Sammael, Tel Janin Aellinsar (ekte namn), Håpets Øydeleggjar.
Tett, kraftig og litt over gjennomsnittleg høg, med blå auge, gyllent hår, firkanta skjegg og eit stort arr frå hårfestet til skjegget.
Sammael var ein verdskjend idrettsmann i Legendenes Alder, og vart blant anna verdsmeister i fekting. Då Krigen mot Skuggen byrja, viste han seg og som ein svært god general for Lyset si side, særleg god var han i forsvar. Men fire år ut i Krigen skifta han plutseleg side, delvis fordi han likte å vinne, og trudde at det var Skuggen som kom til å vinne, delvis fordi han hata Lews Therin Telamon.
Dei to hadde visstnok vore vener ein gong, men då Lews Therin fekk øvste kommando av Lysets styrker, vart Sammael svært misunneleg, då han meinte han var ein mykje betre general enn Lews Therin.
I eit slag som stod mellom dei to, vann Lews Therin ein knusande og audmjukande siger over Sammael, og gav han samtidig eit stort arr i andletet. Dette kunne enkelt ha vorte fjerna med Krafta, men Sammael ville ikkje det, og bar arret som kjenneteikn på hat og ynskje om hemn overfor Lews Therin.
I motsetnad til t.d. Rahvin, likte Sammael militær overtaking framfor politikk, og likte seg mykje betre som general enn som guvernør. Dette gjorde då at dei områda han styrte vart vanstyrte, og i tillegg til den vanlege vondskapen lei folka av elendige levekår, svolt og epidemiar. I sterk kontrast stod styrkane under hans kommando. Desse passa han godt på å halde i god form og klare til kamp.
I likskap med fleire andre Fortapte, tok Sammael kontrollen over eit land. Som Fyrst Brend styrte han Illian. Han allierte seg med Rahvin, Lanfear og Graendal om å fange Rand. Planen deira gjekk ut på at Rand skulle verta lokka til å angripe Sammael, og då skulle dei danne Forbindelse, og soleis overvinne han. Denne planen vart det aldri noko av, då Rahvin døydde, og Lanfear forsvann, før Rand byrja angrepet. Men alliansen, om ein kan kalle den det, med Graendal, varte. Ho var til dømes med på å spreie Shaido-aielane ut over store deler av Randland.
Då Rand sitt angrep mot Illian endeleg kom, var det ikkje på den måten alle venta. Den enorme hæren Rand hadde samla, var berre eit skalkeskjul. Det eigentlege angrepet kom i form av Rand, nokre Asha’manar, Davram Bashere med 9000 saldaeanarar og 15 000 fotsoldatar frå Dragelegionen, som reiste rett til Tammuz-plassen, midt i Illian ved hjelp av ein Port.
Men Sammael ville ikkje gje frå seg Illian so lett. Etter nokre små trefningar med Rand i Illian, flytta han kampen til Shadar Logoth. Her mista Sammael livet, ikkje på grunn av Rand, men fordi han vart teken av Mashadar.
A weeping woman is a bucket with no bottom.
Les den første boka fra serien nå!