Hva leser du for tiden? II

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3338
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Då har eg lese meg à jour på Powers-samlingane til Bendis og Oeming (grafiske romanar om politietterforskarar i ei verd der superheltar og superskurkar finst) -- les desse mest fordi kona er stor fan, men det er generelt ganske bra og på sitt beste er serien, eh, super -- og skal av komplettismegrunnar no gi meg ut på ein tradisjonell ikkje-grafisk roman sett i same univers, trass i heller labre forventningar. Etter det ventar siste Black Company-kvartetten, som har lege på vent fordi eg ikkje ville dragse dei med meg i juleferien.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Eerath
Hengiven
Hengiven
Posts: 171
Joined: Fri Nov 06, 2009 20:41
Location: Vennesla

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Eerath »

Da har jeg hørt ferdig Rosamund Pike-versjonen av "Eye of the World". Fornøyelig opplevelse. Etter å ha hørt en sample av neste bok lest opp av Michael Kramer, fant jeg ut at jeg heller ville ta turen tilbake til Malazan-universet. Stoppet opp midt i Reaper's Gale for mange år siden, så nå hører jeg den fra begynnelsen. Synes den er omtrent like krevende å lytte til som den var å lese (sliter med tankekjør), så den tar nok sin tid å komme gjennom. Ellers har jeg fortsatt et par hundre sider igjen av Oathbringer. Planen er å fortsette på gjenlesning av Tidshjulet etter dette.
"Why do we fall, sir?"

"So that we might better learn to pick ourselves up."
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3338
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Eg har ei langtidsutsett gjenlesing av Malazan på planen (datt av omtrent same stad som deg sist), og eg planleggjer å bokstaveleg talt ta notat medan eg les denne gongen, så eg kan halde styr på karakterar og stadar mellom bøker. Tenkte dessutan google ei kronologisk rekkefølgje på bøkene eg allereie har lese for å sjå om det hjelp halde styr på alt (når eg når att dei eg ikkje har byter eg så klart til publiseringsrekkefølgje). Koste meg med dei bøkene sist (for, herregud, femten år sidan?!), men hugsar kjensla av at kule små detaljar gjekk meg hus forbi var stor og repeterande.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1027
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Malazan er en serie jeg egentlig har litt lyst til å lese om igjen. Kom meg igjennom, men merker at de siste bøkene ble mer selvtvang - selv om det var uten tvil bra. Siden det har jo særlig Erikson kommet med flere bøker i samme univers, så det er jo alltids mer å lese før en gjenlesning, kanskje?
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3338
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Jepp -- eg tenkjer i alle fall lese Kellanved og Dancer-prequelane hans (viss eg har forstått rett er det det dei er) før eg byrjar med gjenlesinga. Men eg har jo aldri lese ferdig, då.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Lothar
Asha’man
Asha’man
Posts: 282
Joined: Sat Nov 12, 2005 18:24

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Lothar »

Har gjort unna en tredel eller kanskje halvparten av Dust of Dreams selv. Det er vel på tide å plukke den opp igjen.

Har mest lyst til å lese mer av Rothfuss, GRRM og Lynch, men ...

Har også lyst til å fortsette med Bakker, har kun lest den første boken hans (flere ganger), men ettersom de ikke finnes på det lokale biblioteket og Erikson ligger i hylla hjemme blir det nok satt på vent.

Ellers har jeg nylig lest Six of Crows-duologien til Leigh Bardugo, etter at jeg så Shadow and Bone på Netflix som er basert på hennes univers. Six of Crows er underholdende bøker som minner om The Gentlemen Bastards-serien. Vil si de er omtrent på nivå med Red Seas Under Skies, men ikke like gode som The Lies of Locke Lamora.

