Hva leser du for tiden? II

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Deschain
Soldat
Soldat
Posts: 31
Joined: Thu Apr 25, 2019 18:10

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Deschain »

Ouffff… Spørs hvor godt kommer til å like dem utover, men kan være jeg rett og slett bare kommer til å fokusere på de 10 bøkene i hovedserien. Per nå går det ganske fort fremover. Fått frest gjennom 100 nye sider idag. Overraskende god driv mtp hvor mye kritikk førsteboka har fått på diverse forum.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Jau, eg minnest at eg ikkje var veldig imponert over fyrsteboka sjølv, sjølv om eg likte den langt betre mot slutten, men at det var seinare bøker som verkeleg vann meg over. Men det hadde mykje med at eg sleit med å setje meg inn i verda og karakterane sidan alt var så in medias res og så lite blir forklart. Håpar at eg med meir kjennskap til ting vil få meir ut av den neste gong.

Når det gjeld spinoffane, jepp, kan nok bli langt mindre skremmande viss du fokuserer kun på hovudserien. Det meste av det er jo uansett ganske lite relatert, med unntak av Esslemont-bøkene. Flesteparten av bøkene hans fokuserar som nemnt på ting som skjer parallelt med hovudhistoria, men som du lett kan unnvere. Den andre er ein pågåande prequelserie som eg trur (i alle fall delvis) omhandlar grunnlegginga av imperiet, og dermed (gissar eg) karakterane Kellanved og Dancer. Så vil tru at i begge tilfelle er det ting du lett framleis kan få fullt utbytte av å lese etterpå viss du framleis har meirsmak.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Tror nok også at man fint kan gå for hovedserien til Erikson, så spe på med Esslemont, før man begynner på de andre seriene til Erikson i samme univers - og evt. korthistoriene.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Då var bok 3 av Temeraire-serien, Black Powder War, ferdiglesen! Dette er altså ein alternativ historie-romanserie om napoleonskrigane i ei verd mykje som vår, bortsett frå at drakar er verkelege og luftstyrkar dermed ein essensiell del av all krigføring gjennom historia. Kan rapportere at Novik fortset med å vere flink til det eg likte i bok 1 (det genuine og hjartevarmande forhaldet mellom kaptein Will Laurence og draken hans, periodeframstillinga, kjapt og engasjerande tempo), medan ho for kvar bok blir betre og betre på å minimere det eg ser som hennar største svakheit, nemleg at alle problem ordnar seg til slutt, utan av hovudpersonane må gi opp noko eller gjere noko anna enn dei nok ville gjort uansett. I bok 1 skjedde dette stadig, om igjen og om igjen. I bok 2 skjedde det langt sjeldnare, men 'hovudresolusjonen' i finalen baserte seg tungt på eit slikt hendig tilfelle. I bok 3 skjer det berre ei handfull gonger, og kvar gong er det i det minste lagt inn hint til at det kan skje tidlegare i boka, og karakterane sjølve har (om enn uintensjonelt) vore med på å få det til å skje. Det kan dermed verke på meg som om Novik er noko så sjeldan som ein forfattar som blir oppmerksam på sine eigne svake punkter og aktivt betrar seg på dei frå bok til bok.
Bøkene er litt for lettfattlege og enkle for meg til at eg vil lese haugar på rekkje og rad, men eg tykkjer dette er finfine saker lell, så har lagt ein vag plan om å kjøpe eit nytt bind per år, og lese resten av Temeraire litt etter litt. Det verkar det som om den vil vere vel verdt.

