Hva leser du for tiden? II

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3229
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Litt snålt at den novella ikkje blir inkludert i boksett av typen det høyrest ut som du kjøpte, i alle fall. Eventuelt berre blir opptrykt som bonusmateriale framst i bok 3 eller bakerst i bok 2.

Eg er no i den tredje av dei tre bøkene som er samla i War of Powers (skjønt dei har alle cliffhangersluttar, så det einaste i omnibusen som eigentleg avslører at dette fyrst var publisert som tre bøker er at hovudpersonane i kapittel 1 av kvar bolk gir seg til å mimre i eit par-tre sider om alt som har skjedd så langt). Ganske underhaldande. Fiffig kombinasjon av ei relativt enkel og spanande actionhistorie, litt uortodokse karakterforhold og ei relativt kompleks fantasyverd (om enn med mange litt mindre seriøse sword & sorcery-tropar -- kvar menneskekultur ser ut til å ri på ein eigen dyreart, til dømes, og plusteleg møter me på ein snakkande isbre). Hadde eg ikkje hatt slike enorme mengder bøker ulesne i hylla trur eg at eg hadde spora opp resten og fortsett, men som det er blir det nok berre ein notat til den sagnomsuste Dagen då eg plutseleg _treng_ lesestoff.

Framgangen går litt saktare enn den kunne sidan eg framleis deler lesetida mellom romanar og DC-gjenlesingsprosjektet mitt. Las nett ferdig "52", som heldt seg svært bra, og er byrja på "Countdown" som eg hugsar som meir midt på treet (og så langt er det). Kjøpte den berre fordi Outland-abonnementet på 52 gjekk automatisk over i eit på Countdown. Eg ikkje så interessert i DC-universet som heilskap (enkeltkarakterar og -titlar, absolutt) og dei digre crossovereventane deira fenger meg ikkje, så kansellerte abonnementet då Countdown var ferdig og har aldri lese Final Crisis som den faktisk telte ned _til_. :lol: Men er Paul Dini som er skribenten, så når eg fyrst har blada skal eg då lese dei omatt som ein del av dette prosjektet. Og når denne er ferdig har eg 'berre' reinspikka Batman-blader igjen før eg er ferdig, så det blir finfint.

Snakka meg vekk frå poenget, her -- 52 er ein serie frå 2006/2007 der Geoff Johns, Grant Morrison, Mark Waid og Greg Rucka saman skreiv ein vekentleg teikneserie der diverse B- og C-listarar i DC-universet tek oss gjennom eit kalenderår som vart hoppa over i alle DCs hovudtitlar: Ralph Dibney (Elongated Man), privatdetektiven som framleis sørger over kona som vart myrda i den (kjempebra) teikneserieromanen 'Identity Crisis' (det einaste DC har laga med order 'crisis' som eg både har lese og tykte var vel verdt lesinga). Vic Sage (The Question), konspirasjonsteoretikaren som Watchmens Rorschach var inspirert av, som motarbeidar ein kriminell organisasjon skråstrek religiøs kult som forsøker kontrollere kriminalitet tvers over heile kloten. Black Adam, antihelten med krefter på linje med Superman som styrer eit land i Midtausten og ikkje let nokon skruplar stå mellom det han ser som rett for folket sitt. Renee Montoya, politidetektiv i Gotham som forlet jobben på slutten av (den kjempebra) Gotham Central-serien og som no slit med å finne mål og meining i livet. Booster Gold, den vanlege fyren som har tidsreist frå ei fjern framtid for å bruke framtidsteknologi til å gjere seg til ein superhelt i fortida. Will Magnus, mannen som oppfann kunstig intelligens som spring naturleg frå metalltypen robotane er laga av. Buddy Baker (Animal Man), ein superhelt som kan låne evnene til dyr rundt seg og er stranda i verdsrommet eviglangt frå jorda, der det knapt er dyr å låne frå. Og Natasha Irons, genitenåringen som gjer opprør mot superheltonkelen sin ved å bli med i Lex Luthors program for å gi superkrefter til vanlege menneske.
Som ein skjønnar frå denne rollelista er historiane spreidte (sjølv om dei går over i kvarandre hist og her) og alt er så klart ikkje alltid like bra. Men som heilskap er det svært mykje som er glitrande her, og det er ein grunn for at fleire av desse karakterane er blitt langt meir høgprofilerte i åra som har følgd etterpå, for desse fire forfattarane tek verkeleg tak i dei og gjer dei interessante og spanande. Er veldig glad for at eg tok meg tid til dette gjenlesingsprosjektet sidan eg fekk bekrefta at 52 faktisk var omtrent så bra som eg hugsa det var!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Deschain
Soldat
Soldat
Posts: 26
Joined: Thu Apr 25, 2019 18:10

