Deadhouse Gates
The Second Tale of The Malazan Book of the Fallen
Malaz-imperiet er ikkje ynska på kontinentet namngitt etter dets sju heilage byar, og eit religøst motivert og føresagt opprør er i emning. Ein ekssoldat som no er aldrande historikar er plassert for å observere korleis den nye generalen keisarinna har sendt ut vil handtere situasjonen -- noko mange er interesserte i å sjå, då mannen sjølv hadde leia eit opprør mot imperiet på eit anna kontinent, før han vart konvertert.
Samtidig kjem fire me hugsar frå førre bok til kontinentet: to soldatar, ein tjuv, og ei ung kvinne med minnene til ein gud. Dei er eigentleg på veg annanstads for å finne att kvinnas fødestad, men soldatane har ein annan, løynleg plan: Dei vil snikmyrde keisarinna i svar på all uretten dei vart utsett for i førre bok.
Ei ung kvinne, ein eksprest og det som verkar til å vere ein hard kjeltring, finn saman då dei blir sende som livstidsfangar til ein arbeidsleir. Ekspresten og kjeltringen legg planar om å flykte, men kvinna druknar overgrepa i rusmisbruk, og er slett ikkje så ivrig på å reise.
Og to udaudelege, vandrande kjemper -- den eine utan langtidsminne, den andre byrda av ein grufull løyndom -- trakkar gjennom ørkenen, der hordar av livsfarlege hamskiftarar er byrja samlast i søken etter å bli guddom.
Det skjer med andre ord uhorveleg mykje i denne boka. Historietrådane splittast, går over i kvarandre og kombinerast hist og her, men i det store og det heile følgjer lesaren desse fire separate plotta gjennom heile den 900+-siders romanen.
Sist eg las den var deler av denne boka, i typisk Erikson-stil, vanskeleg å komme heilt inn i fordi han er så knipen med eksposisjon og forklaring. Det kom seg veldig no, som eg kjenner universet betre, og det hjelpte nok mykje på lesargleda. Det sagt så er bokas absolutt (for meg) mest fengande plott den eine historietråden som ikkje leid særleg under dette problemet i utgangspunktet, og det var minst like bra denne gongen: Den endelause fluktmarsjen gjennom ørkenen med ein døyande hær, tusenvis av sivile flyktningar, og tusenvis av opprørar i hælane. Dette er i sanning episk, der ein verkeleg må ta inn over seg lidinga til karakterane, håpløysa dei kjenner, og den ufattelege standhaftige viljen som driv dei vidare, steg for steg, mil etter mil. Denne plottlina er mellom det beste eg har lese i nokon roman nokon gong.
Deadhouse Gates er på alle vis ei betre bok enn Gardens of the Moon, spør du meg, og om det ikkje var for at den eine plottlina byggjer vidare på trådar frå førre bok, ville eg faktisk tilrådd nye lesarar å byrje her. Det er eit par tilfelle av deux ex machina-aktige situasjonar som skurrar litt. Dessutan er somme av plottlinene tidvis litt ujamne og skorta litt på tempoet, og i den delen av boka der unge Felisin (om aldri så forståeleg) hatar alt og alle rundt seg vart seksjonane hennar veldig traurig lesing -- men sjølv dette klarer berre å halde eit poeng frå toppscore her. Beste boka så langt i denne leseprosjektet!
Ein sterk 9/10.
World of Malaz – Erikson/Esslemont
Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki
Re: World of Malaz – Erikson/Esslemont
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Re: World of Malaz – Erikson/Esslemont
Blood Follows
The First Tale of Bauchelain and Korbal Broach
Ein liten hamneby blir utsett for nattlege gatemord på stadig meir framståande borgarar. Sersjanten som etterforskar saka ser at ting peikar meir og meir i retning av at gjerningspersonen er utombys frå, og sannsynlegvis, nei, nesten garanter, ein magikar.
Samtidig slit Emancipor Reese med kone og barn og ein nyleg myrda arbeidsgivar. Dette er tredje på rad. Og etter å ha segla på fleire forliste skip før han byrja arbeide på land, er sjansane for å finne nokon villig til å hyre han denne gongen byrja bli temmeleg låge. Men, heisann, eit par eksentriske framandkarar ser etter ein kammertenar, tru om ikkje Reese kan ha ein sjanse der?
