Etter sesong ein

Diskuter TV-serien her

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Etter sesong ein

Post by Loki »

Heisann! Velkomen attende!

Det er vanvittig mykje lengre sesongar ville ordna, men må innrømme eg er usikker på om fleire episodar vil auke kvaliteten på akkurat dialog ... Det sagt så er eg heilt klart einig i resten av det du skriv. Inklusive at eventuell mirakelhelbreding burde vore Nynaeve på Egwene. Reknar med dei tenkte at me allereie hadde sett Nynaeve utføre eit avsindig mirakel ingen venta seg tidlegare i sesongen og at dei ville byggje opp Egwenes krefter litt i same retning, men heilt klart eit tap for verdsbygginga at dei ikkje skiljer mellom sterk i Power og talent i spesfikke bruksområder.

Karaktermessig trur eg òg at eg er cirka der du er. 6,5/10 omtrent. Ville kanskje runda opp til 7 heller enn ned til 6 viss eg måtte ta eit val eine vegen eller andre, eg likte midten av sesongen veldig godt og ein smålaber slutt klarte ikkje heilt å fjerne den positive overraskinga eg opplevde tidlegare.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
WoTle
Soldat
Soldat
Posts: 55
Joined: Mon Dec 06, 2021 19:02
Location: Bergen
Contact:

Re: Etter sesong ein

Post by WoTle »

Eg trur eg landar på 7/10 for heile sesongen. Det er mange enkelttilfelle der den nærmar seg 8-9, for eksempel Rand/Mat/Tom i episode 3, Drake-avsløringa i episode sju, Blodsnø-scenen i episode 7, mange av scenene i Tar Valon, osv. Det er likevel like mange enkelttilfelle som drar den ned mot 6, så eg endar på 7/10. Hadde siste episode halde same nivå som episode sju, trur eg likevel heilskapen hadde vore nærmare 8/10.
Loki wrote:Det sagt så er eg heilt klart einig i resten av det du skriv. Inklusive at eventuell mirakelhelbreding burde vore Nynaeve på Egwene. Reknar med dei tenkte at me allereie hadde sett Nynaeve utføre eit avsindig mirakel ingen venta seg tidlegare i sesongen og at dei ville byggje opp Egwenes krefter litt i same retning, men heilt klart eit tap for verdsbygginga at dei ikkje skiljer mellom sterk i Power og talent i spesfikke bruksområder.
Eg er einig i at dei trong å visa at Egwene er mektig, og at Nynaeve allereie har hatt nok av slike augeblikk i sesongen. Eg skulle likevel ønskt at dei hadde gjort det på ein annan måte, både fordi falske dødsfall er irriterande og fordi Egwene ikkje har noko særleg Talent for Helbreding.

Når det gjeld endringar frå bøkene: Eg er veldig for å gjera endringar der dei tener eit føremål. Eg syntest det var sterkt å sjå Moiraine og Siuan som partnarar, ikkje berre putevennar. Eg synest det var ein god idé å gjera både Lan og Aes Sedaiane mindre stoiske. Den nye bakgrunnshistoria til Mat bidrog òg godt til karakterutviklinga hans (eg skulle ønskt eg kunne seia det same om Perrin; så langt har konedrapet hans hatt veldig laber effekt på karakterutviklinga).

Med det sagt: Eg trur nokre av endringane (som vi har vore inne på tidlegare) var uklokt. Eg ser gong på gong ar hardbarka fans av TV-serien skriv at bokfans ikkje er hovudmålgruppa, og at dei ikkje eingong er viktige for serien sin suksess. Der trur eg dei bommar kraftig. Bokfans har (både med og utan god grunn) gitt låge rangeringar av serien på IMDB, Rotten Tomatoes osv. Låg rangering kan ha ein negativ effekt på serien.

Førebels er eg likevel som nemnd optimistisk for sesong 2. Eg trur dei neste bøkene vil krevja mindre omfattende endringar for å funka på skjermen.
Asphyxiate wrote:skal få hørt på podcasten din WoTle når jeg får tid
Null stress! Podkasten er no der, hehe, den går ingen plass
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar (nesten) kvar veke.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Etter sesong ein

Post by Asphyxiate »

Når vi snakker om bokfans og negative ting i kommentarfelt, tar det feks litt "av" hos den of geek: https://www.denofgeek.com/tv/the-wheel- ... to-expect/ OG dette er ikke nærheten av det verste jeg har lest heller. Selv om jeg er nok mer negativ enn positiv etter s1, så viste s1 nok kvalitet her og der til at de kan få det til å fungere og jeg forstår ikke at folk vil nekte å se s2 eller mene at hele serien er ødelagt.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Etter sesong ein

Post by Loki »