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Deschain »

Derfor jeg ikke har begynt å lese Stormlight-serien. Orker ikke å pine meg gjennom mistborn og alt det andre han har skrevet, som jeg bryr meg katta om. Siden sist har jeg lest ferdig Gardens of The Moon, men vet ikke helt om jeg kommer til å plukke opp resten med det første. Etter den, leste jeg "Geek Love" av Katherine Dunne, som omhandler et omreisende freak-show, startet av et foreldrepar som eksperimenterer med diverse radioaktive stoffer og annet dritt under graviditet, for å kunne frembringe freak etter freak for å holde showet i live. Helt fucka opplegg, men nokså underholdende.

Deretter leste jeg "How to murder your life", som er et slags memoar skrevet av en fashion-editor fra New York som egentlig ikke kan skrive for shit, men som likevel fengsler leseren gjennom helt enkelt og greit å være sjarmerende og gæææær'n.

Neste bok på menyen var "Imperium" av sveitseren Christian Kracht. Historisk fiksjon som omhandler tyskeren August Engelhardt, som flytter til en stillehavskoloni på det tidlige 1900-tall, hvor han stiftet sin egen religion basert på tilbedelsen av kokonøtter. Han var en såkalt "Kokovor". En absurd bok som absolutt ga mersmak på Mr. Krachts forfatterskap.

ATM er jeg snart ferdig med "Ville Detektiver" av Roberto Bolano. En gedigen murstein av et såkalt "mesterverk". Mesterlig er det absolutt, men tror det er en bok jeg må fordøye en stund i ettertid, for å kunne ta inn over meg hva jeg egentlig har lest. ADIEU, GOOD READIIIIIIING. Jeg gosser meg med vin på hytta. XOXOXOXOXO
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3229
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Deschain wrote: Thu Aug 11, 2022 0:25 Derfor jeg ikke har begynt å lese Stormlight-serien. Orker ikke å pine meg gjennom mistborn og alt det andre han har skrevet, som jeg bryr meg katta om.
Stormlight har, så vidt eg har forstått (kan godt vere eg tek feil, har jo ikkje lese den sjølv), ingenting med Mistborn å gjere. (Vel, det føregår i same galakse eller noko slikt, men det blir som å sei at du ikkje kan lese ei bok om Napoleon utan å fyrst lese om ein ukjent sivilisasjon på Venus.) Ikkje for det, liker du ikkje fyren så liker du jo ikkje fyren.
Deschain wrote: Thu Aug 11, 2022 0:25 Siden sist har jeg lest ferdig Gardens of The Moon, men vet ikke helt om jeg kommer til å plukke opp resten med det første.
Sikkert byrjar krype mot tjue år sidan eg las den, men eg hugsar den som ganske tung og seigtgåande. Eg fall mest for serien i bok to og særleg tre, om eg minnest rett.
Deschain wrote: Thu Aug 11, 2022 0:25 Etter den, leste jeg "Geek Love" av Katherine Dunne, som omhandler et omreisende freak-show, startet av et foreldrepar som eksperimenterer med diverse radioaktive stoffer og annet dritt under graviditet, for å kunne frembringe freak etter freak for å holde showet i live. Helt fucka opplegg, men nokså underholdende.
Du milde. Kva er tonen i boka? Thriller, svart komedie, drama?
Deschain wrote: Thu Aug 11, 2022 0:25 ADIEU, GOOD READIIIIIIING. Jeg gosser meg med vin på hytta. XOXOXOXOXO
Så kjekt, håpar du har mange dagar igjen der før du må tilbake til kvardagen!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 967
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

