TV-serier, sesong II

For deg som har noe annet på hjertet

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3234
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Har berre sett fyrste halvparten, men miniserien The English er ganske strålande saker så langt.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 970
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Kult å høre. Ser stort sett bare positivt om den, så den skal ses snart.

Rogue Heroes på HBO Max anbefales! Handler om opprinnelsen til det britiske spesialstyrken SAS under andre verdenskrig. Vet ikke helt hvordan jeg skal beskrive det, men det er ikke en konvensjonell historie i seg selv eller i hvordan den fremstilles. Her er det AC/DC, KISS og annen nyere musikk (velvel, så nytt er vel ikke de banda der..), det er klipping og redigering som ikke er helt rett fram. Og det som skjer er ganske sykt til tider. Men som de har før episodene setter i gang (sånn omtrent): "Disse utrolige hendelsene... er for det meste sanne". Det er ikke Band of Brothers eller Generation Kill, men det er vel ikke serieskaperens mål heller regner jeg med.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3234
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Steven Knight, ser eg, og Taboo var veldig solid mens Peaky Blinders er ein av mine absolutte favorittseriar, så burde vel gi den der ein sjanse, då! :D Men eg har framleis ikkje sett hans See, eller Genereation Kill eller The Pacific i denne sjangeren heller, for den saks skuld. Så spørst korleis eg skal prioritere den?
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 970
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Da ville jeg ha prioritert Generation Kill.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3234
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Trur eg såg fyrste femten minutta då den kom ut, ikkje var heilt fenga, lat den på vent, og så aldri somla meg til å fortsetje. Skal sjå om eg får blåst støvet av den på nyåret, då!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle
Soldat
Soldat
Posts: 37
Joined: Mon Dec 06, 2021 19:02
Location: Bergen
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by WoTle »

Her i heimen har vi dei siste månadane sett på Doctor Who. Det er første gong for sambuaren, men eg har sett det meste før. Mykje av det held seg godt!

