World of Malaz – Erikson/Esslemont
Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki
World of Malaz – Erikson/Esslemont
Eg har, huttemegtu, etter halvanna tiår med ambisjon om å gjenlese og så fullføre bøkene sett i Steven Erikson og Ian C. Esslemonts delte World of Malaz-univers, endeleg byrja!
I den samanheng tenkte eg slenge ein post inn i denne tråden kvar gong eg les ferdig ei bok. Det er altså snakk om følgjande seriar:
* Path to Ascendancy (nyleg omtitulert som Paths to Ascendancy i fleirtal, pågåande)
* Novels of the Malazan Empire (ferdigskreven)
* The Malazan Book of the Fallen (ferdigskreven)
* The Tales of Bauchelain and Korbal Broach (pågåande – Lotta har forresten allereie skreve vurderingar av dei fyrste tre her, her og her)
* The Witness Trilogy (pågåande)
* The Kharkanas Trilogy (pågåande)
Til saman, for augneblinken, 30 bøker, med minimum fire til på veg. Vil tru i alle fall ei eller to av dei kjem ut før eg blir ferdig ... Sist eg las denne serien var eg à jour då eg datt av, men den gong var det berre tolv av dei som fanst, så brorparten her blir nytt for meg!
INDEKS FOR TRÅDEN
For dette prosjektet har eg valt å lese alt i meir eller mindre kronologisk rekkefølgje, så langt det let seg gjere utan å spolere større avsløringar, men for dei som er interesserte i spesifikke bøker eller seriar i dette universet har eg redigert inn ei innhaldsliste her, sortert etter serie heller enn historiekronologi:
The Paths to Ascendancy (førelauparserie, Ian C. Esslemont)
Dancer's Lament
Deadhouse Landing
Kellanved's Reach
Forge of the High Mage
Tales of Bauchelain and Korbal Broach (kortromanar tidlegare kjent som «Necromancer»-serien, Steven Erikson)
Blood Follows
The Lees of Laughter's End
The Wurms of Blearmouth
The Malazan Book of the Fallen (den originale hovudserien, Steven Erikson)
Gardens of the Moon
Deadhouse Gates
Midnight Tides
Novels of Malaz (systerserie til hovudserien, Ian C. Esslemont)
Night of Knives

Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Re: World of Malaz – Erikson/Esslemont
Dancer's Lament
Path to Ascendancy, Book One
Ein ung og svært gåverik snikmordar kjem til ein einsleg bystat midt i eit sletteområde og vil forsøke byggje seg ein karriere. Han kjem fort i konflikt med ein eksentrisk og ambisiøs liten kar som enten er gal eller genial (eller, kanskje mest sannsynleg, begge deler) og som ser ut til å ha gjenoppdaga ei gløymt magigrein, medan dei begge må handtere dei langt meir jordnære skurkane som er byen si etablerte kriminelle underverd.
Samtidig følgjer me ein kar frå bystaten sitt halvdusin magikarar som fungerar som ei slags velmeinande styrande myndigheit, ein urban kjekkas som stort sett uroar seg over å smusse til kleda sine fram til byen blir kringsett av ein krigsglad konge frå sør på kontinentet. I tillegg får me òg fortalt ein del frå perspektivet til ein av soldatane til åtakarmakta, ei ung kvinne i den livsfarlege livgarden til denne kongen.
Boka har god framdrift, gjer ein solid jobb med å gjere det kompliserte universet forståeleg for lesaren, og beileiringsplottet gir ei konsekvent, overhengande kjensle av fare og konflikt gjennom det heile. Med tanke på at dette er ein forløpar-serie der fleire av hovudpersonane i eldre utgåver er viktige bakgrunnspersonar i dei andre bokseriane i universet, gjer Esslemont ein god jobb med den vanskelege balansegongen i å skildre dei som imponerande, men feilbarige og uerfarne. Eg tør påstå at boka fungerer like godt både for dei som har lese dei seinare seriane, og dei som ikkje har og (som eg valte ved denne gjennomlesinga) byrjar utforskinga av Malaz-universet her.
