Hmm... sist eg skreiv i denna tråden var visst i november 07... byrjar å bli ei stund sidan ja.
Uansett, sidan sist har eg teke fagbrev som tømrar, og jobba snart eit år som fagarbeider. Var litt lei jobbing ein periode, og byrja tenkje på skule att. Likar igrunn arbeidet no, men har lyst til å ta litt meir utdanning og. Tenker eindel på arkitekt utdanninga, men er veldig vanskeleg å koma inn der når ein ikkje har gjenge almennfag.
Så når eg fant ut att det stod mellom;
- å ta anten 1 år på påbygg, og så ta 1 år, kanskje 2 år, på realfagsforjuping og koma inn på arkitekten etter det.
- eller ta 3 år på byggingeniør og kunna velje masse ulike ting etter det, så blei ikkje valget så vanskeleg.
Så i vår søkte eg meg inn på Byggningsingeniør, Y-vegen ved HiT i Porsgrunn.
Fekk fyrst beskjed om att eg hadde kome på venteliste, men ved andre opptaksrunde kom eg inn.
Så til høsten blir eg student att. Skal bli artig å sjå kor mykje kunnskap som er att oppi skallen når alt kjem til alt.

"There's always another battle. I suppose that will be the case until the whole world turns Tinkers"
- Davram Bashere