WoTle wrote: Sat Jan 08, 2022 11:51Hadde siste episode halde same nivå som episode sju, trur eg likevel heilskapen hadde vore nærmare 8/10.
Ditto.
WoTle wrote: Sat Jan 08, 2022 11:51 Eg er einig i at dei trong å visa at Egwene er mektig, og at Nynaeve allereie har hatt nok av slike augeblikk i sesongen. Eg skulle likevel ønskt at dei hadde gjort det på ein annan måte, både fordi falske dødsfall er irriterande og fordi Egwene ikkje har noko særleg Talent for Helbreding.
Ditto.
WoTle wrote: Sat Jan 08, 2022 11:51Når det gjeld endringar frå bøkene: Eg er veldig for å gjera endringar der dei tener eit føremål. Eg syntest det var sterkt å sjå Moiraine og Siuan som partnarar, ikkje berre putevennar. Eg synest det var ein god idé å gjera både Lan og Aes Sedaiane mindre stoiske. Den nye bakgrunnshistoria til Mat bidrog òg godt til karakterutviklinga hans
Ditto.
WoTle wrote: Sat Jan 08, 2022 11:51 (eg skulle ønskt eg kunne seia det same om Perrin; så langt har konedrapet hans hatt veldig laber effekt på karakterutviklinga).
Vil kanskje heller sei at så langt er konedrapet det einaste me har sett av karakterutvikling. Er einig i at det ikkje naudsynleg er ei god endring, men utan det har han vel ikkje hatt utvikling eller historietrådar i det heile tatt ... (Ser i denne samanheng Way of the Leaf-tråden hans som ei direkte fortsetjing av og vidareføring av plottet dei starta med konedrapet.)
WoTle wrote: Sat Jan 08, 2022 11:51 Eg trur dei neste bøkene vil krevja mindre omfattende endringar for å funka på skjermen.
Det høyrdest rimeleg ut med det same eg las posten din, og ville vore tilfellet i dei fleste fjernsynsadapsjonar straks ein vart ferdig med fyrsteboka, men ... Eg trur diverre at sidan dei no skal byrje skvise vel 2 bøker inn per sesong vil me sjå stadig meir omfattande endringar, heller enn mindre og færre. :/ Kryssar fingrane for at eg tek feil, då.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Etter sesong ein

Post by Asphyxiate »

Bytte navn til "Ditto", Loki??


Serien er nå så endret sammenligna med bøkene som vil få så store følgekonsekvenser, at det blir noe helt annet enn en ren bokadapsjon. Regner jo med at de tar med seg mye fra bøkene framover, men spent på hvordan det faktisk blir og hvor mye av hovedtrekkene og hvor mye av detaljene som blir værende. Når vi nå går framover, er jeg spent på om jeg klarer å holde dette skillet i hodet når s2 kommer i gang. Jeg er også ikke i mot endringer (selvfølgelig ikke) og har hele tiden tenkt at vi får se an hvordan de løser det, men må si de ikke helt landa det i s1.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Etter sesong ein

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Mon Jan 10, 2022 8:44 Bytte navn til "Ditto", Loki??
Forsøkte å ha det litt gøy med at eg var einig med han i alt og så plutseleg var eg ikkje einig lenger. I make my own fun.
Asphyxiate wrote: Mon Jan 10, 2022 8:44 Serien er nå så endret sammenligna med bøkene som vil få så store følgekonsekvenser, at det blir noe helt annet enn en ren bokadapsjon. Regner jo med at de tar med seg mye fra bøkene framover, men spent på hvordan det faktisk blir og hvor mye av hovedtrekkene og hvor mye av detaljene som blir værende. Når vi nå går framover, er jeg spent på om jeg klarer å holde dette skillet i hodet når s2 kommer i gang. Jeg er også ikke i mot endringer (selvfølgelig ikke) og har hele tiden tenkt at vi får se an hvordan de løser det, men må si de ikke helt landa det i s1.
For meg er det så langt ikkje endringar frå bøkene som er hovudproblemet (skjønt dei tinga eg har mislikt ville nok vore langt betre viss dei hadde halde seg nærmare bøkene generelt sett), men ser for meg at det gjerne vil bli hovudproblemet i framtidige sesongar når det som du seier blir større og større følgjekonsekvensar.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
WoTle
Soldat
Soldat
Posts: 55
Joined: Mon Dec 06, 2021 19:02
Location: Bergen
Contact:

Re: Etter sesong ein

Post by WoTle »

Kva er det vi er mest spente på når det gjeld sesong to, då?

Eg er gler meg til/er spent på:
- Verin! Eg er skikkeleg spent på korleis karakteriseringa av ein av mine favorittkarakterar blir.
- Den mystiske baben som sikkert ikkje er ei av dei Fortapte
- Meir utforsking av magisystemet
- Rand som ser (del av) den mannlege Choedan Kal-statuen for første gong
- Seanchankulturen, med alt den inneber (klede, frisyrar, maktstrukturar, damane, eksotiske dyr)
- Vandene og Adeleas? (ikkje umogleg at dei kuttar den delen av historia, då)
- Liandrin blir avslørt som Svart Ajah
- Egwene, Nynaeve og Elayne i Falme
- Mat blir Hornblåsaren
- Ingtar (Kanskje Yakota; eg trur han som spelte Ingtar slutta)
- Cairhien
- Elaida?