Elles har vi byrja å sjå Sense8 opp att med eit vennepar. Trur faktisk kanskje det er favorittserien min, sjølv om eg er notorisk dårleg på å velja favorittar.
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar (nesten) kvar veke.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3234
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Kva ser me i desse dagar, skal me sjå:
* Peripheral er ganske bra så langt. Spanande thriller-science fiction.
* 1899 er lovande på ein slags Lost-aktig måte. Me er cirka halvveges i denne serien om ein dampbåt på veg til Amerika med emigrantar i 1899, der meir og meir uforklarlege hendingar byrjar hope seg opp. Laga av same folka som lage tyske Dark, som eg ikkje har fått sett enno, men har høyrt mykje fint om.
* Wednesday såg me pilotepisoden på i går. Litt redd for at high school-drama-biten blir for traust plankekøyring, men hovudrolleinnehavaren er superb, og eg liker både humoren og det visuelle. Kryssar fingrane for at episode 2 og 3 ikkje skremmer oss vekk, har lyst til å like denne.
* The Mysterious Benedict Society er framleis ekstremt sjarmerande. Særleg Constance er storfavoritt for meg (og alle som liker ho burde like hovudpersonen i Wednesday og vice versa, skulle eg tru), men her er det ein sprudlande livsglede i all dialog, i alle karakterdesign og alle interaksjonar som er svært smittsam. Plottet er kanskje ikkje all verda, men det er dugeleg nok. Tilrås for alle som liker fargerike, språkglade ting som Pushing Daisies og A Series of Unfortunate Events.
* The Mosquito Coast hadde så lang pause mellom sesong 1 og 2 (grunna pandemien, går eg ut ifrå) at eg nesten hadde gløymt alle plottrådane, men det fortset med å vere ein ganske solid eventyrthriller om ein familie på flukt frå ... Ja, kva er dei på flukt ifrå? Det lurer i alle fall dei to tenåringsbarna veldig på. Liker særleg fanatisk MacGyver-vibbane frå familiefaren, som gir eit særpreg over både problem dei viklar seg opp i og løysingar for å komme seg ut av dei.
* Avenue 5, serien om luksusromskipet som kjem lenger og lenger på avvegar både kursmessig og moralsk, har i sesong 2 gått seg fint til og fortset med å vere akkurat like (om ikkje meir) horribelt kynisk og artig som det endte opp mot slutten av sesong 1. Eg var ikkje overtydd i byrjinga av fyrstesesongen, men eg hugsar at det same gjeldt Veep for meg og hengte med, og det har eg gjort rett i. Mykje å framheve her, men vel for denne posten ut Zach Woods, som fortset med å vere fantastisk uansett kva eg ser han i. Denne rolla (nyedeleg skildra i denne sesongen av Hugh Lauries karakter som ein 'free jazz sociopath') kan etter kvart nesten stå skulder til skulder med hans elskelege Jared i Silicon Valley.
* The Dragon Prince har me berre komme nokre få episodar inn i nysesongen på, men dette fortset med å vere kvalitetsfantasy med glimt i augo, retta mot alle aldersgrupper utan å dermed kjennast tannlaus og enkel. Den manglar nok ein smule kreativitet og sjarm på å nå opp til høgdene etter The Last Airbender som den ofte blir samanlikna med, men den kjem jaggu nærmare enn noko anna eg har sett, og stadig høgare sesong etter sesong.
* Abbott Elementary prøvde me fordi me har få tradisjonelle sitcoms igjen i kalenderen etter kvart. Den er ganske ålreit, sjølv om den nok følgjer formularet nokre hakk for nært for min smak, men hovudpersonen har mange trivelege Leslie Knope-vibbar, mockumentarformatet fungerer finfint, og eg liker korleis humoren er bygd på å vise kor latterleg øydelagt det amerikanske skulesystemet er utan at verken lærarar eller elevar blir gjort narr av. Er nokre episodar inn i den noverande sesongen no (sesong 2), og som eg håpa går den seg framleis fint til, merkar ei sakte men sikker kvalitetsbetring etter kvart som episodane tikkar forbi oss.