The Stormlight Archive er en uavhengig/selvstendig serie, men satt innenfor The Cosmere-universet til Sanderson, slik at den deler noe med MIstborn, Elantris og annet Sanderson har skrevet - men i følge han skal du fint kunne lese Stormlight helt uten å ha lest noe annet. Jeg har ikke gjort det, og tror jeg klarer meg fint. Mitt ankepunkt er dette at han har nå skrevet to kortere historier satt i samme univers som kommer mellom noen av bøkene, feks Edgedancer som skjer mellom bok 2 og 3, som man i følge Sanderson selv absolutt bør lese. At forfattere utvider universet med historier med eller uten karakterer vi har møtt før, eller nye bekjentskaper, er bare ålreit. Erikson, Martin og Rothfuss har jo gjort det. Men at man skriver tillegghistorier man MÅ lese, nei det er jo egentlig litt kjipt.

Ang. Malazan, så mener jeg å huske at serien virkelig tar seg opp fra bok 1 til bok 2 og at det smeller skikkelig da.

Ellers mange interessante lesevalg Deschain! Skal selv kose meg de siste dagene av ferien før hverdagen setter i gang igjen på mandag. Selv med en lærerferie, er ikke ferien lang nok når været plutselig blir så fint som det er på østlandet nå
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3229
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

War of Powers er ferdiglesen. Cliffhangerslutt, så kunne tenkt meg å lese andre halvpart i same slengen, men lesehylla er overfull allereie, så det må nok bli med tanken i nokre år.

Les no nokre småting som er blitt lagt i lesebunken min etter at kona las dei nyleg (eit par små teikneserieromanar i Airbender-universet om respektivt karakterane Suki og Toph, samt eit par gratisnoveller i Temeraire-universet til Naomi Novik (denne og denne)), og så blir det siste boka om Harald Hardråde frå Jan Ove Ekeberg før eg set i gong med Planetfall. Det er ein science-fiction serie der me las den frittståande andreboka for nokre år sidan, og den fall i smak, så eg kjøpte resten av serien (bok 1, 3 og 4) til kona i vår. Ho er straks ferdig med bok 4, så då er det min tur, og eg må setje bok 1-prosjektet mitt på vent nok ein gong. Luksusproblemene vil ingen ende ta.

Og i mellomtida går DC-gjenlesinga jamnt og trutt. Countdown har temmeleg dårleg rykte, men sjølv om den ikkje når forgjengaren 52 til knea tykkjer eg den er ganske ålreit så langt. Men kaotisk og dårleg planlagt med ørten unaudsynlege tie-ins på dårleg definerte tidspunkt, det er det absolutt. Gler meg uansett til eg når botnen av crossover-bunken og kan setje i gang med stabelen Batman eg abonnerte på i studiedagane, som var hovudmotivasjonen bak heile gjenlesingsprosjektet uansett.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3229
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Den siste vikingkongen er ferdiglesen. Femteboka var som fyrste fire -- lettlesen og finfin, men kanskje ikkje så veldig minneverdig. Mest imponerande er kanskje Ekebergs evne til å gjere Harald Hardråde både sympatisk og usympatisk, gjerne i same scene.

Er ikkje så langt komen i Planetfall enno, men Newman skriv veldig bra, slik eg hugsar frå After Atlas (som eg las for nokre år sidan og som er grunnen til at eg kjøpte resten av dei frittståande bøkene i same verd). Planetfall-hovudpersonen sine nevrosar, verdas bakgrunnshistorie, eksposisjon om situasjonen ho er i, alt blir gjort veldig effektivt, innfletta i historia utan at ein nokon gong føler det som 'her kjem ein neve eksposisjon'. Sjølv ikkje dei mange bittesmå tilbakeblikka kjennest særleg tvungne -- dei er så korte og fort unnagjort at dei faktisk følest som hovudpersonen sine minner som trengjer seg på hist og her, utan at det tek ein ut av det som faktisk skjer i sanntid. Og science-fiction-elementa er spanande, av typen der ein fort forstår kva som er reglane og så kan fokusere på historia.

