Hva leser du for tiden? II
Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki
Re: Hva leser du for tiden? II
Eg les Hobbiten på nynorsk! Ringdrotten ligg klar i bokhylla, men det kan henda eg sparer den til seinare og heller går laus på The Ruins of Ambrai av Melanie Rawn. Elles byrja eg å lesa Malazan på lydbok tidleg i år, men datt litt av. Det er litt vel mange ting å halda styr på over lydbok, synest eg, så eg vurderer å skaffa meg bøkene fysisk.
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar (nesten) kvar veke.
-
- Den Fortapte
- Posts: 1005
- Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
- Location: Rett ved Akerselva
Re: Hva leser du for tiden? II
Eg er snart halvveges i Tiamat's Wrath, den åttende og nest-siste romanen i The Expanse. Eg er blitt blodfan av denne serien som har halde eit veldig høgdt nivå heilt frå starten av (og inklusive i tie-in-novellene i Memory's Legion-antologien). Den har minneverdige karakterar som i mine augo klarer balansegangen mellom realisme og minneverdige skikkelsar ekstremt godt, ei verd som kjennest ekte og levd i, og plott som aldri sluttar å rive meg med, og der menneskeleg natur alltid står i sentrum uansett kor jordfjerne (heh) dei eksterne utløysarane for hendingane måtte bli. Vil jo vise seg om sisteboka òg leverer når den tid kjem, men så langt har eg ingen grunn til ikkje varmt å tilråde denne serien.
Elles las eg nyleg to gamle norske omsetjingar eg fann i ein bruktbutikk av italienske 70-talls-teikneserieadapsjonar av dei to fyrste El corsario negro-bøkene til Emilio Salgari, ein forfattar eg aldri hadde høyrt om, men som openbart var ein slags innflytelsesrik italiensk Robert Louis Stevenson-ekvivalent frå seint 1800-tal. Viss ein ser vekk frå utdatert forteljarstil og kaotiske panelbyte og karakteridentifikasjonar låg det både flotte teikningar og eit spanande (om enn, som ein kan vente, klisjétungt) pirateventyr til grunn i desse, så det var vel verdt titten.
Skal no til på ei samling med historiar om James Gordon (politisjefen frå Batman) frå midten av 90-talet som eg fann i same bruktbutikk. Las fyrste par kapitla i går, og dette verkar veldig lovande, med ei gradvis avsløring av bitande og daudeleg politikorrupsjon som tærer på både moralen og nervene til hovudpersonen. Etter det kjem bind 20 av dei norske omsetjingane av Thorgal, som eg som alltid gler meg til. Ein fire-fem bind til, no, og så har Egmont klart fullstendig å innhente dei opphavlege franske utgivingane, og det inklusive alle tre avleggarseriane! Reknar med serien blir kansellert her straks det skjer, heller enn å redusere til knapt éi samling i året e.l., men eg kryssar fingrane, tærne og det som elles måtte kunne kryssast for at når den er kommen så langt som dette så går den i alle fall ikkje går inn før me er heilt oppdatert.
Og Hobitten på nynorsk freistar ... Eg har framleis ein latent ambisjon om å somle meg til Ringdrotten ein gong, og kanskje det kunne vere appetittvekkjaren eg treng. Har du snubla over eit sitat eller to som kan selje meg på at språkdrakta er verdt det?

Aldri høyrt om verken The Ruins of Ambrai eller Melanie Rawn, men den ser spanande ut! Gi gjerne lyd om kva du tykkjer!WoTle wrote: ↑Thu Sep 07, 2023 7:31 Eg les Hobbiten på nynorsk! Ringdrotten ligg klar i bokhylla, men det kan henda eg sparer den til seinare og heller går laus på The Ruins of Ambrai av Melanie Rawn. Elles byrja eg å lesa Malazan på lydbok tidleg i år, men datt litt av. Det er litt vel mange ting å halda styr på over lydbok, synest eg, så eg vurderer å skaffa meg bøkene fysisk.
Og Hobitten på nynorsk freistar ... Eg har framleis ein latent ambisjon om å somle meg til Ringdrotten ein gong, og kanskje det kunne vere appetittvekkjaren eg treng. Har du snubla over eit sitat eller to som kan selje meg på at språkdrakta er verdt det?

Så mange fingrar har eg ikkje!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Re: Hva leser du for tiden? II
Nokre smakebitar:
"Det var ei fælande lei sak. Jamvel eg, Gandalv, kom så vidt frå det. Eg freista på å berge far din, men det var i seinaste laget for han. Han var frå vitet og på rek, og hadde gløymd mest alt utanom kartet og nøkkelen."
"I tida for soga vår var det famleis nokre att som ætta frå både alvar og kjemper i nord, og hovdingen deira var Elrond, husbonden i Rimnadal. Han var gæv og andletsfager som ein alvedrott, sterk som ein krigar, vis som ein trollmann, eldgamal som ein dvergekonge og mild som sommaren. Han er med i mange soger, men luten hans i soga og storferda til Bilbo er berre liten, men viktig, som du skal sjå, om vi nokon gong kjem til enden av ho. Huset hans var fullkome, anten ein sette pris på mat, svevn, arbeid, soger eller viser, eller berre likar å sitja og tenkje, eller ei triveleg blanding av alt i hop."
Eg ser pris på språkdrakta, sjølv om det til tider blir vel konservativt. Det eg liker best er måten han bruker ulike stilnivå av nynorsk, kombinert med dialekttrekk, for å skilja mellom dvergane, alvane og hobbitane. Det gir litt ekstra futt til forteljinga.
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar (nesten) kvar veke.
Re: Hva leser du for tiden? II
Så moro! Tusen takk for at du tok deg bryet (tykte det var umaken verd (gjorde deg til møde for meg))!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.