Shara

Shara

  • Hovudstad: Ukjend
  • Herskar: Ukjend
  • Banner: Ukjend
  • Posisjon: Aust for Ødelandet Aiel

Shara er eit land der den vetle kunnskapen me har om det er ganske usikker. Me kan faktisk ikkje vere sikker på at Shara er namnet på landet ein gong, då mange andre namn har vorte gitt, som Shamara, Co’dansin, Tomaka, Kigali og Shibouya. Der det ligg på den andre sida av Ødelandet Aiel er det utilgjengeleg for alle andre enn aielane sjølv og Sjøfolket, som segler rundt. Hadde dette vore dei einaste hindringane for informasjonsflyten, kunne det vere me hadde visst meir, men det største hinderet er sharanarane sjølv. Dei er nemleg svært hemmelegheitsfulle, og gjer mykje for å skjerme landet sitt for utanlandske auge.

I tillegg til aielane og Sjøfolket kjem informasjonen me har frå to andre kjelder. Den eine er Jain Langstegs reiser, den andre er ei rekkje dokument som nyleg vart oppdaga, som gjev mykje tidlegare ukjend informasjon.

Handel

Handel er svært viktig for sharanarane, og den einaste måten dei har noko kontakt med utlendingar. Som sagt er innbyggjarane i Shara svært beskyttande overfor forholda i landet deira, noko som visest svært godt i handelsstadane. Sjøfolket har fem byar der dei har lov å leggje til, og desse har høge murar rundt seg, slik at ein ikkje ser noko av landet rundt, eller har mogelegheit for å besøke det. I Ødelandet Aiel er det nokre tilsvarande stader langs Demringsklippene, der dei og andre kan handle. Cairhien tente mykje på handelen med Shara fram til Laman hogg ned Avendoraldera. Ssidan Aielkrigen har det stort sett berre vore aielane som har handla her.

Om nokon skulle finne på å gå utanfor murane til ein handelsstad, eller leggje til med skip andre stader enn dei tillatte fem, vil dei forsvinne for aldri å verte sett igjen. Anten vert dei drepne umiddelbart, eller vert dei selde som slavar. Det einaste kjende, om enn usikre, unnataket er Jain Charin, kjend som Langsteg.

Faren for å verte svindla ved ein handel verkar kanskje uskuldig i høve til å verte drepen eller seld som slave skulle ein lide skipbrudd, men er mykje meir aktuell for dei fleste. Sharanarane er ikkje berre upålitelege når det gjeld kva dei seier om heimlandet, men notorisk upålitelege når det kjem til handel. Handelsmenn lærer seg raskt å rulle ut kvar einaste bunt med silke dei kjøper, då det ikkje er usannsynleg at det er berre det ytterste laget som er silke, medan resten er eit anna material. Vert ein lurt er det ikkje stort å gjere med det heller, då han du handla med vil benekte all kjennskap til deg og svindelen.

Trass i alle problema relatert til handel i Shara, med fare for å verte svindla eller verta gjort til slave om skipet skulle forlise, fortset handelen. Det er to grunnar til dette: Silke og elfenben. Desse to produkta, som er veldig etterspurd, finst berre i Shara og Seanchan, so hadde det ikkje vore for det ville handelen ha stoppa for lenge sidan.

Geografi

Shara er eit stort land, nesten like stort som Randland og Ødelandet Aiel til saman. Det ligg til slik at skjerminga deira av landet er veldig lett. Grensa i vest, mot Ødelandet Aiel, er gjort opp av ei fjellkjede, og sør for Demringsklippene er det i tillegg ei djup kløft, medan den i nord mot Pestlandet er ei berre fjell. I øst og sør er det hav, Stormsjøene og Morenalhavet. Dette gjer det vanskeleg å kome til Shara.

Historie fram til i dag

Me veit naturleg nok lite om kva som har skjedd i Shara sidan Øydeleggjinga av Verda. Innbyggjarane sjølv hevdar at det ikkje har vore nokon opprør, krigar eller noko anna uro i dei tre tusen åra sidan den gong. Dei hevder og at trollokkrigane ikkje berørte dei, medan aielane seier det motsette, og Pestlandet grenser mot Shara på same måte som mot Grenselandene i Randland. At Arthur Haukevinge sendte ein invasjonsflåte, slik Sjøfolket seier, nekter dei òg for.

