Hva leser du for tiden? II

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 2972
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Jepp, det er eg einig i. Vel, ved nærmare ettertanke var for så vidt Shadows Linger tilsvarande (kanskje til og med endå meir) fokusert i sitt "her er ein ny karakter som me kun får sjå i denne boka"-plott, men eg hugsar eg likte det på mykje same grunnlag som denne. Ironisk nok var det meir langsiktige som fokuserte på sjølve Black Company-karakterane litt meir på sidelinja for meg, og særleg i Silver Spike. Artig at det eg har likt aller best ved dei fyrste fire bøkene er plottlinene som ikkje har vore om hovudpersonane.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Sitter
Sitter
Posts: 793
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Hahah, enig - men deri ligger kanskje også grunnen til at jeg, som jeg har skrevet her før, aldri ble helt frelst av serien.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 2972
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Eg ser meg som ganske frelst for augneblinken, men tida vil vel vise om eg framleis tykkjer det når eg har lese meir. Tek uansett ein pause frå Black Company no for The Angel of Crows, ein Sherlock Holmes-pastiche iblanda gotisk fantasy (englar, vampyrar, varulvar, etc.) og true crime-element (mellom anna skjer Jack the Ripper-morda tydelegvis medan handlinga pågår, og relativt likt slik dei skjedde i røynda). Førre boka eg leste av forfattaren (The Goblin Emperor) var veldig fengande og velskreven, og mitt einaste klagepunkt der var at slutten føltest for enkel og udramatisk. Kryssar fingrane for at ho får til landinga betre her.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Sitter
Sitter
Posts: 793
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Lest positive ting om The Goblin Emperor (bok to kom vel i år?), og den beskrivelsen av The Angel of Crows er ganske pirrende, men ser en del sprikende anmeldelser på Goodreads.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 2972
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Ikkje ei bok to i vanleg forstand (Goblin Emperor var uansett tydeleg frittståande), men ser det er komme ei ny bok i same univers som den, ja. Google seier den er i detektivsjangeren heller enn hoffintrigar som den førre.

Får sjå kva eg tykkjer om Angel of Crows når eg blir ferdig med den -- fell slutten i like god jord som byrjinga har gjort så les eg nok denne nye boka i Goblin Emperor-verda òg, ja. :D
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Deschain
Sauegjeter
Sauegjeter
Posts: 12
Joined: Thu Apr 25, 2019 18:10

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Deschain »

Er snart ferdig med første boka i Mistborn-trilogien til Sanderson. Ville egentlig bare lese Stormlight Archive, men skal man først lese Cosmere, får man vel gjøre det skikkelig! Svært positivt overrasket! Lenge siden jeg har blitt slukt inn i et fantasyunivers, og dette ga mersmak. Frister plutselig ikke like mye å åpne «brødrene karamasov» som jeg leser ved siden av :))
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 2972
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Kjenner meg att, eg opplevde Mistborn på mykje same måten, særleg fyrsteboka! Håpar du liker den like godt utover. :) Eg har ein liten plan om å lese Wax and Wayne-serien som vel er nokre generasjonar seinare i løpet av 2022, skal gi lyd her når eg kjem så langt.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 2972
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Loki wrote: Fri Oct 15, 2021 17:36 Får sjå kva eg tykkjer om Angel of Crows når eg blir ferdig med den -- fell slutten i like god jord som byrjinga har gjort så les eg nok denne nye boka i Goblin Emperor-verda òg, ja. :D
Boka var velskreven heile vegen gjennom, og hadde mange interessante ting ved seg. Klagemåla eg hadde var relativt små. Det største av dei var unaudsynleg mange fantasyelement gjorde kvarandre mindre spanande, ville vore langt betre om ho hadde nøydd seg med ein fem-seks overnaturlege ting i verda si heller enn å dytte inn absolutt alle som kan tenkast. Uansett ikkje eit stort nok problem til å gjere lesegleden mindre, og som Addisons førre bok las eg denne langt kjappare enn eg pla komme gjennom tilsvarande sidetal. Men slutten var litt smålåten, tykte eg diverre. Eg hadde venta og håpa på meir adrenalin, ein eller to store avsløringar og ei kjensle av Finale. Eg fekk ein litt føreseibar plottavslutning og stille (om enn koseleg) farvel med karakterane. Det vart litt for likt klagepunktet mitt på Goblin Emperor, der eg på same måte koste meg gjennom heile boka for så å føle slutten ikkje leverte, så blir neppe til at eg prioriterer meir av Addison med det fyrste.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Deschain
Sauegjeter
Sauegjeter
Posts: 12
Joined: Thu Apr 25, 2019 18:10