I mellomtida har eg lese The Power of the Dark Crystal, ein teikneserieadapsjon av det uproduserte oppfølgjarmanuset til The Dark Crystal. Det er (med ein medforfattar) Simon Spurrier som har tatt seg av tilpasninga av manus til teikneserieformatet, og eg har likt det av han eg har lese før ganske bra (hans postapokalyptiske fantasyverk Coda og hans John Constantine-historiar under Sandman Universe-paraplyen), og dette var ganske tilfredsstillande. Dark Crystal er ikkje heeeilt mi greie som univers, det er litt for, eh, wholesome og cutesy, mitt norske ordforråd svik meg her. Men eg var veldig begeistra for prequelserien på Netflix, og er stor fan av estetikken, så det pluss Spurriers namn fekk meg til å prioritere denne. Historia er bra, ein verdig oppfølgjar til filmen som byggjer vidare på liknande tematikk utan å nokon gong følast som ein repetisjon.

Las òg nokre av dei meir nylege Firefly-teikneseriane, og dei fortset med å vere berre heilt ok. Etter at Dark Horse mista lisensen til BOOM! har det diverre vore ganske labre greier som ikkje heilt klarer å fange (eller forstå, verkar det som) kjensla til Firefly-universet. Greg Pak er elles ein habil teikneserieforfattar (og det ser ein vel for så vidt av at plotta er ganske bra her òg, viss ein gløymer at det skal vere Firefly), men både eg og kona er no meint å slutte lese desse. Ser imidlertid at dei endeleg har hyra ein anna manusforfattar til neste bind, så kanskje me gir det ein siste sjanse der.

Neste i bunken er Jeff Smiths Tüki, to svart/kvitt teikneserieromanar om eit steinaldermenneske. Bone er ein av teikneseriehistoriens største klassikarar, og det kan verke som om Smith no endeleg har fått starta eit nytt prosjekt som (nesten) kan leve opp til hans magnus opus. (Han gav rett nok ut RASL for nokre år sidan, og den er ganske bra, men milevis frå Bone, spør du meg.) Kryssar fingrane!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3229
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Då var Planetfall ferdiglesen, og likte denne nesten like godt som After Atlas. Emma Newman er kjempeflink på fyrstepersonsforteljingar med ulukkelege hovudpersonar, og måten desse to bøkene er sett i same science fiction-univers og likevel fullstendig frittståande er elegant gjort. I Planetfall er historia som følgjer: Ren, ei briljant men inneslutta vitskapskvinne, er ein del av ein koloni på ein fjern planet. Ho, som dei andre der, reiste dit frå jorda med ein messias-aktig leiar som sa dei ville finne Gud der. Noko gjekk ikkje heilt etter planen då dei landa, og boka er eit sakte, men etter kvart ganske intenst, psykologisk drama der me svært gradvis lærer kva minner om landinga ('planetfall') som Ren halvveges har skjult med overlegg og halvveges fortrengt av naudsyn.
Skal definitivt lese dei andre to ho har skreve i dette universet, meir eller mindre med éin gong no -- og kanskje på lang sikt òg gi fantasybøkene hennar ein sjanse, for det fortener forfattaren.

Har òg i kjellaren til foreldra mine snubla over ei forkorta barneutgåve av Baron von Münchausen som eg aldri hadde lese, og helledussen, eg skjønar kvifor han har gått ned i europeisk litteraturhistorie som den erketypiske 'tall tale'-skrøna! Dette var forbausande artig, og eg humra fleire gonger under dei eplekjekt fortalte absurde opplevingane til hovudpersonen.

Las av same grunn ein annan kveld barneboka Sirkus Mikkelikski av Alf Prøysen, og eg kopierer berre inn det eg skreiv på LibraryThing: Historia i seg sjølv -- ein rev som vil lage sirkusførestilling med dei unge dyra i den lokale skogsskulen, og to slemme mennesker som vil bortføre dyr for å vise dei fram i sitt eige sirkus -- er heilt grei. Det er ein del lun humor, Mikkel er slu, skurkane er passe latterlege, dyrebarna er barn, lærarkråka er velmeinande. Det som gjer 'Sirkusb Mikkelikski' litt minneverdig er den sjenerte, inneslutta og håplaust forelska hovudpersonen, vesle Bolla Pinnsvin. Hjelpesløysa ein kjenner på hennar vegne, særleg når alt ho forsøker får utenkte, gale konsekvensar, er hjarteskjerande. Prøysen gjer ein fabelaktig jobb med å late lesaren sjå -- utan å aldri heilt sei -- kva som rører seg inni Bolla, og trossar barneboksjangeren ved å ikkje gi ho ein lettvint, urealistisk lukkeleg slutt (sjølv om hovudhistoria i boka så klart har ein slik).
Boka som heilskap gløymer eg nok fort, som vaksen lesar utan nostalgisk forhold til noko i den -- men akkurat det mentale biletet av Bolla som glad strevar seg av garde med skulekritet for at alle skal like ho att, medan kritet blir øydelagt på skogsbotnen og lagar spor slemmingane kan følgje, det kjem til å sitje med meg ei stund.