Jeg følger egentlig ikke så mye med på hva som finnes der ute av nye fantasiserier. Er det noen nye som måle seg med Erikson og Martin?
Eerath
Hengiven
Hengiven
Posts: 171
Joined: Fri Nov 06, 2009 20:41
Location: Vennesla

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Eerath »

Det er godt å høre at det er flere enn meg som sliter med å surfe gjennom Malazan-serien. Erikson skriver jo vanvittig bra, men jeg har ikke evnen til å opprettholde konsentrasjonen 100% til enhver tid, så da går man ofte glipp av noe. Har lært meg å bruke malazanwiki flittig underveis denne gang.
"Why do we fall, sir?"

"So that we might better learn to pick ourselves up."
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3338
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Lothar wrote: Mon Jan 17, 2022 9:32 Har mest lyst til å lese mer av Rothfuss, GRRM og Lynch, men ...
Rothfuss har omtrent ikkje skreve eit ord utanom Kingkiller, nei. Lynch har eit par-tre noveller i halvobskure novellesamlingar rundt om kring, nokre av dei er ganske OK viss eg hugsar rett (men ikkje i nærleiken av romanane hans). GRRM har ein relativt stor bibliografi, har du lese heile? Fevre Dream er veldig bra, og det same er Hunter's Run som han skreiv med Gardner Dozois og Daniel Abraham (skjønt er vel sistnemnte som har gjort dei tyngste løfta der). Dessutan er Windhaven heilt grei skuring i sånn tradisjonell traust syttitalls-science fiction-stil. Eg har Tuk Voyaging førebels ulesen i hylla (komposittroman av diverse sci-fi-noveller med same hovudperson), men hugsar eg likte Tuk-historiane som dukka opp i novellesamlingane hans greitt nok, så vil tru den er i alle fall OK. Armageddon Rag er ein anna roman av han, men den verka ikkje så interessant på meg at eg er meint å lese den. Men den har godt rykte, trur eg. Og så har han ein drøss med noveller, dei fleste av dei ganske bra.
Lothar wrote: Mon Jan 17, 2022 9:32Har også lyst til å fortsette med Bakker, har kun lest den første boken hans (flere ganger), men ettersom de ikke finnes på det lokale biblioteket og Erikson ligger i hylla hjemme blir det nok satt på vent.
Biblioteket kan kanskje bestille det frå eit anna bibliotek? Meiner dei fleste gjer det? Har berre lese fyrste trilogien fordi oppfølgjarane av ein eller annan idiotisk grunn ikkje var å oppdrive i same bokstorleik (ein halvanna cm høgare) og så utsette eg det litt for lenge medan eg leitte, og andre ting vart prioritert. Men eg likte trilogien svært godt, absolutt mellom det betre eg har lese av storskala fantasy i seinare år.
Lothar wrote: Mon Jan 17, 2022 9:32Ellers har jeg nylig lest Six of Crows-duologien til Leigh Bardugo, etter at jeg så Shadow and Bone på Netflix som er basert på hennes univers. Six of Crows er underholdende bøker som minner om The Gentlemen Bastards-serien. Vil si de er omtrent på nivå med Red Seas Under Skies, men ikke like gode som The Lies of Locke Lamora.
Spanande! Det var tjuveradd-plottet i Shadow and Bone som skilte seg positivt ut for både meg og kona (resten var heilt greitt framstilt, men verka som plankekøyring fantasyhistorie-messig), så viss bøkene som gav opphav til den biten av serien fall i smak så skal eg jaggu skrive dei inn på mi eiga liste!
Lothar wrote: Mon Jan 17, 2022 9:32 Jeg følger egentlig ikke så mye med på hva som finnes der ute av nye fantasiserier. Er det noen nye som måle seg med Erikson og Martin?
Det gjer eigentleg ikkje eg heller ... Men skal prøve trekkje frå hugsa dei få som har skild seg svært positivt ut av dei eg har prøvd. Og då tolkar eg "nye" svært romsleg, altså, eg har ikkje akkurat fingeren på pulsen her:
Ingen av dei eg har prøvd i seinare år er heilt på høgde med Martin og Erikson. Dei nærmaste eg kjem på er ein enkeltroman heller enn ein serie -- eg las Raven Tower av Ann Leckie i fjor vinter. Og så ein som er tjuefem år gamal og absolutt ikkje "ny", men like bra, The Lions of Al-Rassan av Guy Gavriel Kay. Dei fall begge skikkeleg i smak for meg som seriøse fantasyverdenar med skikkelege karakterar og plott (skjønt Al-Rassan er ekstremt low magic, viss det har noko å bety -- er eigentleg meir av ein historisk roman sett i ei oppdikta verd). Vil setje dei to bøkene omtrent på nivå med Bakker, kvalitetsmessig (men mindre tungrodde å lese/følgje).

