadde prega dei vart verande, innprenta i kvart sandkorn, kvar ting i heile byen, og manifestert som Mashadar: Ei levande tåke som drep alt levande den får tak i. Mordeth vart og igjen, vandrande i byen, ventande på eit menneske som han kunne overta kroppen til, for på ny å spreie vondskapen sin i verda.

Då slutten av Trollokkrigane nærma seg, slo ein hær av mange tusen trollokar, myrdraalar, Svartefyrster og mørkefrendar leir innanfor murane til Aridhol. Dei kom aldri ut att. Speidarar som vart sendt ut for å leite fann ikkje anna enn rester av våpen og rustningar og bøner til den Mørkaste om hjelp, skrive i blod på murane. Sidan då har byen hatt vore forlaten, og ingen trollok eller myrdraal vil gå inn der frivillig. Frykta av både menneske og skuggeyngel, har den vorte kjend under eit nytt namn. Shadar Logoth: Staden der Skuggen Kviler, eller berre Skuggars Kvile.

Shadar Logoth: – Vis/skjul teksten

Då følgjet frå Emondsmark slo leir her, møtte Rand, Perrin og Mat Mordeth, men slapp unna med livet. Like etterpå måtte dei flykte frå trollokar og myrdraalar, jaga inn i byen av noko sjølv myrdraalane frykta.

Padan Fain, som følgde etter dei, møtte òg Mordeth, men då denne forsøka å ta sjela til Fain, møtte han ei sjel fylt av vondskapen til Shai’tan. Resultatet av dette møtet vart verken Mordeth eller ein mørkefrende med Fain sine eigenskapar, men ei dødeleg blanding av dei to.

Rand har vore her eit par gonger sidan. Den fyrste var då han bad Gamle Haman vise han Vegporten her, for å sperre den. Då dei var her, gjekk Liah, ei av Spydjomfruene, seg bort, og måtte verte forlaten her.

Den andre var då Rand invaderte Illian med nokre asha’manar, og Sammael flykta hit. Akkurat i det Rand skulle til å drepe Sammael, høyrde han eit skrik. Det var Liah som vart teken av Mashadar. Rand sende difor bannbluss mot ho i staden, for å spare ho for lidinga. Då han snudde seg, hadde Mashadar teke Sammael og.

Den siste gongen var då Rand reinsa saidin. Ettersom vondskapen frå Aridhol og vondskapen frå Shai’tan verka som motpolar, brukte han Shadar Logoth som «lagringsstad» for smitten som han skrapa av med saidar. Då han var ferdig var heile Shadar Logoth dekt av ei «boble» av saidar som hadde smitten inni seg. I det Rand slapp Krafta, kollapsa denne bobla, og Shadar Logoth vart utradert, erstatta av eit djupt hol i bakken.

Tusen takk til Incanus, som har skrevet denne flotte artikkelen!
Sitat:
It was easier to be brave, he discovered, when someone needed your protection.
Rand

Who follows in Shadow,
Verdens Øye