Den fyrste kortromanen (av så langt sju) i Malazan-universet er god lesing. Den (som mange av historiane som følgjer den) vektleggjer både humor og skrekk i større grad enn hovudbøkene, og med god effekt. I denne vagt Jack the Ripper-aktige opphavshistoria ser me korleis stakkars Reese fyrst får jobben sin som tenar for dei to livsfarlege trollmennene serien har namn etter, og det er ikkje vanskeleg å føle for han. Samtidig blir Bauchelain framstilt på ein måte som er både spanande og artig, medan Broach er berre uhyggeleg. Mysteriet er aldri så ekstremt mystisk at det gjer noko, men det er sjølvsagt litt av poenget at lesaren skal ha ei uggen kjensle av vissheit om kvar dette ber hen då Reese fyrst ser stillingsnotisen. Etterforskaren er òg velskreven, som ein vel kan vente seg av Erikson, og det er ikkje fritt for at eg tenkjer det kunne vore artig å sett fleire historiar med han, som ein liten detektivspinoff i same univers.
Det beskjedne sidetalet er òg eit flott salspunkt mellom dei enorme mursteinane i hovudserien. Reese, Bauchelain og Korbal Broach dukkar opp i Memories of Ice, den tredje Malazan-romanen, så i mi gjennomlesing her har eg valt å lese dei fyrste historiane om dei her, mellom bok 2 og 3, og så resten før bok 4, etter deira vesle crossover med hovudserien. Det blir med andre ord litt hyppigare postar i denne tråden no framover, før eg tek til på neste murstein.
Solid, spanande og morosam lesing med minneverdige og umiddelbart interessante karakterar, men ingenting spesielt spenstig på plottfronten i denne fyrstehistoria: ein sterk 7/10.

The Lees of Laughter's End
The Second Tale of Bauchelain and Korbal Broach
Skipet Suncurl er på veg inn i farleg farvatn, forheksa av blodet til havguden Mael. Og dermed byrjar ting å skje.
Ting byrjar å skje med alle dei daude sjelene fanga i spikrane plyndra frå gravhaugar i byen der Suncurl sist fekk gjort reperasjonar. Ting byrjar å skje med gjenferdet til ein menneskeetande reptilmann, fanga i ein anna av spikrane. Ting byrjar å skje med dei livsfarlege statuevesena som kapteinen og hennar medsamansvorne stal før dei kjøpte skipet.
Dessutan sit ei livredd kvinne på utkikk øvst i stormasta, saman med liket av mora, som talar gjennom ho. Utallege gigantiske havinsekt er på veg for å parre seg i det magiske vatnet, kvar og ein av dei store nok til å kunne smadre båten. Nokon har skore av øyret på ein om bord medan han sov, og no høyrer han rare ting med det. Låst i ei skipskiste ligg ein haug av ulike organ frå både menneske og dyr, sprell levande. Skipskokken er ein poet.
Og Emancipor 'Luckless' Reese, deprimert kammertenar til to veldig særeigne trollmenn som nyleg vart passasjerar om bord, han står lageleg til for hogg til å få skulda for heile sulamitten.
I denne kortromanen gjer Erikson tidvis ein ypparleg Terry Pratchett-pastisj, samtidig som han held seg godt forankra i skrekk-enden av fantasysjangeren. Kombinasjonen av grueleg vald, veksande panikk og tørrvittig forteljarstil fungerte betre jo lengre ut i historia eg kom, særleg når Erikson har fått sett alle dominobrikkene sine på plass og kapitla byrjar bli berre ei side eller to kvar. Det er mykje å humre av her, mange minneverdige små augneblink, men diverre skortar det på plott, etter min smak. Det er, som ein ser av samandraget mitt over, haugar av historietrådar og element, men dei blir rørt saman på det aller mest overfladiske, og ingen av dei får djupn å snakke om. Og når det heile endeleg når sitt klimaks, er det diverre meir av eit anti-sådan. Som nok passar fint for tonen, men ikkje gir meg særleg tilfredsstilling som lesar.
Som trinn nummer to på stigen av Reese si uendelege liding som tenaren til den muntert taleglade psykopattrollmannen Bauchelain og hans stille, groteske reisekamerat, er dette likevel fin lesing. Eg ser fram til del 3!
Ein sterk 6/10.