* The White Lotus er som i fyrstesesongen eit svært velskreve drama, men (igjen som i fyrstesesongen) tykkjer eg kanskje den er litt oppskrytt lell. Det som er 'spesielt' her er at kvar historietråd har sin eigen undersjanger, som alle eksisterar side om side, men individuelt er ikkje nokon av desse historietrådane spesielt betre enn eit anna godt fjernsynsdrama spesialisert på det eine eller det andre. Skulle, igjen som i fyrstesesongen, ynska at mordmysterium-biten var meir sentral og gav meir spenning og drivkraft framover, men det skjer openbart lite i den retning før finalen kjem. Kona tykkjer mykje det same som meg, så sjølv om me no vil sjå ferdig denne vurderer me å droppe denne før tredjesesongen. Viss ikkje avslutninga imponerer veldig, då.
* Tulsa King er veldig lovande, sjølv om den ikkje har verdas mest originale premiss. Sjangeren er likevel ganske i mi gate, der ein eldre mafiakaptein kjem ut av fengsel etter tjuefem år bak lås og slå, og får beskjed om at den einaste måten organisasjonen framleis har plass til han er viss han reiser til ein stad dei ikkje har fotfeste (spesifikt Tulsa) og byrjar ein ny operasjon for dei. Eg er veldig svak for stoiske gamlingar som skremmer livskiten ut av folk med minimalistiske kroppsrørsler, og dei to fyrste episodane her gav meg mykje av det. Må imidlertid fortsetje på denne åleine, for kona tykte det vart veldig 'dette er for så vidt bra, men eg har liksom sett det før'. (Ho tykte det same om Ozark i si tid, og etter å ha fortsett åleine og sjå serien bli betre og betre har eg no framleis ambisjon om å få ho til å gi det ein ny sjanse. Har til og med utsett å sjå sistesesongen sjølv for å gi meg ei gulrot til å mase om det ... Mistenkjer det same kan skje med Tulsa King.)
* Warrior Nun er liiiiitt simplistisk på manusfronten, men har nydeleg action, ein karismatisk hovudperson, og det er altfor lite i actionfantasysjangeren der ute, så me ser den gladeleg. Har to episodar att av sesong 2, men eg håpar allereie på fornying for sesong 3.
* Titans har vore OK så langt denne sesongen, men ingenting spesielt. Serien som pleidde imponere meg med kor tett på teikneseriane den var har småskuffa litt på den fronten i det siste (særleg må eg sei at Tim Drake, ein av mine favoritt-Robins i teikneseriane, er flat og personlegheitslaus, og problemet ligg på manussida, ikkje hjå skodespelaren), men håpar at når sesongen får bygd opp litt tempo vil den komme seg att.
* Zootopia+ var ein sjarmerande mikroserie sett mellom scenar i disneyfilmen, og kan tilrådast for alle som likte den. Særleg var eg imponert over animasjonskvaliteten. Men ver obs på at kvar episode er ein parodi på ein eigen sjanger, og dermed ganske annleis frå kvarandre.
* Har att éin stakkarsleg episode Pennyworth, og håpar verkeleg at den blir fornya, for eg storkoser meg med denne serien, som nemnt mange gonger før i tråden.
* The English er ein knall western-miniserie som kan tilrås varmt. Den når kanskje aldri heeeeilt opp til den fantastiske fyrsteepisoden, som nesten føltest Taranino-aktig i korleis mange av scenane var som minifilmar i sin eigen rett, men dette er velskreven, sabla god underhaldning heile vegen gjennom. To tomlar opp.
* Andor er kanskje ikkje fullt så überfantastisk som ryktet skal ha det til, men at det er mellom det aller beste som er blitt laga i Star Wars-universet er utan tvil. Eg tykte dei tidlege episodane var litt ujamne, men etter det har det vore veldig, veldig tilfredsstillande, og dette er no min favoritt-Star Wars-serie (sjølv om dei siste par sesongane av Clone Wars nok kan måle seg mot den) på alle områder utom stemning og humor, der eg framleis held ein knapp på Mandalorian. Ekstremt imponerande, med tanke på at eg var kynisk uinteressert då eg høyrte dei annonserte denne prequelserien om ein sidekarakter i ein prequelfilm som eg i seg sjølv tykte var god-men-kanskje-ikkje-så-god-som-alle-skal-ha-det-til.