I mellomtida har eg òg lese Grant Morrisons teikneserieroman Happy!, der ein alkoholisert og avdanka ekspolitimann som no livnærerer seg som leigemordar, ein dag byrjar sjå (eller hallusinere?) ein blå flygande teikneseriehest som oppfører seg og snakkar som nokon frå Looney Tunes, og som insisterer på at han er fantasivenen til ei lita jente som er bortført, og berre dette vraket av ein mann kan hjelpe ho. Serien er nok ein av Morrison teikneseriar der han viser ein uforklarleg evne til å kombinere mørk, ofte horribel og valdeleg tematikk med ting som tradisjonelt er fargerike og barnevennlege. Det fungerer ikkje alltid like bra, men det fungerer alltid betre enn ein skulle tru. Tidlegare har eg lese Batman-seriar av han der han i fullt alvor hentar fram element og karakterar frå 1960-talls 'pow!' og 'holy batarangs, Batman' som seinare, mørkare Batman-seriar for lengst har forsøkt late som aldri eksisterte, og bruker dei i moderne, grimme historiar som om dette var heilt vanleg. I 'All-Star Superman' gjer han noko liknande med Superman, eit tobindsverk mange fans av karakteren ser på som ein av dei definitive tolkningane. Eg har lese Klaus, ein slags 'kva om julenissen var ein Conan Barbaren-aktig type'-serie. Eg har lese nydelege 'We3', ein hårreisande teikneserieroman om tre søte dyr (kanin, hund, katt) som er blitt eksperimentert på og gjort til drapscyborgar -- av alt eg nemner i denne posten, det eg kan tilrå mest og varmast.

Men for å komme tilbake til Happy! -- den er finfin nok, ei spanande og effektiv forteljing med eit snålt premiss, 'heilt grei' er vel inntrykket eg fekk. Så den bleiknar i forhold til den fantastiske Syfy-serien som vart basert på den, der det brutale er meir brutalt, det heilsprø er meir heilsprø og både politimannen og den flygande fantasivenen er langt meir sjarmerande. Eg las teikneserien mest fordi eg likte adapsjonen så godt at eg ville vite kva den kom frå -- og den var overraskande tru til kjeldematerialet, med tanke på kor grundig den forbetra det. Så viss dette høyrest interessant ut, men leselista er for lang: Sjå heller fjernsynsserien.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Tv-serie-versjonen av Happy! har jeg sett. Synd det ikke ble mer enn to sesonger, for det var artige saker!
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Ja, det var ei brutal -- om enn venta, eg har aldri undersøkt men nektar å tru at det var ein serie med brei masseappell -- kansellering! Viss du har sett heile serien kan det vere av interesse å vite at sesong 1 er forbløffande nærliggjande teikneserien, særleg pilotepisoden, på historiefronten. Men karakteren Happy -- sjølv om han ser identisk ut i teikneserien -- er heilt annleis. I teikneserien er han meir slik ein karakter som Nick ville venta at ein teiknefilmkarakter skal oppføre seg: ein slags distansert Snurre Sprett-figur, som ikkje let seg affisere av vald, juks og synd rundt seg, og eigentleg gir blaffen i det meste utom å få redda barnet. Å gjere han til ein barnleg, naiv og nervøs barne-tv-karakter i fjernsynsserien gjer det rett nok litt mindre sannsynleg at Nick berre hallusinerer han -- det verkar langt meir som noko Nick undermedvitent kunne fantasert opp i originalversjonen, spør du meg -- men det er til gjengjeld ein langt meir interessant og frukbar dynamikk mellom hovudpersonane som resultat. For ikkje å snakke om meir komikk å hente.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Christopher Meloni gjør en knallgod Nick i hvert fall. Selv om han har et kjent ansikt, har jeg ikke sett han i så mye annet enn i Law and Order, der han jo spiller noe helt annet, og i Wet Hot Summer (film+tvserie). Selv om han ikke bare bør spille roller der han er bortimot klin gæren, er han utrolig flink til det!
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Meloni er ein av favorittkarakterane mine i HBOs klassiske fengselsdrama Oz (og det seier ein del, der må ein jamnleg konkurrere mot skodespelarar som Dean Winters, Mark Margolis, Eamonn Walker og J. K. Simmons), men utover det er det stort sett små gjesterollar her og der eg òg kjenner han frå (eg har rart nok aldri sett noko av Law and Order). Åh, og så er han recurring som stemma til ein ekstremt frynsete Jim Gordon i herlege Harley Quinn. Men kvart sekund av han i Happy! vil nok stå som ein bauta i karrieren hans for alle som har sett den, ja. Vanvittig underhaldande!