The Wurms of Blearmouth
The Third Tale of Bauchelain and Korbal Broach
På ei grå kyststripe tassar det ein gamal kall rundt og samlar inn det som måtte drive i land frå havet, og stundom tek han det med seg og sel det i bygda. Men akkurat denne dagen er det ikkje måte på kva som kjem rennande. Skipbrotne i puljevis, med folk som jagar dei, og folk som jagar dei igjen, hakk i hæl.
Inne i bygda pønskar ein miserabel skatteinnkrevar på å reise så snart det blir vår, og gjerne ta med seg ei stokk dum, men tiltrekkande ungjente, om han berre kunne bli kvitt det illsinte kjæledyret hennar. Mora til jenta driv kro skråstrek bordell, og er ei viljesterk dame som mange kan, men slett ikkje burde, få kleda av. Tverr som ho er har ho likevel lete ein mann som burde vere daud, tja, som er daud, men som framleis trakkar rundt i bygda, få sitje i glaset, så lenge han ser ut og ikkje plagar kundane. Som til dømes den lokale konstabelen, ein mann traumatisert av ekteskapet han absolutt ikkje har hatt, men som trivest sånn nokolunde med dei nye kollegene sine; ein bunt animerte metallmenn frå den nye lokale lorden. For oppe på tårnet som herskar over bygda er det nemleg ein ny fyr som herskar, ein trollkar med sans for drama og ein overarbeidd sekretær som fotfølgjer for å skrive ned dei beste gullkorna når dei måtte komme (og finne på nokre betre når dei ikkje gjer det). Titt og ofte er han i kjellaren og torturerer broen på dei mest gruvsame vis, men no kjem det jo så mange framande rennande på dør, inkludert to andre trollmenn, og den eine er akkurat av typen ein gjerne skulle imponert skikkeleg før ein tok livet av dei.
Den tredje historia om Bauchelain, Korbal Broach og deira ulukkelege tenar Emancipor Reese fortset kort tid etter The Lees of Laughter's End, skjønt ein dramatisk konfrontasjon og påfølgjande skipsforlis har skjedd mellombels. Dette er nok min favoritt så langt. Det elleville kaoset frå Laughter's End fortset her i eit par hakk meir tøyla former, men det er eit (så vidt) meir samanhengande plott, og det har Bauchelains snedigheitsduell med den lokale trollmannen som ein herleg raud tråd å boltre seg rundt. Eg får dermed servert ei rekkje historiar eg kan investere meg litt i, samtidig som den tørre humoren og det absurd groteske framleis gjer individuelle hendingar og utvekslingar underhaldande og/eller minneverdige.
Som eit sidespor om kontinuitet: Det kan vere forvirrande om ein les denne historia i dei elles hendige samlebinda, for av uforklarte grunnar er The Wurms of Blearmouth verken trykt i utgivingsrekkefølgje eller i kronologisk og dukkar opp i andre bind, men den skal altså lesast her, mellom historie 2 og historie 3 i det fyrste bindet. Det er ekstra forvirrande sidan desse novellene ikkje alltid var skrevne i kronologisk rekkefølgje, og det er dialog her mellom Bauchelain og Reese som verkeleg impliserar at The Healthy Dead allereie har funne stad -- men det kan det ikkje, sidan hendingane elles i historia gjer det klart at dette er fyrste gong dei går i land sidan Reese vart tilsett. Sannsynlegvis har Erikson rett og slett skreve samtalen utan å tenkje over at karakterane ikkje kan ha hatt så mange eventyr saman enno på dette tidspunktet i historia. Det var liknande underlege hint til tidlegare opplevingar i The Lees of Laughter's End, sjølv om den historia fortset direkte frå opphavsforteljinga der Reese møter dei for fyrste gong. Akk ja.
Etter kva eg forstår av Internett, kjem karakterane sitt einaste større bidrag til hovudromanane mellom denne historia og neste, så det blir nok no ei god stund til neste post i denne tråden, då legg kortromanane til side og set i gong med nok ein murstein. Skal bli spanande å sjå korleis dei gjer seg i den langt meir seriøse tonen til hovudverket, no som eg har blitt gjenintrodusert for dei i deira eigne eventyr fyrst!
