S01E04: The Dragon Reborn

Diskuter TV-serien her

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3045
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

S01E04: The Dragon Reborn

Post by Loki »

Spoilerar følgjer, så klart!

Tykte denne var eit flott steg opp! Dei utnytter dei relative styrkeforholda i krafta frå bøkene (gjennomsnittleg Aes Sedai - Moiraine - svært uvanleg sterke som Egwene og Logain - Nynaeve) på ein nydeleg måte, og vever det saman med den no kjønnsnøytrale søken etter Draken. Me får vite at det (naturleg nok) har vore kvinnelege falske Drakar opp gjennom, at blå Ajah er kjent for manipulasjon, at grøn Ajah jaktar på Fienden og at raud Ajah har ein (i alle fall i teorien) misjon som er nesten som eit slags indrepoliti for kraftbrukarar, og mykje eksposisjon om warders. Og alt skjer veldig saumlaust og elegant. Det hjelp på at dei har fått ein skodespelar med skikkeleg karisma for Logain, som verkeleg kjennest skummel der han sit roleg gjennom brorparten av episoden. Liker dessutan at dei let Mat sine problem med dolken bli feiltolka som at han kan leie krafta, og dermed lokkar sjåarane til å vurdere han som Draken i same episode som Nynaeve plutseleg blir fronta som hovudkandidaten, etter at dei fokuserte på Egwenes kraftstyrke og Perrins kopling til ulvane tidlegare. (Rein historielogikk tilseier rett nok for augneblinken at det dermed mest sannsynleg er Rand sidan han er den einaste -- draumar og dørnedbryting til sides -- som ikkje har blitt presentert som hovudmistenkt, men forhåpentlegvis er det dei færraste som bruker den typen metainformasjon for å finne det ut.) Viss dei klarer dra dette ut, overtyde oss om at det faktisk er ein av dei andre, og så avsløre at Rand er tilsvarande mykje sterkare enn Nynaeve som Nynaeve er i forhold til Logain i sesongfinalen, kan det bli litt av ei gåsehudsscene.

Eg kunne framleis tenkt meg at det var tydelegare skiljeliner mellom kva me ser som sjåarar av krafta -- det verkar som om tanken er at når me berre ser effekten ser me det slik dei utan krafta i serien ser det, når me ser kvite straumar ser me kvinneleg veving og når me ser svarte (kult nok ispedd litt kvitt under tilsølinga!) er det mannleg -- men eg føler ikkje dette er forståeleg for folk som ikkje har lese bøkene. Men det er flisespikkeri.

Alt i alt er eg merkbart meir positiv etter denne episoden enn etter fyrste tre. Dei fyrste tre møtte mine svært tilbakemålte håp (at den skulle vere OK, eit beskjedent hakk over snittet på denne typen seriar), men denne har klart auke det til at serien før sesongen er omme kan vekse til noko skikkeleg spesielt. Den er nok ikkje heilt der enno, men dette er rett retning. :D
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Eivind
Ta’veren
Ta’veren
Posts: 1454
Joined: Thu Apr 28, 2005 18:18
Location: Oslo

Re: S01E04: The Dragon Reborn

Post by Eivind »

Syns også denne episoden er den beste til nå!

De tre første har gått litt fort frem, og hatt lite kontekst for folk som ikke har lest bøkene. Men i denne episoden blir det forklart en god del slik at man kommer ordentlig inn i det

Fikk faktisk chills når Nynaeve healet Lan på slutten 8)
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 849
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: S01E04: The Dragon Reborn

Post by Asphyxiate »

Mine random tanker etter episode 4:
  • Beste episoden til nå, jeg likte den godt. Det at de valgte å dra ned fremdriften/tempoet fra de foregående episodene og dermed fikk forklart en del grunnleggende om forholdet mellom Aes Sedaiene og vokterne deres, at Aes Sedaiene også er en komplisert organisasjon, og Saidin/Saidar, får de etablert mye mer grunnleggende om denne verden som nok mange som ikke har lest bøkene trengte.

    Her synes jeg de traff på å endre på historien ved å slå sammen ulike hendelser, feks at de slo sammen flere av Mat og Rands besøk til ulike landsbyer og byer. Gården tok over for Whitebridge feks og tydelig at White Tower "stepper" inn for Caemlyn på veien siden vi vet Caemlyn først kommer i s2. Kerene er vel også en liten karakter fra New Spring, men de klarer jo å bruke henne på en fortreffelig måte. Dette er jo nødvendig for at handlingen skal gå nok framover innenfor sesongens 8 episoder!