Sjangeren, som ein vel ofte kan sei om desse bøkene, ligg ein god del nærmare sword & sorcery enn episk fantasy, noko ein kan merke både på bruken av det overnaturlege, og på det komplisere, uklåre moralske skillelinene. Bystaten er styrt av ei eldgamal trollkvinne og hennar magikarassistentar, og dei verkar i det store og heile både rettferdige, samvitsfulle og tilbakehaldne -- så er dei snillingane sjølv om dei er diktatorar? Hovudpersonen er ein mann som utan samvitskvaler drep andre for peng, men som titt og ofte openbart er fråstøytt av det han ser andre kriminelle gjer, og som stadig er uventa skånsam og sjenerøs mot dei fleste han møter. Det er ingen fasitsvar her, ingen mørk djevelgud ein kan fikse alt om ein berre sigrar over, i dette universet kan sjølv den beste gjere feil, og sjølv den verste gjere rett.
Esslemont er ikkje ein forfattar av same kaliber som Erikson, men han er tilgjengjeld langt meir lettlest, og dette var (som eg hadde håpa) ein mjuk start på lesinga -- men det var òg ein uventa og gledeleg spanande start. Litt fråtrekk for at det for mange av hovudpersonane følest meir som ei Fortsetjing følgjer-avslutning enn ein skikkeleg slutt, men det er vel å vente seg i bok 1 i ein trilogi -- og me sit ikkje att med cliffhangers, i det minste.
Det er vrient å gi karakterar til ting, særleg ei bok på 500 sider, men om eg skal prøve: 7,5/10

Path to Ascendancy, Book Two
Ein liten bystat på ei halvt avsides øy som har like mykje myr som landjord har lite å skilte med utover ein flittig flåte relativt uavhengige piratkapteinar som ikkje kan ankre annanstads. Ein frilans snikmordar og ein halvgal magikar med avsindige ambisjonar. Ei grim adelskvinne i eksil, gøymt frå sin morderiske bror med hennar få attståande lojale offiserar. Ein djupt from sverdmeistar som tenar sjølve Dauden og som, for fyrste gong, har noko usnakka med herren sin. Ein distré, akademisk prest som slett ikkje ser ambisjonane til dei rundt han komme før han står tiltalt for eit utal oppdikta brotsverk. Og eit hus, som ikkje er eit hus, som har stått på øya i uante tusenår, der alle som går inn forsvinn for godt.
Rør godt og server, så har du bok nummer to i denne førelaupar-serien, og her byrjar me verkeleg å få sjå korleis Malazan-imperiet tok form. Omtrent alle karakterane (som overlev) enten har eller får pseudonym som samsvarar til dei mektigaste bakgrunnsfigurane i hovudserien, men her ser me dei før dei er vidkjente, før dei er mektige, og før dei alle på godt og vondt kjenner kvarandre.
Deadhouse Landing er, ved fyrste augekast, ei bok om ein liten gjengkrig side om side med små og ubetydelege statskuppforsøk, begge på ei lita og ubetydeleg øy i periferien av verda, samt eit stort sett urelatert sideplott om eldgamle gudevesen og eit mystisk hus. Men for dei som kjenner litt til hovudseriane desse bøkene leiar fram mot -- og det er vel minst nitti prosent av lesarskaren, skulle ein tru -- er dette òg eit fascinerande innblikk i dei spede byrjingane til eit verdsomspennande keisarrike. Det kjennest litt som å lese ein roman der dei amerikanske grunnlovsfedrene, eller det romerske seinrepublikanske senatet, dannar karaktergalleriet, uvitande om lagnaden som lesaren veit dei har i møte.
Og det er på både godt og vondt. Vondt, fordi ein omtrent aldri kan gi ein utbrodert bakgrunnshistorie som er like kul, imponerande og fascinerande som det lesaren vil ha fantasert om så lenge dei berre hadde mystiske hint. Godt, fordi det er sabla gøy å sjå generalar, admiralar, hoffmagikarar og keisaremne som unge, feilbarige folk med få ressursar og færre sjansar.
Esslemont er slett ikkje ein like gåverik forfattar som Erikson, men som arbeidshest er han imponerande. Dette har god framdrift, mystisk der det treng vere mystisk, forståeleg der det bør vere forståeleg, og trass i at eg las både teikneseriar og brorparten av ein annan roman samtidig kom eg meg gjennom desse rundt 470 sidene på tolv dagar, utan at det nokon gong kjentest som eit ork. Det sagt, så trur eg nok eg likte den litt meir jordnære historia i bok 1 eit hakk betre, og det er vanskeleg å heilt gjenskape den spente atmosfæren ein fekk i ei bok der alt føregjekk i ein kringsett by. Pluss at eg nok er litt mindre interessert i skipsfart og sjøslag enn ein kanskje burde vere for (rett nok mindre) deler av denne romanen.