Eit lite kvalitetshakk under dei, men framleis svært bra i mine augo, kjem det eg har lese av Sanderson (Elantris-romanen og Mistborn-trilogien førebels, men er meint å lese meir snart), skjønt det er litt meir lettbeinte saker, kanskje meir i Rothfuss/Lynch-leia i tone enn Erikson/Martin.

Kunne godt tenkt meg å høyre kva fantasyforfattarar frå siste fem til ti åra andre her vil trekkje fram som på Malazan / Ice and Fire-nivå, er nettopp den type ting eg gjerne ser etter sjølv. :) Ryktemessig -- og basert på (science fiction-verka) Hunter's Run og fjernsynsserien av The Expanse -- vil eg tru Daniel Abraham sine fantasybøker kan vere vel verdt ein titt, men eg har ikkje fått tid til det sjølv enno.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Lothar
Asha’man
Asha’man
Posts: 282
Joined: Sat Nov 12, 2005 18:24

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Lothar »

Loki wrote: Mon Jan 17, 2022 22:12 GRRM har ein relativt stor bibliografi, har du lese heile?
Jeg har ikke lest noe annet enn ASoIaF og historiene om Dunk og Egg, så dette skal jeg sjekke ut. Jeg rekker sikkert å bli eldre enn GRRM var da han ga ut Fevre Dream før vi ser noe til Winds of Winter.
Loki wrote: Mon Jan 17, 2022 22:12 Spanande! Det var tjuveradd-plottet i Shadow and Bone som skilte seg positivt ut for både meg og kona (resten var heilt greitt framstilt, men verka som plankekøyring fantasyhistorie-messig), så viss bøkene som gav opphav til den biten av serien fall i smak så skal eg jaggu skrive dei inn på mi eiga liste!
Jeg tror du kommer til å like dem. Den første boken i duologien er Red Seas Under Red Skies hvis
RSuRS
the Archon hadde hyret for Locke og Jean for å stjele noe fra the Sinspire, med et litt større crew, istedenfor å gjøre pirater av dem.
Den andre boken er hakket bedre, syntes jeg. Hhv. 7/10 og 8/10, kanskje. Plot og karakterer/typer har en del likheter med Lynch, jeg tenker det er vanskelig å komme utenom når det gjelder slike tjuveradd-bøker.

