Hva leser du for tiden? II

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Sun Aug 23, 2020 15:10 Har de Ekeberg-bøkene, men likte de aldri noe særlig.
Jau, som sagt, er ikkje superspesielt. Meir av den 'ah, då var den lese'-typen me snakka om. Skjønt dei har ein fin tendens til å byggje opp litt momentum mot slutten av kvar bok, og eg prøver å lese litt på norsk innimellom. Dei sneik i lesekøen mest fordi det var mellom få ting i hylla som var på norsk, og eg hadde ikkje lese noko på morsmålet sidan i fjor ein gong.
Asphyxiate wrote: Sun Aug 23, 2020 15:10 Hvitekrist er skrevet så godt, at det nesten er som skjønnlitteratur så den anbefales.
Har høyrt gode ting om den før! Notert!
Asphyxiate wrote: Sun Aug 23, 2020 15:10Tegneserier skulle jeg ønske jeg leste mer av, men har stort sett fått med meg de norske tegneserieromanene som har kommet de siste årene (Kruger og Krogh, John Jamtlis bøker m.m.). Mye bra der faktisk.
Har ikkje lese nokon av dei, diverre. Siste norske teikneserieromanane er las var Øystein Runde sine Olav Sleggja-bøker. Dei er imidlertid knallgode!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Eivind
Ta’veren
Ta’veren
Posts: 1464
Joined: Thu Apr 28, 2005 18:18
Location: Oslo

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Eivind »

Har kjøpt boka "Blood and Oil: Mohammed bin Salman's Ruthless Quest for Global Power", en smakebit her:
https://www.vanityfair.com/news/2020/08 ... isappeared
Prince Sultan bin Turki II was cut off from the Saudi royal family’s cash flow after criticizing the regime. So he appealed to Prince Mohammed bin Salman for help—and was never seen again.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Endeleg byrja på Sanderson sine Mistborn-bøker. Snart ferdig med bok 1, og det lever faktisk opp til ryktet sitt. Er ikkje på nivå med Rothfuss eller Lynch -- for kva er vel det -- men tonen og forteljarstilen minner meg lell, på ein god måte. Verda er brutal og relativt realistisk, men som lesar følest den ikkje grimdark à la Martin, Bakker eller Erikson -- ironisk nok, sidan den bokstaveleg talt er dekka av oske og befolka i stor grad av slavar. Det, kombinert med litt uortodoks plotting og ein slags røverikonspirasjon i hjartet av historia, er vel det som gir meg litt Lynch-vibbar (trass i langt mindre hypervittig dialog). Blant det betre eg har lese av fantasy i seinare år, og gler meg til å fortsetje med serien. :)
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Sidan november har eg fyrst lese Matt Ruff sin roman Lovecraft Country, som kan tilrås. Likte den nok til at eg såg piloten til serien etterpå, den var OK, men fenga ikkje på same måte som boka, så eg gav meg etter episode to der. Så følgde eit par novellesamlingar av Neil Gaiman, som (som novellesamlingar flest) var litt ymse, nokre historiar fall veldig i smak, anna ikkje i det heile, og mykje ein stad mellom. No les eg Fredens fiende av Jan Ove Ekeberg, som er heilt grei historiefiksjon med ganske god driv, men som eg neppe ville prioritert om eg ikkje var småinteressert i settinga/perioden. Så skal eg fortsetje på Mistborn-trilogien.

