Thrawn Ascendancy: Chaos Rising av Timothy Zahn

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Post Reply
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3137
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Thrawn Ascendancy: Chaos Rising av Timothy Zahn

Post by Loki »

Mannen som ein dag skal bli det einaste ikkje-mennesket til å nå ein av dei høgste militære gradene i Palpatines xenofobiske imperium, kjem frå ein fjern del av galaksen, langt frå republikken og klonekrigane som herjar der. I denne boka (og to romanar som følgjer den) får me høyre om hans tidlege, før-imperiale militære karriere, om den mystiske sivilisasjonen han kjem frå, og kanskje aldri så lite om kva ein mann med så sterk sans for rettferd og verdien av intelligent liv hadde som eigentleg motivasjon då han bestemte seg for å tilby tenestene sine til gruvsame keisar Palpatine.

Image

Eg har generelt sett slutta bry meg med Star Wars-bøker og -teikneseriar etter at Disney tok over og sletta den gamle kontinuiteten (og makkverket som dei kalla episode IX bekrefta vel det som rett val), men eg har gjort eit unntak for Thrawn-bøkene, sidan det er karakteren sin opphavlege skapar Timothy Zahn som framleis skriv romanane om han i den nye kontinuiteten òg. Medan han i pre-Disney-kontinuitet alltid var i ei antagonistrolle (om enn ei nyansert og ærbar sådan), er alle bøkene han har vore med i sidan rebooten snarare fokusert på historiar der han er hovudpersonen (skjønt ikkje protagonisten -- Zahn passer alltid på å gi han eit Doctor Watson-esque sidekick eller to som lesaren sitt vindauge til handlinga). Dette har hatt både positive og negative sider, og denne boka, som er den fyrste i ein opphavstrilogi om Thrawn før han verva seg inn i Imperiet, fortset med begge.

Thrawn er og har alltid vore ein karakter etter Sherlock Holmes-malen -- han ser det same som alle andre, men på eit eller anna vis får han alltid langt meir informasjon ut av det han ser enn andre klarar, og trekkjer konklusjonar og legg planar som verkar uforståelege, heilt til dei blir utført, og då verkar dei plutseleg enkle og elegante. Med tanke på kor mange bøker det etter kvart er blitt (dette er den fjerde etter Disney tok over, og i tillegg var vel Thrawn involvert i større eller mindre grad i ein seks-sju i den gamle kontinuiteten) er det imponerande at Zahn framleis klarer finne på slike augneblinkar. Han lykkest ikkje alltid like godt -- ofte avheng avsløringane litt for mykje av hendig informasjon som karakterane har, men ikkje lesaren, som eksistensen av ein gass som gjer akkurat det Thrawn treng i denne boka, til dømes -- men stort sett fungerer det. Og det er det som er attraksjonen med karakteren.

Problemet med å gjere han til hovudpersonen er at det som gjer han formidabel som skurk gjer han for Mary Sue-aktig som helt. Han treng svakheiter, og akilleshælen Zahn har gitt han i Disney-kontinuiteten (han forstår ikkje politiske intriger i det heile tatt) følest altfor tvungen for meg. Den passar ikkje overeins med ferdigheitene hans -- all logikk tilseier at han burde vere like flink til å forstå motivasjon, skjulte agendaer og tvetydige handlingar i ein politisk kontekst som han stadig og med lettheit er i militære samanhengar. Det spake forsøket Zahn har på å forklare skilnaden gjorde berre problemet større for meg, sidan rasjonalet som vart presentert ikkje passar med situasjonane der Thrawn har vore politisk blind i løpet av historia. Men, men. Eg forstår at han treng ei svak side, eg skulle berre ynskje det var ei som gav meir meining for karakteren.

Det andre problemet, i den grad det er eit problem, er trongen til ein Doctor Watson-karakter i alle desse bøkene. Desse karakterane er gjort til smarte, kompetente folk som lesaren kan like og som fort blir lojale til Thrawn personleg, slik at ein som lesar ikkje sit og ergrer seg over synsvinklene. Og det fungerer, på sett og vis. Men i tur gjer dette Thrawn mindre spesiell -- han er litt betre enn dei rundt han, jau, og eksentrisk og rar, men når 'alle' hovudpersonane er ressurssterke, intelligente folk som ofte klarer løyse problem heilt på eiga hand blir tittelkarakteren mindre spesiell. Og heile poenget med desse bøkene, grunnen til at eg og andre som meg les dei, er jo nettopp at tittelkarakteren er ein stor hit blant fans, som me gjerne vil sjå briljere. Denne boka er imidlertid som sagt fyrste av ein prequeltrilogi der Thrawn er langt tidlegare i karrieren sin, så det gir meining at Zahn vil gi han ein retning å gå, og gjere han nokre hakk mindre imponerande enn han seinare vil ende opp med å vere. Kryssar fingrane for det.

For Zahn skriv godt -- som ein kanskje kan gjette seg til sidan eg gjer eit unntak for han i Disney Star Wars-boikotten min (eit unntak som det kanskje burde nemnast at eg òg gjer for fjernsynsseriane). Historia er spanande, fienden i den er slu og kjennest som ein verdig motstandar, og sjølv om eg mislikar forklaringa på Thrawns påtvungne svake punkt, kan eg ikkje nekte for at resultatet av hans politiske analfabetisme er spanande og interessante utfordringar for karakteren å stri med. Eg likte nok Chaos Rising mindre enn dei tre føreståande bøkene Zahn har skreve i disneykontinuiteten (som tok for seg Thrawns tidlege karriere i Imperiet, altså nokre år seinare enn denne boka), men eg hugsar at den fyrste boka var den minst imponerande av dei òg, så eg har ganske fine håp om resten av denne nye trilogien.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Post Reply