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Deschain »

Leser for øyeblikket «serotonin» av Houllebecq. Digger den. Fra sist er jeg blitt ferdig med første boka i Mistborn, og sluttinntrykket mitt er faktisk meh. Alt i alt dårlig bruk av språk, og til tider litt vel mye Mary Sue-vibes fra Vin. Kult magisystem som hadde funka bedre i et klassisk RPG-spill på PC for min del, enn i litteraturen. Får faktisk se om jeg gidder å fortsette.. MEN funket som lett underholdning altså :D Var tross alt kjekt å prøve noe nytt.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 2972
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Vin har absolutt Mary Sue-vibber, det er mitt hovudklagemål mht. fyrsteboka -- men for meg var ikkje det all verdas problem, all den tid ho rutinemessig vart sett i skuggen av Kelsier, inkvisitørane og (spesielt og viktigast) keisargudskurken. Overmektige karakterar er grei skuring så lenge problema deira er store nok til at eg kjøper at sjølv dei slit med dei. Usikker på kva du meiner med dårleg språkbruk -- eg merka ingenting spesielt i den retninga, men det går heilt sikkert meir på mine altetande tendensar enn på kvaliteten som faktisk var der. Hugsar du nokre særleg dårlege dømer?

Du burde forresten absolutt ikkje fortsetje, etter mi meining, viss du ikkje var overtydd av fyrsteboka. Eg likte rett nok dei andre to veldig godt, men vil sei fyrsteboka er 'ryddigast' og den som fungerer best på eigne bein. Bok to er god på ein Empire Strikes Back-måte (plottet spriker i alle mogelege retningar, det er ikkje ein skikkeleg slutt og i det heile surfar historia veldig trygt på at ei heil bok allereie har gjort alt grunnarbeidet for seg) og i bok tre vart skalaen og konsepta litt for store til at eg klarte leve meg så godt inn i historia kjenslemessig. Så viss du ikkje likte einaren trur deg det er lite som vil overtyde deg i resten, sikkert betre å prøve noko annleis.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Deschain
Sauegjeter
Sauegjeter
Posts: 12
Joined: Thu Apr 25, 2019 18:10

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Deschain »

Loki wrote: Thu Oct 28, 2021 20:57 Vin har absolutt Mary Sue-vibber, det er mitt hovudklagemål mht. fyrsteboka -- men for meg var ikkje det all verdas problem, all den tid ho rutinemessig vart sett i skuggen av Kelsier, inkvisitørane og (spesielt og viktigast) keisargudskurken. Overmektige karakterar er grei skuring så lenge problema deira er store nok til at eg kjøper at sjølv dei slit med dei. Usikker på kva du meiner med dårleg språkbruk -- eg merka ingenting spesielt i den retninga, men det går heilt sikkert meir på mine altetande tendensar enn på kvaliteten som faktisk var der. Hugsar du nokre særleg dårlege dømer?

Du burde forresten absolutt ikkje fortsetje, etter mi meining, viss du ikkje var overtydd av fyrsteboka. Eg likte rett nok dei andre to veldig godt, men vil sei fyrsteboka er 'ryddigast' og den som fungerer best på eigne bein. Bok to er god på ein Empire Strikes Back-måte (plottet spriker i alle mogelege retningar, det er ikkje ein skikkeleg slutt og i det heile surfar historia veldig trygt på at ei heil bok allereie har gjort alt grunnarbeidet for seg) og i bok tre vart skalaen og konsepta litt for store til at eg klarte leve meg så godt inn i historia kjenslemessig. Så viss du ikkje likte einaren trur deg det er lite som vil overtyde deg i resten, sikkert betre å prøve noko annleis.
Takk for tips! Da tror jeg at jeg legger denne serien fra meg for godt haha! Mtp språk så reagerte jeg i all hovedsak på unaturlig dialog. Så er det da måte på hvor mange ganger både Kelsier og Vin skal utbryte «He’s/It’s so strong!» hver gang de slåss mot en inquisitor. Magisystemet var også svært repetitivt forklart. Liker ikke når ting blir forklart om og om igjen. Følte Sanderson kjørte en «previously on mistborn» i hvert kapittel.
Deschain
Sauegjeter
Sauegjeter
Posts: 12
Joined: Thu Apr 25, 2019 18:10