Plottet i duologien har for øvrig ikke noe med TV-seriens første sesong å gjøre, selv om det er en del likhetstrekk. Men det samme er ikke tilfellet med sesong 2, ut i fra det jeg har lest om den. Så det spørs hva du vil ha spoilet - bøkene eller sesong 2. Hvis du rekker å sjekke dem ut før det kommer mer på Netflix, da, du har vel en ganske lang leseliste så vidt jeg har skjønt.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3338
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Lothar wrote: Tue Jan 18, 2022 14:48
Loki wrote: Mon Jan 17, 2022 22:12 GRRM har ein relativt stor bibliografi, har du lese heile?
Jeg har ikke lest noe annet enn ASoIaF og historiene om Dunk og Egg, så dette skal jeg sjekke ut. Jeg rekker sikkert å bli eldre enn GRRM var da han ga ut Fevre Dream før vi ser noe til Winds of Winter.
Sjekka no -- ser ut som om eg hugsa feil om at Armageddon Rag var debutromanen, det var den ikkje, men den var av typen som er kritikerrost men kommersielt kroken på døra (midlertidig, i GRRMs tilfelle, heldigvis). Og så har han eit par 'novelletter' i sci-fi/horror-sjangeren, Sandkings og Nightflyers, og ei fantasybok som eg trur er retta mot litt yngre lesarar (The Ice Dragon eller noko slikt?) men dei har eg ikkje lese.
Lothar wrote: Tue Jan 18, 2022 14:48 Jeg tror du kommer til å like dem. Den første boken i duologien er Red Seas Under Red Skies hvis
RSuRS
the Archon hadde hyret for Locke og Jean for å stjele noe fra the Sinspire, med et litt større crew, istedenfor å gjøre pirater av dem.
Den andre boken er hakket bedre, syntes jeg. Hhv. 7/10 og 8/10, kanskje. Plot og karakterer/typer har en del likheter med Lynch, jeg tenker det er vanskelig å komme utenom når det gjelder slike tjuveradd-bøker.
Høyrest absolutt ut som min type ting!
Lothar wrote: Tue Jan 18, 2022 14:48 Plottet i duologien har for øvrig ikke noe med TV-seriens første sesong å gjøre, selv om det er en del likhetstrekk. Men det samme er ikke tilfellet med sesong 2, ut i fra det jeg har lest om den. Så det spørs hva du vil ha spoilet - bøkene eller sesong 2. Hvis du rekker å sjekke dem ut før det kommer mer på Netflix, da, du har vel en ganske lang leseliste så vidt jeg har skjønt.
Det gjer eg nok neppe, nei, men har notert dei ned på lista med gåveidear til kona. Hennar leseliste er ganske lang i sin eigen rett, men svært mykje kortare enn min, og ho elskar Locke Lamora og likte som sagt tjuveradd-bitane i Shadow and Bone. Så viss eg gjer alvor av det er det ein litt større sjanse for at dei blir prioritert i alle fall i løpet av ein to-tre år eller så. :)

Når det gjeld kva eg les for tida har eg nett lese Malin Falchs tre fyrste Nordlys-teikneseriar, som var svært vakkert illustrert men kanskje litt enkel YA-fantasy, som eg imidlertid tykte vart betre utover i serien etter kvart som premisset er lagt og historia faktisk byrjar. Set no i gong med romanen Jurassic Park (som filmen er basert på), då me uventa fekk den til jul av ein kamerat. Kona las den fyrst og sa den var ganske bra, så tenkte det var fint om eg òg har fått lese den før neste gong me treffer han, og dermed har den hoppa til toppen av lesehaugen.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1027
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Så Shadow and Bone er faktisk å anbefale? Så tv-serien, syntes det ble for YA, spesielt hovedhistorien - men enig i at heist/tyveri-biten var det beste, og hvis det er i nærheten av Scott Lynch, så blir det jo enda mer fristende. Ikke at jeg har sjanse til å lese den før i kanskje 2030....
Manbearpig
Lothar
Asha’man
Asha’man
Posts: 282
Joined: Sat Nov 12, 2005 18:24

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Lothar »

En ting med Six of Crows er at karakterene der også er 16-17-åringer, men om man ikke visste dette så ville man nok ikke sett for seg det. Så jeg bare forstilte meg at de var i midten eller slutten av tjueårene, slik de faktisk fremstår. En fornuftig forandring i TV-serien. Man kan kanskje kritisere forfatteren for at dette virker urealistisk (selv om det kan argumenteres for at de har blitt tvunget til å vokse opp fort), men i mine øyne var det positivt ettersom jeg tror bøkene ville blitt betraktelig dårligere om alle hovedpersonene oppførte seg som tenåringer. Hvorfor karakterer i fantasybøker på død og liv skal være tenåringer, men oppføre seg som voksne, er en annen sak.