Elles byrjar Rick & Morty og Mythic Quest att, og gler meg særleg til å byrje på sistnemnte, som kanskje er min favorittkomiserie av dei som har komme i seinare år.

WoTle wrote: Fri Nov 25, 2022 10:37Her i heimen har vi dei siste månadane sett på Doctor Who. Det er første gong for sambuaren, men eg har sett det meste før. Mykje av det held seg godt!
Me har gitt opp Doctor Who litt, manusarbeidet vart for banalt over for lang tid til å vege opp for at det trass alt er retta primært mot barn (me har rett nok høg terskel på det og ser ganske mange barneseriar, som ein kan sjå av lista over). Hadde håpa det var Moffat som gjekk på tomgang og at ting skulle rette seg opp med Chibnall som serieskapar (Broadchurch er jo fantastisk), men om noko tykte me det vart endå slappare, så me datt av mot slutten av hans fyrste sesong. Synd, for både Capaldi og Whittaker har vore fantastisk rollebesetning som fortente betre manus. Eg har uansett følgd nok med på oppsummeringar til at når det har vore episodar som verkar viktige for mytologien på sikt så har me sjekka innom. Så såg finalefilmen til Whittaker i haust, til dømes. Får sjå kva rykte nysesongen med Davies bak rattet igjen får på seg, kanskje me byrjar sjå fast igjen.

WoTle wrote: Fri Nov 25, 2022 10:37 Elles har vi byrja å sjå Sense8 opp att med eit vennepar. Trur faktisk kanskje det er favorittserien min, sjølv om eg er notorisk dårleg på å velja favorittar.
AND I SAY ...

