S01E08 The eye of the world

Diskuter TV-serien her

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Post Reply
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 849
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

S01E08 The eye of the world

Post by Asphyxiate »

Klarte å løsrive meg fra familie og pinnekjøtt i en times tid i går og fikk sett sesongfinalen i og ro og mak med juleøl og julekaker. Det siste gjorde meg nok i bedre humør enn forrige uke, da jeg var ganske misfornøyd etter episode 7. Sesongavslutninga var ikke veldig god, men ikke helt forferdelig heller.

Rand vs The Man… vel, det skulle jo være en mental kamp fremfor en nevekamp, så jeg synes det ikke var så ille. Dog ligner vel ‘utfordringen’ en del på hva Egwene skal igjennom når hun skal bli Aes Sedai? At han bruker en sa’angreal… hmmmm… Moiraine stilnet eller skjermet? Det gir i hvert fall henne et interessant utgangspunkt for sesong 2.

Hva skal Rand ut og gjøre? Finne seg selv? Spent.

Den store general Agelmar viste seg ikke å være så stor i denne versjonen, gitt.

Ser flere irritere seg over at en liten gruppe lite/dårlig trente brukere av kraften klarte å slå tilbake trollochæren, men der er jeg uenig. Egwene og Nynaeve er dritsterke, så at søstera til Agelmar blir overraska og brenner seg (og to andre) ut og knuser angriperne, er da ikke så rart.

Valerens Horn under tronen i Fal Dara? At Padan Fain allerede har hornet, gir kanskje Perrin noe mer å gjøre i sesong 2. Fy søren hvordan Perrin har blitt skrevet og spilt. Det er jo nesten ingen verdens ting der. Er det NOEN som bryr som han, for det virker som at regissør, manusforfatter, produsenter og skuespiller ikke gjør det.

Men vi Matt i 2 sekunder, så kanskje han blir med på jakten?

Enter Seanchan…. Det var jo spektakulært, men litt voldsomt? Var flodbølgen bare for å vise kraft? Stakkars jenta på stranda. Håper ikke de blir ensidig onde!

Jeg kommer uten tvil til å se sesong 2, men forventningene er langt lavere enn de var før sesong 1. Skal vi ha en egen tråd for hele sesong 1 kanskje, for å diskutere helheten?
Manbearpig
WoTle
Sauegjeter
Sauegjeter
Posts: 23
Joined: Mon Dec 06, 2021 19:02
Location: Bergen
Contact:

Re: S01E08 The eye of the world

Post by WoTle »

Eg må innrømma at eg sat igjen med ganske blanda kjensler etter denne episoden. Det var mykje eg likte, men det var òg mykje som irriterte meg. Noko kan nok skyldast på koronapandemien, men noko var òg bere dårleg. Spesialeffektane såg til dømes skikkeleg billige ut, samanlikna med spesialeffektane i tidlegare episodar.

Eg syntest opninga med Lews Therin Telamon og Latra Posae Decume var veldig kul, men eg reagerte på nokre småting. For det første var det rart at LTT blir kalla den Gjenfødde Draken, heller enn berre Draken (jaja, eg veit at hjulet går rundt og rundt, og at det sikkert har vore fleire Drakar, men likevel). I tillegg er Latra Posae "Tamyrlin Seat" i denne versjonen. Eg skjønner at dei vil visa samanhengen mellom Tamyrlin og dagens Amyrlin, men det var Lews Therin som var den "allmektige" Første Blant Tenarane, og som brukte Tamyrlins ring, ikkje Latra Posae. I tillegg: Ut ifrå scenen, spesielt den delen der Lews Therin ser ut gjennom vindauga, ser det verkeleg ikkje ut som om verda har vore gjennom årevis med blodig krig når denne episode-opninga går føre seg.

Resten av episoden er forsåvidt grei, men eg synest sideplotta med Perrin, Nynaeve og Egwene var mangelfulle. Egwene og Nynaeve er mektige, men dei tre andre i sirkelen mot trollokhæren er tilsynelatande for svake til eingong å bli Aes Sedai. Eg hadde kjøpt denne scenen meir om trollokhæren var litt mindre. Og at Egwene, som i bokserien har veldig avgrensa talent for å Helbreda, helbreder Nynaeve frå dødens rand? Det var merkeleg. Perrin trur eg berre heilt tilfeldig fekk Mat si rolle i plottet, sidan Barney Harris gav seg. Rafe Judkings har sagt fleire gongar at han ønskte å visa fram at Tidshjulet er ei historie med mange hovudkarakterar, ikkje berre ein, så eg skjønner at han prøvde å gi dei andre karakterane ting å gjera i finalen; eg synest berre ikkje det funka.

At Rand bruker ein sa'angreal mot Ishamael er ei endring eg ikkje har noko imot. Eit basseng av reinska Saidin ville kanskje vore litt vanskeleg å forklara nye fans. Eg syntest likevel måten Moiraine forklarte sa'angrealen på var litt merkeleg. Ishamael var skikkeleg god i denne episoden; eg likte spesielt godt det vesle smilet hans då han blei "utsletta". At Ishamael sette eit skjold mellom Moiraine og Krafta reagerte eg opphaveleg på, men eg ser at dei kan gjera mykje med det i sesong 2, så det er forsåvidt greitt. Eg trur ikkje ho har blitt stilna.

