Dette trur eg må vera favorittepisoden min så langt. Ja, den hadde sine manglar, men, wow, måten dei handterte Egwene sitt fangenskap var fantastisk bra. Det er faktisk vondt å sjå på, og småtinga dei gjer med forholdet hennar til Renna fungerer veldig godt, til dømes det augeblikket der dei kjenner ein viss connection, eller når Renna blir synleg skuffa over at Egwene framleis vil bruka mugga som eit våpen. Endeleg får Madeleine Madden sjansen til å verkeleg visa seg som skodespelar!
Eg er skeptisk til Min-greiene, men det kan gi ho meir djupne og kompleksitet til seinare, så eg prøver å ikkje henga meg opp i det. Rand og Mat saman i Cairhien var hjartevarmande og fint. Elayne, Nynaeve og Ryma/Pura i Falme var òg blant høgdepunkta. Det at dei faktisk lar publikum bli kjent med Ryma Sedai før ho blei damane var eit lurt grep. Det å sjå Maigan på slutten av episoden var ein god payoff for badescenen med Moiraine førre sesong.
Alt i alt: Eg er veldig positiv, men eg håper dei får fleire episodar i framtidige sesongar.
S02E06: Eyes Without Pity
Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren
S02E06: Eyes Without Pity
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar (nesten) kvar veke.
-
- Den Fortapte
- Posts: 1058
- Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
- Location: Rett ved Akerselva
Re: S02E06: Eyes Without Pity
Ja det var en god episode, og ja, endelig fikk Madeleine Madden vist mer og bedre skuespill. Hun har vært for anonym til nå, men her er hele fokuset på henne og hennes kamp, usikkerhet, misnøye, gru, hat osv. kommer meget godt fram.
Rand fortsetter å blir bedre og bedre, og gjenforeningen med Mat var flott.
Likte godt kampen mellom Ryma/Pura og seanchan. Den var brutal, noe serien gang på gang tør å være. I scenene med Nynaeve, synes jeg sistnevnte var litt tilbake til sitt gamle jeg, som jeg ikke er så glad i - uten at jeg klarer å beskrive det på en god måte.
Alt med Egwene var uansett episodens beste
Med to episoder igjen, har de virkelig tid til det de skal? Nå er vel for så vidt alt klart for kampen i Falme, så de ender vel der i episode 7, så kampen i episode 8.

Manbearpig
Re: S02E06: Eyes Without Pity
Endeleg sett denne (og episode sju), og eg må berre sei meg einig, dette vart eit stort steg i rett retning! Og imponert over kor nyansert dei klarte gjere Renna, som lett kunne framstått som ein todimensjonal sadist. Skulle ynskje dei brukte like mykje tid og energi på å gjere alle plottlinene og karakterane like nyanserte, men om ein fyrst skal velje ut ein er dette absolutt rett val.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Re: S02E06: Eyes Without Pity
Einig i at karakterbygginga er enormt bra i denne episoden! Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar (nesten) kvar veke.
Re: S02E06: Eyes Without Pity
Vel, då har eg oppdatert postsignaturen for fyrste gong sidan me hadde to nullar midt i årstala.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
-
- Den Fortapte
- Posts: 1058
- Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
- Location: Rett ved Akerselva
Re: S02E06: Eyes Without Pity
Må ha sett bort eller sovna eller noe, for jeg kan virkelig ikke huske scenen der Lan tisser mens Alanna ser på. Skjønte virkelig ikke hva dere klaga sånn over i Hjulpreik-podkasten. Men det er vel tegn på at oppmerksomheten forsvant litt når historien fokuserte på Lan. Stakkars Lan i sesong 2.
Manbearpig
Re: S02E06: Eyes Without Pity
I rettferdas namn plaga ikkje scenen meg. Det er rett nok tusen betre ting dei kunne brukt tid på, men det skurra ikkje så mykje for meg at det irriterte -- eg hadde gløymt scenen skjedde innan ti minutt av episoden vidare hadde gått. Var sikkert difor WoTle si påminning tok meg så på senga, humormessig.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Re: S02E06: Eyes Without Pity
For ei ære!
Eg trur grunnen til at akkurat den scenen sit igjen hos meg, er fordi det er symptomatisk på eitt av dei store problema mine med sesongen: Dei kastar vekk verdifull tid på historier som ikkje eigentleg engasjerer. Lan si rolle som mentor for Rand er uendeleg mykje betre enn Lan si rolle som Voktar som ikkje veit kor han skal gjera av seg, og, sjølv om det var ein viss payoff for han og Moiraine si tid frå kvarandre, trur eg serien hadde tent meir på å enten ha han og Moiraine saman heile sesongen, eller faktisk la Lan vera mentor for Rand i meir enn éi scene i løpet av sesongen. (Men vektlegginga mi av pissescenen er litt på kødd òg, altså, hahah.)Asphyxiate wrote: ↑Tue Oct 24, 2023 18:56 Må ha sett bort eller sovna eller noe, for jeg kan virkelig ikke huske scenen der Lan tisser mens Alanna ser på. Skjønte virkelig ikke hva dere klaga sånn over i Hjulpreik-podkasten. Men det er vel tegn på at oppmerksomheten forsvant litt når historien fokuserte på Lan. Stakkars Lan i sesong 2.
Med det sagt: Nokre av greiene dei legg til for å "gi karakteren meir å gjera" funkar godt. Eg liker veldig godt historia med Moiraine sin familie, og eg hadde nok likt den endå betre om eg ikkje følte at det tok opp verdifull tid i ein altfor kort sesnog.
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar (nesten) kvar veke.
Re: S02E06: Eyes Without Pity
Dette oppsummerar mitt forhold til tillegg (som diskret frå endringar) veldig bra. Eg har i prinsippet ingenting imot at dei fyller ut og legg til ting for karakterar og plottliner, og ofte er mykje av det beste i fjernsynsadapsjonar nettopp denne typen scenar. Men det skurrar når det kjem på kostnad av dei mange viktige tinga som blir kutta fullstendig.
Eg forstår heller ikkje hastverket. At dei har budjsettgrunnar til å halde sesongane korte, jau, greitt nok. Men det må då vere mogeleg å bruke meir enn éin sesong per bok, i så fall, og late manusforfattarane finne dramatiske midtpunkt som kan fungere som sesongfinalar, eller som eit absolutt minimum gi kvar bok ein heil, fullstendig sesong. Sjansane for at serien lever lenge nok til å ta føre seg alle fjorten bøkene er knøttsmå dersom den ikkje blir ein stor suksess. Om den blir kansellert etter sesong tre eller fire, ville eg (og eg trur dei fleste andre) heller hatt ein god adapsjon av to-tre bøker enn ein forhasta adapsjon av fem. Og om alle jarteikn skulle gå rett veg, så ville ein fått fleire sesongar ut av suksessen før det var over. Det verkar som ein vinn-vinn-situasjon for meg, så eg klør meg jamt i hovudet av kvifor så mange adapsjonar (WoT er slett ikkje åleine her) likevel tek slik ei samansnurpa tilnærming til kjeldematerialet.