World of Malaz – Erikson/Esslemont

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Post Reply
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3352
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

World of Malaz – Erikson/Esslemont

Post by Loki »

Eg har, huttemegtu, etter halvanna tiår med ambisjon om å gjenlese og så fullføre bøkene sett i Steven Erikson og Ian C. Esslemonts delte World of Malaz-univers, endeleg byrja!

I den samanheng tenkte eg slenge ein post inn i denne tråden kvar gong eg les ferdig ei bok. Det er altså snakk om følgjande seriar:
* Path to Ascendancy (nyleg omtitulert som Paths to Ascendancy i fleirtal, pågåande)
* Novels of the Malazan Empire (ferdigskreven)
* The Malazan Book of the Fallen (ferdigskreven)
* The Tales of Bauchelain and Korbal Broach (pågåande – Lotta har forresten allereie skreve vurderingar av dei fyrste tre her, her og her)
* The Witness Trilogy (pågåande)
* The Kharkanas Trilogy (pågåande)

Til saman, for augneblinken, 30 bøker, med minimum fire til på veg. Vil tru i alle fall ei eller to av dei kjem ut før eg blir ferdig ... Sist eg las denne serien var eg à jour då eg datt av, men den gong var det berre tolv av dei som fanst, så brorparten her blir nytt for meg!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3352
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: World of Malaz – Erikson/Esslemont

Post by Loki »

Dancer's Lament
Path to Ascendancy, Book One

Ein ung og svært gåverik snikmordar kjem til ein einsleg bystat midt i eit sletteområde og vil forsøke byggje seg ein karriere. Han kjem fort i konflikt med ein eksentrisk og ambisiøs liten kar som enten er gal eller genial (eller, kanskje mest sannsynleg, begge deler) og som ser ut til å ha gjenoppdaga ei gløymt magigrein, medan dei begge må handtere dei langt meir jordnære skurkane som er byen si etablerte kriminelle underverd.

Samtidig følgjer me ein frå bystaten sitt halvdusin magikarar som fungerar som ein slags velmeinande styrande myndigheit, ein urban kjekkas som stort sett uroar seg over å smusse til kleda sine fram til byen blir kringsett av ein krigsglad konge frå sør på kontinentet. I tillegg får me òg fortalt ein del frå perspektivet til ein av soldatane til åtakarmakta, ei ung kvinne i den livsfarlege livgarden til denne kongen.

Image

Boka har god framdrift, gjer ein solid jobb med å gjere det kompliserte universet forståeleg for lesaren, og beileiringsplottet gir ei konsekvent, overhengande kjensle av fare og konflikt gjennom det heile. Med tanke på at dette er ein forløpar-serie der fleire av hovudpersonane i eldre utgåver er viktige bakgrunnspersonar i dei andre bokseriane i universet, gjer Esslemont ein god jobb med den vanskelege balansegongen i å skildre dei som imponerande, men feilbarige og uerfarne. Eg tør påstå at boka fungerer like godt både for dei som har lese dei seinare seriane, og dei som ikkje har og (som eg valte ved denne gjennomlesinga) byrjar utforskinga av Malaz-universet her.

Sjangeren, som ein vel ofte kan sei om desse bøkene, ligg ein god del nærmare sword & sorcery enn episk fantasy, noko ein kan merke både på bruken av det overnaturlege, og på det komplisere, uklåre moralske skillelinene. Bystaten er styrt av ei eldgamal trollkvinne og hennar magikarassistentar, og dei verkar i det store og heile både rettferdige, samvitsfulle og tilbakehaldne -- så er dei snillingane sjølv om dei er diktatorar? Hovudpersonen er ein mann som utan samvitskvaler drep andre for peng, men som titt og ofte openbart er fråstøytt av det han ser andre kriminelle gjer, og som stadig er uventa skånsam og sjenerøs mot dei fleste han møter. Det er ingen fasitsvar her, ingen mørk djevelgud ein kan fikse alt om ein berre sigrar over, i dette universet kan sjølv den beste gjere feil, og sjølv den verste gjere rett.

Esslemont er ikkje ein forfattar av same kaliber som Erikson, men han er tilgjengjeld langt meir lettlest, og dette var (som eg hadde håpa) ein mjuk start på lesinga -- men det var òg ein uventa og gledeleg spanande start. Litt fråtrekk for at det for mange av hovudpersonane følest meir som ei Fortsetjing følgjer-avslutning enn ein skikkeleg slutt, men det er vel å vente seg i bok 1 i ein trilogi -- og me sit ikkje att med cliffhangers, i det minste.

Det er vrient å gi karakterar til ting, særleg ei bok på 500 sider, men om eg skal prøve: 7,5/10
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3352
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: World of Malaz – Erikson/Esslemont

Post by Loki »

Deadhouse Landing
Path to Ascendancy, Book Two

Ein liten bystat på ei halvt avsides øy som har like mykje myr som landjord har lite å skilte med utover ein flittig flåte relativt uavhengige piratkapteinar som ikkje kan ankre annanstads. Ein frilans snikmordar og ein halvgal magikar med avsindige ambisjonar. Ei grim adelskvinne i eksil, gøymt frå sin morderiske bror med hennar få attståande lojale offiserar. Ein djupt from sverdmeistar som tenar sjølve Dauden og som, for fyrste gong, har noko usnakka med herren sin. Ein distré, akademisk prest som slett ikkje ser ambisjonane til dei rundt han komme før han står tiltalt for eit utal oppdikta brotsverk. Og eit hus, som ikkje er eit hus, som har stått på øya i uante tusenår, der alle som går inn forsvinn for godt.