Ein svak 7/10.

Path to Ascendancy, Book Three
Ei blind ung kvinne med ei mystisk makt over fuglar set ut på ei lang, einsam reise som ikkje ein gong ho sjølv er sikker på kvar skal ende opp. Ein kunnskapstørst prest for villsvinguden over krig og sommar vandrar omkring i søken etter innsikt i kva det er som no skapar så mange ringverknadar i gudeverda. Ein mishandla ung trollmann og ein ingeniørlærling med teft for handgemeng flyktar frå fengsel saman, med ambisjonar om å verve seg i den sagnomsuste leigesoldatorganisasjonen Crimson Guard. Ei anna gruppe leigesoldatar, på andre sida av kontinentet, endar opp mellom barken og veden, då deira arbeidsgivarar viser seg like problematiske som fienden, og alt står og fell på kva den talentfulle, karismatiske leiaren deira kan riste ut av ermet. Livvakta til ein ung konge oppdagar at når ein ikkje tek del i intrigespelet ved hoffet, blir ein fort den intrigene går ut over. Ein overambisiøs trollmann dreg ein halvt motvillig snikmordarkompis med seg på eit tokt for å finne ei magisk trone han meiner vil gi makt over ein mytisk hær udøde som ingen har sett på tusenvis av år.
Og ein bitteliten øystat piratar som nyleg er komen i hendene på ein ny eigar byrjar ein ambisiøs og aggressiv ekspansjon.
Kellanved's Reach er med andre ord eit samansurium av historietrådar, og i motsetnad til dei tidlegare to bøkene i trilogien, endar dei færraste her eigentleg opp med å ha særleg innverknad på kvarandre. Det er bokas store svakheit, sidan det undergrev ei heilskapleg, einsretta kjensle for meg som lesar. Det ber, i langt større grad enn dei fyrste to bøkene, preg av 'prequelitis', der det viktige er å få innsikt i så mange kule, minneverdige eller på anna vis interessante bakgrunnskarakterar som mogeleg, heller enn å verkeleg fortelje ei historie i si eiga rett.
Men individuelt fungerer alle historiane bra, og det er ikkje til å dytte under ein stol at det er spanande å sjå alle desse sentrale utviklingane og opprinningane som hovudseriane eit sekel seinare kjem til å lene seg på og referere til. Eg er òg teken litt på senga av det heseblesande tempoet i ekspansjonen av det gryande Malazan-imperiumet. Etter to heile romanar med sakte maktetablering av to steg fram eit steg tilbake-typen, får me no ein pangstart utan like. Det er uventa, men unekteleg spanande, og sidene flaug forbi, særleg når eg var komen ein tredjedel eller så inn i boka.
Ein sterk 6,5/10.

The Fifth Tale of The Malazan Book of the Fallen
Fire brør frå ei stamme gråhuda vesen langt mot nord blir sende på eit mystisk oppdrag av heksekongen som har samla alle stammene. Tre brør frå eit alltid-veksande hyperkapitalistisk menneskesamfunn mot sør må handtere dei openbare svakheitane i sin eigen sivilisasjon frå kvar sitt perspektiv: Den eine, det griske, sjølvgode imperialistiske utad, den andre, det utnyttande, undertrykkjande innad, og den tredje, den uendelege maktkampen i kyniske intrigespelet ved hoffet. Og så kjem dei to sivilisasjonane i konflikta alle visste måtte komme.
Eg gjorde eit uortodosk val her. Medan eg venta på fjerde boka i serien eg byrja på over skulle komme i posten, byrja eg på gjenlesinga av hovudserien som finn stad fleire tiår seinare. Men eg byrja ikkje med fyrsteboka. Eg byrja med den femte. For Midnight Tides føregår på eit anna kontinent enn dei andre bøkene så langt i serien, og finn stad før fyrsteboka gjer. Så, sidan eg har lese desse tidlege binda før, valte eg denne gongen å byrje her, heller enn å få det som eit digert avbrekk og sidesteg seinare.