Og berre fordi me ikkje kan snakke så mykje om Happy! utan at eg kosar meg med minnet over det: åtvaringskortet før episodane i sesong 2!
Image
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Plukka opp ei Star Wars-bok frå den gamle før-Disney-kontinuiteten (den siste som vart utgitt, viste det seg tilfeldigvis), fordi den var skreven av James S. A. Corey, og eg lenge har hatt lyst til å lese megaserien deira, The Expanse. Men leselista er stappfull, og dette verka som ein kjapp liten ting. Og det var det!

Eg har lese ein haug av Star Wars-romanar gjennom åra, men av uante grunnar har dei aldri hatt Han Solo som einaste hovudperson, og berre sjeldan som synsvinkel i bøker med mange av dei. Det har imidlertid denne boka, Honor Among Thieves, og det er dens største styrke. Corey er imponerande gode på å få Han til å høyrast ut som Han, til å tenkje som Han, til å føle og reagere som Han, og det gjer mykje for å gi boka karakter. Plottet er i ganske høgt tempo og, med eit småbeskjedent sidetal å boltre seg på, relativt innfløkt (ein god ting). Hovudproblemet mitt er at det blir litt for 'stort' mot slutten. For ei lita sidehistorie mellom A New Hope og Empire Strikes Back ville eg helst ha sett noko som kanskje var stort for karakteren, men ikkje for kontinuiteten. Eg forstår likevel kvifor historia tok ei slik episk vending mot slutten: Det dei har jakta på (forsøker vere vag her for å unngå spoilerar, men det er av typen ting som kunne tatt knekken på heile Imperiet over natta) er skreddarsydd for å utforske indre og eksterne karakterkonflikter for Han sjølv, og for Leia (som Han på dette tidspunktet er hovudstups forelska i, men ikkje sjølv er klar over at han er forelska i -- nok ein ting boka handterer veldig bra). Eg kunne tenkt meg at forfattarane hadde funne ein måte å gjere desse ideologiske kvalmane med karakterane utan å introdusere nok eit universendrande konsept i ein kontinuitet allereie overfull av slikt, men for romanen isolert sett fungerer det veldig bra.

Boka er grei skuring, finfin lesing for folk som liker Han Solo og standaloneeventyr i Star Wars-universet, men den finn ikkje opp krutet på nytt på noko vis. Det kan ein likevel heller ikkje vente av ein liten spin-off-roman trykt inn i mellom to filmar. Så eg er framleis ganske ivrig på The Expanse. Men det var den tida, då.

Neste i køen er uansett noko av ein god del meir substans enn ei tilfeldig Star Wars-bok: Guy Gavriel Kays Last Light of the Sun, ein vikinginspirert roman i same fiktive verd (om enn langt lenger nord) som The Lions of Al-Rassan som imponerte meg litt for nokre år tilbake. Etter Al-Rassan å døme skriv Kay engasjerande, men med relativt krevjande historiar det tempoet og drivet av og til er litt svakare, og boka er på fem hundre sider, så reknar med å trenge ein del veker på denne.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Las P. Craig Russell si (som vanleg) nydelege tolkning av Lois Lowrys dystopiroman The Giver i helga. Eg har aldri lese boka, men teikneserieversjonen var vakker og minneverdig. Ein gut i eit framtidig samfunn der alt er regulert og trygt byrjar, gradvis, å lære om alt dei har gitt slepp på for å komme hit. Som smerte. Kjærleik. Musikk. Og fargar. Sistnemnte kjem gradvis inn i teikneserien (som byrjar som svart-kvitt) etter kvart som hovudpersonen lærer konseptet å kjenne. Forstår at boka er blitt ein moderne klassikar, for dette er ei meir barnevennleg leseoppleving av typen 1984 og Brave New World, og er det noko verdssamfunnet treng, så er det fleire unge som veks opp med den typen narrativ i bakhovudet.

