Asmodean

Titler:

Asmodean, Joar Addam Nesossin (ekte namn).

Utseende:

Han er ein høg og kjekk middelaldrande mann, med mørke djuptliggjande auge, og ei uvane med å halde hovudet litt på skakke medan han snakkar til folk.

Historie:

I Legendenes Alder var Asmodean ein verdskjend komponist og musikar, men ein som aldri heilt nådde toppen. Han gjekk over til skuggen fordi han vart lokka av udødelegheit, og mogelegheita til å drive med musikk til evig tid, for so å oppnå den æra han ikkje klarde i å oppnå i sitt vanlege liv.

Til trass for at han var kanskje den minst mektige av dei Fortapte, og ikkje var nokon god militær leiar, gjorde han mykje vondt, som t.d. å lemleste alle andre musikarar og andre artistar, spesielt dei som hadde tvilt på hans eigenskapar i faget. Han deltok i fleire kampar, og tente som Guvernør over nokre erobra område, men hadde truleg aldri nokon feltkommando under Krigen.

Fra bøkene: – Vis/skjul teksten

Etter ein kort periode der han var hjå Graendal i Arad Doman, slo Asmodean seg saman med Lanfear. Som Keille Shaogi og Jasin Natael reiste dei inn i Ødelandet Aiel saman med ein tuskhandlarkaravane, leia av ein mørkefrende ved namn Hadnan Kadere.

Som barde snakkar han mykje med både Rand, Matt og Shaidoane leia av Couladin. Spesielt var han i samtalane med Matt interessert i Rhuidean. Han gjorde òg meir enn å snakke. Dragane på armane til Couladin var hans verk, og gjort for å distrahere Rand, medan han sjølv reiste til Rhuidean for å undersøkje kva som var der.

Medan Rand og Couladin snakka med aielane i Alcair Dal, der begge viste dragane på armane sine, Glei Asmodean mot Rhuidean. Då Lanfear sa dette til Rand, fylgde han etter, og jaga Asmodean inn i bykjernen, heilt til ter’angrealen som gav tilgang til sa’angrealen Choedan Kal. Begge fekk handa på den samtidig, og i kampen mellom dei, vart store deler av Rhuidean lagt i ruinar. Den enda med siger til Rand, og at han fjerna vernet Asmodean hadde mot smitta på saidin.

Like etter at kampen var ferdig, møtte òg Lanfear opp. Ho batt eit skjold om Asmodean, slik at han berre kunne leie litt av Krafta, og ikkje lære Rand alt. For det var planen hennar, at den Fortapte skulle lære opp Rand i bruk av Krafta. Etter dette fortsette Asmodean å vere Jasin Natael, no barden til den Gjenfødde Dragen, men samstundes lærar for Rand.

Då Rand angreip Rahvin i Caemlyn, vart Asmodean med. Han døydde fyrst i lyna Rahvin kalla fram, men på grunn av at Rand drap Rahvin med bannbluss, levde han likevel. Men gleda av «nytt liv» var kortvarig, då han kort tid etter vart drepen, av ein til no ukjend mordar.

Tusen takk til Incanus, som har skrevet denne flotte artikkelen!
Sitat:
A man will cut off his own hand to get rid of a splinter before asking help from Aes Sedai.
Ordtak

Seeds of Shadow,
Skyggen Stiger
Wheel of Time

Les den første boka fra serien nå!