HEEEEEY-EY-EY, EY-EY
HEEEEEEY-EY-EYYYYY!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 970
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Kombinasjon av en del rettearbeid og fotball-VM (som ses selv om jeg er litt usikker på om jeg egentlig vil), gjør at det skjer lite på seriefronten her. Er sånn ca oppdatert på Rick and Morty (helt greit, men ett eller annet fra de tidligere sesongene mangler. Kanskje sjokkfaktoren?), snart ferdig med nyeste sesong av The Dragon Prince (jeg fortsetter å like den meget godt), og ferdig med Andor (enig i at det ikke er så wow som det virker som at mange mener, men ganske wow allikevel).Venter med The White Lotus og The English.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3234
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Sjølv om eg gissa korleis hovudmysteriet måtte fungere i episode 2 allereie, var det flust i små og store vriar mot slutten av sesongen av 1899, og eg er no ganske gira på ein potensiell sesong 2. Håpar Netflix for ein gongs skuld fornyer ein serie. Og dette tyder vel at me endeleg må gjere alvor av å prøve sjå Dark òg.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 970
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Lenge siden oppdatering nå, men har faktisk ikke sett så alt for mye. Må allikevel være noe jeg har glemt under. Har jeg ikke sett mer siden begynnelsen av desember?

The White Lotus sesong 2 var en god andre sesong, men kanskje fordi man visste mer hva man gikk til denne gangen, var den ikke like god som sesong 1. Kanskje jeg ikke forstod alt, men synes sesong 1 var enda mer poengtert og tydelig i sin satire. Karakterene der var enda mer usympatiske. Sesong 2 har stort sett rike og egoistiske folk de og, men de virker nesten mer normale enn flere av dem vi møtte i sesong 1. Også vet jeg ikke om avslutningen/avsløringen var god eller nesten litt dårlig.

The Dragon Prince sesong 4 var for øvrig meget god. Gleder meg til fortsettelsen - vi får håpe at det ikke tar like lang tid til neste sesong som mellom s3 og 4.

Archer sesong 13 var også en god sesong. Den likte jeg!

Og har fullført His Dark Materials. Jeg vet ikke helt hvorfor, men den har aldri klart å engasjere meg skikkelig - til tross for gode skuespillere, gode visuelle effekter og mange interessante ting i historien. Det er vel en grunn til at den ikke fikk den oppmerksomheten som man kanskje skulle tro da den ble annonsert og første sesong kom for noen år siden. Også skal jeg innrømme at jeg aldri var verdens største fan av bokserien. Har ikke lest de nye bøkene og har ikke planer om å gjøre det med det første heller.

The Last of Us er meget solid i de to første episodene. Jeg kjenner til spillene, men har ikke spilt noen av dem, men virker ikke som at det er nødvendig heller. Godt skuespill, godt manus, gode effekter osv. osv. Gleder meg til fortsettelsen.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3234
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Me var aldri overbegeistra for White Lotus, tykte den var heilt grei men ganske oppskrytt, og me bestemte oss relativt tidleg i sesong 2 for at dersom den ikkje imponerte oss ville me droppe serien. Det gjorde den absolutt ikkje, så me kjem nok ikkje til å sjå sesong 3. Godt skodespel, for all del, men to av dei tre hovudplotta var utruleg føreseielege (drapsplottet og prostitusjonsplottet), der kvar einaste utvikling kjentest telegrafert fire-fem episodar i førevegen, og det tredje (rike par med samlivstrøbbel) imponerte ikkje akkurat det heller. Generelt hadde eg akkurat same inntrykk som i sesong 1 -- serien er heilt kurant på ein fire-fem ulike sjangertroper, og har litt forbigåande sjarm i at den veksler mellom dei frå plottline til plottline, men den tilfører ikkje nokon av dei noko nytt, og om ein ser seriar som spesialiserer seg på det eine eller det andre finn ein fort noko betre i kvar av dei. Og det er altfor lite samankopling mellom plottlinene til at det at dei er ulike i seg sjølv tilfører noko særleg for meg.

Einig på begge dei animasjonsseriane, solide sesongar, gler meg til neste!