Deretter følgde Guy Delisles nyaste sjølvbiografiske teikneserieroman, denne gongen om ungdomsåra i Québec. Vurdert (og tilrådd!) her: https://www.librarything.com/review/220414954 Men viss ein aldri har lese nokon av verka hans er nok reisehistoriane hans, særleg Pyonyang og Jerusalem, framleis det ein burde byrje med.

Og er ferdig med The Last Light of the Sun! Ikkje fullt på høgde med The Lions of Al-Rassan, men veldig god likevel. Inspirert av kong Alfred-epoken i Storbritannia, fortalt med perspektiv delt likt mellom walisar-inspirerte, angelsaksar-inspirerte og vikinginspirerte karakterar, og med ein snurrig tendens til å lage små mininoveller om sidekarakterar som aldri blir sett igjen.

Oppdatering: Har no lese firevolumsteikneserien Kill or Be Killed, ein spanande mørk serie frå radarparet Brubaker/Philips, og som vanleg skuffar dei ikkje. Vanskeleg å sei mykje utan å sei for mykje, men viss du liker ting med moralsk tvilsame hovudpersonar, utrygg forteljarstemme (det er intensjonelt vagt kva som er ekte og kva som er vrangførestillingar) og gråsona mellom seriemordar og borgarvernar, så er det to tomlar opp for denne.

Ny oppdatering: Har lese Tuf Voyaging, George R. R. Martins romansamling av diverse noveller om Haviland Tuf. Har lese to av novellene før, i Dreamsongs-samlingane hans, men det er lenge sidan, og eg trur dei er litt redigerte her for å fungere i romanheilskapen. Ein snurrig mellomting ein stad på halvvegen mellom mørk, seriøs science fiction om samfunnsutvikling og menneskeleg svakheit og ein lettbeint, mjuk og satirisk science fiction à Douglas Adams. Og sjølv om det er openbart at mykje av boka er frittståande noveller, klarar oppbygginga likevel kjennast som ein heilskap. Lengre vurdering er skreven her.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Nesten klart å komme meg igjennom Words of Radiance (bok 2 i The Stormlight Archive av Brandon Sanderson) mens jeg har vært på hytta. Hadde egentlig planer om å bli ferdig før jeg kom hjem, men så gikk det ganske fort tidligere i uka, så jeg roa ned, også plutselig er jeg hjemme med 300 sider igjen. Sånn er det når fyren skriver bøker på godt over 1000 sider! Skal kanskje vente med å gi noen bedømmelse før jeg er ferdig, men syntes i hvert fall at The Way of Kings var en god introduksjon og bok 2 fortsetter i samme sporet. Har nå snart lest 2500 sider, men det føles ikke sånn - det går jo unna. Det medfører to problemer for meg: Etter å ha lest snart to bøker og da altså snart 2500 sider, sliter jeg fortsatt med å helt forstå akkurat hva historien er. Dette kan jo bare være bra at alt ikke er like klart, men savner kanskje noe mer om akkurat hva som skjer - selv om det blir tydeligere og tydeligere. Det andre problemer, som er helt klart beslektet med det første problemet, er at jeg ikke føler at det egentlig har skjedd så mye. Det har vært karakterutvikling og historien går framover, men samtidig kunne Sanderson fint skrevet samme historie på mange, mange færre sider. Når jeg var ferdig med The Way of Kings, var jeg litt sånn "DET var (ca.) 1250 sider?".