    At de også fokuserer mer på det som skjer "off screen" i bøkene med Logain etc., gir dem mulighet til det jeg skrev først her om å forklare en del grunnleggende om verden. Det løste de fint. Samtalene mellom vokterne var fin og hvordan forholdet mellom Aes Sedaiene og vokterne likte jeg veldig godt!

    Jeg synes ikke de helt klarer å få til Mat. Ganske greit at de prøver å lure publikum med at kniven endrer/korrumperer han vs. at han kan bruke den Ene Kraften, men endringen av Mat er ikke så tydelig fordi de ikke har fått på plass at han er en skøyer, problemmaker og driver med ablegøyer og triks. Joda, han drev med gambling og litt mer spøkefull enn de andre, men også mye mørkere i personlighet - og da blir ikke endringen like tydelig. Og selv om arc-en hans her er ment å være mørk, så har vi ikke hatt nok tid til å lære ham å kjenne som noe annet enn en litt dyster type. Han og.

    Har for øvrig aldri tenkt at Ghealdan er spesielt spansk-inspirert, men Logain Ablar burde kanskje henvist til det? Evt. at de har fått Alvaro Morte som skuespiller? Uansett så er Alvaro Morte et glimrende valg som Logain. Han treffer utrolig godt i hvordan Logain fremstilles og du ser hvor farlig han er.

    Også Nyaneve, da. Hele nettet koker av hvor kul hun er, og jeg må innrømme at jeg liker henne per nå mye bedre enn jeg gjorde i bøkene. Der har jeg alltid syntes at hun er ganske irriterende i grunn. Her er hun fremstilt bedre i sin misnøye med Aes Sedaiene og personlighet. Og avslutningen der hvor hun virkelig viser hva hun er kapabel til... Ganske kult!

    Selv om Tuatha'an er ganske fint portrettert, og her ser vi tydelig hvordan Rafe Judkins har økt makta til kvinnene på en fin måte!, var Egwene og Perrin i denne episoden ikke så god. Joda, Perrin blir konfrontert med våpen og det at han heller vil være "vanlig" og fikse ting, er jo en sentral del av hans personlighetsutvikling, men her blir det noe kjedelig! Og Egwene opplevde vel lite?

    Fin touch med Birgitte-dukken til ho jenta på gården! Og Owyn-historien til Thom var også god - selv om Thom også fremstår som mye mer dyster enn han er i bøkene.

    Slaget mot slutten der: Her ser vi potensialet i serien til bruken av den Ene Kraften i krigssammenheng, og er mye kulere enn Moiraines i episode 1. Bra. Det fungerer!

    Får de fortsatt til å lure folk med hvem som faktisk er den gjenfødte Dragen? Klart, det er vel meninga at folk nå skal tro det kan være Mat eller Nyaneve etter at det kanskje var Egwene eller Perrin de forrige episodene. Da står Rand igjen, og vi har allerede sett han åpne en dør han ikke skulle klare og det er jo tross alt bare hans drømmer vi har vært i når det er snakk om møtet til personen med ild-hodet.

    Hva synes folk om fremstillingen av Saidin vs. Saidar? Var det sorte i vevinga til Logain tegn på hans galskap, eller var det for å skille Saidin fra Saidar?
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3045
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: S01E04: The Dragon Reborn

Post by Loki »

Eg tykkjer Mat er artig, relativt til dei andre fire i alle fall, og eg følte uansett alltid han var mørkare enn dei andre i bøkene, så eg har ikkje same problema som deg der. Men for all del, dei kunne godt ha slengt på eit par ekstra vitsar.

Er ikkje 100 % seld på Nynaeve enno, men at ho er ein enorm betring over bøkene er eg heilt einig i -- eg kunne ikkje fordra ho i bøkene, og i serien så langt er ho heilt grei. Det er ein prestasjon i seg sjølv, sidan eg av instinkt stålset meg kvar gong ho skal ha ein scene. Fortset dei slik kan dei nok med tid og stunder overtyde meg fullstendig, og det håpar eg -- på papiret er til dømes Lan sin lojalitetssplitt mellom Moiraine og Nynaeve ein av dei meir interessante og kjensletunge karakterretningane, som eg (sidan eg likte Lan og stort sett forakta Nynaeve) aldri klarte meir enn irritere meg over. Har gode håp no om å få meir ut av det i serien.