Innimellom desse har eg lese ein del teikneserieromanar. Ed Brubaker sin spionthriller Velvet kan varmt tilrås, men superskurkdramaet Incognito av same mann følte eg var litt meir forgløymeleg trass i eit meir originalt og spanande premiss. Så las eg Scott Snyder sine fyrste tre store historiesyklusar om Batman; Night of Owls (som eg hadde lese før ein gong), Death of the Family (ditto) og Zero Year (som var ny for meg), samt hans Joker: Endgame. Som ein kan vente seg etter så mange tusen sider er kvaliteten litt opp og ned, men i det store og heile er ryktet Snyder har som ein av dei beste lengre forfattarskapa av Batman svært velfortent. Særleg Death of the Family er minneverdig, og ein av dei beste Joker-forteljingane eg har vore borte i. Han skal dessutan ha ekstra skryt for å klare skrive ein overtydande og spanande Riddler-karakter, som er (forståeleg) kjent som svært vanskeleg. Etter Snyder sin Batman følgde eit kjært impulsgjensyn med den dårande norske vevteikneserien Havet. Så las eg eit nytt volum i Rainbow Rowell si fortsetjing på Vaughans The Runaways, som fortset med å gjere ein solid og underhaldande jobb utan å forsøke noko tilsvarande episk som den opphavlege serien (som eg tykkjer er smart). Deretter prøvde eg ein av Brian Michael Bendis' tidlege teikneseriar, før han slo gjennom som Marvel-forfattar, ein svart/kvitt teikneserieroman kalla Goldfish om ein småsvindlar som vender heim etter mange år i utlendigheit. Kona (vanlegvis ein ganske stor Bendis-fan) var ikkje så begeistra for den, men eg likte den svært godt! Så kom Egmont ut med volum tre av Familien Campbell, om ein ekspirat og hans to døtre, ei herleg blanding av action, humor og drama i beste fransk-belgiske stil, der mitt einaste klagepunkt eigentleg er at voluma er svææææært tynne med tanke på prisen.

Så byrja eg på vårens store prosjekt: Bind 1-gjennomlesingar. I mange år har eg samla opp volum 1 av ulike lengre teikneserieverk -- somme har eg lese før, somme ikkje -- der tanken er å lese alle på rad og så avgjere kven av dei eg likte best og kjøpe resten av den serien fyrst. Driv framleis på med dette, men har komme gjennom nokre allereie. Fyrst las eg fyrste bind av The Wicked + The Divine av Kieron Gillen og Jamime McKelvie, eit fantasyverk om gamle gudar (tenk Baal, Odin, Minerva, Sekhmet, Amaterasu, og så vidare) som inkarnerar seg i moderne tenåringar cirka ein gong kvart hundreår, og inspirerer menneskeheita som artistidol og liknande. Likte denne ganske godt, trass i mi ikkje-eksisterande musikkinteresse. Deretter Broodhollow: Curious Little Thing av Kris Straub, eit slags sjarmerande horrordrama. Opphavleg ein vevteikneserie, dette er fyrste fysiske samlinga av stripene. Vellaga, men ikkje heilt min type historie, så trur ikkje denne blir prioritert vidare. Så ei omattlesing, Garth Ennis' Preacher: Gone to Texas. Eg las heile Preacher ein gong for, tja, femten-ish år sidan, og sjølv om eg likte mykje av det, var det mykje eg tykte var barnsleg, unaudsynleg ekkelt, eller berre simplistisk. Kan no leggje til aldri så lite mannsjåvnistisk til den lista. Det einaste volumet eg eig er det fyrste, eg lånte resten av ein kamerat sist gong, og eg tenkte at eg kan jo sjekke om smaken min har endra seg. Det har den ikkje, ikkje nemneverdig. Det var mykje her eg likte, men tinga eg ikkje likte var der framleis, og eg hugsar tydeleg at det blir meir av den siste kategorien etter kvart som historia fortset. På den andre sida likte eg dette fyrste volumet ganske godt, trass i problemområda, både fyrste gongen eg leste det og no, så glad eg bestemte meg for å inkludere det i denne gjennomlesinga av fyrstevolum der eg ikkje eig resten. Så prøvde eg Mike Carey sin The Unwrittten -- har faktisk to volum her, sidan eg fann volum 2 billeg på Fretex ein gong i tida -- og her hadde eg høge håp sidan eg elskar hans Lucifer. Og jau, dette er bra saker! Sonen til ein Harry Potter-esque forfattar (berre hundre gonger meir populær) deler namn med hovudpersonen til faren, og etter faren si mystiske forsvinning etter bok tretten har han levd livet i skuggen av den oppdikta namnebroren. Men så byrjar det skje rare ting, og det byrjar bli klart at i Unwritten er skillet mellom fiksjon og røyndom ... justerbart. Trur kanskje dette fenga endå meir enn Wicked + Divine, så i kampen om å bli den eg kjøper resten av leder denne førebels. Så gjenlas eg Fight for Tomorrow, ein undergrunns-kampsport/menneskehandel teikneserieroman av Brian Wood som eg berre vagt mintest og trudde kanskje var eit volum 1. Det var den ikkje. Den er ikkje dårleg, akkurat, men det var openbart ein grunn til at eg ikkje hugsa døyten av den ... Dei siste eg nådde gjennom før eg skriv denne posten var Fables: Legends in Exile av Bill Willingham, og Lions, Tigers, And Bears: Fear and Pride av Mike Bullock, begge gjenlesingar. Fables har eg lese i sin heilskap tidlegare, digitalt. Det er ei historie om tradisjonelle eventyrfigurar (Snøkvit, Den store stygge ulven, etc.) som lever i løyndom i dagens New York. Verdsbygginga og konseptet er svært bra, historiane er litt opp og ned, og dialogen er ganske klein. Volum 1 hugsa eg likevel som eit glimrande introduksjonsverk, bygd rundt ei relativt sjølvstendig lita mordmysteriehistorie. Og det var den eigentleg. Var temmeleg sikker på at eg ikkje kom til å ville kjøpe meir av denne, men samtidig trudde eg at eg ville like å lese omatt fyrstebindet, og etter gjenlesingar trur eg at eg er einig med meg sjølv på begge punkt. Lions, Tigers, And Bears landar litt på same hylle: Eit glitrande premiss (magiske leikebamsar som vernar born om natta i ein hemmeleg krig mot skumle ting i skåp og under senger) og nydelege teikningar, men ei svært flat, forutsigbar og kjedeleg historie. Vel er denne serien mynta på litt yngre lesarar, men born klarar vitterleg historiar med litt meir djupn og uføreseielegheit enn dette.

