The Fifth Tale of Bauchelain and Korbal Broach
Diverse skaldar traskar seg gjennom ein ørken til ein by der ein segnomsust konkurranse for tittelen som sekelets største skald skal haldast. I same karavane er det òg, tilfeldigvis, ein gjeng muskelmenn frå ulike område, med vilt ulike æreskodeksar og bakgrunnar, men som alle har éin ting til felles: Dei jaktar på dei to nekromantikarane Bauchelain og Korbal Broach.
Men turen har drege ut, og å ete hestane seier desse krigarane ikkje kjem på tale, hestar er dugelege dyr som er nyttige for samfunnet. Skaldar, derimot ... Så dagleg blir det halde ein eigen liten konkurranse i karavanen, og no gjeld det å ikkje komme sist, for då blir du neste dags matpakke.
Men denne stadig meir groteske reisa blir meddelt oss, lesarane, av ein av skaldane sjølve, fleire tiår seinare, med ein tørrvittig, filosofisk forteljarstil der forteljaren sjølv stadig framstår som meir samla, snedig og framfor alt innsiktsfull enn nokon av dei andre i den makabre gruppa. Så kor mykje av det som blir sagt kan me eigentleg lite på?

Dette er ei ganske annleis Malazan-historie. Den har rett nok begge signaturelementa til denne underserien med kortromanar så det monnar: tørrvittig harselerande samfunnskritikk og fælsleg (u)menneskelege handlingar. Men den har, som nemnt over, ei forteljarstemme -- noko ingen av dei andre bøkene eg har omtala her så langt har hatt -- og den har berre så vidt med dei to tittelkarakterane, sjølv om halvparten av folka me faktisk les om her følgjer etter dei.
Der er det forresten eit tredje, uventa element: Crack'd Pot Trail er nesten som ei slags Avengers-aktig crossoverhistorie, i og med at dei ulike sverdfolka som vil hemne seg på dei to omsynslause trollmennene kjem i frå ulike tidlegare historiar. I somme tilfelle har me møtt karakterane før, i andre kjem dei berre frå stadar me har vitja, men det er alltid hendingar som er blitt etablert (og vanlegvis vist) i ulike, tidlegare kortromanar som motiverar dei til hemntoktet.
Men hovudpersonane er skaldane, og særleg forteljaren. Og dette er gøy. Den gruvfulle kannibalismen til trass -- og den er veldig ekkel, skjønt det er sjølvsagt litt av poenget -- er dette absolutt min favoritt (så langt) mellom desse kortromanane. Erikson leikar seg med både formatet, tonen og innhaldet, og det at skaldane støtt må fortelje historiar og synge sangar fører til at fleire mindre småhistoriar blir fortalt innad i hovudhistoria, på beste skråstrek verste 1001 natt-vis.
9/10



