Hva leser du for tiden? II

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Oooh fristende, men etter å ha brukt mye mer enn budsjettet på diverse ting de siste ukene MÅ jeg sette en liten stopper for pengebruken. Jeg har jo lesestoff i massevis, så trenger jo ikke mer (men har lyst på en del)
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Eg kunne ha klart meg i årevis med det eg har (og resten av livet, sannsynlegvis, om eg deretter berre las omatt alt eg har samla på i hyllene eit par gonger), så eg har absolutt ingen forsvar, her. Men som kona sa, eg har nett lese Rat Queens vol. 1–3 og Blacksad 1–3, så om eg skal lese resten ein gong får eg mest utbytte av å gjere det før, heller enn seinare. Fint når ektefellen fyrer opp under kjøpegalskapen innimellom, så får ein mindre dårleg samvit av det ...

Bokkilden har dessutan relativt høge prisar i forhold til mange andre norske nettbokhandlar, så til og med 25 % hjå dei gjer dei ikkje alltid så veldig mykje billegare enn konkurrentane. Stundom er dei sjølv etter 25 % fråtrekk langt dyrare på enkelte verk. Så du gjekk nok ikkje glipp av så altfor gode røvarkjøp, trur eg.

Byrja forresten på His Majesty's Dragon i går. Fyrsteinntrykket er bra. Lettfattleg men engasjerande skrivestil, og draken er spanande og minneverdig umiddelbart (som jo er viktig sidan den er i kjernen av konseptet -- dvs. "kva om Napoleonskrigane skjedde i ei verd der England og Frankrike begge har luftstyrkar som rir på temma drakar"). Einaste klagepunktet er at det tek meg litt ut av den elles svært realistiske tonen at drakar tydelegvis kan snakke flytande menneskespråk straks dei er klekka, men får krysse fingrane for at akkurat det får ei slags forklaring utover.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

His Majesty's Dragon var bra, bra nok til at bok 2 og 3 allereie er bestilt (kona likte den like godt som meg, så då tek den forrang over andre leseprosjekt). Hovudklagepunktet er at ting alltid løyser seg fort og lettvint og utan langsiktige kostnadar eller problem for hovudpersonane, men sidan det er fyrsteboka til forfattaren satsar eg på at dette vil bli betre utover i ni(!)-boksserien.

Sette i dag i gong med ein bok 1-klassikar eg (som Dune og Ender's Game før i sommar) har utsett i mange herrens år: Black Company. Må sei eg er grepen med ein einaste gong, dette er fengande saker.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Leste Black Company i fjor og kommenterte vel da. Jeg liker setting, ramme og alt egentlig. Men ble aldri revet helt med av historien. Det var mest pga. hvordan bøkene er skrevet, men dette er et tilfelle der jeg ikke helt klarer å forklare 100% hvorfor jeg ikke liker det så godt som jeg egentlig vil!
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Hm, vel, eg er som sagt ganske tidleg i boka, så mogeleg det same vil skje meg, men så langt er eg langt meir medreven enn eg venta meg. :) Det skjer noko heile tida (i den grad at eit gateopprør der hundre av kompanisoldatane stryk med blir oppsummert på ei halv side for å komme tilbake til historia!), karakterane er umiddelbart tydeleg skisserte og minneverdige, og det er eit herleg rør av ulike typar spanande element (jordnære/praktiske vanskar, realpolitiske intriger, moralske dilemma, ein eldgamal massemordande varleopard, ein mystisk ambassadør som skremmer vetet av trollmennene og kanskje kan bli ny arbeidsgivar). Men sjølve historia kjem vel neppe i full sving før dei har forlate denne byen dei forsvarar i byrjinga, så får krysse fingrane for at den ikkje mistar futten når det skjer.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Ferdig med fyrste Black Company-trilogien, så tek ein liten pause frå det før oppfølgjarserien, der eg kjem til å lese diverse Avengers-teikneseriar av Brian Michael Bendis og Troy-boka til Stephen Fry. Eg koste meg med Mythos og Heroes, så ingen grunn til å tru Troy blir annleis.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

De bøkene til Stephen Fry har jeg hatt i bakhodet en stund. De anbefales altså?