Phew. Dette vart lengre enn eg hadde tenkt. Kanskje eg burde sjekke innom tråden oftare enn kvar fjerde månad.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Allikevel veldig kult å lese. Bra med tips til tegneserier her. Har håp om å få opp tegneserieinteressen igjen snart. Det er jo noe jeg alltid har likt! Kan jeg spørre hvordan du skaffer det og i hvilket format? Interessert i de Batman-seriene, men det kan ofte være litt vanskelig å vite akkurat hvilke utgaver man skal gå for når man feks er på Outland (fysisk eller nettet).

Leser selv Shazia Majid - Ut av skyggene nå. Ikke kommet langt, men interessant. Handler om likestillings- og integreringsprosessen for innvandrerkvinnene f.o.m. 70-tallet.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Thu Feb 18, 2021 22:37 Allikevel veldig kult å lese. Bra med tips til tegneserier her. Har håp om å få opp tegneserieinteressen igjen snart. Det er jo noe jeg alltid har likt! Kan jeg spørre hvordan du skaffer det og i hvilket format? Interessert i de Batman-seriene, men det kan ofte være litt vanskelig å vite akkurat hvilke utgaver man skal gå for når man feks er på Outland (fysisk eller nettet).
Sidan Batman er ein av (om ikkje den) mestselgande teikneseriekarakteren i historia så er det alltid eit utal nye publikasjonar, så å finne fram i mylderet er mildt sagt vrient, sjølv for dei som er godt over snittet interessert. Eg vil tru du kanskje kunne søkt deg fram til nokre tilrådingslister, kanskje basert på karakterar du liker eller noko slikt ("10 best Batgirl stories" og den slags), og frå der valt ut eit par som høyrest ut som typen historiar du kunne likt. Kjøp dei, fysisk eller digitalt, og så kan du kanskje basere deg på manusforfattar og/eller teiknar på den du likte best neste gong. Eller du kan fortelje litt om kva du liker og spørje andre om tilrådingar basert på det -- send meg gjerne ei melding viss du vil ha nokre frå meg. :)

