Filmer
Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren
Kor bra 3D-en fungerar kjem vel an på kvar du sit i salen - eg har i alle fall aldri opplevd å sjå begge bileta. Men er heilt einig i at den er fullstendig overflødig. Aldri sett ein film der den bidrog til nemneverdig ekstra kvalitet på filmopplevinga.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Re: Film
Såg endeleg Willow,i avvente av den kommande Disney+-serien. Positivt overraska. Historia var ikkje superføreseieleg, verda var meir oppfinnsam enn eg venta meg, med unntak av 'brownie'-folka var spesialeffektane svært imponerande med tanke på filmen sin alder, og det var både spaning og humor. Den hadde rett nok ein treig seksjon i midten, og den kunne spart seg mykje av det tøvet med browniane som sjeldan var plottrelevant, berre unntaksvis var artig, og uansett ikkje såg overbevisande ut. Men det var mykje å like, og særleg den endelege konfrontasjonen med skurken var svært bra. Om berre alle filmar i sjangeren hadde like mykje respekt for karakterane når dei skreiv finalesekvensane sine.
Den når nok ikkje Princess Bride til knea ein gong, utom på spesialeffektfronten, men den går absolutt inn i rekkja av ganske sjåverdig åttitallsfantasy.
Ah, og sidan eg driv med trådåndemaning:
Den når nok ikkje Princess Bride til knea ein gong, utom på spesialeffektfronten, men den går absolutt inn i rekkja av ganske sjåverdig åttitallsfantasy.
Ah, og sidan eg driv med trådåndemaning:
Dette er framleis tilfelle, meg-frå-ti-år-tilbake.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Re: Filmer
Confess, Fletch var ganske gøy! Har ikkje sett nokon av dei gamle Chevy Chase-filmane eller lese nokon av bøkene, men Jon Hamm er som vanleg kjempebra. Ikkje verdas mest interessante mysterium eller morsomaste vitsar, men den er underhaldande heile vegen, og det er mykje å smile av.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.