Heilt einig i at Perrin og Egwene var kjedelege i denne episoden, men eg hugsar vagt at eg tykte Tuatha'an-møtet i fyrsteboka var kjedeleg i utgangspunktet, så eg hadde ikkje forventningar til anna. Det skjedde uansett så mykje i dei andre to historielinene i denne episoden at eg tykte dei kom unna med eit kjedelegare sideplott her. Forhåpentlegvis får dei skine litt meir neste veke no som dei fekk etablert så mykje eksposisjon og karakterar i dei tørrare scenane denne veka. Liten apropos om Perrin -- kona utbraut plutseleg i denne episoden 'hey, that guy's enormous!', og eg nemnte at jau, det er nok med vilje, han er skildra som svært stor og breiskuldra i bøkene og. Litt gøy at ho ikkje merka det før han er omgitt av Tuatha'an, men det kan vel ha med at han har vore mykje på hesterygg, sitjande, eller ved sidan av Rand tidlegare. Uansett bra at dei har fått ein såpass elementær del av karakteren fram i castinga at det merkast sjølv av ei som ikkje har eit forhold til originalmaterialet.

Skjønt einig både om dokka og Owyn-historien! Tykkjer framleis Thom er altfor dyster -- han er kul nok, som eg vel nemnte førre veke, og hadde eg ikkje kjent han frå bøkene ville eg tykt karakteren var solid. Men samanlikna med den Thom eg hugsar er han litt personlegheitslaus, og eg vil vel seie så langt den av hovudpersonane som har tapt mest i overgangen frå bok til fjernsyn.

Er det berre Rands draumar eldhovudet har vore i? Eg tykte hugse fyren dukka opp i Perrins draum førre veke? Uansett einig i at det er gøy at dei fyrst presenterer Egwene (krafta) og Perrin (ulvane og draumane) som hovudmistenkte, så i denne Logain, før det igjen blir skifta til Mat og så til slutt til Nynaeve. Min hovudfrykt der er som sagt at rutinerte fjernsynssjåarar dermed vil automatisk gjette at det må vere Rand, sidan han der den einaste kandidaten dei ikkje har forsøkt å overtyde oss om at er Draken. Utover det tykkjer eg feilspora og hinta er glitrande velgjort og ein av seriens største styrkar så langt. Kryssar fingrane for at me i neste episode får hint om Rand, for så å få nye misvisande hint om nokon av dei andre etterpå, slik at han ikkje lenger står i ein kategori for seg sjølv og blir eit mindre openbart gjett for sjåarane.

Eg trur (som hinta til i min førre post) at saidin er svart ispedd små glimt av kvitt fordi det er smitten til Dark One som omgir lyset, og at tanken er at den eigentleg ville vore like skinande som saidar. Og dermed at det både er for å vise til galskapen og for å skille dei to. Men eg skimta berre det kvite i enkelte scenar, så det er så klart mogeleg at det meinte vise saidar-vevinga han sloss mot og at eg overtolkar. Håpar ikkje det -- liker som sagt at dei eventuelt bruker effektane til å hinte til djupare ting.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 849
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: S01E04: The Dragon Reborn

Post by Asphyxiate »

De har generelt gått for en ganske dyster stemning totalt sett synes jeg. Selv ikke Tuatha'an klarer å livne opp og når både Mat og Thom er så dystre, blir det jo tungt. Håper de klarer å få litt mer liv og stemning etter hvert.

Angående drømmene og Rand: Hmm, mente at vi til nå bare har sett Rands drømmer av denne typen, mens de andre sier de har hatt lignende drømmer, men må si jeg ikke husker 100% Perrins drømmer med ulvene fra de to foregående episodene.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3045
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: S01E04: The Dragon Reborn

Post by Loki »

Eg trudde det var ein draum Perrin hadde der han flasha til eldaugomannen og så vakna i enten episode 2 eller 3, og eg spurte nett kona, og ho meiner hugse det same. Men me kan ta feil, altså. Og så var det vel Perrin som nemnte fyren høgt då Moriaine spurte dei om draumane etter greia med flaggermusa, og ingen av dei andre protestete, så enten me har sett det eller ei så trur eg alle fire er implisert til å ha drøymt om eldaugo.

Heilt einig i at det er i overkant dystert, særleg i Mat/Rand-plottet (ironisk nok, med all drepinga der, så har det vore meir humor med Lan og Nynaeve, om enn av det meir lune slaget). Det kjem seg vel meir av at dolken kom inn i spel så fort mht. Mat, så igjen tykkjer eg det er relativt OK på hans side av det, men det ville hjelpt mykje på heilskapsinntrykket om Thom fleipa litt meir. Særleg sidan det jo ville vore i scenar Mat er i, og då ville det vore naturleg med litt meir halvlystig fram og tilbake mellom dei.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 849
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: S01E04: The Dragon Reborn

Post by Asphyxiate »

Det er vel det jeg tenkte på: Alle sier de har hatt drømmene, men bare Rand vi har sett de til - men som du nå nevner, kan det jo være at Perrin også så det brennende hodet. Dæng, nå ble jeg usikker!