Viss du meinte meir spesifikt dei eg snakka om der, så kjøpte eg denne enorme hardcovergreia (https://www.adlibris.com/no/bok/batman- ... 1401298845) fordi eg hadde ein 25 % rabattkode og tenkte pokker heller. Las som sagt mykje av det som var samla i den digitalt i studiedagane, så visste det var relativt trygt for min smak. Men elles kjøper eg fysiske paperbacksamlingar, stort sett (eg liker å ha ting i hyllene). Slike pla samle mellom fire og åtte (seks er eit relativt vanleg tal) enkeltblad, altså cirka eit halvt år med utgivingar om det er ein fast serie som Batman. I norske prisar finn du dei ofte til rundt 170 kroner stykket. Ein del billegare om du kjøper dei frå England eller USA, avhengig av kronekursen, men då blir frakta høgare.
Asphyxiate wrote: Thu Feb 18, 2021 22:37Leser selv Shazia Majid - Ut av skyggene nå. Ikke kommet langt, men interessant. Handler om likestillings- og integreringsprosessen for innvandrerkvinnene f.o.m. 70-tallet.
:shock: Alt eg kunne ha lært om viss eg las færre teikneseriar ... (!)

Så, kva har eg lese sidan sist? Vel, bok 2 av Mistborn, som planlagt (Well of Ascension), og den var som bok 1 veldig bra. Litt meir "del 2 av 3" følelse samanlikna med den meir sjølvstendige fyrste boka, men sidan eg var meint å lese tredjeboka uansett så gjer ikkje det meg noko. Forfattaren er veldig flink til å skrive fantasy som kjennest sjangertypisk på dei gode måtane (stemning, historielogikk, overnaturlege innslag), men samtidig original på mykje anna (setting, historieretningane). Karakterane er eit særleg godt døme på dette -- dei er så tydelege og gjenkjennelege at ein skulle tru dei var stereotypar, men eg har i alle fall aldri sett 1-til-1-versjonar av dei før. Sjefstjuven som planlegg det store kuppet er samtidig ideologisk revolusjonær, til dømes.

For augneblinken tek eg ein pause før bok 3 for å (gjen-)lese Alan Moore sit teikneserieepos League of Extraordinary Gentlemen. Kjøpte siste volum av den til kona i fjor, og etter at ho las den følte eg at eg burde lese den sjølv -- men då eg hugsar svært lite av den innfløkte kontinuiteten i serien, må eg nesten lese dei tidlegare publikasjonane omatt fyrst. Som eg tykte hugse var bok 1 og 2 svært bra, mens bok 3 er litt meir haltande sidan den bruker langt mindre ikonisk populærkultur og blir meir 'high concept' etter kvar som den går. Dessutan tykkjer eg dei mange novellene og andre tekstane som finn stad mellom teikneseriane er ganske tørre, men såpass vesentlege ting skjer i dei at ein ikkje eigentleg kan hoppe over dei. Men men. Blir spanande å sjå om dei ror det heile i land i siste boka.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Har kjøpt flere samlinger og tegneserieromaner basert på Batman, Superman etc. (The Long Halloween er og blir favoritten), men det er som sagt en del ganger det ikke er så enkelt å ha helt kontrollen. Den samlinga til Scott Snyder ser jo veldig kul ut, men er jo på godt over 1000 kr. Da blir man skeptisk - til man ser at man ha kjøpt mindre samlinger som til sammen blir mer kostbart enn den omnibusen. Og har noen kjøp der man egentlig burde lest det som kom før, og etter.. Menmen.