Jeg har, som forventet, stoppet noe opp i min lesning av The Broken Earth-trilogien. Alltid sånn når skoleåret og arbeidet begynner igjen. Det kan også ha noe med at boka ikke fenger så mye. Målet er jo å fullføre trilogien, men hadde håpa det hadde gått fortere.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Tue Sep 21, 2021 18:57 De bøkene til Stephen Fry har jeg hatt i bakhodet en stund. De anbefales altså?
Med atterhald om at ein må ha over gjennomsnittet mykje interesse i gresk mytologi; jepp! Fry har ein fin, leiken tone der han som forteljar ofte er ganske nærverande i teksten (men ikkje så ofte at det blir slitsamt eller distraherar, i mine augo i alle fall). Dei er veldig mykje meir grundige enn slike populærkulturelle gjenforteljingar ofte er, og små og store historiar ein kanskje ikkje kjenner like godt som dei mest profilerte dukker opp ofte. "Mythos" tek for seg gudemytene, "Heroes" heltemytene, "Troy" Illiaden (og diverse dertil nærliggande andre myter), og trur ei basert på Odysseen kjem ut seinare i haust. Eg har eit lite håp om at han kjem til å lage ei om Æneiden til slutt òg, men det spørst om det blir for romersk. Kryssar fingrane, eg har aldri lese den og ville likt å lære den betre å kjenne i eit slikt lettfatteleg men grundig format.

"Heroes" var litt meir ujamn enn "Mythos" i mine augo, og kanskje litt langdryg mot slutten, men det har kanskje meir med kjeldematerialet å gjere enn med Fry sine attforteljingar. Er 25 % gjennom "Troy" no, og så langt er eg veldig nøgd.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Kult. Leste en del av de gamle mytene og gudefortellingene ila studiene, men det begynner å bli en liten stund siden. Samme med Æneiden, som jo egentlig bare er en romersk versjon av Odysseen.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Vel, det er ein romersk versjon av Odysseen i den forstand at det er ei strabasiøs sjøreise frå ein overlevande frå Illiaden, men hovudpersonane sloss på ulike sider i krigen, og Odyssevs skal heim, medan Aineias flyktar frå ruinene av sin arnestad til uante trakter. Viss eg hugsar rett (eg har som sagt aldri lese meir enn nokre få utdrag) er det vel og ei kjærleikshistorie i sentrum der hovudpersonen er reven mellom plikt og kjærleik, medan dei to for Odyssevs, som berre vil heim til kona, ikkje er motstridande i det heile. Så kanskje litt reduktivt å sei det 'berre' er ein romersk versjon. Men den er vel eksplisitt modellert på Homer, ja.

Forresten over halvveges i Troy no, og (positivt) fascinert av at neste halve boka var brukt på bakgrunnsmyter, opphav og scenesetting, sjølve krigen er knapt i gong.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Kanskje litt enkelt å si det, ja, men Vergil fikk i oppdrag å skrive et romersk helteepos ala Odysseen, og han bruker den som stor inspirasjon. Tidvis er det samme historie om igjen, bare tvista til å passe mer med romersk historie/myte for å bygge opp om keiserkulten.


Sjøl leses det ekstremt sakte om dagen, men har kommet igang med The Obelisk Gate, bok to i The Broken Earth-trilogien. Fortsatt ikke helt overbevist, men det fungerer jo sånn ganske greit.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Du får gi lyd om korleis den er samanlikna med fyrsteboka. Kanskje eg burde prioritere den sjølv.

Ferdig med Troy no, samt Silver Spike, som er ei slags sidebok i Black Company-serien som skjer rett etter fyrste trilogien, men følgjer litt andre karakterar. Veldig nøgd med den, artig og spanande premiss (lokale småkriminelle stel talismanen som husar vondskapen til den overvunne Dark Lord-karakteren, og må umiddelbart gøyme seg og angre bittert medan halve verda går amok i jakta på dei). Dessutan kjøpte og las eg på eit Outland-innfall teikneserieromanen Puip av Ed Brubaker og Sean Phillips (dei har laga mykje bra i noir-leia saman før), ei frittståande historie om ein eldre kar på 1930-talet som livnærer seg (så vidt) med cowboyhistoriar som i løyndom er lausleg basert på hans eigen karriere som lovlaus på 1890-talet. Kort, lettlesen og velskreven, om enn kanskje ein smule forutsigbar når det litt spesielle premisset fyrst er blitt etablert.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Synes kanskje at The Silver Spike er en av de bedre bøkene i Black Company, da den kanskje er mer streit enn de andre (hvis jeg husker riktig).
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Usikker på kva du legg i 'streit', men den lente absolutt mot å vere meir avgrensa i premisset enn dei føregåande tre.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Mener vel at den er "enklere" og mer avgrensa enn de andre, i hvert fall historien om de tre tyvene. Den likte jeg.
Manbearpig
Post Reply