Når serien er så lang som den er, er det nesten nøydt til å vera flust av både høgdepunkt og lågpunkt.
Nokre klare høgdeunkt for min del:
Dragonmount, prologen i første bok
Rand i Rhuidean
Aviendha i Rhuidean
Egwene sitt opprør i tårnet
Nynaeve kjempar mot Moghedien
Nynaeve bryt gjennom Blokken sin
Faile i Malden
Mat, Thom og Noal i Ghenjei-tårnet
Slaget om Tvillingelvene
"Will he ride alone?"
Rand på Dragonmount i bok 12
Rand versus Den Mørkaste
Galad versus Valda
Cadsuane gir Semirhage ris på rumpa
Egwene versus Mesaana
Når Morgase flyktar frå Rahvin (synd at resten av den historien ikkje levde opp til starten)
Aes Sedai-testen til Nynaeve
Verin vitjar Egwene i Tårnet, og gir ho lista over Svart Ajah
Sikkert veldig mange fleire ting som eg har gløymt i forbifarta
Nokre av dei personlege lågpunkta for min del:
Døden til Padan Fain (dårleg utnytta skurk)
Dei første Mat-kapitla til Sanderson
Karakterutviklinga til Elayne dei siste bøkene
Mat og Tylin
Plottet til Sjøfolket (interessant kultur, dårleg utnytta i serien)
Kva er dine høgdepunkt og lågpunkt frå serien? Diskuter gjerne meir i djupna enn det eg har gjort ovanfor.
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar (nesten) kvar veke.
Egwenes "slutt", der hun blir "the flame of Tar Valon", var ganske episk. Hun var en litt opp-og-ned-karakter for min del, men hun fikk kanskje en av de beste, om ikke den beste, avslutningen av dem alle.
Da Mat "eier" flere av vokteraspirantene, selv om han ikke har blitt helet helt, i Tar Valon.
Ja, Egwene fekk kanskje den beste (og mest hjarteskjerande) avslutninga! For min del er ho blant dei beste karakterane, sjølv om ho har sine negative sider òg.
Og den scenen med Mat, Galad og Gawyn er fantastisk! Den er endå betre når ein les den på nytt etter å ha fått mange grunnar til å mislika Gawyn, hahah.
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar (nesten) kvar veke.