Tusenårsriket av Tonny Gulløv

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Post Reply
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3137
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Tusenårsriket av Tonny Gulløv

Post by Loki »

Ei lita skogsstamme i Storbritannia blir angrepne av vikingar. Berre guten Ulv er meir fascinert enn skremt, for han hugsar alle historiane hans daude mor fortalte om heimlandet hennar, på Fyn, mellom danane som Ulv alltid har rekna som sitt eige folk. Og slik startar ein bildungsroman om ein gut som mest av alt vil vere akkurat som desse folka som plyndrar, drep og valdtek medan dei ler og spøker på hans mors språk.

Det seier seg sjølv at det dermed ikkje er ei bok for alle. Ein må ha ein drabeleg porsjon moralsk relativisme innabords, og evne sjå ting slik ein i dåtida såg dei. Men det sagt, så er boka ganske lettlesen, og trass eit ganske høgt sidetal går den med godt tempo der eg sjeldan eller aldri kjedar meg og ventar på at ting skal skje.

Image

Eg tykkjer Gulløv skriv ganske bra, på ein effektiv, direkte måte. Det er lite unaudsynlege skildringar, men ein får likevel eit ganske malande inntrykk av 900-talets Skandinavia. Forfattaren er som eg indikerte over særleg flink til å ikkje projisere moderne verdiar på det som skjer, slik at me blir servert ein hovudperson som utan samvitskvalar vurderer ting me ser som fullstendig forkasteleg, som til dømes å impulsofre ein lojal trell til Tor då han midt i eit slag kjem på at han har gløymt å signe våpenet sitt. Det skal likevel seiast at Gulløv er forsiktig med å late denne typen valdsame etikk-kontrastar bli verande i hovudet på karakteren, og viss dei blir overført i handling er det fort forbigått eller berre hinta til, slik at lesaren slepp slite for mykje med å heie på hovudpersonen.

Hovudpersonen er eit sjølvinnrømt brushovud som er stor i kjeften og større i ambisjonane, som tek all motgang i livet som midlertidig og irriterande, og all medgang som sjølvsagt og gudegiven. Det er kanskje litt urealistisk akkurat kor sta og sjølvsikker han framleis er på det verste, men det blir i det minste formilda av at fortellerrøysta er hovudpersonen som gamal, og langt visare, mann, som sjeldan går av vegen for å håne sitt yngre sjølv.

Boka si største svakheit er at den avheng av eit samantreff omtrent ein fjerdedel inn i historia som er så fullstendig usannsynleg at det undergrev heile verket. Det er det einaste slike, og hendingane i boka verkar elles alle rimeleg realistiske, men talet på ting som fell akkurat på plass til akkurat rett tid og stad i denne problemhendinga ville berre kunne vore plausibelt i ei fantasybok der gudane er verkelege og kan manipulere det som skjer. Det trur rett nok karakterane her òg at dei kan, men det er ingen reell indikasjon til lesaren på at dei har gjort det, og sjølv om boka på andre stadar hintar til at det kanskje er litt meir enn rein overtru bak åsatrua, blir det aldri trekt fram som ein forklarande faktor her.

Men, men. Elles fungerer det heile bra. Farten er finfin, karakterane relativt minneverdige, og finalen er stor og spanande -- skjønt boka som heilskap er litt tilfeldig inndelt. Somme kapittel er eviglange og omhandlar mange ulike større hendingar over lange tidsperiodar. Andre er berre på eit par sider og kunne lett vore ein del av eit større kapittel. Og det er òg litt tilfeldig kvar boka sluttar. Hovudpersonen får slåst i sitt fyrste store slag, men det er ikkje elles noko naturleg sluttpunkt. Det er meir som om me får servert heile livshistoria hans, og bok 1 stoppar her mest fordi innbindinga ikkje ville klart så ofseleg mange fleire sider. På den andre sida bidreg jo det til at det kjennest som ei 'ekte' livshistorie, sidan slike openbart ikkje har dramatiske sluttpunkt som fint nøstar saman alle trådar med jamne intervallar.

Har kjøpt toaren, så skal segle i den med ein gong.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 907
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Tusenårsriket av Tonny Gulløv

Post by Asphyxiate »

Veldig interessant. Denne typen bøker (historiske romaner) finnes det jo en del av, også fra vikingtiden, men av en eller annen grunn har jeg aldri lest så mange av dem. Vet ikke hvorfor, men kan ha med at jeg ofte ser, men kanskje ikke alltid liker filmer/tv-serier satt til vikingtid og middelalder da det er den perioden/tematikken i historien jeg kan mest om og som gjør at jeg leter etter feil fremfor å nyte. Men jeg har lyst til å lese flere, så denne skal absolutt vurderes.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3137
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Tusenårsriket av Tonny Gulløv

Post by Loki »

Den er finfin, men ikkje noko Spesielt, i mine augo. Hakket betre tempo og artigare lesning enn Den siste vikingkongen-serien til Jan Ove Ekeberg sett eit knapt sekel seinare, som er det nærmaste dette eg har lese siste åra. Men til gjengjeld blir eg ikkje fullt så kjenslemessig investert i hovudpersonen i Tusenårsriket, og boka er nokre hakk meir spekulativ og mindre 'historisk' og informativ i kjensla enn Ekeberg er. Ikkje slik å forstå at Gulløv etter mi beskjedne forståing av perioden motseier fakta, men han føler seg openbart ganske fri til å dikte opp det han føler for mellom linene, som til dømes i religionsutøvinga der me jo veit ganske lite.

Historiske romanar har eg lese lite av sjølv òg. Forstår godt kva du meiner om å sjå etter feil -- eg forsøkte meg på ei bok sett i seinrepublikansk Roma ein gong, og måtte gi opp før eg eigentleg fekk eit inntrykk av historia fordi ubetydelege småting skurra altfor mykje for meg. (Det skjer for all del ikkje kvar gong, men det skjer ofte.) Men har alltid hatt lyst til å lese litt meir i sjangeren. Delvis difor -- og delvis for å forsøke støtte at ting blir utgitt på norsk -- at eg plukka opp denne boka.

Det sagt så er Tusenårsriket meir av ein historisk roman i tråd med ting som De tre musketerer eller The Last Kingdom (me følgjer ein oppdikta person som har eventyr der verkelege menneske og hendingar vever inn og ut av livet hans), enn ting som Den siste vikingkongen, der både hovudperson og plott grovt sett er basert på historiske fakta. Så det er ein lettversjon av sjangeren.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Post Reply