Korleis legga til rette for nye fans

Har du noen forslag til forbedringer eller synspunkter om siden?

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Post Reply
WoTle
Soldat
Soldat
Posts: 55
Joined: Mon Dec 06, 2021 19:02
Location: Bergen
Contact:

Korleis legga til rette for nye fans

Post by WoTle »

Heisann!
Først må eg berre få seia at det har vore skikkeleg kjekt å komma tilbake til dette forumet, og sjå at det framleis er nokolunde i live så mange år etter at bokserien var ferdig! No går vi jo inn i ein ny Alder for Tidshjulet-fans, så det er kjekt å sjå at denne levninga frå ein tidlegare Alder framleis lever.

Eg har ein mistanke om at det er eit potensiale for nye medlemmer blant dei som aldri har lese bøkene, men som no blir introdusert til Tidshjulet-serien gjennom TV-serien. Har forumbrukarane og administratorane nokre tankar om korleis ein skal legga best mogleg til rette for desse? Hadde det f.eks vore ein idé med ein eigen del av forumet som er fri for bokspoilers, og der nye fans kan diskutera serien på sine eigne premissar? Det finst jo rett nok eit eige lite underforum om TV-serien, men der har vi ikkje akkurat vore veldig forsiktige med spoilerane. Kanskje ei inndeling med "Tidshjulet (spoilerseksjon)", "Tidshjulet (for nye fans)", "Siden" og "Annet" på framsida hadde vore ein idé?

Sjølv synest eg det er veldig interessant å sjå nye fans komma med teoriar og tankar om serien, berre basert på TV-serien, men kva tenker resten av forumfolket? Burde vi prøva å nå ut til fleire av dei nye fansene?
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar (nesten) kvar veke.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Korleis legga til rette for nye fans

Post by Asphyxiate »

At man etablerer tråder eller underforum for bok og ikke-bok lesere, slik de gjør på reddit, tror jeg kan være fint!
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Korleis legga til rette for nye fans

Post by Loki »

Det må vel nesten administratorane ta stilling til, men det er sikkert ikkje dumt. Eventuelt kan me brukarane bli flinkare til å nemne det i klare ordelag i trådtitlar og/eller fyrstepostane.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Eivind
Ta’veren
Ta’veren
Posts: 1464
Joined: Thu Apr 28, 2005 18:18
Location: Oslo

Re: Korleis legga til rette for nye fans

Post by Eivind »

Hm... Blir veldig mange forum til slutt om vi skal ha noe for alle mulige kombinasjoner

Foreløpig vet jeg ikke om vi har fått noen nye ikke-boklesere en gang :lol:

Skulle likt å sett seertall i Norge, tror vi lider litt av at vi ikke har Amazon lokalt slik at folk får se via Prime

Får tenke litt på det om jeg kan komme opp med en god og enkel struktur...
Post Reply