Jeg har lest litt av Shadow and Bone også, men det er bare "vanlig" YA. Foreldreløs jente (som også oppfører seg som tenåring) oppdager fantastiske krefter, drar på magiskole og skal redde verden.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3338
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Interessant at det du seier om hovudserien matcher forventninga/fordommen eg ville hatt frå serien, medan duologien om dei kriminelle matcher håpet serien gav meg om at den ville vere betre. Er jo trass alt same forfattar og same univers. (Vil gå ut ifrå det er difor dei er tenåiringar, forresten -- hovudpublikummet vil jo vere dei som likte YA-bøkene some allereie var skrevne, og tanken er vel at dei vil ha hovudpersonar i eigen aldersgruppe?)
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1027
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Når det kommer til nye GRRM, nye Malazan osv., altså de store fantasyseriene, merker også jeg at jeg sliter med å holde følge. Har ikke så mye oversikt over de seriene man burde få med seg. Mye tror jeg kanskje kan være fokuset på YA-fantasy? At det er det som fremmes mye i media/av forlagene? Eller tar jeg bare veldig feil? Det har vel også med informasjonsmengden, litt sånn som med tv-serier og musikk: Internett har gjort tilgangen så lett og massiv, at det er utrolig vanskelig å ha oversikt. Det gis kanskje ikke ut så mange flere bøker hvert år, men vi vet om flere, som gjør oversikten vanskeligere?

Kanskje er lesehastigheten blitt så lav, at jeg bruker så mye tid på å lese at det å gyve løs på store serien heller ikke frister?

En nettside som "bestfantasybooks" er vel knapt oppdatert siden 2015 også. Husker jeg brukte den en del. http://bestfantasybooks.com/
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3338
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Vel, for min del har eg aldri helde så mykje oversikten -- eg fekk vel dei innsiktene eg hadde stort sett gjennom fora som dette, når andre som var betre informerte delte det dei høyrte -- så dei eg veit om no er enten via samtalar med andre som les i sjangeren, eller via tilfeldige Internett-artiklar og nyheitsbrev. Stundom via tweets eller bloggpostar frå forfattarar eg likar (men eg er veldig sporadisk med å sjekke/lese slike, så der kan det gå månadsvis med ting som går meg hus forbi), gjerne rundt Hugo- og Nebula-tider. I reklameseksjonen mellom desse kjeldene er det så klart somme som får mykje merksemd fordi det blir laga fjernsyn eller film av dei (som Witcher eller Shadow and Bone i desse dagar), men det er ofte litt eldre bøker, sjeldan dei nyaste. Av dei nyaste det ofte er mykje blest om, både i kampanjemateriell og i mindre kommersielle samanhengar, så er det gjerne bok 1 av ein planlagt serie, eller eventuelt enkeltståande bøker. Så det blir ikkje heilt det same som å høyre positive ting om ein ny lang serie som er på bok 4 og framleis har godt rykte, eller ein nyleg fullført trilogi e.l.

Trur kanskje i tillegg -- frå dette inntrykket -- at lange, endelause seriar av typen til Jordan eller Erikson er blitt litt mindre standard enn kva det var for femten og tjue år sidan, og at det no er mykje enkeltbøker og småseriar på to til fire bind som blir skreve -- eventuelt som deler kontinuitet og univers med andre seriar, men ikkje forsøker vere ei einaste gigantisk lang forteljing. Og at unntaka frå denne tendensen er nettopp YA-biten av sjangeren, der tenåringane gladeleg sluker samlebandsproduksjon av tjue verker om same hovudpersonane. Men det blir rein spekulasjon, då, eg har ikkje noko belegg for det utover mine vage inntrykk over tid.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Post Reply