Balthamel, Eval Ramman (ekte namn).
I Legendenes Alder var Balthamel ein kjend historikar, og spesialist på forsvunne kulturar. Han var ganske sterk i Krafta, men klarde aldri å oppnå eit tredje namn. Det vert sagt at kvaliteten på arbeidet hans ikkje var den einaste grunnen til dette, då han visstnok skal ha vore ganske hissig, og hadde vanskar for å styre temperamentet.
I tillegg til dette var han ein vellysting, som likte svært godt å tilbringe tid med kvinner, sjølv prostituerte. Dette trass i at han hadde ein stilling ved eitt institutt for høgare læring i M’Jinn. Det vert sagt at den einaste grunnen til at han ikkje mista den stillinga, var hans styrke i Krafta.
Eval Ramman gjekk over til Skuggen, ganske enkelt fordi han ville vere udødeleg, og aldri verte eldre. Under Krigen hadde han ei litt udefinerbar rolle. Han hadde aldri nokon kommando i felten, men han kan ha leia eit spionnettverk, som kanskje konkurrerte med Moghedien sitt.
Det er heller ikkje sikkert om han tente som guvernør, men han deltok ganske sikkert i ulike store prosjekt, til dømes å setje opp leirar for å avle opp menneskjer som fôr til trollokar.
I likskap med Aginor var han fanga nær overflata, og kroppen hans vart brote ned til det ugjenkjennelege. Balthamel vart den fyrste av dei Fortapte som mista livet, då han vart drepen av den Grøne Mannen kort tid etter at han og Aginor var komen til Verdsauget.
Ein annan likskap med Aginor, er at han og fekk ein ny sjanse. Men Balthamel – med det nye namnet Aran’gar – fekk i staden kroppen til ei vakker kvinne. Kanskje som eit resultat av den Mørkaste sin sans for humor, då Balthamel i Legendenes Alder var kjend for å være særs glad i samkvem med det motsette kjønn.
Som Halima Saranov, sekretær til Delana Mosalaine, ein svart Aes Sedai som er Sitter for den Grå Ajah, skaffa Aran’gar seg innpass i Salidar. Her har ho/han medverka til misstemning i leiren og ubehag for Egwene.
What if they are free, and out there waiting for him? I will not let them have him.
Les den første boka fra serien nå!