Eg er no i den tredje av dei tre bøkene som er samla i War of Powers (skjønt dei har alle cliffhangersluttar, så det einaste i omnibusen som eigentleg avslører at dette fyrst var publisert som tre bøker er at hovudpersonane i kapittel 1 av kvar bolk gir seg til å mimre i eit par-tre sider om alt som har skjedd så langt). Ganske underhaldande. Fiffig kombinasjon av ei relativt enkel og spanande actionhistorie, litt uortodokse karakterforhold og ei relativt kompleks fantasyverd (om enn med mange litt mindre seriøse sword & sorcery-tropar -- kvar menneskekultur ser ut til å ri på ein eigen dyreart, til dømes, og plusteleg møter me på ein snakkande isbre). Hadde eg ikkje hatt slike enorme mengder bøker ulesne i hylla trur eg at eg hadde spora opp resten og fortsett, men som det er blir det nok berre ein notat til den sagnomsuste Dagen då eg plutseleg _treng_ lesestoff.
Framgangen går litt saktare enn den kunne sidan eg framleis deler lesetida mellom romanar og DC-gjenlesingsprosjektet mitt. Las nett ferdig "52", som heldt seg svært bra, og er byrja på "Countdown" som eg hugsar som meir midt på treet (og så langt er det). Kjøpte den berre fordi Outland-abonnementet på 52 gjekk automatisk over i eit på Countdown. Eg ikkje så interessert i DC-universet som heilskap (enkeltkarakterar og -titlar, absolutt) og dei digre crossovereventane deira fenger meg ikkje, så kansellerte abonnementet då Countdown var ferdig og har aldri lese Final Crisis som den faktisk telte ned _til_.

Snakka meg vekk frå poenget, her -- 52 er ein serie frå 2006/2007 der Geoff Johns, Grant Morrison, Mark Waid og Greg Rucka saman skreiv ein vekentleg teikneserie der diverse B- og C-listarar i DC-universet tek oss gjennom eit kalenderår som vart hoppa over i alle DCs hovudtitlar: Ralph Dibney (Elongated Man), privatdetektiven som framleis sørger over kona som vart myrda i den (kjempebra) teikneserieromanen 'Identity Crisis' (det einaste DC har laga med order 'crisis' som eg både har lese og tykte var vel verdt lesinga). Vic Sage (The Question), konspirasjonsteoretikaren som Watchmens Rorschach var inspirert av, som motarbeidar ein kriminell organisasjon skråstrek religiøs kult som forsøker kontrollere kriminalitet tvers over heile kloten. Black Adam, antihelten med krefter på linje med Superman som styrer eit land i Midtausten og ikkje let nokon skruplar stå mellom det han ser som rett for folket sitt. Renee Montoya, politidetektiv i Gotham som forlet jobben på slutten av (den kjempebra) Gotham Central-serien og som no slit med å finne mål og meining i livet. Booster Gold, den vanlege fyren som har tidsreist frå ei fjern framtid for å bruke framtidsteknologi til å gjere seg til ein superhelt i fortida. Will Magnus, mannen som oppfann kunstig intelligens som spring naturleg frå metalltypen robotane er laga av. Buddy Baker (Animal Man), ein superhelt som kan låne evnene til dyr rundt seg og er stranda i verdsrommet eviglangt frå jorda, der det knapt er dyr å låne frå. Og Natasha Irons, genitenåringen som gjer opprør mot superheltonkelen sin ved å bli med i Lex Luthors program for å gi superkrefter til vanlege menneske.
Som ein skjønnar frå denne rollelista er historiane spreidte (sjølv om dei går over i kvarandre hist og her) og alt er så klart ikkje alltid like bra. Men som heilskap er det svært mykje som er glitrande her, og det er ein grunn for at fleire av desse karakterane er blitt langt meir høgprofilerte i åra som har følgd etterpå, for desse fire forfattarane tek verkeleg tak i dei og gjer dei interessante og spanande. Er veldig glad for at eg tok meg tid til dette gjenlesingsprosjektet sidan eg fekk bekrefta at 52 faktisk var omtrent så bra som eg hugsa det var!