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Deschain »

https://www.reddit.com/r/Fantasy/commen ... =post_body

Fant en tråd som oppsummerte det ganske bra!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 2972
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Den tidvis kunstige dialogen merka eg for så vidt medan eg leste, no som du nemner det, men ikkje nok til at det festa seg som eit negativt inntrykk i etterkant. Og repetiv eksposisjon tek eg som ein sjølvfølgje i fabelprosa som ikkje er kjent for å vere tunglesen, så det suste nok forbi meg. Slik eg hugsar det var han relativt flink til å trykkje inn ein ny liten avsløring om korleis ting fungerte kvar gong han brukte tid på å repetere det me allereie visste, slik at eg ikkje vart for frustrert. Men eg tykte jo magisystemet fungerte svært bra, då -- eg liker å forstå parameterene når det er overnaturlege ting som skjer, og det er mange fantasybøker dårlege på. I Mistborn kunne eg forstå 95 % medan det skjedde, og føle meg trygg på at resterande 5 % ville bli forklart seinare. For meg er det ein så stor pluss at herping på reglane for eventuelle lesarar som slit med å halde kompleksitetane i minne vart ein billeg pris å betale. Men det blir jo uansett veldig subjektivt.

Resten av kritikken trur eg blir endå meir smaksrelaterte, for eg kan ikkje sei nokon av dei andre punkta der plaga meg. :lol: Men spanande å høyre ditt inntrykk, tykkjer alltid det er interessant å få vite kvifor nokon likar og mislikar ting heller enn berre høyre 'åh, det var så dårleg' eller 'dette er dritbra' utan noko innsikt i kva som hadde skapt det inntrykket.

For min del såg eg i ein av svarkommentarane på reddit-lenkja di at nokon sa Sanderson skriv 'YA-strukturerte bøker for vaksne', og det tykte eg kledde inntrykket mitt av Mistborn veldig bra, både på godt og vondt -- men for meg, mest godt. :)
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 2972
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Forresten, kva les eg for tida: Eg henta meg inn på eit volum av Witchfinder og eit av Hellboy and the B.P.R.D. som hadde komme ut i åra sidan sist eg kjøpte meg opp -- begge heilt grei skuring, vil sei kun ein av historiane i sistnemnte var god nok til å gjere særleg inntrykk på meg, diverre -- og skal lese meg oppdatert på Rat Queens i kommande veker sidan volum 4 endeleg kom fram i posten denne veka (5 og utover har stått i hylla i månadsvis). På prosafronten les eg no Shadow Games, fyrste av to bøker som følgjer opp den opphavlege Black Company-trilogien. Koser meg framleis med desse. Hovudklagen min er at eg blir tatt litt ut av det kvar gong karakterar i denne oppdikta verda bruker uttrykk, referansar og ordtak som har openbar bakgrunn i verkeleg verdshistorie eller som kjennest for moderne for settinga, men det skjer heldigvis relativt sjeldan. Eg liker fyrstepersonsbruken (sjølv om alle bøkene etter fyrste har gjort flittig bruk av tredjeperson i tillegg), tykkjer det er driv i plottet og er generelt sett nøgd med avslutningane når bøkene blir ferdige. Kjem nok til å lese alle bøkene i alle seriane no før eg gir meg.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Sitter
Sitter
Posts: 793
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Kult at du liker Black Company-bøkene!

Jeg leser ikke noe nytt, men i dag måtte brukte jeg opp et gavekort på Norli (julegave fra forrige jul, fikk det samme forrige jul og da glemte jeg å bruke det! et skulle ikke skje nå!) og endte opp med følgende: Stephen Fry - Mythos (etter anbefaling herfra!), David Grann - En amerikansk forbrytelse. Drapene i Osage County og dannelsen av FBI (impulskjøp. Granns bok om Percy Fawcett er en mine favoritt sakprosabøker, så håper denne er i nærheten!), Else Marie Sørheim - Karikaturens historie (kom i høst, men vært på blokka). I går fikk jeg i tillegg boka 22. juli (et utvalg tekster) utgitt av Fritt Ord og foreningen !Les (var på et seminar om 22. juli i historieundervisningen). I og med at jeg "bare" er halvvei i The Broken Earth-trilogien, blir nok dette lesestoffet for våren 2022!
Manbearpig
Post Reply