Edit: Leste en kjapp recap av episode 3, og jaggu dukka ikke ildansikt-fyren opp i drømmen til Perrin. I stand corrected!
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3045
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: S01E04: The Dragon Reborn

Post by Loki »

Ah, godt at eg ikkje er byrje røre! Og gøy at dei allereie no byrjar assosiere spesifikt Perrin til Tel'aran'rhiod.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Ceres
Amyrlin
Amyrlin
Posts: 2637
Joined: Sat May 28, 2005 13:19
Location: Oslo

Re: S01E04: The Dragon Reborn

Post by Ceres »

Jeg er enig med mye som er sagt, med noen unntak.

1) jeg likte at perrin allerede nå blir utfordra. Det var fint gjort, det med at «har noen noengang blitt lykkeligere av å ta opp et våpen» (ikke ordrett). Det er viktig for perrin, og fint at d allerede blir etablert. Egwene var horribelt lite interessant i denne episoden.

2) Mat er fortsatt ikke spesielt god. Replikkene er unaturlig levert, og han er for gammel! Thom liker jeg veldig godt. Rand kjenner vi dessverre fortsatt ikke… er det i det hele tatt nevnt at vi ikke kjenner foreldrene?

3) Nynaeve er god. Lan er fortsatt ikke helt overbevisende. Hva er greia med at hun liksom har foreldre/tilknytning til malkier? Og hvordan kan hun heale flere samtidig?

Gleder meg til neste episode.
Urban tilværelse
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 849
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: S01E04: The Dragon Reborn

Post by Asphyxiate »

Det med Nynaeves mulige forbindelse med Malkier tenkte jeg egentlig ikke på underveis i episoden, men sett noen kommentarer på det nå. Kanskje for å fremskynde forholdet mellom ho og Lan?

For så vidt enig med Perrin - var vel noe av det jeg prøvde å formidle i mine kommentarer til episoden.
Manbearpig
Stefan
Ta’veren
Ta’veren
Posts: 957
Joined: Sat Apr 30, 2005 17:18
Location: Bergen

Re: S01E04: The Dragon Reborn

Post by Stefan »

På tide å gjøre comeback her etter mer enn et tiår i dvale… Riktignok med sporadiske oppdateringer fra Eivind som har holdt hjulet i gang!

Etter å ikke ha hatt så høye forventninger så synes jeg serien blir bedre og bedre for hver episode. Også bra å kunne se episodene først, og deretter å få gode analyser fra Filmpolitiet og her på forumet. Selv synes jeg musikksporet er det mest skuffende vs serier og filmer som GoT og LOTR.

Tror litt av grunnen til at jeg er så fornøyd er at jeg alltid har tenkt at WoT er for vanskelig å lage en god tv-serie av, med så mye som foregår i drømmer og karakterenes tanker og sinn. Synes så langt at serieskaperne har klart å løse dette på en overraskende god måte selv om enkelte endringer selvsagt irriterer en fan av bøkene.

Snart fredag!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3045
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: S01E04: The Dragon Reborn

Post by Loki »

Same her med beskjedne forventningar frå byrjinga av og ei generell kjensle av at ting er i rett retning episode til episode.

Nynaeves foreldre -- tilgi ein som ikkje husar så mange detaljar frå bøkene, men dei hadde då berre sitert ein konge av Mantheren på Old Tongue til ho? Korleis knyter det dei til Malkier?
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 849
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: S01E04: The Dragon Reborn

Post by Asphyxiate »

Det jeg har sett, handler om dette var et sitat som var vanlig brukt i Malkier. Derfor kjente Lan det. Kan hende bare en stretch, men i tv-serien har de jo gjort et større nummer av hennes ukjente fortid
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3045
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: S01E04: The Dragon Reborn

Post by Loki »

Ahh, då så. Då forstår eg at folk gjer eit nummer ut av det. Men vil tru det ikkje naudsynleg treng tyde det, i så fall, berre at dei opnar for mogelegheita. Takk for forklaring! :)
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 849
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: S01E04: The Dragon Reborn

Post by Asphyxiate »

Jeg tenker vel at det egentlig bare er et forsøk fra Rafe Judkins & co. på å tidlig etablere Lan og Nynaeve som et (mulig) par.

(som jeg nå ser jeg har skrevet tidligere)
Manbearpig
Post Reply