Kor smart det valet var vil vise seg, men førebels er eg godt nøgd med det. Slik eg tykte hugse, er Erikson ein langt meir krevande forfattar enn Esslemont, og spranget frå dei tre bøkene over til denne var som å gå frå lettfattleg kioskfantasy til, vel, Steven Erikson. Her blir ingenting forklart om ikkje karakterane sjølve treng det forklart, og lesaren må pusle saman kva som føregår og lese mellom linene. Det gjer dei fyrste kapitla veldig tung lesing. Men når ein fyrst kjem litt inn i det og byrjar forstå kva som er kva og kven som er kven, så blir det flyt i historia -- og når eg kjem ein fjerdedel, ein tredjedel inn i denne nesten tusensiders mursteinromanen, oppdagar eg at eg er reven med og sidene går unna. Innan siste tredjedelen blar eg nesten fortare enn eg kan lese! Og slik hugsa eg Eriksons bøker frå førre gong òg: Veldig høg terskel i byrjinga av kvar bok, enorm avkastning i slutten.
Her er det djupe karakterkonflikter, ikkje minst internt i kvar karakter, det er kvass samfunnskritikk (ein kan ikkje unngå å sjå kor mykje den hyperkapitalistiske menneskesivilisasjonen i boka har til felles med vår eiga), det er lojalitet som svir i sjela og knapt ein triumf utan bittersøte under- og overtonar. Og -- og dette hadde eg gløymt -- ekstremt underhaldande, vittig dialog, i den eine historietråden. Interaksjonen mellom eksentrisk finansgeni utan peng Tehol Beddict og hans einaste tenar Bugg er konsekvent mellom det artigaste eg har snubla over i alle mine lesarår, og desto meir forfriskande når den kjem i ei bok der alle andre lider konsekvente sjelekvaler.
Mi einaste eigentlege klage, utom at eg kunne tenkt meg litt meir informasjon så det var lettare å henge med fyrste par hundre sidene, er at dei mange, lange sitata, dikta og tekstbitane som introduserar kvart nye kapittel i stor grad går langt over hovudet på meg, og dermed aldri følest som dei legg noko til historia. Dette er garantert ei svakheit i meg som lesar meir enn i boka, men det er litt trasig å stadig måtte kjempe meg gjennom desse sakene ved kvar kapittelstart, når eg omtrent aldri får noko ut av det anna enn ei kjensle av at usj, no går eg glipp av noko som sikkert er veldig smart og opplysande.
Alt i alt strålande lesing, ein episk, magisk krig der det tragiske står i fokus, og eg kjenner at eg gler meg til neste Erikson-bind. Vel, til siste 70 % av sidene i det, i alle fall.
9/10

-
- Den Fortapte
- Posts: 1048
- Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
- Location: Rett ved Akerselva

Samtidig så mener jeg at jeg sleit med Midnight Tides. Kanskje det kan være at Erikson gjorde et så radikalt brudd med fortellingen. Men når du nevner Tehol Beddict og Bugg, men jeg å huske at jeg synes partiene med dem var utrolig morsom.
Manbearpig
Re: World of Malaz – Erikson/Esslemont
Jau, eg òg hugsar den som ein ganske tung fartshump i midten av serieprogresjonen -- delvis difor eg no, når eg oppdaga på diverse tidsliner og leserekkefølgjer at den var mogeleg å lese fyrst, at eg heiv meg på det og fekk den unna. Men den får som sagt betre driv når ein kjem uti den, og Tehol/Bugg er konsekvent superartige i alle scenar dei har. Sidan resten av boka er ganske melankolsk, grimfilosofisk og pessimistisk så er dei to eit ekstra kjærkoment grep for leseopplevinga mi.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Re: World of Malaz – Erikson/Esslemont
Forge of the High Mage
Paths to Ascendancy, Book Four
Fleire tiår er gått sidan imperiet byrja bre seg frå den forblåste piratøya Malaz og den opphavlege trilogien enda (merk at serien no er subtilt omtitulert til Paths to Ascendancy i fleirtal), og etter eit feilslått felttog mot kontinentet i søraust har keisaren no erklært deira neste ekspansjon: nordover, til skipsfartsnasjonen Falar.
