Ishamael

Titler:

Ishamael, Håpets Svikar, Elan Morin Tedronai (ekte namn), Mørkets Hjerte, Skyggas Sjel.

Utseende:

Ikkje like høg som Lews Therin, men kjekk, og i sin beste alder.

Historie:

Ishamael var ein verdskjend filosof i Legendenes Alder, og den av dei Fortapte som var sterkast i Krafta, omlag like sterk som Lews Therin Telamon. Han skreiv fleire bøker som hadde stor innverknad på fleire område utanfor filosofien, til dømes kunsten.

Som ein svært intelligent filosof hadde kanskje Ishamael litt «ekstra innsikt» i korleis verda fungerte. Til dømes meinte han at det heilt sidan skapinga hadde vore ein kamp mellom Skuggen og sjela til Lews Therin, ein endelaus kamp mellom Skaparen og den Mørkaste, kjempa gjennom menneske. Han meinte og at sjela til Lews Therin hadde gått over til Skuggen i tidlegare rundar av Hjulet, men ein kan ikkje seie kor truverdig dette er.

Han hadde aldri nokon kommando i felten, men var likevel øverstkommanderande over Skuggen sine styrkar. Direkte krig var då heller ikkje den einaste fronten han kjempa på. Mange forsøk vart gjort på å omvende Lews Therin, og vende han til Skuggen, i den tru at dette var den sikraste måten å sikre sigeren til Shai’tan.

Då Boreholet vart forsegla av Lews Therin, vart ikkje Ishamael fanga fullstendig med ein gong. I dei fyrste førti åra etter Forseglinga, vandra han framleis rundt, men då desse åra var forbi, vart han fanga djupt.

Tusen år seinare, vart han frigjord for ein ny førtiårsperiode. Desse åra brukte han til å stifte den Svarte Ajah og starte Trollokkrigane. Desse krigane, som varte i rundt tre hundre år, var svært øydeleggjande for menneskeheita.

Tusen år etter dette igjen, i ein ny førtiårsperiode, gjorde han seg sjølv, under namnet Jalwin Moerad, til rådgivar for Artur Haukevinge, mot slutten av hans styre. På grunn av Ishamael, sendte Haukevinge ein hær over Arythavet, og utvikla eit hat for Aes Sedaiar. Dette gjorde at han beleira Tar Valon i fleire tiår, og nekta Legedommen då han låg på dødsleiet. Etter at Høgkongen var død, bidrog Ishamael til at ingen av slektningane hans klarte å overta herredømet over riket, og Hundreårskrigen byrja. Dette var den andre verkeleg store katastrofen for menneskeheita sidan Øydelegginga, og begge to kan leggjast på Ishamael sine skuldrer.

Sitat om Ishamael:

«Ishamael var mer enn halvt gal, og mindre enn halvt menneskelig.»
– Sammael

Fra bøkene: – Vis/skjul teksten

På grunn av den spesielle måten han var fanga på, kom Ishamael fri ei god stund før dei andre. Akkurat når dette skjedde, veit me ikkje, men det var truleg minst 15 år før dei andre. Desse åra brukte han på å leite etter den Gjenfødde Draga, som han fekk vite var spunnen ut av Hjulet.

Han fann Rand omlag samtidig med Moiraine, men han visste ikkje sikkert kven av dei tre ta’veren som var Draga. Difor heimsøkte han dei i draumane deira, for å finne ut kven han leita etter, og for å freiste å vende han til Skuggen. Etter hendingane ved Verdsauget vart Rand på eit vis transportert til staden der Ishamael var. I staden for å flykte, kjempa Rand, og såra Ishamael kraftig, med eit sverd laga av Krafta.

Men han døydde ikkje, og heldt fram med å plage Rand i draumane hans, fram til dei møttest igjen ved Faelm. I kampen som vart kjempa i himmelen over Tomans Hovud, vart Ishamael igjen såra av Rand, men denne gongen gav han tilbake med same mynt, og gav Rand eit sår som til no ikkje har vorte lega.

Den tredje gongen dei møttest til kamp, var i Hjertet i Steinen, i Rift, der Ishamael dukka opp like etter at Moiraine hadde drepe Be’lal. I det Ishamael var ved å drepe Rand, greip Rand Callandor, og Håpets Svikar flykta, med Rand jagande etter. Flukta gjennom tel’aran’rhiod enda i den verkelge verda, og med at Ishamael til sist vart drepen.

Men Ishamael hadde alltid den Mørkaste sin yndling, og Skuggens fremste leiar. Difor fekk han, i likskap med Aginor og Balthamel, nytt liv i ein ny kropp, men i motsetnad til dei, var det ikkje berre ein ny sjanse. Som Moridin – Døden på det Gamle Tungemålet – vart han oppnemnt til Nae’blis: Den Mørkaste sin nestkommanderande, som står over alle dei andre Fortapte.

Kva planar Moridin har, er det ingen andre enn han sjølv som veit. Det er klart at han ynskjer at den Mørkaste skal vinne Tarmon Gai’don, men det inneber tydelegvis ikkje å drepe Rand med det fyrste. Då Rand jaga Sammael ut av Illian, og Sammael flykta til Shadar Logoth, møtte Moridin opp i den forlatne byen og gav både råd og hjelp til Rand. Det møtet fekk og andre konsekvensar enn at Sammael til slutt døydde. Medan Moridin hjelpte Rand opp av holet han nesten datt nedi, strakk Mashadar ut ein arm over dei. Begge to reagerte instinktivt, og sendte bannbluss mot Mashadar. Då dei to strålane av bannbluss møttes – den eine frå den Eine Krafta, den andre frå den Sanne Krafta – førte det til at eit slags samband vart danna mellom Rand og Moridin. Det endelege resultatet av dette gjenstår å sjå.

Tusen takk til Incanus, som har skrevet denne flotte artikkelen!
Sitat:
One pretty woman means fun at the dance. Two pretty women mean trouble in the house. Three pretty women mean run for the hills.
Ordtak fra Two Rivers

A Way Out,
Den Gjenfødte Dragen
Wheel of Time

Les den første boka fra serien nå!