7,5/10

-
- Den Fortapte
- Posts: 1048
- Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
- Location: Rett ved Akerselva
Re: World of Malaz – Erikson/Esslemont
Det var vel Deadhouse Gates som virkelig fenget meg. Gardens of the moon var litt for rett inn og mye jeg ikke skjønte, men ting ga mer mening i Deadhouse Gates - og synes også Erikson skriver bedre der. Husker jeg satt med boka og leste i store strekk om gangen - noe jeg ikke helt har evnen til lenger av en eller annen grunn (mest sannsynlig det er lenge siden en bok virkelig har fenget meg sånn at jeg må fortsette)
Manbearpig
Re: World of Malaz – Erikson/Esslemont
Absolutt einig på begge punkt, der. Begge er knipne med eksposisjon, men Gardens er ekstra ille. Den tente difor mykje på å bli lesen omatt med betre kjennskap til karakterane og universet (det same gjorde Esslemonts Night of Knives), men sjølv med den drahjelpa er det ei mykje svakare bok enn Deadhouse Gates. Eg er litt over halvveges i Memories of Ice no -- er bortreist i desember, og drog ikkje den mursteinen med meg på tur, så blir ikkje meir framgang før uti januar -- og spent på å sjå korleis den er i samanlikning. I hugsa mi var den endå betre enn Deadhouse. Så langt må eg sei at det er nok ikkje heilt tilfelle, skjønt den er absolutt framleis betre enn Gardens, og Erikson har jo den greia med at andre halvpart av bøkene er der ting verkeleg strålar, så eg har trua enno!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Re: World of Malaz – Erikson/Esslemont
Memories of Ice
The Third Tale of The Malazan Book of the Fallen
Gamle fiendar må samarbeide då eit ekspanserande imperium kannibalistiske fanatikarar brer om seg sør på kontinentet. Dujek Einarm sin bannlyste erobringshær (men er den no eigentleg bannlyst?), den udaudelege Caladan Brood sin motstandsallianse og dei mystiske Tiste Andii i det flygande fjellet sitt inngår ein ustødig avtale, og marsjerar sørover for å komme omringa bystatar til unnsetning før det er for seint.
Samtidig pønskar Den lenkja guden på mykje, og ikkje noko av det er godt, særleg når den som tek hovudtyngda av åtaka hans er den sovande jordgudinna Burn, for om ho skulle vakne vil ikkje mykje av dagens sivilisasjonar overleve.
Og den eldgamle hæren udaude er trøytt og motlaus, men deira lenge påventa utvalte, den fyrste levande medlemmen av folket deira i utallige årtusen, er snart vaksen, framhasta som ho er av å nære seg på livskrafta til si eiga, stadig svakare, mor -- men i denne unge kvinna lever sjelene til opptil fleire daude magikarar, og dei er slett ikkje alltid einige med kvarandre.
Denne tok meg lang tid, men fordi eg ikkje drassa mursteinsboka med meg då eg var bortreist heile desember, ikkje fordi den er dårleg lesing! Tvert imot vil eg sei den kanskje er den jamnaste så langt, i tempo og i kvalitet. Eriksons signaturstil med ein veldig treig oppstart og så ei heseblesande dominolesing i siste 40 % av sidene er ikkje heilt tilfelle her. Det er 'berre' siste 200 eller så av dei nesten 1200 sidene som verkeleg renn av garde, men til gjengjeld opplevde eg oppstarten som mindre treig enn i dei andre binda så langt, og det var ein liknande heseblesande bolk i midten av boka i tillegg til slutten.
Malazan-serien er ikkje for dei med låg toleranse for tortur og vald, og som ein kan vente seg i ei bok der fanatiske, sveltande folkemylder av kannibalar er hovudfienden er det kanskje ekstra ille i Memories of Ice. Det gjekk greitt for meg, men folk med ein meir visuell fantasi kan forståeleg nok bli i overkant fråstøtt her. Som for så vidt er synd, for dette er ei god bok, med sterke kjensler og tragiske lagnadar -- og ikkje så reint lite humor, hist og her. Eg hugsa den som favoritten min frå førre gjennomlesingsforsøk. Eg er usikker på om det framleis er tilfelle, men den står i alle fall trygt plassert som jamgod med Midnight Tides og Deadhouse Gates -- eg likte nok høgdepunkta i dei to betre enn her, men til gjengjeld hadde dei seksjonar som kjentest som ganske seig oppoverbakke, medan Memories of Ice heldt seg solid heile vegen.
9/10