Treng sikkert ikkje seie at det er
spoilerar for alle bøkene frå og med
the Shadow Rising til og med
Knife of Dreams her, men eg gjer det likevel...
Tilbake til LoC. Såg litt på Theoryland, og vart gjort merksam på ein referanse til LoC i BWB. Nemner og opningsprofetien i sjølve boka:
Opningsprofetien/verset frå Lord of Chaos lyder slik:
Løvene synger og fjellene fly
Morgenen kveldes og natten gryr
Blind kvinne, døv mann, narren så
La Kaosets Herre rå
-barneregle hørt i Store Aravalon, Den Fjerde Alder
Dette er frå BWB, om The Feast of Fools:
A day in which all order is deliberately inverted; the high perform lowly tasks (running errands, serving at table, etc.) while the low do no work and give orders to their usual superiors. In many villages and towns the most foolish person is given a title such as Lord/Lady of Unreason/Misrule/Chaos or the King/Queen of Fools. Not an honor sought, but for that one day everyone has to obey whatever orders, however foolish, are given by the chosen one.
So kva konklusjonar kan ein trekke av dette? Det er ikkje sikkert The Feast of Fools har nokon relevans (den Mørkaste plar sikkert ikkje feire denne...), men det ville nesten vore for godt til å vere sant.
Om det er noko feil i det eg skriv i dei neste avsnitta, får de seie ifrå!
Det har vore ein maktskifte sidan LoC, og ikkje alle til noko meir positivt:
- Alsalam: I Arad Doman, der Graendal styrer med sitt, bruker ho Kong Alsalam (eller iallfall namnet hans) til å sende hæren med Rodel Ituralde i alle retningar utan om dei som er logiske.
- Arymilla: Visstnok dum som eit brød, men likevel den som kom nærast til å kapre The Rose Crown frå Elayne. Det var ein som kom med ein teori om at Tarabonaren til Arymilla (hugser ikkje kva han heiter i farta) er Demandred. Tvilsamt spør du meg, men eg tviler og på at Arymilla fekk so stor (tvungen) oppslutning utan hjelp.
- Masema: Openbart gal, tusenvis av "undersåttar", øydelagde nesten Gealdan fullstendig, og var i gang med Amadicia og, før Seanchanarane kom. Mange liker å tru at han er ein proxy (veit ikkje norsk ord) under Demandred.
- Eamon Valda: Sverdmester? Ja. Like intelligent som Pedron Niall? Nei.
- Rhadaw Asunawa: Ikkje eit maktskifte, men dette er endå ein som folk liker å tru vert styrt av Demandred. Førhøyrarar er no ikkje hyggelege folk uansett, men Asunawa gjer dei ikkje betre.
- Elaida a'Roihan: Brukt av Mesaana via Alviarin til å skape dårleg stemning i det Kvite Tårnet.
- Seanchan: The Empress er død, saman med store deler av familien hennar, og ingen herskar no i Seanchan, anna enn kaos og krig. Takket vere Semirhage.
- Sevanna: Heller ikkje eit maktskifte eigentleg, men Sammael (og Graendal) brukte ho og Shaidoane til å gjere livet surt for Våtlendarar i andre deler av Randland. (Fullstendig off-topic: Hugser de at Sammael brukte namnet Maisia om Graendal overfor Sevanna: Dette var visstnok eit populært namn på kjeledyr i Legendenes Alder. Ikkje rart Graendal var litt misnøgd med det...)
Merk! Skal ikkje garantere at
alle dei tilfella eg lista opp er linka til ein eller annan Fortapt, men fleire av dei er det. Var det nokon eg hadde gløymd forresten?
I tillegg:
Grenselandene: Den Siste Strid kjem, og dei fire herskarane tek med seg 200 000 soldatar ut av Grenselandene. Ikkje noko strategisk lurt trekk kanskje, men då det er på grunn av det Hurin hadde å fortelje om Rand etter tGH, er det ikkje relevant i denne samanheng.
Couladin: Heller ikkje direkte relevant, då Asmodean lagde Dragane på armane hans lenge før LoC, og Asmo sjølv døydde før den tid. Men han var no med å skape litt kaos likevel...
Konklusjon:
Kaosets Herre er ingen spesiell person (Rand/Moridin) eller vesen (Den Mørkaste), men snarare eit generelt uttrykk frå den Mørkaste om at dei Fortapte skal gjere sitt beste for å spre kaos. T.d. ved å gje meiningslause ordrar til andre via herskarar.
Dette er nesten det same eg sa tidlegare. KH er ikkje den Mørkaste, men KH er ein måte den Mørkaste bruker for å oppnå måla sine.
Beklager forresten for eit litt langt innlegg, og min herlege blanding av engelske og norske uttrykk. Slik går det når ein har lest halve serien på norsk, og resten på engelsk...