På teikneseriefronten er Tuki ferdiglesen (tilrås absolutt, ei slags jordnær og menneskekjær sword & sorcery-aktig greie i steinalderen, håpar Jeff Smith får lage dei resterande fire binda han håpar på!) og eg er dermed endeleg i gong med DC-gjenlesinga att (kan nesten ane slutten på prosjektet, no). Eg byrja med James Robinsons åttebladers Batman: Face the Face, der ein rehabilitert Harvey Dent, ikkje lenger Two-Face, likevel blir mistenkt for å ha byrja drepe folk igjen. Ingenting superminneverdig, men finfint fortalt og med eit hjartevarmande augneblink på slutten der Batman tilbyr seg å adoptere den dåverande Robin (som hadde mista foreldra sine i historiar nokre år tidlegare). Etter det har følgd nokre enkeltståande blader med standalonehistoriar, dei fleste skrevne av Paul Dini (kjent frå animasjonsserien på nittitalet der han mellom anna skapte karakteren Harley Quinn). Dei har vore heilt grei, ålreit lesning, men må sei eit med Poison Ivy, Stalked, har skilt seg ut, og var langt meir brutalt psykotisk enn eg verken hugsa eller venta meg.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 967
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Husker at det tok meg laaaang tid i ettertid før jeg skjønte at Baron von Münchhausen er utgangspunktet for Terry Gilliams film The adventures of Baron Munchausen.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3229
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Har den filmen på lista ein stad, men har aldri blitt prioritert. Tilrår du?
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 967
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Absolutt! Veldig Terry Gilliam, så om du liker han så liker du nok filmen.

Leste ferdig bok 2 av Gotham Central i stad. Merker jeg vil ha mer, men tydeligvis ikke så lett å få tak i de neste volumene/bøkene ifølge nettet.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3229
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Nei, det var difor eg heiv meg rundt og endeleg kjøpte dei etter å ha hatt dei på leselista i ti år, fordi eg snubla over at dei var byrja bli vanskeleg å spore opp. Men viss digitalt er godt nok, sendte eg deg ei lenkje på PM. Glad du likte dei! Både Rucka og særleg* Brubaker er solide manusforfattarar som omtrent alltid leverer bra saker, men Gotham Central er (for meg, i alle fall) nokre hakk over gjennomsnittet sjølv for dei.

* Med 'særleg' meiner eg meir at eg har lese langt meir Brubaker og dermed kan stå inne for påstanden i langt større grad med han.

Skal få prioritert Munchausen! Tenkte endeleg somle meg til å sjå George Lucas' Willow før Disney+-serien kjem, så ein åttitallseventyrfilm ekstra til og frå burde gå greitt.

I mellomtida går Batman-lesinga bra, Paul Dinis enkeltblad Slayride, der Robin (den tredje, for dei som bryr seg, altså detektiven**) ender opp bunden i ein bil medan Joker køyrer rundt med han og drep folk, var like bra som eg tykte hugse. Og Grant Morrisons fyrste arc, Batman & Son, lover veldig bra, tykkjer eg, med tanke på at storparten av blada eg har liggjande her er frå hans periode som hovudskribent for tittelen.

** Tommelfingerregelen min for dei fire karakterane som i hovudsak har hatt tittelen Robin i teikneseriane er kva del av jobben (og aspekta av læremeistaren) dei er 'best' på. Den fyrste er akrobat, den andre er krigar, den tredje er detektiv og den fjerde er ninja.