Har brukt påska på å lese Jakten på Olav Tryggvason av Øystein Morten, bok 3 i hans "Jakten på"-serie (de to forrige var om hhv Olav den Hellige og Sigurd Jorsalfare). Den svakeste til nå, mest fordi det er den av de tre kongene/personene vi egentlig vet minst om. Det er fascinerende å lese om Mortens reiser hvor han besøker stedene personen han skriver om skal ha vært for å bygge opp rundt hendelsene og få en følelse om hvordan det var, men denne gangen blir det nesten litt for tynt. Også er det tre ganger han bruker litt mye tid på at han drikker (I en kirke i Danmark, på en B&B i Wales og utefor ei kirke her i Norge). Svakhetene til tross, leste den på noen dager som er unormalt høyt tempo til meg å være. Nå venter en bok som sammenligner middelalderens kriger med morderne kriger (Krig uten stat av Øyvind Østerud og Hans Jacob Orning). Etter det (blir vel ferdig til sommeren), satser jeg på noe skjønnlitteratur igjen og mest sannsynlig noe fantasy.
Manbearpig
Eivind
Ta’veren
Ta’veren
Posts: 1464
Joined: Thu Apr 28, 2005 18:18
Location: Oslo

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Eivind »

Fullførte "Samsung Rising" i påsken, som tar for seg historien til selskapet

Skulle ønske den gikk litt dypere på sør-koreanske samfunnet, men ellers fikk den godt fram noen av de shady tingene eier-familien står bak: Korrupsjon og overkjørsel av minoritetsaksjonærer for å berike seg selv som endte med anti-semittiske oppslag

Man bør vurdere en Sony TV neste gang man kjøper TV ;)
https://www.washingtonpost.com/news/worldviews/wp/2015/07/17/how-did-a-samsung-shareholder-battle-descend-into-anti-semitic-slurs-and-cartoons/ wrote: Incredibly, for several weeks the Samsung C&T Web site itself featured cartoons that depicted Singer as a hook-nosed vulture. The American financier was dubbed "Vulture Man" in a series of images on the Web site's home page, portrayed as a selfish creature obsessed with money and exploiting people.
...
Singer himself doesn't seem to think that anti-Semitism is at the core of the problem. "I don't think the Korean people are anti-Semitic," the financier said at the CNBC Institutional Investor conference on Wednesday. "I think there are some parties in this situation who want to paint this situation as Korea vs. the foreigners. And the Jewish component, I can't imagine why they thought that was something that would get traction."
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Isj då! Eg har ikkje eigd noko av Samsung på over ti år, trur eg, men det er nok meir tilfeldigheit enn medvite val ...
Asphyxiate wrote: Sat Apr 03, 2021 22:50 Har kjøpt flere samlinger og tegneserieromaner basert på Batman, Superman etc. (The Long Halloween er og blir favoritten),
Long Halloween er ein av mine favorittar og, i alle fall innan superheltsjangeren. Kan vere verdt å sjekke andre ting med same manusforfattar i så fall. Jeph Loeb er av typen som er blitt litt sjølvparodierande og mindre ikonisk med åra, men han hadde ein god del gode saker rundt åra med Long Halloween. Oppfølgjaren "Dark Victory" fortset historietrådane frå "Long Halloween" og er veldig bra, om enn ikkje i same liga som "Long Halloween". Dei har same teiknar, om du liker Sale sin litt spesielle teiknestil. Dei to har og samarbeida om ei rekkje kortare Batman-historiar, samla i "Haunted Knight". Liker mange av desse godt, men det er klart at kortare historiar ikkje oppnår same vekta for lesaren som den tolv månadar lange Long Halloween. Utanom Batman har Loeb/Sale samarbeida om ei Superman-historie og ein del Marvel-seriar, eg har ikkje gjenlese desse på femten år og skal ikkje snakke for høgt om kor gode dei er, men eg minnest dei som temmeleg bra: "Superman: For All Seasons", "Daredevil: Yellow", "Hulk: Gray", "Spider-Man: Blue" og (denne har eg ikkje lese) "Captain America: White".