Pragmatiske, einarma Dujek får ansvar for den lange marsjen nordover gjennom ukjende landskap, medan like pragmatiske admiral Cartheron Crust skal leie flåten som skal segle opp parallelt. Vel, flåten. Flåten er framleis oppteken med det feilslegne felttoget i sør, så i dette høvet er 'flåten' keisarens personlege skip, ei gamal holje som så vidt held saman og stort sett berre er verdt noko fordi alle er einige om at den er heimsøkt og forbanna, samt det dei klarar ruske saman av pitatar og lukkejegerar som kan bidra med eigne skuter. Og om bord er sjølsvagt òg keisaren sjølv: den irritable, hemmelegheitsfulle og fullstendig uføreseielege trollkaren Kellanved. Og i nord ventar Falar, riket som er herska over av eit presteskap vigsla til havguden, og med eit mektig, legendarisk våpen: evna til å kalle ei apokalyptisk flodbølgje over sine fiendar.
Dujek på si side må drasse på fleire av imperiets mektigaste magikarar, som alle som ein er enten for eksentriske, for mystiske, for uunnverlege, for lite feltvande, for overlegne og/eller for upålitelege til sånt -- for ikkje å snakke at fleire av dei på papiret har høgare rang enn han. Det same gjeld soldatanes store idol, den nesten overmenneskelege sverdkjemparen som er imperiets uoffisielle maskot, men som insisterer på å marsjere i frontlinene og at det er Dujek sin kommando, ikkje hans. På vegen møter dei fiendtlege stammer av varulvar og varbjørnar, samt den siste store festningen til det nesten mytiske leigekompaniet Crimson Guard, som sidan byrjinga har sloss meir hardnakka mot imperiet enn nokon.
Så Crust og Dujek treng begge all den pragmatismen dei kan få fingrane i. Likevel ser alt ut til å gå meir eller mindre som planlagt, heilt til Dujek snublar over ein vulkan full av reptilianske zombiar og ein gal trollmann frå ein utdødd rase kjemper som meiner han skal få vulkanen til å fly.
Det er med andre ord veldig mykje som går føre seg i denne boka, men det kjennest einheitleg og målretta på eit vis det førre bindet ikkje heilt klarte. Det klarer òg ei veldig fin utbrodering av minneverdige karakterar me kjem til å få sjå att seinare i dei to hovudseriane (sidan dette trass alt er ein førelaupar-serie, sjølv om eg no les den fyrst), utan at det kjennest som fanservice og fyllstoff for historia som faktisk blir fortalt.
Det som sit att mest med meg frå denne boka er sjefstrollmann Tayschrenn, som sidan han vart introdusert i bok 2 er skildra som ein smådistré, filosofisk introvert med i beste fall ei akademisk interesse i dei rundt seg. Her, som tittelen lovar, får han utfolda seg -- til si eiga store overrasking. Det er både likandes og spanande å sjå mannen som verken forstår eller har hatt interesse av å forstå folk flest gradvis byrje bry seg om soldatane han må marsjere med, gradvis bry seg om kva dei tykkjer om han, gradvis forstå korleis den klinisk uinteresserte oppføreselen hans blir konsekvent feiltolka og misforstått sjølv av dei smartaste karakterane rundt han. Boka er på sitt sterkaste når me følgjer han. Men det er ikkje noko plottline her som skil seg ut negativt for meg, eg likte dei alle, og keisaren sine underliggjande planar er både enkle nok til at dei er lette å forstå, og smarte nok til at eg kjøper at dei overraskar både fiendar og allierte når historia krever det.
Og sistesetninga i boka er eit fabelaktig punktum som eg fekk litt gåsehud av -- noko få bøker klarer, men som alltid er ein herleg bonus når ein får det til!
Denne var like god som bok 1 i same serie, ja, kanskje til og med ein tanke betre. 7,5/10!

First Novel of Malaz
Temper er ein desillusjonert soldat som, etter årevis i trufast teneste med imperiets store idol og hans personlege ven og leiar, no lever inkognito som ein gretten, lite merkverdig veteran på ei forblåst, halvgløymt øy. Kiska er ei jente på randen av vaksenlivet, meir heime på hustak og i bakgater enn i meir sømelege yrke, og som lengtar etter å få vise kva ho duger til så ho kan komme seg fekk frå den same øya.