Kommer uten tvil til å fortsette (bok 3 ligger klar!)
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Spanande! Høyrer omtrent ingenting negativt om Stormlight Archive, og du føyer deg jo fint inn i den rekkja her, ser eg. Den blir nok ikkje med det fyrste her -- eg har endeleg vendt tilbake til 'bok 1'-prosjektet mitt som vart avspora i fjor sommar då eg snubla inn i å lese heile Black Company stikk i strid med alle intensjonar, og Sanderson 'veit' eg frå det eg allereie har prøvd at eg nok kjem til å lese heile seriar av viss eg fyrst byrjar, så hans bøker er ikkje ein del av den bunken.

Starta i staden nyleg på ei bok kalla The War of Powers (ein omnibus av den fyrste av to trilogiar som eg snubla over brukt ein gong i tida). Så langt effektiv og velskreven sword & sorcery-bok med (for meg) uvant detaljerte sexscenar. Er cirka hundre sider inn og det har vore to så langt (samt diverse ganske freidige referansar til andre off-screen), på kanskje ei side eller to kvar, så er ikkje som om heilskapen følest pornografisk på noko vis. Men det er svært sjeldan sjangeren har sånt, så det gjorde litt inntrykk. Uansett godt investert i plott og karakterar no, så les nok heile trilogien samla i dette volumet. Så får me sjå korleis den gjer det samanlikna med andre bok 1-forsøk eg gjer i dette prosjektet (tanken er jo å måle dei opp mot kvarandre så eg kan gjere litt meir informerte val om kva eg les vidare på, heller enn å støtt snuble inn i situasjonar der kvar ny bok eg prøver som er 'heilt ålreit' ender opp med at eg kjøper resten og bruker månadsvis før eg prøver noko nytt).
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Vet ikke om jeg blir mer eller mindre interessert av beskrivelsen wikipedia gjengir av en fyr om boka: "968 pages junk food for the mind" (https://en.wikipedia.org/wiki/The_War_of_Powers)
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Haha! Litt urettvist nedsetjande i tonen, kanskje. Men det er som sagt god driv i forteljinga og mykje som føregår, og det er kanskje rimeleg å ikkje tilleggje det voldsom djupn: På fyrste tredve sidene eller så møter lesaren ein hundeslede-kurér som skal levere ei flaske med spøkelset etter ein daud filosof (som angrar på sin asketiske tilværelse og no masar støtt om å få observere kuréren delta i valdelege eller seksuelle aktivitetar) til ein magikar, forfølgd av snakkande ravner med forgifta klør som rapporterar til ei trollkvinne som vil herske over ein flygande by der krigarane rir kjempeørner og ein urgamal demon søv langt nede i den flygande berggrunnen. Maktintrigane i den byen (trollkvinna viser seg å vere ein av to døtre av herskaren av byen, i ein klassisk god-syster vs. slem-syster-situasjon (komplett med at ei er svarthåra og ei er blond) der begge manøvrerar for å overta etter mora) tek òg ein del plass i sidene etterpå. Men er som sagt ikkje kommen så all verdas langt uti den enno.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Ble ferdig med Words of Radiance (bok 2 av The Stormlight Archive) i går. "Endelig" følte jeg at Sanderson dro til historien mot slutten der og at det begynte virkelig å skje ting, så jeg fant fram Oathbringer (bok 3) med en gang (kjøpte bokssettet med bok 1-3) for så å lese i forordet at Sanderson hadde skrevet en novelle satt i samme historie (eller novelle og novelle. Den er på over 200 sider. Men det er vel en novelle i Sandersons verden...) som han mener man bør/skal lese FØR man begynner på Oathbringer. Greit at man skriver noveller og kortfortellinger som kan utvide historien, men å skrive noe som ikke er en del av hovedbøkene og så si at man absolutt bør lese det... vet ikke helt om jeg liker det. Jaja, skal ned i Oslo sentrum i morgen en tur, så da stikker jeg bare innom Outland og kjøper den boka. Kanskje også neste novelle og neste bok i serien, så har jeg de klare. At jeg velger det, viser vel bare at jeg liker serien og det gjør jeg fortsatt.
Manbearpig
Post Reply