His Dark Materials er me ikkje heilt ferdige med (me utsette seriar som kom ut medan me var bortreist i desember til fordel for å fullføre dei som hadde byrja i november, så me byrja fyrst på den no i helga som var), men eg er einig i at den manglar eit eller anna for å verkeleg engasjere. Trur faktisk eg likte filmadapsjonen betre på mange måtar, og det veit eg søren ikkje om eg har tenkt om nokon dobbeltadapsjon fjernsyn/film der filmen kom fyrst før. Eg er som deg heller ikkje superfrelst av bøkene, men kona elsker dei, dei er mellom hennar absolutte favorittar i nokon sjanger, og har inntrykk av at ho føler det på same måte med serien som eg og du.
Eg kan forresten nemne at eg har likt dei nye bøkene veldig godt. For lenge sidan eg har lese dei opphavlege til at eg kan samanlikne, men eg likte begge dei nye betre enn eg hugsar å like dei opphavlege, og ser fram til neste bind.

Last of Us er veldig bra, ja. Eg har null forhold til spela, men frykta serien ville kjennest veldig sett-det-før post-apokalyptisk zombie-overlevingsthriller. Til ein viss grad gjer den det så langt, men det er så bra gjennomført at det gjer ikkje noko. Håpar den fortset slik.

Kva har eg elles sett sidan sist, skal me sjå:
* Eg prøvde Tulsa King og koste meg med den. Den finn absolutt ikkje hjulet opp på nytt, dette er ganske standard saker innanfor krimdrama-sjangeren, men det er god driv i historia og Stallone (som eg ikkje har noko forhold til, eg har ikkje ein gong sett Rocky eller Rambo) har god karisma som antihelt-protagonisten. Gler meg til sesong 2.
* Mayfair Witches har hakket betre tempo og hakket mindre atmosfære enn systerserien Interview with the Vampire hadde i fjor haust. Hovudpersonen er spelt av Alexandra Daddario frå sesong 1 av White Lotus, og ho ber det som elles så langt er ein ganske sjangertypisk 'vent, har eg overnaturlege evner? finst det noko slikt som hekser og ånder?!' thriller-drama veldig godt. Så langt i sesongen (tre episodar inn) er dette ein serie av typen der eg ser fram til den nye episoden når eg ser den i kalenderen, men elles gløymer den finst i ei veke av gongen.
* Your Honor er tilbake. Dei fyrste to episodane er blitt brukt på å hente sjåaren inn att på tidshoppet etter sesong 1, så eg anar ikkje kva som står i vente no som ting er byrja rulle vidare. Men Bryan Cranston og Michael Stuhlbarg er i mine augo mellom dei aller ypparste skodespelarane amerikansk fjernsyn har å by på, så reknar med det blir verdt titten.
* Willow var ... heilt grei. Eg har ikkje noko nostalgisk forhold til filmen -- eg såg den faktisk for fyrste gong i fjor nettopp fordi serien skulle komme -- men eg må innrømme eg er mektig imponert av kor mykje mytologi frå den og referansar til den dei fekk til utan at det føltest tvungent eller feil. Serien lider likevel under tenåringsdramasyndromet, trass i ganske ålreit skodespel frå alle fire kjernetenåringane. Dei vaksne er langt meir interessante, og når dei får skjermtid kjem serien seg alltid umiddelbart. Og kvar einaste scene blir grundig stelt av vittige replikkar og latterlege situasjonar frå det som openbart er manusforfattarane sin favoritt, den sjarmerande antihelten Thraxus Boorman, nydeleg spelt av Amar Chadha-Pate, som eg ventar å sjå i haugar av ting etter dette.
Episk fantasy er framleis ikkje noko det er haugar av på fjernsyn, så det er plenty bra nok for at eg blir sjåande på det, men utover Chadha-Pate kan eg ikkje sei eg er nokon stor fan, heller.
* Hunters har me, som med Dark Materials, berre nett byrja hente oss inn på, men Pacino er like strålande her som han var i fyrstesesongen. Dette er altså serien om ein gjeng (stort sett jødiske) borgarvernarar på syttitalet i USA som sporar opp nazistiske krigsforbrytarar med nye identitetar og likviderer dei over ein låg sko. Usikker på korleis dei kan overgå den fantastiske finaleepisoden sist, men kryssar fingrane for at dei veit kva dei driv med -- at det er offisielt slutt etter denne andresesongen gir meg håpet og trua på at det er ein plan å støtte seg på.
* Sky Rojo er nok ein serie der me berre er omtrent halvveges i den nye sesongen. Som i tidlegare år er det ein del klein overdramatisk dialog (usikker på kor mykje av det som er kulturelt eller språkleg betinga av spansk og kor mykje av det som er manus), men denne halvtimesserien om tre tvangsprostituerte på flukt frå halliken deira er framleis både spanande og velspelt, sjølv om den ikkje når Casa de Papel av same serieskaparar til knea. Eg hugsar imidlertid ikkje at dei fyrste to sesongane var så ubehageleg valdelege om fleire sekvensar i sesong 3 har vore så langt. For all del, det er bra ikkje å glorifisere valdsbruk og å dvele ved forstyrrande sider innimellom, og serien tenderer som sagt til å vere litt corny, så litt meir jordnære gruvsamheiter er for så vidt smart. Men eg må innrømme at eg nok ville tenkt meg om to gonger om eg fortsette med serien viss den vart såpass ekkel i byrjinga av sesong 1 som den allereie har vore tre gonger i sesong tre.
* The Peripheral var veldig bra, spanande og uføreseieleg sci-fi-thriller med minneverdige karakterar. Håpar sterkt på ein sesong 2.
* The Witcher: Blood Origins-miniserien var på langt nær så dårleg som kritikkane skulle ha det til. Litt anonym var den nok, men heilt grei skuring til actioneventyr-fantasy å vere. Og fint med litt utbrodering kring det mest mystiske og sentrale bakgrunnshistoriepunktet ifrå hovudserien.
* The Mysterious Benedict Society fortsette å storsjarmere meg i sesong 2 som det gjorde i sesong 1. Det er alltid herleg når ein serie med så unge hovudpersonar ikkje kjennest kleint tilgjort eller anonym og uoriginal. Og den sprudlande tonen, spesielle dialogen og oppslukande verdsoppbygginga her begeistrar meg stadig.
* Mythic Quest, trass i å ha mista fantastiske F. Murray Abraham til White Lotus no i sesong 3, er framleis superb. Definitivt min favorittkomiserie som framleis er i produksjon (skjønt eg ser relativt få komiseriar i desse dagar, så godt mogeleg det er noko endå betre der ute. Men eg tvilar. Den er _så bra_.)
* Poker Face har ein kjempegod pilotepisode. Dei fire etterpå har så langt vore temmeleg bra, men faren for å bli for formularisk for meg er byrja bli ganske tydeleg. Det sagt så er det mange svært gode skodespelarar, gode manus (eit par irriterande plotthol til sides, i alle fall) og spanande forteljarstil, og serien klarar finne ein imponerande balanse mellom tredimensjonalt karakterdrama i kabelfjernsynstil og vekentlege sjølvstendige mordmysterium i nettverksfjernsynstil der den klarar hauste inn mange av dei positive trekka frå begge verde.
* The Mosquito Coast var betre i sesong 1 enn i sesong 2, men i grove trekk var den for meg det same framleis: God når den lente seg på thrillersjangeren og intelligensen til hovudpersonane for å komme seg ut av diverse problem, middelmådig og saktegåande når den vart for fokusert på såpeoperaen internt i familien. Avslutninga var (i motsetnad til sesong 1) ganske tilfredsstillande, så dette er ein serie der eg no er heilt OK viss dei vel å avslutte her, sjølv om dei tydeleg let døra stå på gløtt for vidare sesongar.
* Kaleidoscope har eg berre sett éin av førebels, og den var bra-men-ingenting-spesielt -- men Esposito og Sewell i ein heist-basert miniserie er for freistande til at eg ikkje kjem til å gi opp så lett. Og sidan formatet her er eksplisitt sjå-episodane-i-einkvar-rekkefølgje (eg valte 'mysterium'-stilen) reknar eg med dei vil vere temmeleg ulike frå ein til neste.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Post Reply