Den overdrivne bruken av luredødsfall var òg ganske irriterande: Moiraine "døyr" i draumen til Rand, Nynaeve "døyr" og blir helbreda, Loial og Uno osv "døyr" (dei er nok ikkje døde). Eg skjønner at dei ville skapa spenning, men det gjer berre at karakterane våre verkar udødelege.

Elles einig i at det er rart at Valeres Horn er i Fal Dara. Seanchan-avsløringa på slutten var gøy, då, sjølv om den svære flodbølga verka litt unødvendig. Sikkert berre for å visa at dei har kvinner som kan leia Den Eine Krafta om bord.

Eg sit eigentleg igjen med ein følelse av at dette er ein av sesongens svakaste episodar. Det er synd, for ein sesongfinale skal vera blant dei beste. Fram til no har eg skjønt litt kor dei vil med mange av endringane frå bøkene, men mange av endringane her verka nesten tilfeldige. Eg er ikkje blant dei som på død og liv vil at alt skal vera heilt likt som i bøkene, men eg trur dei hadde vunne mykje på å berre endra ting viss det er god grunn til det.

No høyrest eg sikkert veldig negativ ut, men eg vil understreka at det var mange ting eg likte med episoden. Skodespelarane er stort sett fantastiske over heile linja, og hendingane ved Verdas Auga funka godt for TV-serien. Eg er òg forsiktig optimist for neste sesong. Det var mange episodar denne sesongen som var skikkeleg gode, og dei har lagt eit grunnlag for ein god andresesong; i tillegg har Amazon auka budsjettet deira. Eg trur og håper på ein knallsesong neste år.
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar på onsdagar.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 849
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: S01E08 The eye of the world

Post by Asphyxiate »

Håper s2 ikke blir like mye rammet av covid og endringer i blant skuespillerne. Rapporter og intervjuer tilsier mange endringer mot slutten som direkte konsekvens av dette, noe som kan forklare en del rare ting og løsninger som kanskje ikke er så gode som ønskelig. Det led også siste episode av, da feks Padan Fain vs Perrin skal ha vært planlagt med Matt fremfor Perrin.

Angående skuespillerne: der er jeg ikke helt enig, men ikke helt uenig heller. Veldig usikker på Rand, men han er ikke dårlig. Moiraine er jo veldig god, men det er jo ikke overraskende med Pike. Synd med Barney Harris, for selv om kanskje ikke denne Matt var helt det jeg ville ha, var han flink. Perrin har jeg kommentert. Egwene varierer og Nynaeve er god, men jeg er ikke like solgt som andre. Resten: Kan hende det er manus/regi, men tidvis blir det for mye cw-nivå
Manbearpig
WoTle
Sauegjeter
Sauegjeter
Posts: 23
Joined: Mon Dec 06, 2021 19:02
Location: Bergen
Contact:

Re: S01E08 The eye of the world

Post by WoTle »

Eg har store håp for sesong 2! Bok-fanen i meg blei litt irritert over at det ser ut til at dei har endra designet på den ikoniske a'damen som lenker saman sul'dam og damane, men det blir berre småpirk frå mi side.

Eg er elles skikkeleg spent på karakterane vi sannsynlegvis møter neste sesong, spesielt Verin, som definitivt er blant mine favorittkarakterar.
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar på onsdagar.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3045
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: S01E08 The eye of the world

Post by Loki »

Fekk endeleg tid til å sjå denne i dag, og eg tykkjer mykje det same som eg ser de andre har sagt -- heilt OK. Langt frå sesongens beste episode, med overbruk av lure-dødsscenar, meiningslause endringar i småting frå bøkene, uforklarleg Seanchan-channeling på slutten (kaaaanskje dei forsøkte heve vatnet slik at dei kunne gå i land på toppen av klippene heller enn på stranda? Verkar søkt uansett), tvungne karakterinteraksjonar og så vidare. Eg er ikkje så nøgd med Nynaeve som eg ser dei fleste andre er (men ho er tusen gonger betre enn i bøkene, då), skjønt til gjengjeld liker eg Egwene, Rand og Mat langt betre enn eg hadde rekna med å ville. Dette til trass for utallege scenar med det Asphyxiate trist dekkande omtalar som "CW-nivå"*. Perrin tykkjer eg er OK frå skodespelarens side, men er 100 % einig i at på manusfronten er karakteren gjort tam og meiningslaus. Og One Power-effektane og andre spesialeffektar har eg vel strengt tatt aldri vore supernøgd med i nokon episode, ei heller her.

Men det var som vanleg ting eg likte. Moiraine briljerer som vanleg, Ishamael var superb (både skodespelaren og måten serien handterar feilidentifiseringa med Dark One), eg klarte bry meg om Rands indre konflikt trass i ein heller passiv dynamikk i scenane, og Fain var akkurat slik eg vil han skal vere. Setta og kulissane ser flotte ut, og trass i irriterande småting likte eg (som vanleg) prologvignetten veldig godt her som i tidlegare vignettar.

*Notabene om CW-nivå på karakterinteraksjonar: Dette var mi største frykt før serien byrja, og den har hatt langt færre slike og langt mindre kleine slike enn eg ville vore redd. Så klagen er meir om at det framleis er slikt i serien, enn at det er for mykje av det, for ærleg talt hadde eg halvt venta meg mykje, mykje meir av det.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Post Reply