Ooog, viss dei insisterer på å ta bok tre i same sesong, gler eg meg til å sjå:

- Faile
- Noam/Boundless, viss dei ikkje sløyfar den historia
- Elyas? Håper han kjem inn i bildet snart.
- Jakta på den Svarte Ajahen i Rift
- Fleire Aiel
- Steinen i Rift

Har sikkert gløymt noko, men dette er i alle fall noko av det eg er spent på å sjå.

Har forresten høyrt eit rykte om at sesong 2 kjem i midten av 2022; visstnok glapp det ut av Priyanka Bose (Alanna) under ein livestraum. Spørs kor mykje hald det er i det ryktet, men etter at sesong 1 fekk ein såpass polariserande slutt skjønner eg godt om dei vil komma i gang med sesong 2 relativt kjapt, slik at folk held fram med å vera interesserte i serien.
-
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar (nesten) kvar veke.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Etter sesong ein

Post by Loki »

Må innrømme at eg ikkje hugsar nok av kva som skjer i kva for ei bok til at eg kan tilføye noko på ei slik liste -- men av det du lister der er det Verin og alt som har med mørkefrender / svart Ajah og Dei fortapte å gjere som er dei store tinga for meg. Og Elaida på ein litt fjernare fjerdeplass.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
WoTle
Soldat
Soldat
Posts: 55
Joined: Mon Dec 06, 2021 19:02
Location: Bergen
Contact:

Re: Etter sesong ein

Post by WoTle »

Teaseren til sesong 2 såg lovande ut! Prøver desperat å ikkje bli så gira at eg blir skuffa når den kjem ut.

Elles: Kor lang tid har dei tenkt å bruka på å annonsera premieredatoen? Det er snart eit år sidan slutten av sesong.
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar (nesten) kvar veke.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Etter sesong ein

Post by Asphyxiate »

Tja, de ville vel ikke legge den for tett opp til Rings of Power tenker jeg, og nå er det litt snaut med tid før jul - selv om de klarte det i fjor. Håper ikke at det at lanseringsdato ikke har kommet ennå er pga. andre problemer med produksjonen, men vet jo at postproduksjonen skal ta noe tid denne gangen. Som kanskje er bra, da ikke all CGI-en var så god i s1.
Manbearpig
Triyan
Sauegjeter
Sauegjeter
Posts: 3
Joined: Sun Aug 28, 2022 15:01

Re: Etter sesong ein

Post by Triyan »

Jeg er allerede vanvittig gira på sesong 2, og er helt overbevist om at den blir kjempebra. Jeg ser ikke for meg det kan skje noe lignende som Covid som påvirket de to siste episodene i den første sesongen. Jeg er lykkelig naiv på denne måten, men synes det er uhørt å ikke ha fått noen premieredato enda.
WoTle
Soldat
Soldat
Posts: 55
Joined: Mon Dec 06, 2021 19:02
Location: Bergen
Contact:

Re: Etter sesong ein

Post by WoTle »

Eg har akkurat sett sesong éin på nytt med resten av podkast-gjengen, og eg må seia at ein del av endringane eg verkeleg ikkje likte då eg såg dei første gong, ha vakse litt på meg.

Det einaste eg framleis har STORE problem med er:

1. Waygate som krev Krafta for å brukast, i tillegg til at den ikkje står i ein Ogier Grove (designet av Waygatane er litt meh, men eg kan leva med det).

2. Utbrenning og Healing i siste episode.

Resten kan eg forsåvidt leva med, sjølv om det ikkje er alt eg er superfornøgd med. Alt i alt liker eg serien betre enn til dømes Rings of Power, og eg synest dei har gjort mykje rett. Gler meg sjukt til sesong 2!
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar (nesten) kvar veke.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Etter sesong ein

Post by Asphyxiate »

Så får vi se når sesong 2 faktisk kommer. De er vel noe uklare, men noe rundt "sommer-høst".
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Etter sesong ein

Post by Loki »

WoTle wrote: Tue Dec 13, 2022 21:36 Alt i alt liker eg serien betre enn til dømes Rings of Power, og eg synest dei har gjort mykje rett. Gler meg sjukt til sesong 2!
Eg vil sei at mitt inntrykk er at Wheel of Time er ein betre adapsjon av kjeldematerialet, men at Rings of Power var ein betre fjernsynsserie sett i isolasjon. (Altså, i den grad at eg greier ikkje å rive meg i håret av kva dei gjer med Tolkiens univers og berre sjå det som om eg aldri hadde lese eller sett eit ord om Middle-Earth før, så tykkjer eg RoP er ein tydeleg jamnare og meir fengande -- samt penare å sjå på -- serie enn WoT så langt.) Håpar uansett dei begge blir betre i andresesongane.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Post Reply