Rør godt og server, så har du bok nummer to i denne førelaupar-serien, og her byrjar me verkeleg å få sjå korleis Malazan-imperiet tok form. Omtrent alle karakterane (som overlev) enten har eller får pseudonym som samsvarar til dei mektigaste bakgrunnsfigurane i hovudserien, men her ser me dei før dei er vidkjente, før dei er mektige, og før dei alle på godt og vondt kjenner kvarandre.

Image

Deadhouse Landing er, ved fyrste augekast, ei bok om ein liten gjengkrig side om side med små og ubetydelege statskuppforsøk, begge på ei lita og ubetydeleg øy i periferien av verda, samt eit stort sett urelatert sideplott om eldgamle gudevesen og eit mystisk hus. Men for dei som kjenner litt til hovudseriane desse bøkene leiar fram mot -- og det er vel minst nitti prosent av lesarskaren, skulle ein tru -- er dette òg eit fascinerande innblikk i dei spede byrjingane til eit verdsomspennande keisarrike. Det kjennest litt som å lese ein roman der dei amerikanske grunnlovsfedrene, eller det romerske seinrepublikanske senatet, dannar karaktergalleriet, uvitande om lagnaden som lesaren veit dei har i møte.

Og det er på både godt og vondt. Vondt, fordi ein omtrent aldri kan gi ein utbrodert bakgrunnshistorie som er like kul, imponerande og fascinerande som det lesaren vil ha fantasert om så lenge dei berre hadde mystiske hint. Godt, fordi det er sabla gøy å sjå generalar, admiralar, hoffmagikarar og keisaremne som unge, feilbarige folk med få ressursar og færre sjansar.

Esslemont er slett ikkje ein like gåverik forfattar som Erikson, men som arbeidshest er han imponerande. Dette har god framdrift, mystisk der det treng vere mystisk, forståeleg der det bør vere forståeleg, og trass i at eg las både teikneseriar og brorparten av ein annan roman samtidig kom eg meg gjennom desse rundt 470 sidene på tolv dagar, utan at det nokon gong kjentest som eit ork. Det sagt, så trur eg nok eg likte den litt meir jordnære historia i bok 1 eit hakk betre, og det er vanskeleg å heilt gjenskape den spente atmosfæren ein fekk i ei bok der alt føregjekk i ein kringsett by. Pluss at eg nok er litt mindre interessert i skipsfart og sjøslag enn ein kanskje burde vere for (rett nok mindre) deler av denne romanen.

Ein svak 7/10.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3352
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: World of Malaz – Erikson/Esslemont

Post by Loki »

Kellanved's Reach
Path to Ascendancy, Book Three

Ei blind ung kvinne med ei mystisk makt over fuglar ut på ei lang, einsam reise som ikkje ein gong ho sjølv er sikker på kvar skal ende opp. Ein kunnskapstørst prest for villsvinguden over krig og sommar vandrar omkring i søken etter innsikt i kva det er som skapar slike ringverknadar i gudeverda. Ein mishandla ung trollmann og ein ingeniørlærling med teft for handgemeng flyktar frå fengsel saman, med ambisjonar om å verve seg i den sagnomsuste leigesoldatorganisasjonen Crimson Guard. Ei anna gruppe leigesoldatar, på andre sida av kontinentet, endar opp mellom barken og veden, då deira arbeidsgivarar viser seg like problematiske som fienden, og alt står og fell på kva den talentfulle, karismatiske leiaren deira kan riste ut av ermet. Livvakta til ein ung konge oppdagar at når ein ikkje tek del i intrigespelet ved hoffet, blir ein fort den intrigene går ut over. Ein overambisiøs trollmann dreg ein halvt motvillig snikmordarkompis med seg på eit tokt for å finne ei magisk trone han meiner vil gi makt over ein mytisk hær udøde som ingen har sett på tusenvis av år.
Og ein bitteliten øystat piratar som nyleg er komen i hendene på ein ny eigar byrjar ein ambisiøs og aggressiv ekspansjon.

Image

Kellanved's Reach er med andre ord eit samansurium av historietrådar, og i motsetnad til dei tidlegare to bøkene i trilogien, endar dei færraste her eigentleg opp med å ha særleg innverknad på kvarandre. Det er bokas store svakheit, sidan det undergrev ei heilskapleg, einsretta kjensle for meg som lesar. Det ber, i langt større grad enn dei fyrste to bøkene, preg av 'prequelitis', der det viktige er å få innsikt i så mange kule, minneverdige eller på anna vis interessante bakgrunnskarakterar som mogeleg, heller enn å verkeleg fortelje ei historie i si eiga rett.

Men individuelt fungerer alle historiane bra, og det er ikkje til å dytte under ein stol at det er spanande å sjå alle desse sentrale utviklingane og opprinningane som hovudseriane eit sekel seinare kjem til å lene seg på og referere til. Eg er òg teken litt på senga av det heseblesande tempoet i ekspansjonen av det gryande Malazan-imperiumet. Etter to heile romanar med sakte maktetablering av to steg fram eit steg tilbake-typen, får me no ein pangstart utan like. Det er uventa, men unekteleg spanande, og sidene flaug forbi, særleg når eg var komen ein tredjedel eller så inn i boka.

Ein sterk 6,5/10.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Post Reply