Frank Miller sin "Batman: Year One" er forresten historia "Long Halloween" er laga som ein slags direkte oppfølgjar til, og om du ikkje allereie har lese den, kan den vere verdt ein titt.
Asphyxiate wrote: Sat Apr 03, 2021 22:50Den samlinga til Scott Snyder ser jo veldig kul ut, men er jo på godt over 1000 kr. Da blir man skeptisk - til man ser at man ha kjøpt mindre samlinger som til sammen blir mer kostbart enn den omnibusen. Og har noen kjøp der man egentlig burde lest det som kom før, og etter.. Menmen.
Den Snyder-samlinga er jo nettopp ei samling årgangar frå den pågåande vil-aldri-bli-ferdig Batman-serien, og vil absolutt ha "burde ha lese andre ting"-kjensler her og der. Så heilt med på at det ikkje er eit godt inngangspunkt, trass i at akkurat denne samlinga faktisk kjem rett etter ein av DC sine mange kontinuitetsreboots som i teorien skal gjere inngangsterskelen låg for nye lesarar.

Basert på det du seier om "Long Halloween" trur eg nok du burde satse meir på ting som det, altså miniseriar og grafiske romanar som ikkje berre er samlingar av historiearcs frå lengre seriar. Kan gi eit par top-of-my-head-tilrådingar basert på den:
* Viss du liker mørk noir/detektiv-aspektet med litt superheltgreier strødd over er "Alias" ("Jessica Jones")-teikneseriane til Brian Michael Bendis varmt tilrådd. Privatdetektiv i Marvel-universet. Vittig dialog men elles ganske grimme (og gode) saker.
* Viss du liker lengre Batman-mysterium og skrivestilen til Loeb: Eg liker og veldig godt Jeph Loeb sin Batman-historie "Hush", som er litt i Long Halloween-stil forteljarmessig, med ein kavalkade av Batman-skurkar gjennom eit lengre mysterium. Men der er teikningane meir typisk moderne superhelt-stil, av Jim Lee, og ein får ikkje same noir-kjensla.

