Page 2 of 2

Posted: Sun Jun 24, 2007 18:54
by Siri Sedai
Tolkiens mytologi

Posted: Sun Jun 24, 2007 20:29
by Chiad
Noe mer..forklaring?

Posted: Sun Jun 24, 2007 21:18
by Sisnera
Etter hva jeg har skjønt er det mer som bibelen i kristendommen, men mindre patisk da. Den forteller om hvordan verden ble til, hvordan den forandret seg og ble som den ble.

Posted: Sun Jun 24, 2007 22:39
by Akira
Bare les den. OMG. Den handler om skapelsen av Arda og alt som skjer imellom helt til krigen om ringen.

Posted: Mon Jun 25, 2007 16:02
by Loki
Sisnera wrote:Etter hva jeg har skjønt er det mer som bibelen i kristendommen, men mindre patisk da.
Korleis mindre patetisk? Fordi ingen trur på det? (Gjer ikkje det i så fall heller teksten MEIR patetisk, samanlikna med ein som har overbevist millionar av menneske? Det er teksten me snakkar om, nemleg, ikkje lesarane... )

Posted: Mon Jun 25, 2007 20:21
by Sisnera
Sorry, Mente Partisk. At ting ikke er sett sånn fra en side. Det er jo klar at Gud er best i bibelen. Men i simalerionen er det sett fra flere syns punkter. Men jeg har ikke lest den da. Det er hva jeg har hørt av andre...

Re: Hurins Barn av JRR Tolkien

Posted: Thu Jul 27, 2023 9:01
by Loki
Då har eg lese The Children of Húrin, og eg er godt nøgd! Ein heilt anna type roman enn Lord of the Rings i og med at Tolkien her openbart forsøker å skape ei mektig legende i retning av Nibelungen eller greske tragediar, og dermed følgjer sjangergrep og bruker tropar som ville vore henhaldsvis litt lite engasjerande og overbrukte klisjéar i ein tradisjonell roman. Men slike motiv er klassiske av god grunn, og her fungerer det flott. Historia er tragisk, og relativt tydeleg på at den kjem til å vere det heilt frå byrjinga av, der me følgjer livet til ein klassisk helt med ein forbannelse hengande over seg frå vogge til grav. Eg er imponert over korleis Christopher Tolkien har klart å rekonstruere ei fullstendig historie utan narrative hol, logiske manglar eller forstyrrande stilendringar ut frå faren sine openbart utallege notat, halvferdige kladdar og forlatte manuskript.

For dei som hugsar Silmarillion og Unfinished Tales i detalj vil det nok vere lite nytt her, sidan hovudbolkane av historia figurerer i begge, men det er likevel veldig stimulerande for ein Tolkien-entusiast å få det heile servert som ei heilskapleg historie. Det fekk meg til og med til å gå og hente dei andre to ut av hylla etterpå, for å gjenlese tangentar og sidehistoriar som er fjerna frå Children of Húrin som irrelevant.

Den er nok ikkje for alle, men eg fekk langt meir ut av denne boka enn eg venta meg. Synd at dei andre to bøkene utgitt med liknande bakgrunn (Beren and Lúthien og The Fall of Gondolin) etter kva eg forstår er langt mindre fullstendige og ikkje kunne ferdigstillast som ei einheitleg historie på same måte, elles ville eg reist rett ut og kjøpt dei òg.