Øya er, tilfeldigvis, øya Malaz, der imperiet starta nesten hundre år før, no igjen for lengst ein avsidesliggande fotnote i det enorme riket den gav namnet sitt til. Til og med dei mange spåkonene, småtrollmennene og gatemagikarane den ein gong skilte seg ut med er stort sett borte, etter regenten sin nylege doktrine om å fjerne alle magikarar som ikkje tener imperiet direkte. Men øya har framleis éin ting: det mystiske daudehuset. Huset ingen går inn i, huset som har stått der sidan, ja, spør du rett folk så sidan før menneske budde på øya i det heile.
Så kjem det ei natt, ei natt der mange ulike mektige krefter brått vender tilbake til øya. Og alle har sine eigne planar.
Fyrste gong eg las denne boka, kort tid etter den kom ut (så i 2006 eller 2007, vil eg gjette), var opplevinga både-og. På den eine sida var det mykje spanande i den, og den fylte ut eit veldig interessant stykke forhistorie i Malaz-universet. På den andre sida var den vanskeleg å følgje, med haugevis av (intensjonelt) obskur eksposisjon som eg følte krevde at ein både følgjer godt med, og hugsa massevis av bakgrunnsdetaljar frå dei andre bøkene i universet. Og det i stor grad for å lese om folk som berre hadde vore sidekarakterar eller til og med bakgrunnsfigurar i tidlegare bøker.
Men denne gongen, som eg har lese dei nylegare førelauparbøkene som finn stad fyrst, er det uhorveleg mykje lettare for meg å lese mellom linene slik forfattaren openbart ynskjer at eg skal. Mykje lettare -- og langt meir interessant -- å kjenne att karakterar som eg no har blitt kjent med over fire romanar mange tiår i kontiniuteten. Og eg fekk difor mykje meir ut av lesinga.
Det er metafysiske, fantastiske ting på gang i bakgrunnen her, rørt inn i ein herleg suppe med verdslege, politiske intrigar, og det er unekteleg spanande å sjå. Både Kiska og særleg Temper er likandes og spanande å følgje, og sjølv om det er frustrerande til tider, er det gøy å forsøke nøste opp kva som føregår saman med dei.
Skrivestilen ber litt preg, tykkjer eg, av at dette var Esslemonts debutbok, og at han visste tilhengarane av dei eksisterande bøkene ville vente seg Erikson. I Esslemonts seinaste bøker (som eg las over, sidan dei føregår tidlegare) er han langt mindre obskur og knepen på eksposisjonen, og langt mindre komplisert og løyndomsfull i historieprogresjonen, begge ting Erikson er veldig god på. På den eine sida fører det at Esslemont her har ei langt meir kompleks og givande historie når ein faktisk får grep på kva som skjer. På den andre er han ikkje like god til det som Erikson, og det gjer leseopplevinga tidvis tung å følgje.
Det er vrient å setje ein karakter, sidan eg veit eg likte denne mindre sist enn eg gjorde no (skjønt, skal det merkast, eg likte den betre den gongen òg enn mange andre rundt om kring på nettet, som eg tykte var unaudsynleg kritiske). Når plottet fyrst får fart på seg har det skikkeleg god fantasythrillerkjensle, og det skulle berre ha vore litt meir tydelege svar på plass hist og her heller enn forfattarens openbare lyst til å halde seg til diffuse antydningar så ofte som mogeleg, så ville eg ha likt denne betre enn alle dei andre fire førelauparbøkene eg no har lese i dette prosjektet. Men som det er trur eg at eg ender på:
7/10

Husker jeg leste denne - og hadde vel samme opplevelse deg, Loki da: Det var et brudd med Erikson, og ikke alt jeg fikk med meg. Det kan man jo bli av Erikson også, men hakket mer her kanskje. Og han skriver ikke i nærheten av like godt som Erikson (av det jeg har lest), så selve teksten fløt ikke like godt. Men det er jo leeeeenge siden jeg leste den, så ved en omlesning hadde jeg kanskje endra litt på oppfattelsen, slik som du.
Manbearpig
Re: World of Malaz – Erikson/Esslemont
Godt mogeleg! For meg hjelpte det denne gongen enormt å ha ei investering i dei diverse bakgrunnsspelarane som er så viktige for plottet, men som (stort sett) får så lite sidetid, og når dei får det vanlegvis ikkje er tydeleg identifiserte ein gong.
