Nokre av dokker har kanskje fått med dokker at Twitter/X har gått gjennom nokre store endringar den siste tida. Mange stikk no frå den gamle Fuglen, og eitt av dei sosiale media som har opplevd stor vekst er Bluesky. Appen og nettstaden er framleis under utvikling, så den manglar funksjonar som direktemeldingar og Twitter-sirklar, men i det store og det heile kjennest plassen som Twitter før Elon Musk tok over.
Mange frå både norsk Twitter og Twitter of Time har emigrert, så eg trivst i alle fall godt. Dessverre er Bluesky framleis i startfasen, og sjølv om dei runda ein million brukarar for litt sidan, er ein førebels avhengig av invitasjon for å komma inn. Sidan eg har sett nokre norske Tidshjulet-fans på Twitter tidlegare, lurte eg på om det er nokon av dokker som er gira på invitasjonskodar. Gi gjerne ein lyd i tråden under i så fall!
Fugleflyktningar til himmels
Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren
Fugleflyktningar til himmels
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar (nesten) kvar veke.
Re: Fugleflyktningar til himmels
Koseleg tilbod! Eg har alltid vore meir av ein passiv lesar på sosiale media enn ein postar, så usikker på kor mykje vits det eigentleg er. Men eg saknar no litt å sjå postane til alle dei som har forsvunne (som deg), så i den forstand er eg småinteressert. Spørsmålet er vel om eg ville hugsa å logge på nok ei ny plattform jamnleg nok til å få med meg ting likevel ...
Last edited by Loki on Mon Sep 25, 2023 21:51, edited 1 time in total.
Re: Fugleflyktningar til himmels
Då sleng eg ein invitasjon i di retning, så får andre gi ein lyd i tråden om dei òg vil ha, når eg får fleire.
Her: bsky-social-ku235-fsrt2
Her: bsky-social-ku235-fsrt2
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar (nesten) kvar veke.
Re: Fugleflyktningar til himmels
Takkar og bukkar.