Las òg ei lita 140-siders barnebok eg plukka opp brukt for eit par år sidan, Eventyrsagaen av Vera Henriksen, lausleg basert på Sagaen om Yngvar den vidfarne. Ganske velgjort, tykte eg, med ei rammeforteljing som gir ekstra spenning til skrønehistoria frå sagaen. Eg er så klart for gamal til å setje full pris på den, men ville nok likt denne veldig godt når eg var ein elleve år eller der omkring. Som i sagaen (etter kva eg forstår -- eg har aldri lese den) møter me ein lindorm, ein rise, eit gjenferd og ein drake i same historie som historiske slag og fyrstar.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3229
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Har no lese Oss kompiser imellom av Hans Faye-Lund, og er veldig nøgd med denne vesle boka på omtrent 140 sider. Her er det sprudlande forteljarglede, ein språkbruk som minner meg som smått om Terry Pratchett, og ein detektivroman som både tøyser metatekstuelt med sjangeren og likevel fungerer på eigne premiss.
Og det premisset er som følgjer: Laffen, profesjonell innbrotstjuv, er lei av å sitje i fengsel, så han finn ut at han skal gjere som sine litterære heltar og bli privatdetektiv i staden. Han oppsøkjer forfattaren -- ein bekjent frå grunnskuleåra -- og ber han om å skrive ei bok med seg som hovudperson. Væpna med vissa om at han no er protagonisten i ein kriminalroman -- og slike vinn jo alltid til slutt -- får han med seg Ausjen, ein lommetjuvkamerat, og dei to startar praksis saman. Men det går ikkje lenge før dei er til langt over hovudet i eit mysterium med både bortføring og opptil fleire lik.

Eg var seld på å lese denne boka allereie på fyrste side, for den startar med eit persongalleri 'i den rekkefølge de opptrer', og kan der straks skilte med minneverdige karakterar som til dømes "En fyr .... som vi får høre mer om senere (side 11)", "En eldre herremann ... som har femogtyve øre på seg i en kritisk situasjon (side 13)", "Mary ... en serveringsdame som serverer øl. Ellers er hun ikke av interesse (side 22)" og "Liket ... Ja, det opptrer jo ikke, det bare ligger der (side 55)".
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Triyan
Sauegjeter
Sauegjeter
Posts: 3
Joined: Sun Aug 28, 2022 15:01

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Triyan »

Jeg har startet på Mistborn-triologien, da jeg har lest den før og har glemt alt sammen (Shame!) Siden jeg nå skal sette meg inn i Brandon Sanderson sitt Cosmere-univers, tenkte jeg det var greit at jeg faktisk husket hva noen av bøkene handlet om :) Det eneste jeg husker er at jeg likte de veldig godt, hehe.

Ellers leste jeg Carl Frode Tillers triologi Innsirkling nå i sommer, og ble i overkant imponert. Ser for meg at jeg kjøper en bok til av samme forfatter en gang neste år.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3229
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Så spanande! Las litt om den boka no då du nemnte den, verkar som eit ambisiøst premiss. Og høyrest ut som om den levde opp til det?

Og kos deg med Mistborn! Tenkte lese vidare på Mistborn-verda i haust sjølv, men kona føreslo eit felles leseprosjekt som årsdagspresang til kvarandre, så ser ut som om det blir The Expanse i staden i overskueleg framtid i staden.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 967
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Ferdig med Oathbringer, bok tre i The Stormlight Archive. Noe mer fremdrift her, men det meste av fremdriften skjer de siste par hundre sidene - noe som jo er en del sider, men kanskje ikke så stor andel av en bok på 1300 sider. Noen spennende plottwister og den slags, så det er absolutt underholdende. Skal begynne på "bok 3.5" Dawnshard, enda en mellombok, eller "novella" - kortroman - i serien, før bok fire, Rythm of War venter. Har fortsatt som mål å bli ferdig til jul med de utkomne bøkene i serien, men er jaggu ikke sikker på om jeg rekker det. Merker litt på en fatigue, men er samtidig godt inne i verdenen nå.

Ellers lite lesing av andre ting. En liten stund siden jeg leste noe tegneserier, så kanskje gjøre det igjen.
Manbearpig
Post Reply