Den siste tida har det kome nokre rykter over Ødelandet Aiel om kampar i Shara, som ei følgje av at Dragen er gjenfødt.

Styreform

Sharanarane hevdar som sagt å ha hatt eit fredeleg land sidan Øydeleggjinga, og at dei har hatt eit kontinuerleg styre sidan den tid. Shara skal vere eit monarki, der monarken, om det er ei dronning vert kalla Sh’boan eller Sh’botay om det er ein mann.

Herredømet går på ein måte i arv. Monarken til ei kvar tid vil finne seg ein make ved starten av sitt styre. Etter sju år døyr monarken, og styret går vidare til maken hans eller hennar, som so finn seg ein ny make. Dette har visstnok skjedd stort sett utan unntak sidan Øydeleggjinga, og innbyggjarane i landet meiner dødsfalla, etter sju år som herskar, er «Mønsteret si vilje». Kor mykje sanning det er i dette er uvisst.

Ayyad

Som alle andre stader i verda finn ein i Shara folk som kan leie Krafta, desse er kjend som Ayyad, og har eit heilt anna liv enn i Randland. Dei lever i eigne landsbyar, fullstendig separert frå resten av samfunnet. Ingen andre enn Ayyad har lov inn i desse landsbyane, og inntrengjarar vert drepen umiddelbart. Ayyad skal visstnok ikkje ha lov til å forlate landsbyane utan tillatelse. Ettersom alle i Shara veit at dei ikkje har lov til å lede Krafta utan tillatelse frå herskaren, reknar dei med at Ayyad sett utanfor landsbyane sine har ei slik tillatelse.

Alle Ayyad er lett å kjenne att, ettersom dei kun har lov til å få born med andre Ayyad, og vert tatovert i ansiktet ved fødselen. Vert det oppdaga nokon som ikkje er Ayyad, men i stand til å lede Krafta, vert dei fanga, tatovert i ansiktet og sperra inne i ein landsby resten av livet. Seksuelt samkvem mellom Ayyad og ikkje-Ayyad har strenge straffar. Den som ikkje er Ayyad får dødsstraff, og om det kan provast at Ayyaden tvinga seg på den andre, får den det same. Om det kjem eit born frå eit slikt forhold, vert dette drepen ved å overlate det til elementene.

Mannlege Ayyad har ingen rettar. Det er ikkje tillatt å lære dei å lese, skrive eller stort anna enn enkle gjeremål. I motsetnad til sine kvinnelege motpartar vert dei ikkje oppdratt av mødrene sine, men av fellesskapen, fram til dei er 16 år. Når dei vert so gamle vert dei transportert til ein annan landsby, med ei hette over hovudet slik at dei aldri får sjå anna enn landsbyane. I denne nye landsbyen vert dei para med ein eller fleire av kvinnene som ynskjer born. Sharanarane ser nemleg på mannlege Ayyad som ikkje anna enn oppdrettsdyr. Etter omlag fem år i den nye landsbyen, eller tidlegare om dei viser teikn til å lede Krafta, vert dei på ny frakta ut av landsbyen med hette over hovudet, men i staden for å kome til ein ny bustad vert dei drepne og lika kremerte.

Anna

Dokumenta som vart funnen fortel òg om endå ei løgn, som vil vere den største av alle i Shara. Det vert påstått at dei som eigentleg styrer landet er kvinnelege Ayyad. Herskaren er til ei kvar tid omgitt av Ayyad-tenarar. Det er desse som gjer alle beskjedar til han/ho, og overrekkjer eit eventuelt svar. At nokon faktisk møter den som er Sh’boan eller Sh’botay er ei svært sjeldan hending. Forfattaren av dokumenta meiner at det er desse tenarane som er ansvarleg for at herskaren døyr kvart sjuande år. Det at enkelte av Sh’boan og Sh’botay døyr før perioden deira på sju år er over, vert lagt på at dei oppdager kven som er den eigentlege makta i landet.

Tusen takk til Incanus, som har skrevet denne flotte artikkelen!
Sitat:
Change what you can if it needs changing, but learn to live with what you can't change.
Ordtak fra Siuans far

Practice,
Ung Vår