Elles kan eg gjerne komme med teikneserietilrådingar meir over fjøla, uavhengig av stil og den slags. Innan superheltar er Brian K. Vaughans "The Runaways", Brian Michael Bendis' "Daredevil"-seriar (desse er rettnok av typen der ein har henta historiesekvensar ut frå den eviggåande hovudserien), Gail Simones "Secret Six" og Mark Millars "Old Man Logan" mellom tinga som har gjort vesentleg inntrykk på meg. Når det gjeld teikenseriar meir generelt lista eg tolv av mine favorittar her ein gong (står ikkje inne for at dei er dei _beste_ tolv, men dei er alle gode, i alle fall) https://www.librarycat.org/lib/Lucky-Lo ... %3A+660029 , du kan jo kikke gjennom og spørje om noko ser interessant ut.
Asphyxiate wrote: Sat Apr 03, 2021 22:50 Har brukt påska på å lese Jakten på Olav Tryggvason av Øystein Morten, bok 3 i hans "Jakten på"-serie (de to forrige var om hhv Olav den Hellige og Sigurd Jorsalfare). Den svakeste til nå, mest fordi det er den av de tre kongene/personene vi egentlig vet minst om. Det er fascinerende å lese om Mortens reiser hvor han besøker stedene personen han skriver om skal ha vært for å bygge opp rundt hendelsene og få en følelse om hvordan det var, men denne gangen blir det nesten litt for tynt. Også er det tre ganger han bruker litt mye tid på at han drikker (I en kirke i Danmark, på en B&B i Wales og utefor ei kirke her i Norge). Svakhetene til tross, leste den på noen dager som er unormalt høyt tempo til meg å være.
Høyrt om dei fyrste to bøkene der, ikkje den tredje. Trasig at Tryggvason er den dårlegaste, sidan han kanskje er den eg er mest interessert i av dei tre, men forklaringa om manglande fakta gir jo meining. Skal skrive tilrådinga (av dei fyrste to i alle fall) bak øyra! Trur svogeren min leste den om Haraldson for eit år eller to sidan og tilrådde den og.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Takk for mange tips, og mange av dem er lest. Loeb/Sale-samarbeidet har jeg lest det meste av. Hush er lest (og sett..). Enig i at jeg nok burde gå for begrensa historie og tegneserieromaner. Vi får se hva det blir til av innkjøp. Det blir ofte det i starten av sommeren for å ha noe å lese på i den (altfor!) lange sommmerferien vi lærere har (mohahahaha)....
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Sun Apr 18, 2021 13:50 Takk for mange tips, og mange av dem er lest. Loeb/Sale-samarbeidet har jeg lest det meste av.
Inkludert den Captain America-en som eg ikkje har? Er den i så fall bra?
Asphyxiate wrote: Sun Apr 18, 2021 13:50Hush er lest (og sett..).
Ah, teiknefilmen, ja. Tykte fyrste tredjedelen eller så var forbausande bra, men den vart litt gjennomsnittleg utover, følte eg. Skjønt eg hadde ikkje noko imot at dei bytta på skurkeidentiteten.
Asphyxiate wrote: Sun Apr 18, 2021 13:50 Enig i at jeg nok burde gå for begrensa historie og tegneserieromaner. Vi får se hva det blir til av innkjøp.
Vel, eg har nokre tusen teikneseriar i hyllene, så om du vil ha fleire tilrådingar kjem eg gjerne med nokre, eg må berre ha litt meir spesifikke ting å gå på mht. smak og behag. :)
Asphyxiate wrote: Sun Apr 18, 2021 13:50Det blir ofte det i starten av sommeren for å ha noe å lese på i den (altfor!) lange sommmerferien vi lærere har (mohahahaha)....
Unner dykk hjarteleg den. Mamma var lærer, og fleire av studiekameratane mine er blitt lærarar, er jaggu eit yrke som treng dei få frynsegodene det kan få klamra til seg.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Terje wrote: Wed Nov 09, 2005 22:56 Synes det er merkelig at en slik tråd ikke er laget før, på et litteraturbasert forum. Så her kommer den.
Global Frequency av Warren Ellis. Grafisk antologiroman av tolv kortare historiar der ein verdsomreiande organisasjon løyser diverse kriser via sitt nettverk av 1001 ekspertar på alt mellom himmel og jord. Somme historiar er gruvsame og hypervaldelege, andre lettare actionfylt spenning, atter andre er saktegåande mysterium. Så langt må eg sei eg er ganske nøgd, skjønt p.g.a. dei svært ulike typane historiar er det vrient å vite kven som vil og ikkje vil like den.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Kjøpte ein liten haug brukte Spawn-blader på Fretex på eit innfall for nokre veker sidan, så skal ta eit attsyn med det (lånte to bæreposar Spawn ca. 2003 og las gjennom -- kjære vene det er nesten tjue år sidan -- så trur nok eg har lese desse før) som apetittvekkar om kveldane medan eg byrjar på The Fifth Season av N.K. Jemisin, som var ei julegåve eg ikkje har komme meg rundt til enno. (Pla ofte lese 20-30 minutt i teikneserie eller sakprosa om kveldane før eg byter til romanar på sengekanten.)
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Det ble ikke noe fantasy etter forrige bok, men "NOFX. The Hepathitis Bathtub and other Stories" om bandet NOFX, et av de lengstlevende punkbandene. Det er en selvbiografi, der hvert medlem (og et eksmedlem) skriver i jeg-format i korte kapitler. Punk-miljøet i LA på 1980-tallet var ikke for pyser, og de gutta her har holdt på med ekstremt mye rart. Ikke langt unna, kanskje til og med over, hva Motley Crue forteller om i "The Dirt". Hvis man er interessert i bandet, i punk eller noe sånt, anbefales den. Er man interessert i musikkbiografier, anbefales den.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

The Fifth Season fall i smak, så etterpå las eg ei anna bok 1 av Jemisin eg har hatt i hyllene i årevis, The Hundred Thousand Kingdoms. Tilrås for alle som liker litt kaldblodige hoffintriger og stor skala-fantasy-situasjonar med slavebundne guddommar som vandrar i palassgangane.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Post Reply