Baksida med å ha lese alle desse førelauparane fyrst, no som eg er i Gardens of the Moon, er at Erikson og Esslemonts medvitne avgjersle om å ikkje ta kontinuitet høgtideleg (fordi dei er inspirert av Illiaden, Herodotus og den slags gamle kvasihistoriar, der motseiingar, overdrivingar og gjett er vanleg) får meg til å dra meg i håret fordi eg hugsar alle tinga som blir motsagt. Men men. (Eg ville vore heilt OK med denne innstillinga om det var snakk om gamle legender og rykter og den slags der karakterane sjølve neppe ville visst sikkert kva som var kva, men når karakterar som faktisk var til stades, og hendingar som er i levande minne, har vanvittig ulike framstillingar i POV-kapittel, så blir det for unaturleg for meg.)
Baksida med å ha lese alle desse førelauparane fyrst, no som eg er i Gardens of the Moon, er at Erikson og Esslemonts medvitne avgjersle om å ikkje ta kontinuitet høgtideleg (fordi dei er inspirert av Illiaden, Herodotus og den slags gamle kvasihistoriar, der motseiingar, overdrivingar og gjett er vanleg) får meg til å dra meg i håret fordi eg hugsar alle tinga som blir motsagt. Men men. (Eg ville vore heilt OK med denne innstillinga om det var snakk om gamle legender og rykter og den slags der karakterane sjølve neppe ville visst sikkert kva som var kva, men når karakterar som faktisk var til stades, og hendingar som er i levande minne, har vanvittig ulike framstillingar i POV-kapittel, så blir det for unaturleg for meg.)
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Re: World of Malaz – Erikson/Esslemont
Gardens of the Moon
The First Tale of The Malazan Book of the Fallen
Ei jente frå ein fiskarlandsby blir forgjord av snikmordarguden. Ein ung offiser blir handplukka av keisarinnas høgre hand til å finne ut kvifor. Dei blir begge vikla inn i imperiets høgpolitikk, der alle frå sirkelen til den gamle, daude keisaren dør ein etter ein, samtidig som generalen Dujek Onearm står på randen av å avslutte felttoget sitt og den nye keisarmakta i hovudstaden tykkjer han er byrja bli vel populær. Midt oppi dette står trollkvinna Tattersail, med mykje på samvitet og ynskje om å bøte på det, og det som er att av eliteeininga Bridgeburners, ei gruppe lojale veteransoldatar som keisarinna sender til uriaspost etter uriaspost.
Som om dette ikkje var nok har imperiet, som alltid er i ekspansjon, sett seg ut den myldrande metropolen Darujhistan, som neste erobring, og sender Bridgeburners inn som sabotørar for å tilretteleggje dette (og, ideelt sett frå eit keisarleg perspektiv, døy i same slengen). Men Darujhistan har sine eigne intriger, inkludert ein ung tjuv som ikkje anar at han er utvalt av tvillingguden for hell og lukke, eit snikmordarlaug som er byrja døy under åtak frå ukjende fiendar, eit mystisk spionnettverk, og ein tjukk liten pratmakar med merkelege draumar. For ikkje å snakke om eit gøymt, halvgløymt magisk fengsel utanfor byen, der ei tyrannisk kjempe som var altfor glad i tankekontroll har vore urørt i hundretusenvis av år. Men kanskje å vekkje han er akkurat det som skal til for at Malazan-imperiet skal kunne innta byen?
Som ein forstår av det over, er dette ei bok fullstappa av karakterar, fraksjonar, motivasjonar og intriger, som alle går på kryss og tvers av kvarandre. Eg har ikkje ein gong nemnt den gale trollmannen fanga i ein marionettekropp, dei to gode venene som panlegg ei brutal hemn på den ambisiøse ekskona til kameraten sin, eller Mørkerets son som herskar over det flygande fjellet. Då eg fyrst las den, for cirka tjue år sidan, vart det for mykje å halde styr på. Erikson er knipen med eksposisjonen sin, og det kan vere vanskeleg å skilje mellom kva han trur du les mellom linene, og kva han med vilje held tilbake.
Denne gongen likte eg boka, som eg hadde håpa, mykje betre. Eg kjenner verda, no, veit i stor grad kva som er kva, har eit visst grep om korleis magien fungerar, korleis gudekrinsen fungerar, kva dei ulike maktene vil. Eg er i stand til å følgje nok til å forstå når noko faktisk er eit mysterium, og når noko berre ikkje er forklart fordi karakterane sjølve veit kva det er og ikkje treng forklare det. Du verda som det har hjelpt.
Historiemessig er det ein del litt rare val her. Mykje står og fell på motivasjonane til karakterar ein knapt møter (keisarinne Laseen, gudane Shadowthrone og Openn) eller aldri får skikkeleg innblikk i tankane til (Dujek Onearm, guden Cotillion). Ein sentral del av plottet får resolusjon i ein nesten bokstaveleg deus ex machina, som -- dersom dette er fyrste Malazan-boka ein les -- avheng av eit verdsspesifikt konsept som ikkje blir nemnt på førehand, og knapt forklart når det dukkar opp (eit Azath-hus, om du les dette og lurer på kva eg siktar til).
Men når ein klarer følgje trass i dette, er dette ei god historie lell. Erikson er meistarleg i å veve ulike sjangeratmosfærar saman. Ein Bridgeburner-sekvens kan vere grim sword & sorcery som rett ut av Glen Cooks The Black Company, samtidig som ein har eit romantisk low magic-plott om ein ung tjuv som blir forelska i jenta han stel frå, enorme, episke high fantasy-konfrontasjonar, og alt der imellom. Dialogen er òg ganske god, og det er titt og ofte både artige og minneverdige utvekslingar.
Alt i alt vil eg tilrå boka, men den er i mine augo slett ikkje eit godt startpunkt. Eg vil i staden tilrå å byrje med Midnight Tides, som nemnt over, som har historietrådar uavhengige av Gardens of the Moon -- men nok gir mjukare introduksjon til dette universet, og gjer lesaren kjent med konsept og krefter som vil gjere det mykje lettare å få mest mogeleg ut av Gardens of the Moon. For det er den verdt.
Vil tru dette var rundt seks på skalaen fyrste gong eg las den, og ein sterk åtter no, så om eg skal gi ein samla karakter: Ein sterk 7,5/10

Irritasjon, eit tillegg
Eg føler for å skrive ein eigen post om dette, heller enn å kludre det til i Gardens of the Moon-posten over. Det var for meg ei kjent sak at Esslemont og Erikson si felles tilnærming til kontinuitet var inspirert av klassiske historieverk à la Herodotus, der tal på hærar og år er meir eller mindre dikta opp på ståande fot, og ingenting bør takast for bokstaveleg. Noko eg i og for seg er for, når det er ting karakterane me følgjer sjølve ikkje kan vite sikkert.
Det som plagar meg er når karakterar som personleg var til stades på relativt nylige historiske hendingar, hugsar dei på vilt ulike, gjensidig utelukkande måtar. Når Esslemont let karakteren Hairlock dukke opp før imperiet blir grunnlagt, medan Erikson skildrar same karakter som konvertert frå eit område imperiet erobra for ikkje så altfor lenge sidan, og begge deler skjer frå karaktersynspunkt som kjenner Hairlock personleg og er til stades ved mykje av det -- då er det berre irriterande. Upåliteleg historieskriving er ei greie, og ulike minner av same hending er ei greie, men ingen går og rotar med om ein mann fyrst dukka opp i fjor eller for tjue år sidan. Det er haugar av ting som dette -- ein gløymt gud som vaknar til medvit, implisert til å vere for fyrste gong på mange årtusen, trakkar rundt og har samtalr i ein prequelserie sett nokre tiår før. Flyktningar frå ein bystat er sagt å ha flykta frå ei erobring i ein serie, frå ein borgarkrig utan ekstern innblanding i ein anna, og begge seriane involverar folk som faktisk var der. Og så vidare, og så vidare.
Eg lyt openbart berre ta dette med ei stor klype salt og finne meg i at dei har slike gapande motseiingar frå serie til serie (men heldigvis, så vidt eg skjønnar nettet, så er motseiingane i bøkene internt i kvar serie langt mindre), for som nemnt over er for meg godene av å få betre grep om verda ved å lese ting kronologisk store nok til å vere verdt litt riving i håret. Men klage vil eg lell. Det er berre så undaudsynt.